Kurt Aust er pseudonym for Kurt Østergaard. Han er opphavleg dansk, men skriv på norsk og har budd i Noreg i over 40 år. Østergaard - eller Aust då - debuterte som romanforfattar i 1999 med Vredens dag, ein historisk kriminalroman med handling frå 1700-talet - den fyrste i denne serien som vart både populær og kritikarrost.
Eg likar serien og er spesielt imponert over jobben forfattaren har hatt med bakgrunnsstoff og research. Det har då også teke si tid; serien vart ikkje fullført før i 2020. I mellomtida har Kurt Aust skrive andre bøker, m.a. den gode sykkelkrimmen Dødt løp.
Nokon har sagt at serien kan minna om både Rosens navn av Umberto Eco og Agatha Christie sine Hercule Poirot-forteljingar. Eg er ikkje usamd i det, og i tillegg meiner eg at serien har mange likskapstrekk med både Shardlake-serien av C.J. Sansom, Niklas Natt och Dag sin Bellmann noir-trilogi og kanskje særleg med Arthur Conan Doyle sine forteljingar om Sherlock Holmes og Dr. Watson.* Vredens dag (1999)
* Den tredje sannhet (2001)
* Hjemsøkt (2003)
* Kongefrykt (2004)
* Når døde hvisker (2011)* Stumme skrik (2013)* Skipet med det onde øye (2017)* Hjertets mørke (2020)
Aust vart tildelt både Rivertonprisen og Glassnøkkelen for Hjemsøkt og vart nominert til Rivertonprisen for Skipet med det onde øye og Hjertets mørke.
Bøkene i serien bør lesast langsamt - og i rett rekkefølge.
I hovudrollane finn me den danske professoren Thomas av Boueberge og den norske assistenten hans Petter Hortten. Det er sistnemnde som er forteljarstemme og eg-person i bøkene. Aust brukar eit forteljargrep der det er den aldrande Petter Hortten som fortel om dramatiske hendingar tilbake i tid. Spranga ut av hovudhandlinga er med på å samla trådar og tankar og eit høve for den gamle Petter å gi eit etterpåklokskapens lys på dei nemnde hendingane.
Kvar bok inneheld òg ei (eller fleire) finurlege krimgåter, fletta inn i den øvrige handlinga. Eg likar spenningsromanar der ein samstundes får med seg historiske fakta og kuriositetar.
Språk, stil og forteljarmåte understrekar det historiske. Bøkene gir gode skildringar av det dansk-norske samfunnet på 1700-talet og dei tankar og meiningar menneska hadde på den tida. Dette er i overgangen mellom middelalder og opplysningstid, det vil sei at enkelte tok til å leggja meir vekt på vitenskap, rasjonell tenking og fornuft. Professor Boueberge er i denne samanhengen ein representant for dei nye tankane om vitenskaplege metodar og humanisme, medan Petter Hortten, med sin enkle bakgrunn og si gudstru, representerer det konservative. I arbeidet som Thomas av Boueberge sin assistent vert Petter stadig vekk utfordra og ein forstår at det er vanskeleg for han å ta inn over seg alt det "radikale" som professoren står for.
I løpet av dei åtte bøkene er eg blitt skikkeleg kjent med - og glad i - Thomas og Petter. Eg har også lært ein heil del historie, fått innblikk i andre måtar å sjå samfunnet på og fått mange timar med god underhaldning. Bøkene er stemningsfulle, spennande og lærerike.
Det vart ikkje skikkeleg fart og flyt i lesinga av denne serien før i vår då eg oppdaga at alle bøkene var utgitt som lydbøker og tilgjengelege på Storytel. Eg anbefalar lydbøkene; Anders Ribu er ein heilt fenomenal opplesar av slike svære forteljingar. Ha likevel gjerne ei papirbok i tillegg. Det er nemleg veldig mange folk, titlar og namn å halda styr på, så ein treng gjerne eit slags "oppslagsverk".
Bøkene er grundige og omfangsrike, her er detaljar, utbroderingar og tankesprang, - og hopp fram og attende i tid. Men dei er samstundes veldig interessante og dramatiske, så eg vart aldri lei.
Nedanfor følgjer nokre små samandrag av kvar enkelt bok. Det er såpass lenge sidan eg las dei fyrste bøkene at eg har gløymt ein god del av innhaldet. Eg har difor basert meg på og støtta meg til forlagsomtalane.
Vredens dag
Forteljinga om Thomas av Boueberge og Petter Hortten tek til ved årsskiftet 1699/1700 når dei to er på veg til Ribe i Danmark for å feira nyttår. Ein voldsom snøstorm gjer at dei må søkja ly på eit vertshus. Her vert ein person funnen død under mistenkelege omstendigheiter. Thomas, med hjelp frå Petter, tek til å granska og undersøka kva som kan ha hendt. I løpet av dei dagane stormen varer skjer det fleire mystiske dødsfall.Bok 2, 538 sider
Den tredje sannhet
Plottet er særs finurleg og boka er egentleg veldig bra, men såpass langsam at det krev at lesaren er konsentrert og "vaken" heile tida.
Bok 3, 382 sider
Hjemsøkt
Handlinga i denne boka går føre seg i Noreg i 1703. Etter fire år som Thomas av Boueberge sin sekretær i København får Petter eit viktig kongeleg oppdrag: Å vera vegvisar for ein paveleg utsending. I tillegg har Petter ei personleg interesse av reisa tilbake til heimtraktene; å finna meir ut av sin eigen bakgrunn.Hemmelege møte, mystiske dødsfall og mistenkelege personar gjer Petter uroleg, men så dukkar heldigvis Thomas opp. Dessutan dukkar det opp ein annan person som skal komma til å bety mykje for Petter. Han forelskar seg i Sara, men så ser det ut til at ho er uoppnåeleg for han.
I boka si notid har det skjedd store endringar for den aldrande Petter. Han er blitt både heimlaus, arbeidslaus og einsam - kun med selskap av tenaren Bark.
Også dette er ei bra bok, men ho etterlet seg ein del uløyste trådar. Desse får nærare oppklaring i i neste bok.
Bok 4, 626 sider
Kongefrykt
Handlinga baserer seg på ei verkeleg historisk hending, nemleg reisa kong Frederik 4 gjorde i Noreg i 1704. Aust skildrar denne reisa på ein måte som gjer at ein føler seg som ein deltakar.Thomas har fått vita at nokon har planlagt å ta livet av den eneveldige kongen, og Thomas og Petter får ansvaret for kongen sin tryggleik. Dette skal føra til dramatiske og absurde situasjonar. I løpet av reisa stiftar også Petter familie.
Mot slutten av reisa - og boka - møter me ein unggut; Peter Wessel. Han vert ein viktig biperson i dei neste bøkene.
Den gamle Petter er i år 1747 på veg mot Noreg saman med Bark og kona hans Katrine og eit nytt tilvære i gamlelandet.
Bok 5, 471 sider
Når døde hvisker
I den andre handlingstråden befinn Petter, Bark og Katrine seg mellombels på ein prestegard på den svenske vestkysten - og her får Petter ei stor overrasking. Dette bitt dei to trådane saman på snedig vis.
Stumme skrik
Ludvig Holberg er ein bikarakter i boka.
Boka er blodig og mørk - og svært god.
Bok 7, 509 sider
Skipet med det onde øye
I "notid" møter gamle Petter Thomas si dotter i København. Det er eit sterkt møte og mange gamle kjensler vert vekte til live.
Hjertets mørke
Tema er slavehandel, og mange er sikkert ikkje kjende med at Danmark-Noreg var såpass delaktige i denne groteske handelstrafikken. Men det var "me" faktisk, og handlinga er basert på verkelege hendingar og historiske personar. Handlinga er lagt til Christiansborg fort på Gullkysten (dagens Ghana), der det i si tid vart handla med slavar, elfenbein og gull.
Boka byr elles på interessante sidehistoriar, sterke skildringar av groteske hendingar og eit ualminneleg fargerikt persongalleri.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar