20. november 2021

Haustlesing del 2: Norsk krim 2021

Også denne hausten er det utgitt ein del bra norske krimbøker. Her er mine inntrykk, kort oppsummert, når det gjeld tre av dei. 

St. Avenger av Heine Bakkeid
Aschehoug 2021
Speletid 10:50
Lånt lydbok BookBites 

 - Bok nummer 4 i serien om Thorkild Aske.
 - I denne boka får me svar på kvifor Aske mista jobben og vart rusmisbrukar og suicidal.
 - Eit likfunn fører til ny etterforsking i ei gammal sak.
 - Treg start, men bihistoria frå fortida held på interessa.
 - Overraskande vinklingar og truverdige karakterar.
 - Framleis trist og dyster stemning, men ein anar eit visst håp når det gjeld Aske sin situasjon.
 - Eg skjønnar ikkje tittelen. St. Avenger?? Kva er det? Gjekk eg glipp av noko medan eg lytta til boka?
 - Lydboka er forøvrig opplest av Ivar Nergård, på sedvanleg stødig vis.
 - Terningkast 4.

Skyldig av Sven Petter Næss
Aschehoug 2021
Speletid 6:03
Lånt lydbok BookBites 

 - Tredje bok i serien om Harinder Singh
 - Sympatisk og rimeleg truverdig hovudperson.
 - Handling kort fortalt: Ein person vender tilbake til heimplassen etter å ha sona ferdig straffa si. Var det rett person som vart dømt den gongen? Harinder tek saka.
 - Heilt grei krim: Stødig, skikkeleg, godt oppbygd. 
 - Hemmelegheiter og mystiske hendingar
 - men manglar ein del når det gjeld intensitet og nerve.
 - Den beste i serien til no. Terningkast 4+.

Ringmannen av Jan-Erik Fjell
Strawberry 2021
Speletid 10:44
Lånt lydbok BookBites 

 - Nummer 8 i Anton Brekke-serien.
 - Men her er det kollegaen Magnus Torp som egentleg har hovudrolla, Anton er sett på sidelinja etter hendingar i forrige bok.
 - Eit brutalt drap har skremmande likskapar med eit tidlegare uoppklart drap på ein annan kant av landet. Korleis kan det henga saman?
 - God parallell-historie.
 - Ringmannen er opplest av ein ringrev; Helge Winther-Larsen.
 - Saknar den tørre humoren frå tidlegare bøker. Her er det dystert heile vegen.
 - Har gitt enkelte av bøkene i serien karakter 5, men denne når ikkje heilt opp der.
 - Terningkast 4.

8 kommentarer:

  1. Er ganske enig med deg ang bok 1 og 3, den av Sven Petter Næss har jeg enda ikke lest, men har de tre bøkene i serien her. Har skjønt at de er litt rolige.
    Jeg skjønte heller ikke tittelen St.Avenger, og jeg leste papirboka.
    Må være en referanse som jeg ikke skjønner.. Hva står St. Avenger for, liksom- jeg har ikke sjekket det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg vil tru at Næss sine bøker vil passa til din lesesmak.
      Så bra at eg ikkje er åleine om å ikkje forstå tittelen St.Avenger. Eg tykkjer boktittel er viktig, og når eg i dette tilfellet ikkje skjønnar poenget/tittelen, føler eg at eg har gått glipp av noko.

      Slett
    2. Fint. Ang Næss.:)
      St.Avneger: Tenkte at det må være en referanse jeg ikke kjenner til.
      Jeg har prøvd å google St.Avenger (finner ikke annet enn boka og gatenavn), og Avenger. Det er brukt mye i film, bl.a. Marvel-filmene og tegneserier. Direkte oversatt: Hevner.
      Kan tittelen bety : En hellig hevner? (eller noe sånt) Det kan jo gi mening.
      Uansett merkelig å bruke en slik referanse, ikke så lett å skjønne, såfremt man ikke er fan av tegneserier og den type underholdningsfilmer....

      Slett
    3. St.Avenger = Bakkeeid er fra Stavanger - Avenger betyr hevner. Jeg har ikke lest boka og bare gjetter i vilden sky :-)

      Slett
    4. Ser ut til at du gjerta heilt rett, sjå nedanfor.

      Slett
  2. Stavenger = Stavanger. Kan gi mening, siden Bakkeid har bodd i Stavnger i mange år (men han er nordfra ; Gratangen og Kværfjord, tror han bor der nå) og handlingen er fra Stavanger. Dobbeltbetydning- Hevneren i /fra Stavanger, en salig hevner...?

    SvarSlett
  3. https://www.aftenbladet.no/kultur/i/0GrJnM/endelig-en-skikkelig-stavanger-krim?utm_source=facebook&utm_content=deleknapp&utm_campaign=topp&utm_medium=social%20media&fbclid=IwAR35oLaO40hlAZRlsXIfELLfVFn36mtBovhYgzGXPObYeGh8cvDtkPlSPPg

    SvarSlett
    Svar
    1. Aha. Takk for lenke til ein god og grundig omtale, som dessutan gir eit svar på det me lurte på mtp tittilen.

      Slett