Eit nytt samleinnlegg med ymse krim og ei ny rundreise i krimverda.
Me startar i Noreg.
350 sider
Lånt papirbok privat
Den niande boka i serien inneheld alt eg hadde forventa på førehand: Eit godt og innvikla plott, snirklete språk og enkelte (ufrvillige?) morsomheiter. Samt at det historiske bakteppet er så korrekt som det går an å få det. Med andre ord, typisk Lahlum.
Etter mi meining er dette mellom dei beste i serien. Det vert aldri skikkeleg spennande, men ein vert meir og meir nysgjerrig på løysinga - slik at boka likevel får eit visst driv.
Lahlum sin omstendelege skrivemåte passar ikkje for alle, men for dei som er fortruleg med stilen er dette ei god bok.
Terningkast 4.
Boka er heilt annleis enn Wienerbrorskap-trilogien, som Johnsrud er mest kjent for.
Her handlar det om å venda heim til eit slitent bygdesamfunn, om gammal urett, vonde motsetningar og uoppgjorte hendingar.
Iført fotlenke reiser hovudpersonen Stella attende til barndomstraktene for å delta i gravferda til far sin. I notid føl me Stella si jakt på sanninga og innimellom får me tilbakeblikk der det vert avslørt kva som gjorde at ho braut all kontakt med heimstaden den gongen. Gudmoren er elles befolka med sære og (over)tydelege personar, noko som passar bra i ei historie som dette.

Det virkar som om forfattaren har henta inspirasjon frå Jo Nesbø. Eg fekk i alle fall visse assosiasjonar til både Kongeriket og Hodejegerne.
Eg fann Gudmoren både underhaldande og velskriven. Terningkast 4+.
Etter ein litt treg start vart dette ei ganske bra leseoppleving. Boka er ein miljøthriller/spenningsroman/krim, men er òg eit relativt sterkt partsinnlegg innan vindkraftdebatten og energipolitikken. Dette engasjementet er ikkje negativt i seg sjølv, men for meg vert det i overkant teknisk og politisk.
Karakterane er litt vage og stereotype: Dei som tener masse pengar på vindkraftutbygging (vindbaronane) er berre onde og dei som er vindkraftmotstandarar er berre gode.
Boka er litt for lang og kunne hatt godt av ein ekstra redigeringsrunde. Mot slutten lengta eg berre etter å bli ferdig.
Terningkast 4-.
Terningkast 4-.
Så - eit par svenske bøker som ga meg totalt ulike leseopplevingar.
Ai-ai, dette var saker! Litt motvillig må eg vedgå at eg likte denne sjette Millenniumboka veldig godt. At Lagercrantz no på ein måte har fullført det Stieg Larsson sette i gang, har vore kontroversielt, og eg forstår innvendingane, ref. arvestriden etter Larsson. Men resultatet; eit "verdig punktum" for historia om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander, er etter mi meining veldig bra.
Hun som må dø er ein underhaldande roman og eit krimeventyr, som m.a. inneheld ei veldig fascinerande sidehistorie frå Mount Everest. "Finalen" er av det høgdramatiske slaget, der sekundane og millimetrane atter ein gong er avgjerande.
Lagercrantz har vidareført Stieg Larsson sin noko pompøse skrivestil, men tidvis vert det noko påklistra, utan at det går særleg ut over leseopplevinga. Anders Ribu er perfekt som opplesar av Millenniumserien i og med at han formidlar dette pompøse/storslagne på ein god måte.

Terningkast 5.
Nyutgjeving av ei bok opprinneleg utgitt i 2005 - og eg skjønnar ærleg talt ikkje vitsen å gi ho ut på nytt no. Denne er rett og slett svak. Eg angrar på at eg brukte tid på ei så dårleg bok, og kjem ikkje til å lesa fleire i Anders Knutas-serien.
Handlinga er lagt til fascinerande Gotland, men heller ikkje det hjalp stort. Boka inneheld alt eg ikkje likar: Klissete romantikk, klisjéaktige karakterar, forutsigbar handling, rotete innhald, overforklarande, dårleg avslutning.

Og som ikkje det er nok, er også opplesaren av lydboka udyktig. Styr unna denne!
Terningkast 2-.
Terningkast 2-.
Over til britisk krim og eit nytt forfattarnamn for meg.
Tema er "vanleg" i krimromansamanheng; eit forsvunne barn. Dette barnet - 8 år gamle Daisy - vert tilsynelatande borte midt blant mange andre på ein familiefest i sin eigen heim. Eller - var ho verkeleg der? Både far, mor, bror, naboar og vener har sine versjonar av handlingsforløpet. Det vert litt av ei nøtt å arbeida med for Fawley og kollegaene hans.
Ikkje alt er sannsynleg og/eller realistisk i denne forteljinga, men det må ein berre oversjå. Terningkast 4.
Ikkje alt er sannsynleg og/eller realistisk i denne forteljinga, men det må ein berre oversjå. Terningkast 4.
Til slutt eit amerikansk innslag.
Meir psykologisk thriller enn krim, sjølv om det etter kvart handlar om opptil fleire mord.
Hovudperson er Harry, ein ung mann som får ein sjokkerande telefon frå stemora Alice; faren er død, under mystiske omstendigheiter. Harry vender heim, og gradvis oppdagar han at både faren og Alice har "ei fortid". Han møter ei ung mystisk kvinne som han vert betatt av, men så viser det seg at ho har hatt eit slags forhold til faren. I tillegg opplever han at Alice legg an på han. Desse forholda og dei problematiske kjenslene dei fører til tek forholdsvis stor plass i handlinga i boka. Dei er dels ubehagelege å lesa om, dels gir dei boka ein ekstra nerve.
Christoffer Staib si opplesarstemme passar godt til forteljarstemma i boka.
Christoffer Staib si opplesarstemme passar godt til forteljarstemma i boka.
Terningkast 4+.
Fine informative innlegg:)
SvarSlettLikte Vindbaroner, har lest flere av forfatteren. Blogget om dem også .
Svanemordet likte jeg sånn passe.
Har fortsatt Hunter , Swanson og Johnsrud på vent.
Leste andre krimbøker i påska.
Hongset har gått under radaren for meg, på ein måte. Ser no at han har fleire aktuelle bøker. Om dei blir lest får tida vise.
SlettDet er så mange bøker der ute!
Som Anita likte jeg også Vindbaroner. Spesielt morsomt at forfatteren har jobbet mange år i en helt annen energibransje, Statoil (Equinor). Litt stereotypt, enig. Good and bad. Men slettes ikke dum likevel.
SlettEllers har jeg ikke lest noen av de andre bøkene dine, men noterer meg kraftig bak øret at jeg ikke har lest de siste to Lagercrantz-bøkene. Likte den fjerde, og første fra Lagercrantz. Han fikset faktisk å hoppe etter Wirkola. Nå har jeg altså to bra Salander-bøker tilgode. Yess! :)