Utpå nyåret kjem eg nok til å laga eit meir sakleg oppsummeringsinnlegg når det gjeld bøker og lesing i 2015, - og kanskje nokre ord om leseplanar for 2016. Men her og no - i årets siste bloggpost - kjem ein uhøgtideleg gjennomgang av høgdepunkt frå leseåret 2015 - på alfabetisk vis.
----------------------
A for Indriðason, Arnaldur, - islandsk krimforfattar f. 1961. Eg las 'Hjemstavn' og 'Reykjaviknetter' i år, - to stemningsfulle kriminalromanar, typisk Arnaldur.
B for Bjørneboe, Jens, - norsk forfattar (1920 - 76) og Bestialitetens historie, hovudverket til denne forfattaren. Eg fekk med meg avslutninga av trilogien, 'Stillheten', i 2015.
C for Lundekvam, Claus, - tidlegare fotballspelar f. 1973. Sjølvbiografien hans 'En kamp til' er ei brutalt ærleg og sjølvutleverande bok.
D for Dahl, Arne, - psoudonym for Jan Arnald, svensk forfattar, kritikar og litteraturvitar f. 1963. Dette året har eg lest dei to siste i serien om A-gruppen: 'Etterskjelv'og 'Himmeløyet', samt epilogen 'Elva'.
E for Hoem, Edvard, - norsk forfattar f. 1949. 2015 har vore eit stort Hoem-år for meg. Har høyrt forfattaren sjølv lesa både 'Jordmor på jorda', 'Heimlandet. Barndom', 'Mors og fars historie', 'Slåttekar i himmelen' og den nyaste 'Bror din på prærien' dette året. Finfine bøker og store lytteopplevingar! Sistnemnde vart for meg den i særklasse beste norske boka utgitt i år.
F for Follett, Ken, - britisk forfattar f. 1949. Ein av mine gamle favorittar som eg har gjenoppdaga i 2015. Eg las mursteinane 'Stormenes tid - Katedralen' og 'Sverdet og korset' i 2015 og 'I all evighet' blir med meg over i 2016. Mørk middelalder, mystikk, dramatikk og erotikk.
H for hunden Hulda. - Sankt Bernhardstispa til advokat Svend Foyn er ein viktig bikarakter i bokserien til Jan Mehlum. Eg las tre av Mehlum sine kriminalromanar i 2015; 'Straffen', 'Din eneste venn' og 'Et hardt slag'.
I for Instagram, - sosialt nettverk og fotodelingsteneste. Sigmund Falch har laga verdens fyrste Instagrambok; 'Falcheblikk'.
K for Kroken og Kolden, forfattarpar frå Lom som skriv om "stuttreiste mord". 'Død manns kiste' er tittelen på årets bok frå duoen.
L for Lydbok, innlest litterært verk. Gode stemmer og gode bøker gjer venting, reising og husarbeid meiningsfullt.
M for Mankell, Henning, - svensk forfattar (1948 - 2015). For fyrste gong vart det skrive ein nekrolog på denne bokbloggen.
N for Nansen, Fritjof, - norsk polfarar og oppdagar (1861 - 1930). Nansen er ein av dei som Ragnar Kvam fortel om i 'De fire store'.
O for for Dahl, Kjell Ola, - norsk forfattar f. 1958. Eg las romanane 'Lindeman & Sachs' og 'Lindemans Tivoli' samt kriminalromanen 'Kureren' i 2015. Sistnemnde vart årets Bragepris-vinnar i open klasse, som i år var krim.
P for Lemaitre, Pierre, - fransk forfattar f. 1956. Slo gjennom med spenningsromanen 'Alex' i år.
R for Randen, Rolf, - lensmann, hovudperson og gjennomgangsfigur i Rune Timberlid sine krimbøker. Årets Randen-bok Satans mor har handling frå Luster.
S for Salander, Lisbeth, - ein av hovudpersonane i Stieg Larssons Millenniumstrilogi, som i år var gjenskapt av David Lagercrantz i 'Det som ikke dreper oss'.
T for Terningkast, - vert gjerne definert som eit uttrykk for konklusjon av kritikk. Denne bloggen kjem til å halda fram med Terningkast i 2016.
U for Den ubehagelige sannheten, - tittel på debutboka til William Landay. Kan anbefala både denne og boka han slo gjennom med; 'Til Jacobs forsvar'. Krim for vidarekomne.
V for VIP-rommet, tittel på bok av Jens Lapidus. Eg har fått med meg både avslutninga av 'Stockholm noir'-trilogien og starten av den nye serien med denne.
W for Wiik, Øystein, - norsk operasangar, skodespelar, Stjernekamp-deltakar og krimforfattar f. 1956. Avsnitt nummer fem i serien om Tom Hartmann har tittelen 'Rekviem'. Stor underhaldning!
X for Goksøyr, Marte Wexelsen, - norsk samfunnsdebattant, skodespelar og forfattar f. 1982. Boka hennar 'Jeg vil leve' er interessant.
Y for Stenius, Yrsa, - finlandssvensk forfattar, journalist og biograf f. 1945. Eg las 'Tills vingen brister', ein biografi om Jussi Bjørling, i år. Bra bok.
Z for Zander, Joakim, - svensk krimforfattar f. 1975. 'Svømmeren' er ei spennande ny bok frå denne forfattaren.
Æ er den 27. bokstaven i alfabetet.
Ø for Øen, Morten, - norsk forfattar og fotograf f. 1969. Ein person med same namn er hovudperson i ei av dei særaste bøkene eg har lest i år: 'Tellemarck'.
Å for Helvete åpent, - tittel på årets bok frå Gard Sveen. Ei ganske leseverdig bok, men med ein (for meg) dårleg avslutning.
------------------------------
.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2015. Resten finn du her.
Ynskjer alle eit godt nytt leseår i 2016!
Æ å, heter en litteraturfestval i Trondheim.:)
SvarSlettArtig kavalkade Berit. Har begynt å tenke på min oppsummering jeg også, Hvis jeg rekker det kommer den før nytt år.. Ha et riktig godt nytt år når tiden kommer.:)
Æ er vel også selvbiografien til Ole Gunnar Solskjær: nytt lesemål for det nye året ;-)
SvarSlettNå har jeg kost meg med både kavalkaden, ordskyen og samleinnlegget ditt. Skjønner at jeg har strikket mer enn jeg har lest i desember, og gått glipp av litt av hvert i blogg-verden. Bra Anita og Eli har hjulpet deg med Æ`en, den sto irriterende naken der :)
SvarSlettTakk for tips om den håplause bokstaven Æ, folkens..
SvarSlett