Sider

11. mars 2024

Kort om: Sorgsankeren av Heine Bakkeid

Aschehoug 2024
Speletid: 7:05
Lånt lydbok BookBites

Årets fyrste norske krim for meg vart Sorgsankeren av Heine Bakkeid - den femte og siste boka i serien om Thorkild Aske. Eg trudde eg hadde lese alle dei fire foregåande, men eg har faktisk ikkje lese den fyrste, 'Jeg skal savne deg i morgen'. 

Sorgsankeren er ingen kosekrim. Ikkje på nokon måte. Fyrst og fremst fordi stemninga er mørk og dyster, men også fordi deler av boka handlar om drap og overgrep på barn. I tillegg er hovudpersonane desperate og muligens utilreknelege.
Og det regnar og regnar, nesten heile tida.. 

Handlinga tek til kort tid etter forrige bok, St. Avenger. Den historia enda med at hovudmannen bak eit pedofilt nettverk vart pågripen og fengsla. Men det er fleire i dette nettverket, og det viser seg at enkelte av dei framleis er aktive. Det har mellom anna Kurt Vinje fått merka - og i rein desperasjon ber han Thorkild Aske om hjelp. Dette trass i at dei to hadde eit mildt sagt turbulent møte forrige gong dei traff kvarandre. No er nevøen til Kurt blitt kidnappa, og gjerningspersonen har nokre spesielle krav før guten kan sleppast fri: Kurt sitt oppdrag er å ta livet av fire personar og han skal dokumentera at han har gjort det. På kva måte - og kvifor - skal Thorkild bidra i ei slik grotesk sak?

Både Thorkild og Kurt er tidlegare politimenn og har kjennskap til ulike kriminelle miljø. Som einslege og einsame rusmisbrukarar har dei heller ikkje noko særleg å tapa. Dei to fartar rundt i ein lånt bubil i ein desperat jakt etter ledetrådar, spor og gjerningsperson, og ei gammal bortføringssak viser seg å vera ein nøkkel. Når dei etterforskar sakene på sin alternative måte held dei seg ikkje alltid innafor lova. Kan det likevel vera etisk og moralsk riktig - med tanke på kva som står på spel? 

Det er ikkje noko særleg med lyspunkt i denne forteljinga. Den einaste som lettar litt på stemninga innimellom er Thorkild sin psykologkompis Ulf.

Boka er vanskeleg å legga frå seg og har ein jamn stigande spenningskurve. Det er ein kamp mot klokka og ein kamp mot ein særdeles ond og utspekulert gjerningsperson. I og med at ein veit at det er siste bok i serien, er ein gjerne ekstra spent på korleis det heile skal enda. 

Boka - og serien - er gjennomgåande mørk og dyster, men etter mi meining er avslutninga verdig og oppklarande. 
Sorgsankeren anbefalast - om du ikkje er altfor sensibel med tanke på tematikken. 

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden

5 kommentarer:

  1. Denne har jeg på vent. En av mine favorittforfattere. Så og hørte han på Lahlums krimfestival i februar. Gleder meg til å lese:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sikkert interessant å høyra (og sjå) forfattaren live!
      Bakkeid skriv godt, men eg vil ikkje sei at han er ein favoritt. Ikkje enno, basert på kun fire bøker.

      Slett
    2. Ja, det var det. :) Har lest de andre i serien og begynte på denne i dag. Føler vel så langt denne er temmelig overdrevet og usannsynlig, men samtidig liker jeg den mørke humoren oppe i elendigheten til Thorkild Aske.. Har bare lest 50 sider. Og litt kritisk og ukonsentrert for tiden, tror jeg..

      Slett
    3. Du har heilt rett i at handlinga er usannsynleg, t.d. at den etterlyste Kurt Vinje klarar å halda seg skjult for absolutt alle i så lang tid.
      Av og til er slike logiske bristar og urealistiske hendingar irriterande. Andre gonger vel eg å oversjå det; dvs at eg godtek dei premissa som forfattaren har lagt. Det gjorde eg her.

      Slett
    4. Ja, og det oppdraget som de får, er nå temmelig spesielt..
      Men jeg er enig med deg i at hvis man godtar premissene, og forfatteren greier å få oss med, så er det greit.
      Jeg synes det ble bedre etter de 50 første sidene, og det betyr vel at forfatteren har "overbevist" meg. Men i starten vurderte jeg faktisk å bytte bok..

      Han skriver lett, godt og med humor, og sidene fyker unna. Leste 150 sider i går.

      Slett