24. oktober 2024

Bokomtale: Sju m2 med lås

Aschehoug 2024
492 sider
Lånt papirbok privat

I den 10. og siste boka om Avdeling Q er det tid for oppsummering, avslutning og samling av trådar. Forfattaren har sidan starten vore klar på at bokserien skulle omfatta 10 bøker - og no må me ta farvel med Carl, Assad, Rose og Gordon, ein gjeng fiktive menneske som mange lesarar er blitt oppriktig glad i gjennom serien.
I den siste boka møter me igjen gamle kjenningar frå tidlegare bøker - og ringen vert på ein måte slutta. Har du ikkje lese serien vil eg rå til å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge. Eg trur ikkje det gir nokon meining i å lesa Sju m2 med lås om du ikkje har lese dei foregåande.

Jussi Adler-Olsen skriv for å underhalda lesarane sine, og det har han hatt stor suksess med. Han er mellom dei mestseljande og aller mest popuære forfattarane, både i Danmark, Noreg og mange andre land. Han skriv gode forteljingar og er god på vekslingar: veksling mellom humor og alvor - og veksling mellom medkjensle med enkeltvindivid og kritikk av samfunnstilhøve. 

I Avdeling Q jobbar dei med gamle saker, som oftast saker som er spesielt vanskelege og spesielt valdelege, og ofte med internasjonale forgreiningar. Etterforskingsmetodane er gjerne utradisjonelle og på kanten av det som er lovleg og akseptert.
Bok nummer 9 slutta med at Carl vart pågripen i samband med at det er funne ein koffert på loftet i bustaden hans. Carl er - sjokkerande og ubegripeleg for både han sjølv og folk rundt han - mistenkt for drap og korrupsjon i samband med den gamle boltepistolsaka, - saka som me har fått små glimt av gjennom heile serien. I bok 10 får me løysinga, men før det skjer skal både Carl og mange andre gjennomgå mykje.
Den formelle leiaren leiaren for Avdeling Q, som Carl har hatt eit OK forhold til, gjer ingen ting for å hjelpa han. Rose, Assad og Gordon får beskjed om å ikkje blanda seg inn - noko dei sjølvsagt gjer likevel. Carl er då også heilt avhengig av assistanse utanfor fengselet, for han er på ingen måte trygg der. Mektige bakmenn har utlova ein raus dusør til den som klarar å ta livet av Carl. 

Nokre bøker i serien har hatt litt dårleg framdrift, men det gjeld ikkje denne. Nesten 500 sider kan virka avskrekkande for enkelte, men eg tykte ikkje at boka er for omfattande. Det er gjort plass til eit stort persongalleri, mange bihistoriar og fleire interessante handlingstrådar. Me møter lovbrytarar av mange typar og på mange nivå, og me møter folk som gjer sitt ytterste for å løysa ei særs vanskeleg sak. 

Eg tykkjer at Adler-Olsen har fått til ei verdig avslutning av Avdeling Q-prosjektet sitt. Sju m2 med lås er ei bok med mange spenningstoppar og der det flatar noko ut mot slutten. Slik må det vel bli når det er mange ulike trådar som skal nøstast opp i. Slutten kunne fort blitt klissete og sentimental, men eg oppfattar han ikkje som det. Avslutninga er oppsummerande, oppklarande og rett og slett fin.

                              - - - - - - - - - - - - - - - - - -

(Eg tenkte eg skulle ha avslutta med "andre bloggmeiningar" her, men eg har faktisk ikkje funne andre bloggomtalar så langt)

2 kommentarer:

  1. Dette er første gang jeg leser om denne boken, og om handlingen. Sitter og tenker "er det det den handler om ja, kanskje jeg skal lese den allikevel" Jeg har hoppet av serien for noen bøker siden, ble litt lei rett og slett.
    Takk for at du gjorde meg oppmerksom på boken, får se om jeg kanskje laster den ned :)

    SvarSlett
  2. Har denne på vent. Tok sin tid å få den i papir, flere opplag, og da hadde mange andre høstbøker kommet på banen;) Men den ligger klar, og glad sdu mener den innfrir som en verdig avslutning. (leste bare slutten)

    SvarSlett