Dans med en engel av Åke Edwardson
Lydbokforlaget 2008
Speletid 13:07
Ein god svensk kriminalroman og eit vellukka fyrste møte med etterforskar Erik Winter. Originalt og utspekulert plott, glimrande skildringar, godt språk og interessante karakterar. Svært spesiell opningsscene: Ei skildring av eit drap, bloddryppande, rystande, intenst - og poetisk. Handlinga går føre seg i Göteborg og i London.
Stemma til opplesar Helge Winther-Larsen passar fint til boka. Terningkast 4+.
Mamma forsøkte av Jens Lapidus
Cappelen Damm 2013
215 sider
Ein samling tøffe og urbane krimforteljingar. Det er ein fordel om ein har lest Stockholm Noir-bøkene tidlegare, - i fleire av desse novellene finn ein dei same karakterane og det same miljøet som ein vart kjent med i den trilogien. Det vil sei at ein møter att vrangsida/underverda av storbyen Stockholm.
Lapidus sin knappe skrivestil passar bra i novelleformatet. Han får fortalt mykje mellom linjene - og overlet ein del til lesaren sjølv.
Forfattaren er ekstremt nær personane han fortel om; det gjer forteljingane truverdige. Her får ein møta mange ulike skjebner - på begge sider av lova.
Om samvittigheit, moral og umoral. Om good guys og bad guys - og mødrene deira. Terningkast 4.
Kalde skygger
Gyldendal 2015
272 sider
Fleire svenske krimnoveller; her frå til saman ti ulike forfattarar. Del 2 i ei samling scandic noir som John-Henri Holmberg er redaktør for.
Eg likte best forteljingane til Åke Edwardson og Åsa Larsson, samt rosina i pølsa "Et usannsynlig møte" - ei novelle som Henning Mankell og Håkan Nesser har skrive saman og som handlar om eit møte mellom to av mine absolutt favoritt krimheltar; Kurt Wallander og Van Veeteren.
Kvar einaste novelle har eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte forteljinga inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Terningkast 4+.
(Del 1 av samlinga utkom i fjor haust og har tittelen Mord og mysterier. Begge desse bøkene er super påskelektyre)
Portrett av en morder av Patricia Cornwell
Jack the Ripper - saken avsluttes
Gyldendal 2003
374 sider
Denne seriemordaren frå Victoria-tida fengar/sjokkerer/ fascinerer framleis. Eg er glad eg ikkje er åleine som har interesse for Jack the Ripper; Cornwell har brukt ein formue og lang tid på å forska i dette mysteriet. No hevdar ho at saka er løyst - og kan avsluttast.
Mannen Cornwell peikar ut som seriemordar er kunstnaren Walther Sickert. Ho presenterer "den mistenkte" alt på fyrste side og går deretter svært grundig til verks ved at ho legg fram mengder av indisiar og bevis og går gjennom den tekniske og taktiske etterforskinga frå den gongen. Boka er rikt illustrert.
Sickert er forlengst død og gravlagd og ingen kan lenger bekrefte eller avkrefte teoriane til Cornwell. Boka passar for oss som har sære morbide interesser, men eg tykkjer ho er i overkant omstendeleg og detaljert. Terningkast 4-.
Reykjaviknetter av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2014
Lydbok, speletid 7:54
Langsam og stemningsfull islandsk krim, i typisk Indridason-stil. Me møter att politietterforskar Erlendur Sveinsson, velkjend frå tidlegare bøker frå denne forfattaren. Denne gong skal me tilbake i tid; til 1970-talet og Erlendur si fyrste drapssak. Handlinga går føre seg i og rundt eit spesielt belasta miljø i Reykjavik.
Her er lite action, innhaldet er heller litt trist og ettertenksamt.
Godt opplest av Lasse Lindtner. Terningkast 4.
Tilgi meg av Harlan Coben
Cappelen Damm 2012
361 sider
Amerikansk kvalitetskrim. Elegant og med snert og aktualitet, som alltid frå Coben si side - med eit interessant, men ikkje så veldig spennande plott.
Ei frittståande forteljing med handling frå eit tilsynelatande velfungerande og idyllisk forstadsmiljø - som har sine mørke sider. Ein popuær miljøarbeidar vert "avslørt" som pedofil på direktesendt TV. Når ei ung jente vert meldt sakna vert vedkommande mistenkt for å stå bak dette - men alt tyder etter kvart på at det er nokon andre som står bak; nokon som manipulerer både media, politi og nærmiljø.
Persongalleriet er unødig stort, men gledeleg nok dukkar det opp "kjentfolk"; ein biperson frå Myron Bolitar-serien. Forfattaren legg ut mange spor som både forvirrar og engasjerer, så historia får fleire vendingar. Avslutninga er svært overraskande. Terningkast 4+.
Stinte forlag 2014
312 sider
Ei sjølvpublisert bok som kun finst i ebok-format. Eg vart kontakta direkte frå forfattaren med førespurnad om å lesa og vurdera ho - noko eg altså takka ja til.
Ein politikrim som m.a. handlar om miljøkriminalitet og ny hemmeleg klimaforskning og -teknologi, og ei mystisk drapssak.
Boka er ikkje dårleg, men ho har manglar når det gjeld spenning og nerve.
Her er tendensar til noko svært bra, - det gjeld særleg sjølve oppbygginga av plottet og konstruksjonen av forteljinga. Her er fine miljøskildringar og truverdige (men litt kjedelege) karakterar. Personane vart liksom utan særpreg, og dermed vanskeleg å skilja frå kvarandre. Eg vil likevel hevda at Kaldere er ei brukbar debutbok. Terningkast 3.
Det som ble Norge av Reidar Müller
Aschehoug 2014
303 sider
"Om fjell, is og liv gjennom 2902 millioner år" - altså ei bok om isbrear, istider, fjordar, forkastningar, fossilar, mineralar og steinar.
Ei i utgangspunktet interessant sakprosabok som ikkje vart så bra likevel. Forfattaren sitt forsøk på å skriva seg sjølv og andre forskarar inn i ei slags reiseskildring (eller "dannelsesreise") fann eg besynderleg og irriterande.
Men elles lærte eg ein del nytt; for eksempel at det ein gong i ei fjern, fjern fortid fantest fjell som var høgare enn Himalaya på nordvestlandet, at det i Osloområdet var supervulkanar som hadde enorme utbrot og at det som i dag er Noreg ein gong for nokre hundre millionar år sidan befann seg sør for ekvator.
Terningkast 3.
Morsomt med Wallander+VanVeeteren-novelle! Denne ble jeg akutt nysgjerrig på :)
SvarSlettEllers har jeg bare lest steinboka av disse. Jeg ble nok hakket mer irritert enn deg, mest av alt fordi jeg syns tematikken er så uhyre spennende og interessant. At jeg følte jeg fikk vite mer om forfatteren enn om selve historien, knuste all velvilje og leselyst. Jeg kjenner jeg forsatt er irritert selv om det snart er gått et halvt år...
Eg las ditt velformulerte og velbegrunna slakt av "steinboka". Der peikar du på mykje av det som irriterte med denne.
SlettHer var det både noe jeg har lest, noe jeg ikke har lest og noe jeg ble nysgjerrig på. For å begynne med de svenske kriminalnovellene så har jeg bare lest Mord og Mysterier så disse må jeg også få lest! Tilgi meg og Reykjarviknetter har jeg også lest Men resten har jeg ikke lest. Jeg ble nysgjerrig på den Patricia Cornwell boka så den tror jeg at jeg skal notere meg. :-)
SvarSlettSå fint at eg kan bidra med litt tips :)
SlettJeg har ikke lest noen av disse, men har Kalde skygger som reiselektyre i påskeferien. Herlig med Wallander og VanVeeteren i samme historie, det gleder jeg meg til :)
SvarSlettWallander/Van Veeteren-historia er ikkje sååå spesielt god, men er ein godbit for fansen :)
Slett