Foto: Cappelen Damm |
Lars Kepler
Svensk forfattarpar, pseudonym for Alexandra Coelho Ahndoril (f.1966) og Alexander Ahndoril (f. 1967)Eg har hatt store leseopplevingar med alle bøkene i Joona Linna-serien; Hypnotisøren, Paganinikontrakten, Ildvitnet, Sandmannen, Stalker og Kaninjegeren, - så Lars Kepler er ein (dvs. to) av mine desiderte favorittar.
På nettsida si fortel forfattarane om bakgrunnen til namnet Lars Kepler. Lars er ein hyllest til Stieg Larsson og Kepler kjem frå den tyske vitenskapsmannen Johannes Kepler.
Foto: Gyldendal |
Levi Henriksen
Norsk forfattar f. 1964.Romandebuterte i 2004 med Snø vil falle over snø som har falt. Den boka fekk gode kritikkar, mange lesarar og vart tildelt bokhandlerprisen. Her vert me introdusert for den fiktive bygda Skogli for fyrste gong. På forfattaren si nettside er det høve til å bla i boka.
Ein finn visse særtrekk i Henriksen sine bøker; den sorgmuntre melankolien, den lune humoren, dei spesielle karakterane og den slentrande stilen. Eg tykkjer denne stilen er både sjarmerande og befriande. Henriksen er god på å få fram kontrastar; han skildrar det finurlege og det naive, det tragiske og det latterlege. Julenovellene til Levi Henriksen er spesielt leseverdige, tykkjer eg.
Henriksen er aktuell denne hausten med den biografiske romanen Her hos de levende. Her viser han ei mørkare side av seg sjølv enn det han har synt før.
Levi Henriksen er også kjend som musikar og låtskrivar. Bandet hans Babylon Badlands er kalla opp etter ein av Henriksen sine romanar.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Andre forfattarar på bokstaven L som eg likar er Liza Marklund, Leif GW Persson, Lars Mæhle og Lene Kaaberbøl.
Favorittforfattarar etter alfabetet
Favorittforfattarar etter alfabetet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar