Sider

26. mars 2015

Bokomtale: Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 17:39
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Kjelde: Lytteeksemplar


Som den ivrige Avdeling Q-lesaren eg er, har eg venta lenge på at bok nummer 6 i serien skulle komma ut. Eg har lest alle seks som lydbok; eg er overtydd om at akkurat lyttinga til desse bøkene har gjort dei til ekstra gode leseopplevingar.

Dette er altså eit kjærkomment og nytt kapittel i historia om den gretne og pessimistiske (men sjarmerande) kriminalkomissæren Carl Mørck og teamet hans; den godmodige og hemmelegheitsfulle Assad, den merkverdige og sylskarpe Rose og det nye medlemmet, unge Gordon.

Jussi Adler-Olsen leverer varene (som det heiter) denne gongen også. Det er ikkje rart at Adler-Olsen er mellom dei mestseljande og aller mest popuære forfattarane, både i Danmark, Noreg og mange andre land. I den forrige boka i serien, Marco-effekten, var tempoet forholdsvis høgt, - der kunne lesaren følgja denne Marco som var i konstant rørsle, gjennom heile boka. I Den grenseløse er det eit meir langsamt tempo, dramatikken meir nedtona undervegs - men spenninga byggjer seg opp utover i boka. Eg oppfattar likevel ikkje denne boka som så intens og spennande som t.d. Kvinnen i buret og Flaskepost fra P - eller så engasjerande som Journal 64 - på langt nær - men ho har andre kvalitetar. 

Her startar historia med at Carl Mørck vert oppringt av ein kollega frå Bornholm som ynskjer at Avdeling Q skal sjå på ei gammal uoppklart sak, men Carl avviser både mannen og saka. Få timar seinare tek denne bornholmaren sitt eige liv - og ein angrande Carl, ei rasande Rose og ein nysgjerrig Assad reiser til Rønne for å sjå på den 17 år gamle saka om ei bilulukke som kanskje ikkje var ei ulukke - men eit drap.
Saka vert rulla opp og historia går sin gang, ganske langsamt og detaljert. Parallellt får me stifta bekjentskap med ei svært så altarnativ rørsle; ei kvasireligiøs gruppe med ein karismatisk leiar - og alltid i nærleiken av denne leiaren: Ein person utan grenser - ei kvinne som ikkje skyr noko og som brukar absolutt alle midlar for å verna om seg og sitt.

Lesaren trur at han/ho skjønnar samanhengen etter kvart som dei to historiane nærmar seg kvarandre - men nei; Adler-Olsen har sjølvsagt overraskingar på lur. Forteljinga får opptil fleire tvistar mot slutten. Trådane som var i ferd med å bli nøsta opp viser seg å ikkje passa inn i samanhengen likevel - og handlinga får ein ny og uventa vri. Eg likar å bli overraska på den måten medan eg les.

Å lesa/lytta til Den grenseløse er glimrande tidtrøyte. Eg har kosa meg gjennom alle timane med lytting. Helge Winther-Larsen si levande og engasjerande opplesing har på mange måtar vore prikken over i'en. Kan hende kunne boka vore kortare eller meir "oppstramma", men eg trur det då ville ha gått utover den spesielle forteljarstilen som Adler-Olsen nyttar.

Eg merka meg at denne boka fekk nokså surmaga kritikk og terningkast 3 i VG, og at anmeldar Hovdenakk grunngav dette med "overdivelser" og "grove virkemidler". Den mannen skjønnar nok ikkje humor og ironi. Eg har i motsetnad til Hovdenakk humra over skildringane av skrullete alternativ-personar og Carl sine håplause slektningar og - faktisk! - ledd høgt av Assad sine kamelvitsar.
Men når det er sagt; til og med ein Jussi-fan som meg skjønnar/innser at dette (muligens saman med Fasandreperne) er den svakaste boka i Avdeling Q-serien hittil. Eg håpar Adler-Olsen konstruerer ei meir truverdig historie med meir truverdige karakterar neste gong - så eg gir terningkast 5 (men med ein minus i parentes) til Den grenseløse.

Eg har altså visse bittesmå innvendingar med omsyn til truverdigheit, men eg meiner at Den grenseløse byr på mange av dei ingrediensane som ein underhaldande kriminalroman skal innehalda: Interessante og originale karakterar, kjappe replikkar, skiftande og aukande spenning, fengande cliffhangers, spesielle geografiske stader og miljø, samt uventa vendingar og god og lun humor.
Kort sagt: Ei god historie.

11 kommentarer:

  1. Jeg la merke til den grinete anmeldelsen til Hovdenakk i VG- og leser med glede at du er ner fornøyd. Da kan jeg glede meg til denne..(etter Marco-effekten) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då har du to bra bøker å sjå fram til, Anita.

      Eg likte ikkje den tre'aren i VG. Spesielt finn eg det snodig at Hovdenakk meiner at Den grenseløse er prega av overdrivingar og grove virkemidlar - for dette er mannen som presterte å gi Wienerbrorskapet terningkast 6. Og den boka var i alle fall full av slikt!

      Slett
  2. He, he... prøvde å lese uten å få med meg for mye, for jeg er halvveis i boken. Måtte le da jeg leste "glimrande tidtrøyte" for det er akkurat det jeg synes til nå. Ikke er det spennende, ikke særlig interessant heller, men morsomt på humre-nivå. Fikk med meg at spenningen tar seg opp utover i boken, så jeg får bare kjøre på :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra humrefaktor i denne boka ja! Handlinga er nok litt treg der midt i boka, - men dramatikken og spenninga kjem!

      Slett
  3. Papsen kjøpte nettopp tre AvdQ bøker på tips fra meg. Jeg likte imidlertid ikke Marco-effekten. For mye jakt og for lite Mørch & Co for min smak. Derfor er jeg ikke helt enig i at Fasandreperne er den svakeste. Jeg kommer likevel til å lese Den Grenseløse, men venter til den kommer på Storytel. Winther-Larsen er en flott innleser, min nr.2 av de norske jeg kjenner sålangt, med Ivar Nergaard på ubestridt innleserførsteplass enn sålenge. Ser fram til påsketips-innlegget ditt, til tross for at jeg har bestemt meg for null krim og heller bokhyllelesing av annet materiale denne høytiden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra. Bra at me ikkje er heilt enige. Dei ulike AvdQ-bøkene appellerer til ulike menneske, vil eg tru. Eg likar godt Winther-Larsen, spesielt i denne serien - ein merkar liksom at han er begeistra for bøkene og at han gjer sitt beste. Han er også utruleg dyktig som opplesar av Mengele Zoo.
      Påsketips-innlegget kjem i morgon, og der blir nok fokus på.... krim!

      Slett
  4. Er det ikke greit at krim ikke bare er spenning da? Jeg har akkurat begynt på "Den grenseløse", og ser fram til mer glimrende tidtrøyte. For den som vil ha ealistisk og høyaktuell krim, kan jeg anbefale Kristiana Ohlssons "Paradisoffer". Den er mer realistisk og truverdig i dag enn den var bare for et par dager sida.

    SvarSlett
    Svar
    1. Oi, eg skjønnar kva du meiner. Eg har ikkje lest Paradisoffer enno - og eg trur eg ventar litt..
      Krim treng absolutt ikkje vera berre spenning og action - men må ha eit visst driv, tykkjer eg.

      Slett
  5. Utrolig flott anmeldelse og jeg er 100 prosent enig. Og så må jeg si tusen takk for den fine kommentaren på den nye bokbobla. Jeg har foreløpig litt problemer med å kommentere derfra, så derfor bruker jeg blogspotbloggen enn så lenge til akkurat dette :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Anette.
      Den nye bloggen var fin - og eg forstår godt at det kan ta litt tid å finne ut av ting og tang og alt nytt!

      Slett