11. august 2017

Bokhyllelesing: Kjempenes fall av Ken Follett

Cappelen Damm 2011
922 sider
Kjøpt papirbok

Tema for juni/juli-utgåva av utfordringa Bokhyllelesing var tjukk bok - og eg las Kjempenes fall, ei bok eg har hatt ståande ulest lenge, nettopp fordi ho er så omfangsrik. Det tek naturlegvis litt tid å komma gjennom heile, men boka viste seg å vera både lettlest, interessant og underhaldande - så sidetalet var ikkje noko å grua seg til.

Kjempenes fall er fyrste del i Ken Follett sin triologi om det 20. hundreåret. Det er nærliggjande å samanlikna med Jan Guillou sin serie om den same tidsperioden, men dette er enno meir omfattande. Medan Guillou stort sett held seg til Skandinavia og ein enkelt familie, har Follett eit meir globalt perspektiv og me får følgja fem ulike familiar i England, Wales, Russland, Tyskland og USA. I fyrste bind befinn me oss i perioden 1911 til 1924, det vil sei at det handlar om store hendingar som opptakten til 1. verdenskrig, sjølve krigen og den russiske revolusjon. Kvinnekamp, fagforeningskamp og klassekamp er andre tema som vert berørt.

Dette er ein slektsroman med lange historiske linjer og storpolitiske trekk. Det er ein fordel å ha ein viss bakgrunnskunnskap og å vera historieinteressert; då fyrst får ein fullt utbytte av Kjempenes fall.

I prologen møter me 13 år gamle Billy Williams som har sin fyrste arbeidsdag i kolgruva i ein walisisk småby. Systera hans, Ethel, arbeider som tenestejente hos jarl Fitzherbert, kalla Fitz, frå den aristokratiske familien som eig gruva. I fyrste kapittel vert det fortalt om ein spesiell fest som jarlen har invitert til. Sjølvaste kong George V og dronning Mary er på vitjing i området, og Fitz vil gjerne visa seg og sine frå si beste side sidan han har ambisjonar om ein plass i Overhuset. I dette høvet vert andre sentrale karakterar presentert: Maud Fitzherbert; jarlen si syster og langt meir liberal enn den konservative broren. Walter von Ulrich; tysk og adeleg, jobbar i etterretningstenesta og er forelska i Maud. Gus Dewar; amerikansk diplomat som jobbar som rådgjevar for den amerikanske presidenten. Bea Fitzherbert; Fitz si kone, opphaveleg russisk og adeleg.

Alle desse får me følgja tett sidan dei har sentrale roller i denne forteljinga. Kontrastane er store; me får glimt både frå det farlege og slitsame arbeidet i gruvene og frå det overfladiske og luksuriøse overklassemiljøet. I tillegg vert ein kjent med eit russisk brødrepar som etter kvart havnar i to heilt ulike miljø på kvart sitt kontinent. Den eine vert soldat og revolusjonær bolsjevik og den andre vert ein småkriminell skjørtejeger i eit russisk/amerikansk gangstermiljø. Dei ulike familiane sine handlingar og lagnadene deira vert vikla inn i kvarandre på ulikt vis. Aller størst inntrykk gjer skildringane av den meiningslause og fryktelege skyttargravskrigen. Mange av hovudpersonane "våre" møter kvarandre på slagmarkene. På grunn av krigen vert mykje endra - både økonomisk, kulturelt og personleg. Etter fyrste verdenskrig mista aristokratiet mykje av makta si og grunnlaget for dagens velferdssamfunn vart lagt.

Kjempenes fall er super som ferielesing; det er ei lettlest og fengande bok med ei fascinerande og lærerik handling. Ken Follett krydrar alltid bøkene sine med romantikk og erotikk, noko som ikkje alltid er like vellukka. Ein finn nokre påklistra og pinlege sexskildringar i denne boka også, og dei bør egentleg berre skummast gjennom. Follett tek elles føre seg store tema som rik og fattig, krig og fred og kjærleik og hat. Det historiske i forteljinga er interessant og er skildra med klokskap og grundigheit. Dei mange verkelege historiske personane som dukkar opp som bipersonar i forteljinga gjer det heile ekstra levande for lesaren. Her møter me m.a. statsministrane Asquith og Lloyd George, keisar Wilhelm II, president Woodrow Wilson og Lenin og Trotskij.

Det er særleg interessant å lesa om det politiske spelet som fann stad i forkant av krigsutbrotet, om kor ekstrem situasjonen i Russland var i forkant av revolusjonen, om kontrarevolusjonen, om tilhøva i ein walisisk gruveby, om den tidlege kvinnekampen og om forholdet mellom tenestefolk og herskarar. Klasseskiljet var markert og nokså uoverstigeleg i dei dagar.
Follett er ein ordrik forteljar og han har tydeleg sans for detaljar - og difor er boka (altfor) tjukk. Ein kan også innvenda at persongalleriet hans er "eindimensjonalt"; ein finn gjerne att dei same typane i dei ulike bøkene. Likevel - eg likar det han skriv - og det er eg ikkje åleine om. Ifølge Forlagslivbloggen har Ken Follett selt utrulege 150 millionar bøker verda over.

Andre bloggomtalar:
Tones bokmerke, Hysj lesing pågår, Historiske romaner, Bokmerker.org

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I september kjem Ken Follett ut med ny bok. Den har tittelen A coloumn of fire - på norsk Den evige ilden. Handlinga er lagt til 1500-talet og me skal attende til Kingsbridge (som me kjenner att frå Stormenes tid og I all evighet. Gjett kven som gledar seg til å lesa den :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar