Sider

12. november 2024

Dikt og slikt: Kulturuke

Forunderleg nok har diktet nedanfor funne sin sjølvsagde plass i norsk litteraturhistorie - og framleis vert folk fascinerte av det. 

Eg likar ironiske og rare dikt - og dette er vel noko av det raraste som er laga nokon gong. Sjølv ser eg på det som ein leik med ord og bokstavar, ein form for anagramleik. 
Eg har óg sett at enkelte har prøvd å analysera og tolka det. Vel, dei om det. Eg tenkjer at enkelte gonger kan ein ikkje ta ting så seriøst.

Diktet er frå samlinga Kykelipi (1969). 

Kulturuke 
ulturkuke
tulkuruke
ultkuruke
ukturulke
tlukuruke
ukturkule
urtukulke
turlukuke
kulrukute
ultrukuke
kuleturuk
rulekukur
tulekukur
luretukuk
kukutelur
ruktukule
lurekuktu
luekuktur
kuktulure
rukletuku
tuklekuru
urukekult
kuruketul

3. november 2024

Oppsummering oktober 24

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Tore Skeie - Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel
Jussi Adler-Olsen - Sju m2 med lås (Avdeling Q #10) - Dansk krim - Lånt papirbok privat

Lese i oktober:
Anders Roslund - Stol på meg (Ewert Grens #11, Piet Hoffman #6) - Svensk krim - Lyd Storytel
Cara Hunter - Den som hvisker lyver (Adam Fawley #6) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Karin Fossum - I begynnelsen var mørket (Eddie Feber #4) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kim Faber og Janni Pedersen - Løgner (Martin Juncker #5) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Espen Skjerven - Svikere (Tom Greyston #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Veien til Jerusalem (Arn Magnusson #1) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Abid Raja - Vår ære og vår frykt - Debatt/personleg beretning - Lånt papirbok privat
Ørjan N. Karlsson - Stille som snø (Jakob Weber #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites


4 lyd, 2 papir, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar/biografi
3 norske, 2 danske, 2 svenske, 1 britisk
Nye forfattarar: Ingen

Oktober vart ein bra lesemånad. Talet på bøker er som normalt og eg held meg "innafor skjema". Det vil sei at eg truleg kjem til å lesa omlag 100 bøker også dette året.

Inspirert av ein del middelalderlesing, har eg starta på eit nytt gjenlesingsprosjekt; Jan Guillou sin trilogi om Arn Magnusson. Det er alltid spennande korleis (og om) bøker som eg ein gong var veldig begeistra for, vert oppfatta/opplevd etter ein del tid. 
Veien til Jerusalem vart på nytt ei god leseoppleving, men eg har ei kjensle av at ho kunne vore betre. For det vart faktisk litt nedtur med Arn, i alle fall med denne fyrste boka. Forrige gong eg las ho (vel 20 år sidan) vart eg veldig betatt av personane og deira liv og opplevingar. Denne gongen er eg nok meir interessert i det historiske bakteppet. 

Alle krimbøkene eg las i oktober kan anbefalast. Tanken er å få laga til ein samleomtale med det fyrste.