Gyldendal 2015
1104 sider
eBokBib
Somme stader står det at denne romanen er på 1087 sider, andre stader at det er 1104 sider. Eg las eboka og då varierer sidetalet alt etter kor store fontar ein vel. På mobilen min hadde boka omlag 2400 sider... Poenget mitt er at dette er ei gigantisk, enorm bok - på fleire måtar - og eg sleit med å komma meg gjennom. Eg byrja på boka i midten av november og vart ikkje ferdig før på nyttårsafta.
Sidan Max, Mischa & Tetoffensiven har fått så utruleg mange gode omtalar, vart eg frista til å lesa denne mursteinen. Eg var også svært begeistra for Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet av same forfattar då eg las den for eit par år sidan - og forventa meg ei liknande fascinerande forteljing. Vel - eg vart vonbroten. Denne boka vart aldri - på langt nær - like interessant og gripande. Eg trur det har mest med at miljøet som vert skildra i denne boka var så framandt for meg. Mesteparten av handlinga er lagt til New York, USA og eit omskifteleg kulturmiljø. Fleire av film-, teater- og musikkreferansane i boka forsto eg ikkje.
Men Apocalypse now har eg sett - og den filmen er sentral i boka og betyr mykje for hovudpersonen og hovudforteljarstemma; teaterregissøren Max Hansen. Betyr mykje gjer også skodespelaren Shelley Duvall som ein kan sjå på omslaget. For meg - og dei fleste andre? - er Duvall mest kjent som den skrekkslagne kona til Jack Nicholson i The Shining. For Max er i all fall Duvall ei draumekvinne. Når den sekstenårige Max fell for den sju år eldre kunstnaren Mischa - som er kliss lik Duvall - har han på ein måte alt møtt Den Rette.
Fyrste del av boka handlar om Max sin oppvekst utanfor Stavanger, med syster og foreldre med AKPml-sympatiar, med kameratar og utprøving av grenser. Det vert bestemt at familien skal flytta til USA sidan faren jobbar som pilot. Flyttinga er imot Max sin vilje så det går ei tid før han finn seg til rette i det nye landet, men så kjem Mordecai inn i livet hans. Det vert starten på eit varig og sterkt - men også utfordrande - venskap. Alt dette er fint skildra.
Parallellt med Max si forteljing om forholdet til Mischa og Mordecai, om foreldra som går frå kvarandre, utdanning og etter kvart arbeidsliv, om fascinasjonen hans for Vietnamkrigen, får me høyra om livet til ein annan mann som faktisk deltok i den krigen. Owen - eller Ove som han opphavleg heitte - er den lenge sakna onkelen til Max. Etter kvart skal dei få kontakt - og det vert også eit venskapsforhold utanom det vanlege.
Det er slitsamt å lesa om denne Max-karakteren. Eg oppfattar han som sutrete, negativ og sjølvopptatt. Samstundes er han tiltakslaus og brukar mykje tid på å venta på at andre folk rundt han skal ta tak i det som han burde tatt tak i sjølv. Han er rett og slett irriterande og usympatisk og eg orkar liksom ikkje å bry meg om han.
Eg vart forresten ikkje særleg engasjert i dei andre karakterane heller.
Fyrste halvdel av boka har bra flyt og brukbart tempo, men skrivestilen er krevjande. Her får ein setningar som går over fleire sider, det er laaaange avsnitt og lite luft - og dermed sparsamt med "pusterom". Etter kvart tek det til å bli kjedeleg.
Max, Mischa & Tetoffensiven inneheld mange fine skildringar - men dei er ofte utmattande detaljerte. Eg føler at Harstad ikkje ser sine eigne (og lesaren sine) begrensingar. Det vert altfor mange ord, altfor lange setningar, for omfattande utbroderingar, for mange trådar som vert hengande i lause lufta.
Etter 600-700 sider var eg så lei at eg tok til å lesa på skrå - det må innrømmast. Store deler av den etterlengta (og apokalyptiske) avslutninga berre skumma eg gjennom for å bli ferdig. Det var inga god kjensle.
Boka har sine kvalitetar - det er klart - eg hadde ikkje lest ho ut dersom det ikkje var noko som var positivt og leseverdig. Fleire av formuleringane er nyskapande og sitatvenlege og ein vert sitjande og nikka medan ein les. Men likevel altså; alle seksarane og superlativane som denne boka har fått - dei er eg ikkje enig i.
Godt at du bekrefter denne. Har sittet på gjerdet, men vegret meg litt. Skikkelig solide mursteiner må helst være hyllet av "alle" før jeg begir meg utpå. Av erfaring dreper de leselysten dersom de ikke er strålende gode. Jeg har lest varierende erfaringer med boka, men dersom du også setter deg på 3'er-toget så sklir den ihvertfall ikke lenger opp på lista med det første. Takk for ærlig omtale.
SvarSlettBoka drap ikkje leselysta mi, men eg fekk eit behov for enklare og langt mindre omfattande lesestoff etterpå. Mange har hatt ei "fabelaktig" og "strålande" leseoppleving med denne. Det kan eg ikkje forstå.
SlettLese på skrå, der fikk du meg til å flire :) "Buzz Aldrin ..." forsøkte jeg meg på en gang i tiden, husker ikke helt om jeg likte den eller ikke. Den endte tilbake på biblioteket da lånetiden var ute, uten at jeg hadde lest den ferdig. Jeg tror heller jeg skal gi Harstads "Darlah" et forsøk istedenfor denne. Takk for at du deler tankene dine om boka med oss og god helg.
SvarSlettDarlah har eg notert meg tidlegare og eg ser ikkje vekk frå at eg prøver meg på den på eit seinare tidspunkt.
SlettDet hender ganske ofte at eg les "på skrå". Ikkje bøker vanlegvis, men dokument som årsmeldingar, planar og utgreiingar - for å få med hovudtrekka.
God helg, Mari.
Jeg har hørt Buzz Adrian på lydbok og syns den var veldig bra. Takk, da vet jeg at denne behøver jeg ikke starte på, det er godt å vite.
SvarSlettNår motivasjonen er fråverande er det ingen vits i å ta til på denne. Enig når det gjeld Buzz Aldrin.
SlettDarlah ble kåret til tidenes beste norske ungdomsbok for et par år tilbake, så jeg føler virkelig at den burde bli lest. Samtidig gir sånne merkelapper en veldig fallhøyde for boka, føler jeg.
SvarSlettDet er kjekt å kunne lese litt på skrå av og til, det må være lov.