446 sider
Kjelde: Lånt ebok - eBokBib
Tour de France, verdens største og best kjende sykkelritt, er utgangspunkt for Kurt Aust sin nye kriminalroman. Forfattaren er nok over gjennomsnittet interessert i dette populære etapperittet. Han har tidlegare har gitt ut fleire historiske kriminalromanar, men i denne boka er det notida som gjeld - og den tradisjonsrike og prestisje- og skandalefylte tour'en altså.
I Dødt løp er kvart kapittel oppdelt etter etappane i Tour de France, frå og med prologen og til målgangen på Champs-Élysées i Paris tre veker seinare. Det er ikkje nødvendig å vera Tour de France- eller sykkelekspert for å ha glede av boka, men det er nok ein fordel å vera bittelitt interessert i sporten. Forfattaren har heldigvis ikkje brukt så mange uttrykk frå "fagterminologien" og det vert forklart kva den gule, kvite og prikkete trøya betyr, for eksempel. Ein får eit lærerikt innblikk i tour-sirkuset og den taktiske planlegginga av etappane, samt nokre landskapsskildringar frå ulike delar av Frankrike.
Hovudperson og den dominerande forteljarstemma er den unge nordmannen Erik Norse. Han er ein ung mann med "ei fortid" (som det heiter) - og debuterer i TdF som hjelperyttar for laget sitt. Men - han har også eit anna oppdrag; som undercover-agent for Interpol. Bakgrunnen for dette er at ein sykkelmekanikar på eitt av dei deltakande laga vert funnen drept ei tid før rittet. Før han døydde skal han ha sagt noko som kan indikera at løpsfiksing eller ulovleg gambling var under planlegging under årets tour. Politiet og rittleiinga kontaktar den unge og lovande syklisten Erik og lagar ein avtale med han.
Meir skal ikkje røpast av handlinga her, for boka byr på fleire overraskingar. Eg likte boka og det spesielle bakgrunnsteppet med sykkelritt og sykkelmiljø. Det var interessant og originalt.
Dødt løp er ei velskriven og grei krimbok - super som underhaldnings- og sommarlektyre. Handlinga i boka, med sine hopp i tid og rom, er enkle å følgja. Det meste framstår som "ekte" og "autentisk" sjølv om mykje av det som vert skildra egentleg er svært så urealistisk. Plottet er sånn passe finurleg.
Personskildringane i boka er eg ikkje så veldig nøgd med - utan at det har spesielt mykje å bety for sjølve leseopplevinga. Eg opplever dei fleste karakterane som "grunne", stereotype og klisjeaktige. Det finst eitt unnatak; sjølve hovudpersonen Erik Norse. Han står fram med ulike sider og eigenskapar, både positive og negative.
Kurt Aust skriv overraskande innsiktsfullt om sjølve Tour de France; det er tydeleg at forfattaren har lest seg opp på historia om - og alle diskusjonane rundt - dette sykkelrittet. Slik skildrar han Erik si oppleving av oppstiginga til det berømte og berykta fjellet Alpe d'Huez:
"... det var fire svinger igjen.Konklusjonen blir at Dødt løp er ein forfriskande og annleis, men ikkje så veldig spennande thriller, som passar best for sportsinteresserte.
Krampa kom plutselig, satte seg i beina som smertelyn. Fikk meg til å gispe og blotte tenner.
Tre svinger. Jeg måtte ta en krampetablett. Måtte. Men jeg turte ikke slippe styret. Kunne ikke. Fingrene var låst.
To. Hele kroppen var krampe, hylte i smerte. Sykkelen sitret som om den hadde feber. Måtte tenke på noe annet..."
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Årets Tour de France er så vidt kommen i gang. I skrivande stund er det att omlag 5 mil av den andre etappen. Eg er ikkje hekta på dette rittet (slik som visse familiemedlemer er) og skal ikkje følgja med på TV-sendingane heile tida; for meg er det greitt nok å få med seg dei siste 10-15 minuttane av etappane, evt. ein oppsummering i etterkant. Eg håpar at årets ritt blir spennande, dopingfritt, at dei norske deltakarane Boasson Hagen og Kristoff gjer det bra og at det ikkje skjer noko som minner om hendingane i denne boka.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Også denne omtalen vert lenka som eit Smakebit på søndag-innlegg.
Kvar søndag finn ein mengder med smakebitar, boktips og bokbloggtips i bloggen Flukten fra virkeligheten.
Cykelsporten måste ju vara tacksam att skriva en deckare om, där händer ju en hel del. Tack för smakebiten!
SvarSlettDet hender ein del ja - og gjennom tidene har det vore mykje "snusk" - men ingen har skrive krimbok med handling frå TdF - før no.
Slettintressant sammanhang! tack för smakebiten! om jag minns rätt så skrev den utmärkte franske thrillerförfattaen Pierre Magnan en bok om cykling. Cyklisten på svenska
SvarSlettOk, den kjenner eg ikkje til. Godt tips, takk for det.
SlettTack för smakbiten!
SvarSlettTack för smakebiten!
SvarSlettTack för smakbiten. Ha en bra söndagskväll!
SvarSlettTack för smakbiten. Detta låter spännande och originellt.
SvarSlettTrodde du hadde skrevet om denne,jeg, men det var vel noen andre.. Både Geir, og kanskje Marianne... Jeg er ikke spesielt interressert i sport, så kanskje jeg like greit styrer unna denne.. Takk for smakebit.:) Fin kveld til deg.
SvarSlettTack för smakbiten. Intressant att koppla en deckare till cykelsporten.
SvarSlett