10. desember 2016

Bokomtale: Syndenes forlatelse av John Hart

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:56
Opplesar Bendik Østbye Johannessen

Kjøpt lydfil

John Hart sine bøker er verkeleg gode. Dette seier eg trass i at han skriv om trasige og tragiske tema som løgner og svik, skam og sorg, vald og urett, overgrep og drap. Han skriv om dysfunksjonelle familiar og om lokalsamfunn i oppløysing.
Eit anna gjennomgangstema i bøkene hans er forsømde barn - barn som har blitt utsette for omsorgssvikt og fysisk og psykisk mishandling.

Forfattaren har ei heilt unik evne til å skildra smertefulle opplevingar og dramatiske hendingar. Historiane hans er gjennomgåande dystre, mørke og melankolske. Karakterane er ofte desperate og makteslause og gjerne prega av ein vond barndom og oppvekst.

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet og Brødrene fra Iron House. Sterke og gode leseopplevingar alle saman. Syndenes forlatelse er like god, og kanskje enno betre, enn dei føregåande når det gjeld språk og spenningsoppbygging.

Når det gjeld sjølve kriminalgåta tykkjer eg det haltar litt, og eg meiner vel også at Hart i denne boka dreg det heile for langt. Det er mange drap og mykje vald, blod og smerte. Ikkje for det - når det gjeld menneskeleg ondskap er visst ingenting umuleg, det har fleire tilfelle frå det verkelege livet vist oss.

Dei to hovudpersonane i denne krimthrilleren er begge politifolk og etterforskarar - men her befinn dei seg på "den gale sida." Elizabeth Black har teke på seg ansvaret for å ha tatt livet av to valdtektsmenn og er suspendert. Saka har skapt nærast hysteriske tilstandar i media og er blitt politisk: Politikvinna er kvit, dei to ofra svarte. At dei to torturerte og misbrukte ei ung jente på grusomaste vis vert ikkje teke omsyn til. Samstundes slepp Elizabeth sin tidlegare kollega og mentor Adrian Wall fri etter 13 års fengselsstraff for eit drap som han, etter det me forstår, ikkje har begått. Frikjenninga set i gang ein grusom valds- og drapsspiral.
Elizabeth og Adrian har ei felles fortid og eit felles mål om å oppklara drapssaker i notid og i fortid. Det handlar om å reinvaska seg sjølv og beskytta dei ein bryr seg om medan ulike krefter, frå både den eine og andre sida av lova, kjempar for at ting skal haldast skjult. Elizabeth er sterkt knytta til to ungdommar. Dei to barna er begge forsømde på kvar sin måte, og begge spelar ei viss rolle i to ulike saker som viser seg å henga saman.
Politiet er makteslause, enkeltpersonar tek seg til rette. Mistankar og mistydingar. Falske bevis og manglande bevis. Vitner utan truverdigheit. Løgner, svik og bedrag. Gjerningspersonen kjem nærare og nærare. Spenninga stig og stig. Og det vert stadig funne fleire drapsoffer.

Lesaren får presentert eit mangfaldig og spesielt persongalleri. Enkelte av dei kjem me svært nær, faktisk ubehageleg nær. Å ta del i ein forstyrra og gal seriemordar sine tankar er nokså skremmande. Ubehageleg er også møtet med ein fengselsdirektør frå Helvete. Eg oppfattar elles boka som sterkt kritisk til det amerikanske rettsvesenet, fengselsvesenet og påtalemakta.

Som regel er eg meir opptatt av sjølve historia som blir fortalt enn av språket. Språk og tekst blir også gjerne litt meir fjernt når ein lyttar til ei bok enn om ein les ho sjølv. Men i dette tilfellet la eg verkeleg merke til språket; dei nærast poetiske og draumande skildringane, dei presise formuleringane, dei elegante overgangane, - og dessutan korleis uttrykksformer og dialogar skiftar - alt etter perspektiv.
Opplesaren av lydboka formidlar dei varierande forteljarstemmene på ein god måte.

Eg gir Syndenes forlatelse terningkast 6 for stil og 4 for innhald.

2 kommentarer:

  1. Enig, veldig god bok! Min første Hartbok og jeg ble frelst!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra. John Hart og bøkene hans fortener fleire lesarar.

      Slett