Sider

2. mars 2022

Oppsummering februar 22

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Hans Olav Lahlum - Sneen var ren - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Max Seeck - Heksejakt - Finsk krim - Kjøpt lydfil

Lest i februar:
Anne Spurkland - Frisk nok! - Norsk fakta - Lånt ebok BookBites
Jostein Sand Nielsen, Bente Ailin Svendsen, Helene Uri og Andreas Østby - Fakta faen - Norsk fakta/humor - Lyd Storytel
Mattias Edvardsson - En helt vanlig familie - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Hanne Sigbjørnsen (Tegnehanne) - Ikke tenk på meg - Humor/biografisk - Lånt ebok BookBites
David Baldacci - Uslettelig minne - Amerikansk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Siste skanse - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Cara Hunter - Ingen utvei - Britisk krim - Kjøpt ebok
Cara Hunter - Alt dette raseriet - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Tor Åge Bringsværd - Veneziansk spaserstokk med elefant - Div. tekstar - Lånt papirbok biblioteket
Åsa Larsson - Fedrenes misgjerninger - Svensk krim - Lånt papirbok privat


4 lyd, 3 papir, 3 ebøker
5 lånt, 3 abonnement, 2 kjøpt
7 krim, 1 fakta, 1 fakta/humor, 1 humor/biografisk
4 norske, 2 britiske, 2 amerikanske, 1 svensk, 1 finsk
5 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Nielsen, Svendsen, Østby, Spurkland, Edvardsson

Mykje skremmande skjer andre plassar i verda, så no om dagane set eg verkeleg pris på at eg har evna til å "flykta" inn i bøkene mine. 

Det vart altså 10 bøker og mange 4'arar i februar. To av bøkene er svært korte; Ikke tenk på meg på 199 sider (og mange illustrasjonar/teikningar) og Fakta faen på berre 76 sider (og heile 4 forfattarar!) For meg vart det 1 time 20 min. lytting, og her gjekk eg glipp av illustrasjonane.
Begge desse bøkene er vanskeleg å sjangerfesta. Begge er innan humorkategorien, men medan Tegnehanne brukar seg sjølv og livet sitt og dermed har gitt eit biografisk preg på si bok, er Fakta faen eit slags banneleksikon med både overraskande faktaopplysningar og artige kuriositetar.

Anne Spurkland si bok Frisk nok! er ei faktabok i ein heilt annan stil og på eit heilt anna nivå. Det er slik sett veldig urettvist å gje denne same terningkast som dei to føregåande, sidan denne er så viktig og så seriøs. Men - så er det jo leseopplevinga totalt sett eg går ut frå når eg set karakter. I alle fall; dette er ei bok som alle alternativarar og vaksinemotstandarar skulle ha blitt tvinga til å lesa. Spurkland er professor i medisin og forskar innanfor autoimmune sjukdommar og molekylær immunologi. Dei siste to åra har ho jamnleg vore i media og forklart vanskelege ting på ein enkel måte for folk flest. Denne formidlinga viser att i denne boka; ho forklarar korleis immunforsvaret virkar og kva som påverkar det; for eksempel søvn, mat, stress og vaksinar.

Adam Fawley-serien til Cara Hunter kan anbefalast og det same gjeld David Baldacci sin serie om Amos Decker. Bøkene er av typen amerikansk underhaldningskrim med alvorlege undertonar. Denne Decker er en ekstraordinær eks-politi/detektiv med ekstraordinære evner. På grunn av ein hjerneskade hugsar han absolutt alt, inkludert ting han helst ville ha gløymt. 

5 kommentarer:

  1. Ser du er i terningkastklemmen, har studert terningene mine noen ganger, og klamrer meg til "leseopplevelse", som det viktigste. Flott haug med bøker du leste i februar, Max og Mattias har jeg lest, men ikke de andre :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje alltid like enkelt å setja "riktig" terningkast, dersom ein skal ta omsyn til både forventningar og sjanger. Terningkast 4 er så mangt. Frå dei som nesten når opp til ein 5'ar, via dei som er soleklare og greie 4'arar og til dei som nesten havnar på 3.

      Slett
  2. Bra lesemåned for deg ser jeg. Håper min leselyst kommer tilbake. Ble ltt passifisert nå, både av sein vår og den grusomme krigen. Satser på film og serier akkurat nå. Godt å flykte, som du sier.

    SvarSlett
    Svar
    1. Har oversett kommentaren din, beklager seint svar.
      Livet består av så mangt, og når ein skal "flykta" må ein velta det som passer best for seg sjølv.

      Slett
    2. *velja* - ikkje *velta*. Autokorrektur er av og til noko herk!

      Slett