Sider

7. november 2017

Kort om: Seks historier av Matt Wesolowski

Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:16
Lytteeksemplar

Seks historier er ein heller tradisjonell whodonnit-krim - i ein moderne innpakning. Boka er lagt opp som ein podcast og er ganske sikkert inspirert av det populære "true crime"-showet Serial.

15 år gamle Tom Jeffries forsvinn medan han deltek på ei utflukt saman med ei gruppe ungdommar i 1996. Fyrst året etter vert liket av guten funne i eit myrlendt og naturskjønt villmarksområde i Nord-England. Tjue år etter dette igjen prøver ein journalist å bruka podcasten sin for å grava i saka. Gjennom seks intervju med seks ulike personar prøver han å finna ut kva som verkeleg skjedde den gongen guten døydde.

Var det ei ulykke? Vart han drept? Tok han sitt eige liv?

Det handlar mykje om korleis dynamikken i ungdomsgruppa endrar seg når gruppa får eit nytt medlem. Den nye deltakaren - Tom Jeffries - viser seg å vera ein skikkeleg drittsekk. Det er truleg fleire som kan ha hatt motiv for å rydda han or vegen.

Måten historia er fortalt på er interessant og forfriskande original, men eg tykkjer sjølve krimgåta er kjedeleg. Det går uendeleg sakte sidan den same historia, med berre bittesmå variantar, vert fortalt fleire gonger. I tillegg gjentek hovudforteljaren og podcastjournalisten det meste mellom intervjua av dei seks. Det kan vera greit med oppklaringar undervegs, men her finst unødvendige overforklaringar og gjentakingar.

Forsvinningssaka/dødsfallet vert også knytta opp mot gamle segner og eventyr om spøkelsar, uhyre og monster. Desse innslaga skal sikkert gjera historia skummel og spennande, men for meg vart det motsatt; å blanda inn slike "overnaturlege" element i forteljinga er berre irriterande og dumt. Den desidert mest engasjerande delen var siste "episode" og det som der blir avslørt. Her kjem ei vending som snur mykje av det som inntil då var blitt fortalt fullstendig på hovudet. Eg likte dette grepet - men i og med at eg var kommen så langt i lyttinga vart det for seint.

Ei bok som kjeda meg nesten heile tida fortener ingen toppkarakter. Avslutninga var likevel såpass stilig at det "reddar" eit terningkast 3.

For å avspegla at dette liksom er ein podkast, er det brukt fleire ulike opplesarar av lydboka. Slik får ein verkeleg fram mangfaldet av perspektiv og forteljarstemmer. Halvveges lydbok og halvveges radioteater på ein måte - og det fungerer ganske greit.

Eg registrerer at Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet gir Seks historier terningkast 4. Artikkelen er bak betalingsmur så eg har ikkje lest grunngjevinga hans; men overskrifta lyder "Den kommende filmen blir nok bedre enn boka" - og det kan eg vera enig i. Med den rette regissøren, dei rette skodespelarane og dei rette effektane kan nok dette bli ein OK film.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verdenBentebingElise-CathrinMy Criminal MindTine sin blogg - som alle likar boka betre enn meg..

5 kommentarer:

  1. Nei, sier du det, ja..
    men du liker jo ikke overnaturlige vrier i krimmen,( bortsett fra Kazinsky, da..)
    Jeg likte denne boka godt, må bare si det da.:) Selv om du har lagt ut link, ikke alle går inn på dem. Men takk for det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøker som inneheld overnaturlege element/vesen/opplevingar har eg "problem" med, som regel. Den skeptiske/rasjonelle/realistiske sida av meg sjølv protesterer på slike ting. Som regel er slike vriar eit (billig) triks for å skapa spenning/stemning.
      Men det hender jo at eg les forteljingar der visse overnaturlege/uforklarlege ting er ein naturleg del av handlinga og der også eg må "gi meg over" til forfattaren sin fantasi. Du nemner Kazinski, andre eksempel er Nygårdshaug og Murakami.

      Eg tek poenget ditt og har lagt til ein liten setning heilt på slutten av omtalen.

      Slett
    2. Ja, har skjønt det...;)
      Enig ang Nygårdshaug- når det gjelder noen av bøkene hans- som Drum/Olsen-bøkene og Murakami. Stephen King og Yrsa Sigurdardottir også, men jeg vet ikke om du liker dem..
      Ok, fint med den lille setningen.:)

      Slett
    3. Og , ps. ser du leser Egeland. Han også..

      Slett
  2. Hmm... I utgangspunktet er jeg enig med deg i at overnaturlige fenomen skjeldent gjør seg i krim, men her syns jeg det kan være med på å forklare litt hvordan "Vndrerne" lot seg rive med og hauset opp stemningen. Med forbehold om at jeg husker rett, er det jo ingen overnaturlige hendelser som beskrives, det er bare ungdommene (og guttene året etter) som tolker det de ser ut fra at de frykter/ forventer at noe unaturlig kan skje.
    Generelt likte jeg nok denne bedre enn deg, jeg har tilgang til Dagbladet, så jeg skal kikke på Ambjørnsens anmeldelse og komme tilbake til saken ;o)

    SvarSlett