Cappelen Damm 2017
861 sider, speletid ca. 34 timar
Kjelder: Kjøpt papirbok og lydbok Storytel
Kongen av historiske mursteinsromanar, Ken Follett, er framleis svært så aktiv - og han leverer stadig varene, til glede for oss som likar slike bøker. I denne romanen skal me attende til Kingsbridge, katedralbyen me hugsar frå dei tidlegare romanane hans Stormenes tid og I all evighet. Dei tre omfangsrike romanane er sjølvstendige og har handling frå tre ulike hundreår: I Stormenes tid vert det fortalt om 1100-talet, I all evighet har handling frå 1300-talet og i Den evige ilden handlar det om 1500-talet.
Forteljarmåten er gjenkjenneleg frå Århundretrilogien; dvs. at fokus og perspektiv er lagt til menneske som jobbar og oppheld seg nær verkelege (og mektige) historiske personar. Dette er eit grep som er vellukka etter mi meining: Ein får på den måten eit nært syn på historiske hendingar og ser maktpersonane frå ein annan synsvinkel enn det ein gjer gjennom fakta- og historiebøker.
Eg kjøpte papirboka for ei tid tilbake og var egentleg mest innstilt på å "lesa sjølv", men kom aldri i gang sidan boka er så tjukk. Då ho så vart tilgjengeleg som lydbok på Storytel, valde eg å starta på boka som lydbok - og eg har lest størstedelen av boka på den måten. Nils Ole Oftebro er ein god opplesar av slike store verk.
Forteljinga tek til i året 1558, ei uroleg og omskifteleg tid i England og resten av Europa. England er katolsk (igjen) og på trona sit den nest siste av regentane innan Tudordynastiet, Maria I. (Ho skulle seinare få tilnamnet Bloody Mary - "den blodige" - fordi ho fekk henretta så mange av sine religiøse og politiske motstandarar.) Ektemaken hennar er Filip II av Spania (som tretti år seinare sender armadaen sin mot Elizabeth I). I Frankrike regjerer Henrik II, som førebur seg på bryllaup mellom sonen (dauphinen) Frans (14 år) og ei anna Maria; Maria Stuart (16 år). At kongelege og adelege barn vart brukte som brikker i maktpolitiske og utanrikspolitiske spel var heilt vanleg på denne tida. Arrangerte ekteskap vart sett på som både naturleg og fornuftig.
Maria Tudor døyr i 1558 og året etter døyr Henrik II av Frankrike. Tida rundt ein regent sitt dødsfall er kaotisk og potensielt farleg for ein nasjon fordi alliansane og maktforholda er i endring. I England er arverekkefølga uklar, men det er den unge prinsesse Elisabeth som vert peika ut som ny regent. Det er kontroversielt, for Elisabeth er som sin far, Henrik VIII, protestant - men ho er i prinsippet tilhengar av religionsfridom. Den katolske Maria Stuart er på eit tidspunkt dronning av både Frankrike og Skottland, men den unge og sjukelege kong Frans II døyr etter kort tid. Ho returnerer til Skottland med ambisjonar om å ta makta både der og i England. Mektige katolske krefter ser nemleg på Maria Stuart som rettmessig arving til den engelske trona. Både Elizabeth I og Maria Stuart hadde mektige vener - men også mektige og revansjelystne fiendar.
Den mest sentrale (fiktive) hovudpersonen er Ned Willard. Me møter han innleiingsvis som ein aldrande mann som tenkjer tilbake på eit hendingsrikt liv. Store deler av livet sitt er han etterretningsagent for dronning Elizabeth I. Ned høyrer til ein protestantisk familie medan hans store kjærleik, Margery Fitzgerald, tilhøyrer ein katolsk. Dei mest sentrale handlingstrådane i boka er striden og maktkampen mellom reformistar og katolikkar, rivaliseringa mellom og rundt dronning Elizabeth I og Maria Stuart, samt det vanskelege kjærleiksforholdet mellom Ned og Margery. Når det gjeld dette siste er Follett litt klissete og kjem med sine sedvanlege kleine erotiske skildringar, men på den andre sida er det greitt med visse avbrekk i all dramatikken og brutaliteten som det elles vert fortalt om.
Fremst i boka får ein ei fem siders personoversikt. Det er svært nyttig, for Follett har fylt forteljinga med eit utal personar, både fiktive og historiske. Takka vere oversikten er det likevel ganske greit å halda brikkene, familiane, personane og intrigane frå kvarandre. Follett fortel om ulike kjende historiske hendingar som fann stad i Frankrike og England, t.d. Bartolomeusnatten, massakren i Vassy, Den spanske armada og Guy Fawkes og kruttsamansvergelsen. Me får også glimt frå andre stader i verda, som Spania og "Den nye verden"; Amerika.
Romanar og dokumentarar, samt filmar og TV-seriar frå denne tidsperioden (1500-talet) er svært populære; eksempelvis bøkene til Philippa Gregory, C.J. Sansom og Hilary Mantel, biografiane til Richard Herrmann og TV-seriane Wolf Hall og The Tudors. I desse dagar går ein ny film; "Mary, Queen of Scots" på norske kinoar. Den handlar også om Maria Stuart og Elizabeth.
Til sist var det Elizabeth som "vann" maktkampen i og med at Maria Stuart mista hovudet sitt etter nitten år i fangenskap. I ettertid kan ein imidlertid sei at det var Maria som sigra - for den som overtok trona etter Elizabeth var Maria sin son; James I, den fyrste frå kongehuset Stuart.
Personskildringane er ikkje heilt vellukka heile tida. "Dei snille" er gjerne sterke, vakre og kloke, "dei slemme" er ondskapsfulle, sleipe og dumme. Men dei mest sentrale karakterane i denne forteljinga får ein sjå frå ulike sider. Follett skildrar ofte folk, særleg kvinner, ut frå korleis dei ser ut. Han er svært opptatt av yppige kvinnelege former - men eg vel å ikkje leggja særleg vekt på dette utslaget av mannssjåvinisme. Andre deler av boka veg opp.
Den evige ilden er nemleg ei velskriven, grundig, fargerik og interessant bok. Eg er imponert over den historiske detaljrikdommen som vert vist og av det researcharbeidet Follett må ha hatt i forkant av skrivinga. Han får tydeleg fram at alle saker har fleire sider og at religiøs fanatisme er farleg, uansett. Ein kan lett dra paralellar til dagens internasjonale situasjon, der folk flyktar frå forfølging pga. religion og tru. Sjølv i dag finst det menneske som slaktar og massakrerer andre menneske, med det ein kan kalla religiøs grunngjeving. Forfattaren er, som dronning Elizabeth I var - og som hovudperson Ned Willard i boka er - tilhengar av toleranse for andre meiningar og respekt for andre menneske. Djupast sett er dette med toleranse og respekt sjølve moralen i denne romanen.

Det er godt du skriver om Follet sine bøker, for jeg datt av lasset for noen bøker siden. Kjenner dog at jeg fikk lyst å ta opp tråden igjen, så jeg har notert disse tre bøkene bak øret. Riktig god søndag Berit!
SvarSlettEg óg datt av Follett-lasset i fleire år, men no er eg der igjen. Han har sine svakheiter, men er likevel ein god forteljar, tykkjer eg.
SlettConsider me fristet. Lenge siden jeg har lest Follett. Husket ikke hvorfor, men har ihvertfall ikke lest noen av de siste mursteinene. Kongen av murstein indeed. Liker epoken (som de fleste), når det er sagt har jeg fremdeles ikke fullført Wolf Hall serien, og ikke lest Philippa, kanskje jeg bare innbiller meg denne tudorinveren. Hmmm.. (Btw, klippet og limet fra Nini-innlegget ditt, håper det er greit)..
SvarSlettDet er noko fascinerande (men også skremmande) med Tudortida, og til meir ein les til meir fengande vert det.
SlettSjølvsagt heilt greit at du har sitert frå omtalen min av Nini.