Sider

31. desember 2023

Oppsummering desember 23

Påbyrja i november, fullført i desember:
Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i desember:
Edvard Hoem - Husjomfru - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jane Casey - Den siste datteren - Britisk krim - Lyd Storytel
Kjersti Johnsen - Jul på Himmelfjell hotell - Lyd Storytel  [avbraut]
Klas Ekman - De kapable - Svensk krim - Lyd Storytel
Anders de la Motte - Glassmannen - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lånt lydbok BookBites

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Ken Follett - Lysets rustning - Britisk historisk roman - Lånt e-bok BookBites


3 lyd, 2 papir, 1 lyd + papir
4 lånt, 2 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 1 biografi
1 norsk, 3 svenske, 2 britiske
4 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Ekman

Det vart berre 6 fullførte bøker i desember, men totalt 103 bøker i 2023. Eg tykkjer det er bra - for eg har veldig mykje anna enn lesing som eg fyller livet mitt med. Oppsummering av leseåret 2023 og årsstatistikk kjem i eit seinare innlegg.

Eg gjorde eit forsøk på å lesa "julefeelgood" denne månaden, men det var ikkje særleg vellukka. Hovudgrunnen til at eg avbraut lyttinga var likevel ikkje sjølve boka, men opplesaren av lydboka: Ei forferdeleg irriterande stemme som eg ikkje orka å høyra på. Sidan det er uaktuelt å lesa ei slik type bok sjølv på papir eller nettbrett, gjekk eg dermed glipp av Jul på Himmelfjell hotell. Like så greit sikkert..

Deretter ga eg meg i kast med ei anna bok frå ein for meg ny forfattar; Klas Ekman. Her snakkar me "feelbad", og eg må tilstå at det passar meg mykje betre. De kapable er ein spennande thriller, fylt med usympatiske karakterar, ubehagelege situasjonar og masse svart humor. Usannsynleg handling, men veldig underhaldande. I ettertid har eg googla meg fram til at boka vart tildelt Crimetime Award for Årets krimdebut 2021

Eg likar veldig godt Edvard Hoem sine bøker om sine eigne slektningar, forfedre og formødre. Difor hadde eg store forventningar til Husjomfru som handlar om livet til den yngste dottera til Felemakaren. Boka er slett ikkje dårleg, her får ein fine tidsbilete og eit bra innblikk i eit strevsamt liv. Likevel - eg vart ikkje så betatt og begeistra som eg hadde forventa - og lesinga gjekk merkeleg tregt. Les Tine sin fine omtale av boka.

Den siste boka eg fullførte i 2023 vart Glassmannen av Anders de la Motte. Denne likte eg veldig godt, og eg har så vidt starta på ein omtale.

Med dette ynskjer eg alle blogglesarar og følgjarar, bokormar og lesehestar, eit riktig godt nytt år!

23. desember 2023

Dikt og slikt: Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen

Med dette stemningsfulle julediktet av Ruth Lillegraven vil eg ynskja alle blogglesarar ei riktig god jul.

Det er henta frå Juleroser 2015 (Samlaget, red. Herborg Kråkevik)

Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen

alt
skal minne
alt skal likne

alt skal lukte 
av granbar og
grønsåpe og 
gamle dagar

klokka fem
skal klokkene
ringe

og så skal det 
vere stille

heilt stille
skal det vere

ikkje ein bil
på vegen

ikkje eit fly 
på himmelen

berre vatnet 
og fjella og
snøen

snøen
som skal
falle og falle
i tunge filler
til fonner
og fokk

snøen som
skal falle
og falle

til me
nesten ikkje
kan sjå steinane
dei ligg under

nesten ikkje kan
sjå gravene
dei ligg i

alle fedrane 
og mødrene

alle brødrene
og søstrene

alle sønene 
og døtrene

alle dei
som ein gong
har levd her
på denne staden

alle dei
som no ligg
under mold
under stein
under snø

men
andleta deira
kan me sjå

andleta deira
som liknar
kvarandre

slik steinane
liknar

slik namna
liknar

slik
julekveldane
og åra liknar

slik lindetrea
kring kyrkjegarden
liknar seg sjølve og på
same tid alltid skiftar
blir grøne og gule 
og så kvite att

heile tida
står trea der

står der og
står der og
står der

vaktar steinane
og gravene og
alle som ligg
i dei

i kveld skal dei
også vakte lysa

slik skal det vere
slik skal det alltid
vere

til det ein dag
ikkje er meir

ja, snøen skal falle

alle lysa skal blafre
og beve

og alt skal minne
alt skal likne

Forfattaren les diktet

Redaktøren les diktet

20. desember 2023

Dikt og slikt: Julebord i enkeltmannsforetaket

Av og til treng me dikt av den lettbeinte typen. 

Jon Hjørnevik skriv enkle og humoristiske dikt. Diktsamlingane hans har titlar som 'Shortsen til far min', 'Mor mi står i glaset', 'Heimekontor i gravferda' og 'Greatest dikts'.
Dårleg humør? Les Jon Hjørnevik.
Tykkjer du poesi er kjedeleg og utilgjengeleg? Les Jon Hjørnevik. 

Forlaget presenterer han på denne måten:
"Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt oppskatta opplesar av sine eigne dikt."


Julebord i enkeltmannsforetaket

Bedrifta var samla
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
og sjefen var meg.

Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las et dikt.
Då kosa eg meg.

Sjefen heldt tale
og skryten fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.

Etter desserten gjekk eg fra bordet,
og drog med meg sjefen inn på kontoret.
Eg såg meg i augo, kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte, det er slikt han vil høyra.

Eg er nokså lur.
Eg veit kva som trengs
Eg gjekk opp i løn,
og fekk sjefen til sengs

Frå samlinga 'Den vanskelege andreboka' (2002)


Dagfinn Iversen (t.v.) er den faste makkeren til Jon Hjørnevik (t.h.)

17. desember 2023

Dikt og slikt: Fairytale of New York

Ein av tidenes beste julesangar handlar verken om englar, nissar eller juletre. 

'Fairytale of New York' vart skriven av The Pogues-medlemmane Jem Finer og Shane MacGowan, utgitt som singel i 1987 og deretter på albumet 'If I Should Fall from Grace with God' i 1988.
Sangen handlar om to irske immigrantar i New York. Dei vart forelska i kvarandre og hadde håp og tru på framtida - men alt har blitt øydelagt av rusmisbruk. På julafta sit mannen i fyllearresten og minnest det turbulente forholdet. 

Lagnaden til dei to vokalistane - Shane MacGowan og Kirstie MacColl - gjer den spesielle julesangen ekstra spesiell. MacColl døydde på tragisk vis i 2000 og MacGowan døydde nyleg av sjukdom. Sangen er difor ekstra vemodig denne jula.


Fairytale of New York

It was Christmas Eve babe
In the drunk tank
An old man said to me, won't see another one
And then he sang a song
The Rare Old Mountain Dew
I turned my face away
And dreamed about you

Got on a lucky one
Came in eighteen to one
I've got a feeling
This year's for me and you
So happy Christmas
I love you baby
I can see a better time
When all our dreams come true

They've got cars big as bars
They've got rivers of gold
But the wind goes right through you
It's no place for the old
When you first took my hand
On a cold Christmas Eve
You promised me
Broadway was waiting for me

You were handsome
You were pretty
Queen of New York City
When the band finished playing
They howled out for more
Sinatra was swinging
All the drunks they were singing
We kissed on a corner
Then danced through the night

The boys of the NYPD choir
Were singing Galway Bay
And the bells were ringing out
For Christmas day

You're a bum
You're a punk
You're an old slut on junk
Lying there almost dead on a drip in that bed
You scumbag, you maggot
You cheap lousy faggot
Happy Christmas your arse
I pray God it's our last

The boys of the NYPD choir
Still singing Galway Bay
And the bells are ringing out
For Christmas day

I could have been someone
Well so could anyone
You took my dreams from me
When I first found you
I kept them with me babe
I put them with my own
Can't make it all alone
I've built my dreams around you

The boys of the NYPD choir
Still singing Galway Bay
And the bells are ringing out
For Christmas day


14. desember 2023

Bokomtale: Skygger av liv du kunne ha levd av Hilary Mantel

Forlaget Press 2023
222 sider
Lånt papirbok biblioteket

Forfattaren Hilary Mantel døydde i fjor, berre 70 år gammal. Sjølvbiografien/memoarane hennar Skygger av liv du kunne ha levd kom ut på engelsk i 2003 (originaltittel Giving up the ghost) og no er boka omsider også utkommen på norsk. 

Mantel er mest kjent for trilogien ho skreiv om Thomas Cromwell, og for at ho vart ein av få forfattarar som mottok den prestisjetunge Booker-prisen to gonger. Ho fekk prisen for Ulvetid (Wolf Hall) i 2009 og følgde opp med nok ein pris for Falkejakt (Bring up the bodies) i 2012. Også den tredje boka Speilet og lyset vart nominert, men nådde ikkje heilt opp.

Men her skal det egentleg handla om forfattaren sjølv. Skygger av liv du kunne ha levd er ingen tradisjonell sjølvbiografi - og er altså skriven før Mantel slo gjennom internasjonalt med Ulvetid - og lenge før ho vart Dame Hilary. Men i 2003 hadde ho alt gitt ut fleire bøker og var blitt ein relativt kjent og etablert forfattar. Klassereisa hennar var godt i gang.

Ho kom til verda som Hilary Mary Thompson i landsbyen Glossop, ikkje så langt frå Manchester. Begge foreldra tilhøyrde arbeidarklassa, dei var katolske og hadde irske røtter. Ressursane var små, buforholda dårlege og familieforholda sære - og det var neppe nokon lukkeleg barndom. Etternamnet Mantel kom frå stefaren Jack som kom inn i familien då Hilary var seks år gammal. Stefaren behandla henne dårleg, mora var som regel opptatt med andre ting og faren mista ho kontakt med. Barnet Hilary trekte seg difor ofte tilbake og gjorde seg usynleg for omverda, kun i selskap med sine eigne tankar og fantiasiar. Ho likte å lesa og var skuleflink, men som omslagsbiletet syner var ho tynn og bleik - og ho vart ofte sjuk. I tenåra vart Hilary sitt liv svært prega av ubehag og smerter, men ho tok likevel ei høgare utdanning. Medan ho var student møtte ho mannen ho gifta seg med (og skilte seg frå, og gifta seg på nytt med).

Fyrste halvdel av Skygger av liv du kunne ha levd handlar om barndom og ungdom. Andre del handlar om vaksenlivet - men svært lite om yrkesliv og forfattarliv. Det handlar aller mest om kvinnesjukdommen endomentriose; ein svært smertefull sjukdom som tidlegare ofte vart knytta til skam, sidan det handla om blødningar og underliv. Legane trudde ho var gal og ho fekk både psykosemedisin og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Men Hilary las og søkte informasjon og fann sjølv ut av diagnosen, og fekk etter kvart medhald av legar. Som 27-åring fekk ho fjerna livmora, i håp om at ho skulle bli betre. Etter inngrepet vart sjukdommen annleis, men ho vart aldri heilt bra. Medisinen ho måtte ta for å halda sjukdommen i sjakk hadde ubehagelege bivirkningar; mellom anna kraftig vektauke og hårtap. Det vanskelegaste var likevel at ho aldri kunne bli gravid og bera fram eit barn. 

Boka er ei sterk personleg beretning der det vert teke opp alvorlege tema. Ein får nesten fysisk vondt av å lesa om alt Hilary Mantel måtte gjennomgå. Mantel er overraskande lite bitter; ho kjem i staden med jamnlege små stikk. Mellom alt det saklege og faktabaserte er det ein heil del sarkasme og mykje beisk humor. 

Stemninga i boka er elles mest melankolsk og ettertenksam: Ei kvinne som tenkjer på det som det ikkje vart noko av - som ser skuggane av eit anna liv.

9. desember 2023

Dikt og slikt: Et lys imot mørketida

Då eg førebudde Dikt og slikt for månaden desember bestemte eg meg kjapt for at ein av Trygve Hoff (1938 - 1987) sine salmar/sangar måtte vera med. Nordnorsk julesalme er kanskje den best kjende, men eg valde meg diktet/salmen nedanfor.

Lyset i mørketida var ein adventserie sendt på NRK i 1985. Programmet er noko håplaust amatørmessig og gammaldags sett med 2023-auge, men ein kan likevel få eit inntrykk av kor god formidlingsevne Trygve Hoff hadde. 


Et lys imot mørketida

Det kvile ei natt
Over landet i nord
Der husan e små og
Dær kor menneskan bor

Men tida e travel
I karrige kår
Rokken han svive
Og vævstoln går

Det lever i løa
I naustet og smia
Et lys et lys
Et lys imot mørketida

Snøen ligg tung
Over frossen jord
Ute står mørket
Om fjell og om fjord

Vår herre gir livberging
Søtmat og sul
Når døgnan sig fræm
Imot advent og jul

Så støype vi lys
Midt i haraste ria
Et lys et lys
Et lys imot mørketida

Dagen e borte
Og natta e stor
Men i mørketidslandet
Skal høres et ord

Om sol som skal snu
Så det bære mot dag
Om folk som skal samles
Til helg og til lag

På veien mot Betlehem
Bær ho Maria
Et lys et lys
Et lys imot mørketida

Ein litt for klissete versjon etter min smak, men her framfører Maria Haukås Mittet Et lys i mørketida (saman med Rune Larsen, Mariann Aas Hansen, Alexander Rybak og Hans Petter Moen) 

6. desember 2023

Bokomtale: Den uvillige av John Hart

Cappelen Damm 2022
Speletid 13:02
Lyd Storytel

Boka innleiar med nokre ord til ettertanke frå ein ukjent soldat:

"Vi de uvillige, ledet av de ukvalifiserte til å drepe de uheldige, dør for de utakknemlige." 

Når ein skal ta til på ei bok av John Hart kan ein ikkje forventa ei lettlest og koseleg leseoppleving. Den uvillige stadfestar dette. Boka er mørk, dyster og valdeleg - men også svært velskriven. 

Handlinga er lagt til North Carolina, USA, i 1972. Omgjevnader og landskap er kjent frå tidlegare bøker av Hart, og det same gjeld deler av tematikken; vanskelege oppvekstvilkår, dysfunksjonelle familiar, lokalsamfunn prega av krise, vald og kriminalitet. Bakteppet i denne forteljinga er dessutan ein krig (Vietnamkrigen) som hadde store konsekvensar, både politisk og menneskeleg. 

Hovudpersonen er Gibson (Gibby) French, 18 år og yngstebarnet i familien. Dei to eldre brødrene hans, tvillingane Robert og Jason, har tenestegjort i Vietnam. Robert fall i krigen og Jason kom heim, men med sår og arr på kropp og sjel, og vart involvert i kriminelle aktivitetar. Når historia startar har Jason akkurat sona ferdig ei fengselsstraff - og han vil gjerne bli kjent med veslebroren på ny.
Men Gibby er i skvis. Foreldra vil ikkje ha noko med Jason å gjera og forbyr også Gibby å ha kontakt med han. Gibby, på si side, er nysgjerrig på broren og det livet han fører. Samstundes er han svært bevisst på at han sjølv er og har vore overbeskytta, spesielt av mor si. Faren er politimann og det gjer alt endå meir problematisk. 

Jason har planlagt ein perfekt dag saman med veslebroren; ein dag med bilkøyring, festing og damer. Men slik blir det ikkje. Ei av kvinnene blir i etterkant funnen drept på ein svært bestialsk måte, og Jason blir mistenkt for å ha teke livet av henne. Gibby blir brått og brutalt vaksen av denne hendinga, og det skal også få store konsekvensar for andre. 

I ein annan handlingstråd møter me X, ein mystisk dødsdømt fange som har stor makt og som rår over uendeleg med ressursar. Dette trass i at han snart skal henrettast. Det er kanskje vanskeleg å tru på denne delen av historia, men eg valde å "godta" dette premisset - noko som er vesentleg for resten av handlinga og for sjølve leseopplevinga. 

Den uvillige er ein rå thriller, skriven på ein måte som gjer lesaren så oppslukt at ein ikkje klarar å leggja boka frå seg. Det er spenning og skrekk, det er intensitet og desperasjon, det er overraskingar og vendingar. Dei fleste karakterane har noko dei slit med og mange er prega av verknadene av krigen. Kvar einaste karakter er "komplett" og "fleirdimensjonal", også bikarakterane, som Gibby sine vener Chanse og Becky. Me kjem veldig nær faren i familien, sidan han - naturleg nok - engasjerer seg så veldig. Han kjempar fleire kampar, både bokstaveleg og i overført tyding. Mora derimot, er fjern, både kjenslemessig og på andre måtar. Foreldra er øydelagde av bitterheit, sorg og sakn og det ser ikkje ut til at dei kan "reparerast". Korleis kan dei bli i stand til å takla det som er i ferd med å skje no? 

Mykje av spenninga i boka handlar om korleis Gibby handlar og reagerer. Er han i stand til å ta dei rette vala i den ekstreme situasjonen som har oppstått? Den karakteren som er mest samansett og som gir sterkast inntrykk er likevel Jason.
Om noko skal innvendast med boka, må det vera avslutninga. Den er mildt sagt overraskande, og det er muleg at forfattaren dreg det altfor langt her. 

John Hart er ein meisterleg historieforteljar og har alltid fleire "lag" i forteljingane sine. I denne boka er han innom fleire tema og kjensler: Familie, kjærleik, venskap, lojalitet, tap, sorg, sinne, skam, angst, smerte. I tillegg inneheld boka ein skarp kritikk av dåtidas (og kanskje notidas) politi- og påtalemakt og retts- og fengselsvesen.

I boka vert det sett søkelys på dei skadelege verknadene fengsel og krig gjer med enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn. Ein kan stilla spørsmål som: Kan kriminalitet bremsast og stoppast med harde straffer? Korleis ta vare på og følgja opp krigsveteranar?

Boka passar ikkje for alle, til det er handlinga for brutal og valdeleg. "Skrekkfilmskurkane" X og Reese vert framstilt som så ekstremt onde og kyniske at det nesten er uforståeleg at det går an å skapa noko slikt. Samstundes veit me at ondskap og kynisme er eit reellt problem innan visse miljø. Eg meiner det difor er innafor å visa ei slik "vrangside" av samfunnet. 

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg trur eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet, Brødrene fra Iron House, Syndenes forlatelse og Mørkets testament. Med unnatak av sistnemnde var dei alle sterke og gode leseopplevingar.

Kyrre Haugen Sydnes (mest kjent som kaptein Sabeltann) er opplesar av lydboka. Eg tykte han hadde for dårleg diksjon i starten, men det gjekk seg til. Det er effektfullt (og godt gjort) at han les så lågmælt, og likevel med så stort engasjement.

4. desember 2023

Dikt og slikt: Nå er det jul igjen

Illustrasjon: Utklipp frå bok365.no.
Steffen Kverneland: En amputert klassiker til glede for nye lesere
(Dagbladet 1998, gjenutgitt i «Amputerte klassikere III»)
(Kopi av ein bloggpost frå november 2018. Statistikken syner at innlegget har hatt svært mange visningar - så dette er ein slags "ønskereprise")

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Eg er ikkje særleg "julete" av meg; eg tykkjer det er altfor mykje mas og (kjøpe)press i samband med desember og advent.

Ofte har eg mest lyst til å melda meg ut av heile jula og julehysteriet - men så går jo ikkje det heller.
Det er eit paradoks at juleførebuingar - som egentleg skal vera så hyggeleg og koseleg - fører til at folk stressar seg forderva.

Samstundes er eg glad me har julemånaden óg, me treng kos og lys og varme i vintermørket. Løysinga er å gjera det beste ut av det; senka skuldrane og å unngå å samanlikna seg med "alle andre".
Nokre av oss finn roen med julemusikk, juleforteljingar og juledikt.
Kva som skal til for at det skal bli julestemningsfullt er sjølvsagt høgst individuelt, men nedanfor finn du favoritt-julediktet mitt.

Då Arild Nyquist skreiv Nå er det jul igjen i 1972 vart det bråk, - diktet hamna faktisk i Stortinget, der det vart lese opp frå talarstolen "til skrekk og advarsel" over innkjøpsordninga. Det etablerte og seriøse litteratur-Noreg likte ikkje slikt tøys. 


Nå er det jul igjen!


Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Ja, nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!

Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og spurven sitter!
I ne-e-e-ket!
Og jæææ-æææii stapper!
Min lange pipe!

Og synger:

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og han er nisse!

God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
Sett fra deg stokken!

Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!

Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Og jeg pakker opp skiskraperen!

Takk onkel Petter!
Takk tante Laura!
Den der var grei den!
Den der var grei den!

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og ribba smaker!
Og her er kaker!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!

En liten dram til?
Litt mere sursild?
Litt mere sursild
Litt mere sursild...

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Frå samlinga Nå er det jul igjen! og andre dikt (1972)