Sider

3. januar 2017

Lesemål og leseplanar 2017

Heller ikkje i år ynskjer eg å ha for detaljerte leseplanar og rigide lesemål, men ei rettesnor kan vera god å ha.
Tida er inne for å gå gjennom dei lesemåla eg hadde for 2016. Korleis gjekk det? Var lesemåla gjennomførbare? Kan enkelte av dei gjentakast no i 2017? Her kjem ein gjennomgang punkt for punkt.

1. Lesa 120 bøker og færre bøker enn i 2015: 106/120. Mål delvis oppnådd. Eg las betydeleg mindre enn i forfjor. Mål for 2017 blir å lesa bittelitt fleire enn i 2016.

2. Minst 6 bøker på meir enn 600 sider: 9/6. Mål nådd med god margin. Her kan eg utfordra meg sjølv enno litt meir.

3. Årets norske utgjevingar: 24/24. Mål oppnådd akkurat.

4. Samlesing av kortlista til BBP 2015. Ikkje talfesta og heller ikkje oppnådd. Eg las 4 av 7 - men likte berre to av dei. Dette punktet går ut for 2017. 

5. Eldre litteratur, dvs. frå før 2000: 12/20. Mål ikkje nådd.

6. Gjenlesing: Ikkje talfesta, men eg har gjenlest 8 bøker og seier meg nøgd med det. Målet er oppnådd.

7. Biografiar: 9/10. Nesten i mål.

8. Annan sakprosa: 14/12. Mål nådd.

9. Bokhyllelesing: Ikkje talfesta og inga deltaking. Stryk.

10. Bokomtalar: 34/40. Brukbart resultat sjølv om målet ikkje vart nådd fullt ut.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Med bakgrunn i gjennomgangen over vert dette mine konkrete og talfesta lesemål for 2017:

1. 110 bøker totalt
2. 10 mursteinar (dvs. bøker på minst 600 sider)
3. 24 norske utgitt i 2017
4. 5 1001-bøker (nytt punkt, erstattar BBP-lesinga)
5. 12 bøker frå før 2000
6. 5 gjenlesingar
7. 10 biografiar
8. 14 annan sakprosa
9. 6 bokhyllelesingsbøker
10. 34 bokomtalar

5 kommentarer:

  1. Bra dette da, Berit! Ser vi er flere som skal lese flere mursteiner. Jeg skal lese av de jeg har i hylla, nok der for noen måneder, tipper jeg..
    Og- over 100 bøker, uansett en storleser!
    Lykke til med målene dine og jeg ser frem til å følge deg videre inn i 2017!

    SvarSlett
  2. Takk for det. Over 100 bøker pr. år er naturlegvis bra og eit heilt sprøtt tal for mange andre. Ifølge leserundersøkelsen 2016 les gjennomsnittspersonen 15,7 bøker i året.(http://bokhandlerforeningen.no/sites/bohafor/files/user/vedlegg/leserundersokelsen_2016_0.pdf)

    Eg likar å lesa tjukke og gode bøker - når eg fyrst kjem i gang med dei. For eg sleit skikkeleg med å komma meg gjennom Harstad, men herregud, 1087 sider - som ikkje fenga meir enn sånn passe..
    I år skal eg lesa mursteinar av C.J. Sansom, Britt Karin Larsen og Ken Follett - og elles kjem eg til å ta det som det kjem.

    SvarSlett
    Svar
    1. 15,7 bøker er jo ingenting, eller? Litt over en pr mnd.. .. Noen leser vel et par og andre, som oss over 100;) Ja, det er nok sprøtt for mange. Kolleger og venner av meg rister på hodet og tror jeg tuller når jeg sier hvor mye jeg leser..
      Men det er faktisk noe som kan trenes opp, hvis man bare vil, og kan, prioritere..

      Britt Karin Larsson har jeg også liggende på vent, ja.. hm.. Både finnskogenserien og taterserien.. 2017?

      Slett
  3. Jeg syns nå du har ganske så konkrete mål og planer jeg da, Berit ;) Bra jobbet mot målene dine i 2016. Selv hopper jeg bukk over mål og store planer, det er motiverende å skrive, men når jeg skal følge opp så detter jeg litt av lasset (og blir skikkelig skuffet over meg selv).

    Jeg håper 2017 blir et riktig godt bokår for deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, eg ser den. Fyrst slår eg fast at eg ikkje vil ha detaljerte lesemål og så ramsar eg opp ein masse konkrete mål til slutt. Men poenget mitt er at det ikkje er FOR detaljert. Det er rom for variasjonar og "dobbeltkryss" og dessutan kan eg justera måla etter ei tid dersom det viser seg å bli vanskeleg. Eg hadde i alle fall litt nytte av dei måla eg sette meg for eit år sidan. Lesemåla gjorde at eg las noko utanfor det som er vanleg for meg. Det gjeld spesielt lesing av tjukke bøker og sakprosa. Men - eg ynskjer at det framleis skal vera rom for impulslesing og koselesing. Det vil sei at lystlesing - og det som er tilgjengeleg på biblioteket - er den viktigaste rettesnora mi :)

      Slett