Sider

23. februar 2020

Kriminell vinterlesing del 2

Det går unna med lesinga om dagen, men det går det heller trått med skrivinga. Dermed eit nytt skippertakinnlegg. Alle bøkene nedanfor er innan krim-/spenningssjangeren, men er høgst ulike med tanke på forteljarstil, innhald, omfang og tema.

Utrygg havn av Tana French 

Cappelen Damm 2013
Speletid 17:24
Lydbok Storytel

Fyrst til Irland og ein forfattar eg er begeistra for. Eg las den tredje boka i Dublin Squad-serien - Flukt - i januar og følgde opp med Utrygg havn no i februar. Og eg tykte boka var skikkeleg god - lenge. Nesten heilt til slutt faktisk. Men sjølve avslutninga vart ein nedtur for meg; eg tykte boka enda rart og "ope", noko som forringa leseopplevinga mi ein del.

Undervegs likte eg det eg las, sjølv om dette er ei langsam og ordrik bok. French er nemleg veldig dyktig når det gjeld stemningsfulle uhyggestemningar. Skildringa av forholdet og dynamikken mellom den erfarne og dyktige etterforskaren og den unge og ferske "lærlingen" er óg dyktig utført. Det er inga dirrande spenning, men heile vegen kjenner lesaren på ein undertone av mystikk, uhygge og desperasjon, - noko forfattaren formidlar på ein overbevisande måte.

Handlinga er lagt til eit halvferdig/delvis forlatt bustadfelt utanfor Dublin; eit fenomen kalla ghost estate og som er eit problem i Irland. Sjå video der Tana French fortel om boka og bakgrunnen for denne spesielle settinga.
Boka låg lenge an til å få ein femmar på terningen, men den flate avslutninga gjer at eg konkluderer med eit terningkast 4.


Se en annen vei av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2019
366 sider
Papirbok lånt privat

Meir psykologisk uhygge, no frå den norske mesteren innan denne sjangeren; Torkil Damhaug. Se en annen vei er ei interessant, mystisk og trist historie der store deler av handlinga er lagt til Budapest.

Med innleving, kunnskap og perfekt timing mellom scene- og perspektivskift har Damhaug skrive ei mørk og medrivande bok som bør få mange lesarar.

Torkil Damhaug har alt fått to Rivertonprisar, men eg blir ikkje veldig overraska om han skulle få ein tredje. Eg tykkjer handlinga er litt stilleståande til tider, men det er ikkje tvil om at Se en annen vei er ein  thriller av høg kvalitet.
Terningkast 5-.


Dvalen av Camilla Grebe

Gyldendal 2019
472 sider
Papirbok lånt biblioteket


Så over til svensk krim og Camilla Grebe og hennar bøker som vert betre og betre. Dette er den frittståande oppfølgjaren til Husdyret.

Dvalen er velskriven, thrilleraktig og ganske så spennande. Me får følgja tre parallelle historiar frå tre ulike karakterar sine perspektiv. Dei tre ulike historiane heng sjølvsagt saman og det blir ein ganske nervepirrande avslutning.

Eg tykkjer boka er for lang. Ho ville vore enno betre om ho hadde blitt stramma opp ein del. Terningkast 4+.



Rosy & John av Pierre Lemaitre

Aschehoug 2019
151 sider
Papirbok lånt biblioteket

Denne boka er derimot for kort; så kort at eg heller vil karakterisere ho som ei lang novelle og ikkje som krimroman.

Det er ei forunderleg historie og eit originalt plott Lemaitre har skrudd saman denne gongen óg, men eg vart aldri skikkeleg engasjert. I alle fall ikkje dersom eg samanliknar med dei knallsterke tidlegare bøkene Irene, Alex og Camille. Og det er naturleg at ein samanliknar ettersom det handlar om det same universet og den same hovudpersonen.

Camille Verhoeven er heller ikkje heilt i slag i denne forteljinga, sjølv om han naturlegvis ser løysinga før alle andre.
Pluss for mørk og underfundig humor, minus for at historia er så tynn. Terningkast 3.



Den synske av Belinda Bauer 

Cappelen Damm 2016
Speletid 8:39
Lydbok Storytel


Eg hadde aldri starta på ei bok med ein slik tittel dersom ikkje forfattaren hadde vore Belinda Bauer. Såkalla "klarsynte" og deira "tenester" irriterer meg grenselaust. Men kva gjer ein ikkje om ein er desperat? Når du har mista barnet ditt og absolutt ingen, heller ikkje politiet, har spor? Når alt du kan tenkja på og leva for er det forsvunne barnet ditt? Vil du ikkje då klamra deg til det håpet som den synske kan gi deg?

Eg tykkjer Bauer er fabelaktig i å skildra galskap og desperasjon. På den andre sida tykkjer eg at ho dreg det vel langt og at det er i overkant mange tilfeldigheiter her.
Terningkast 4.




13 kommentarer:

  1. Bra oppsamling. Damhaug frister mest. Har du lest andre bøker av han?

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjekka med oppføringane mine i bokelskere.no: har lest 8 bøker av Damhaug. Ga 'Syk rose' terningkast 2, dei andre sju terningkast 5.

      Slett
    2. Da har jeg bestilt Se meg, Medusa på biblioteket for å starte på begynnelsen :)

      Slett
    3. Så bra, håpar du kjem til å lika den. Eg las 'Se meg Medusa' i 2009 og hugsar den framleis. Så det betyr at det er ei skikkeleg bra bok!

      Slett
    4. Se med Medusa er en kjempebra start Marianne!

      Slett
  2. Har lest en del krim i det siste jeg også, som oppkjøring til Krimfestivalen.
    Tidligere har jeg lest denne boka av Damhaug, men jeg ble ikke så veldig begeistret for akkurat denne selv om jeg liker Damhaug veldig godt.
    Den synske, likte jeg godt.
    Dvalen ikke lest, men har lest Husdyret og Skyggejegeren. Sistnevnte mye bedre enn Husdyret- så da er kanskje Dvalen noe midt i mellom, verdt å lese?
    French står fortsatt på vent og han franske leser jeg ikke. For fæl, tror jeg..
    God leseuke til deg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig når det gjeld Damhaug, jf svar på kommentar ovanfor.
      Skyggejegeren har eg store forventningar til.
      Lemaitre er ikkje så "fæl" i denne boka, men ho er heller ikkje så god. Eit paradoks der.

      Slett
    2. Ja, jeg har lest alt av han unntatt de helt første- ikke-krim. Men i Se en annen vei synes jeg det ble for mye av mye, og litt for omstendelig dosering om hukommelse fra han legen i Budapest. Har glemt navnet, har ikke blogget om den boka.

      Gled deg til Skyggejegeren:)

      Slett
  3. Spennende oppsummering - jeg har lest alle!
    Og terningkastene er ikke så ulike - du er et lite hakk strengere enn meg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig, men egentleg ikkje så overraskande at du har lest alle. Har jo lagt merke til at me har ganske lik lesesmak. Og ja; eg er litt streng og kresen.

      Slett
  4. Så flotte oppsummeringer! Og flotte krimforfattere. Jeg glemmer heller aldri Se meg Medusa. Rart at noen bøker setter seg fast, mer enn andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding og hyggeleg kommentar.

      Slett