15. oktober 2024

Samleinnlegg: Middelalderen

I denne samleomtalen skal det handla om høgmiddelalderen; i norsk historie rekna som perioden frå ca. år 1130 til ca. 1350; med andre ord frå då vikingtida tok slutt og til svartedauden kom. Bøkene nedanfor er veldig interessante og fortel mykje om denne dramatiske tida. I "mitt system" har eg kategorisert dei som historisk/biografiske dokumentarar. For meg fører lesing av slike bøker alltid til ein del nettsøk; eg vil gjerne lesa meir om personane og den historiske perioden. Dersom du som les dette også er interessert i vidare lesing har eg lagt inn ein del lenker.

Det handlar om følgjande historiske personar:
 - Ingerid Ragnvaldsdotter - norsk dronning, fødd ca 1108, død ca 1170
 - Magnus 6. Håkonson (Lagabøte) - norsk konge, fødd 1238, død 1280
 - Alv Erlingsson - norsk adelsmann, fødselsår ukjent, død 1290
 - Ingeborg Håkonsdotter - norsk kongsdotter og svensk hertuginne, fødd 1301, død ca 1361

Ingen av bøkene er "reine" biografiar, det handlar meir om tida dei levde i og om samfunnet rundt dei.  Hovudpersonane er likevel den raude tråden i kvar enkelt bok. 


Dronning Ingerids land av Mona Ringvej
Spartacus 2023
318 sider
Papirbok fått i gåve

I 1130 døydde kong Sigurd Jorsalfare, og i tida etter var landet prega av uro, konflikt og strid om kongemakta. Striden om makta hadde blodige og bisarre utslag og som dronning hamna Ingerid midt oppe i arvestrider og maktkampar. 
Ekteskap innan dei kongelege kretsane var storpolitikk den gongen - og Ingerid (som var av svensk kongsslekt) vart gifta bort alt som 12-åring. Gjennom ekteskap nummer to, med kong Harald Gille, vart ho norsk dronning. Då han vart myrda vart dei mindreårige sønene hans kongar, både "den ekte" som han hadde med Ingerid og "den uekte" som han hadde med frilla si. Barnekongane fekk seinare tilnamna Inge Krokrygg og Sigurd Munn. Kjeldene nemner ikkje Ingerid si rolle i samband med formyndarstyre, men forfattaren meiner at kongsmora må ha hatt ein svært sentral plass i styringa. Alt tyder på at ho var ei kvinne som hadde og søkte makt. Ingerid var gift fire gonger og fekk minst 10 barn, både i og utanfor ekteskap. 

Mona Ringvej har ein open og undrande skrivestil og fortel kva som er sannsynleg - og ho filosoferer over kva sagalitteraturen (Heimskringla, Fagrskinna, Morkinnnskinna, Sverressoga m.fl.) ikkje fortel om. Ringvej gir kvinnene ein plass i historia og gir oss eit anna syn enn det sagalitteraturen formidlar. Det er også interessant at forfattaren ruskar litt i ettermælet til kong Sverre og birkebeinarane.


Kongen, lova og landet av Jørn Øyrehagen Sunde
Kagge 2023
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Undertittel: Kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det landet han skapte. 
Me skal nokre generasjonar fram i tid frå dronning Ingerid - og til den einaste kongen i denne perioden som ikkje førte krig. I staden bygde han landet på fredeleg vis med lover. Landslova av 1274 var den fyrste riksdekkande lova for Noreg og dessutan den fyrste som var skriftleg. 
Magnus skal ha fått utdanninga si av fransiskanarane i Bergen, og landslova syner at folk skulle ha ei viss omsorg for dei fattige. For eksempel vart grusomme skikkar som ordinga med gravgangsmenn fjerna. 
«Kongen, lova og landet» er både rettshistorie, politisk historie og kulturhistorie. Forfattaren skriv om eit samfunn som var prega av 100 år med borgarkrigar og politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Vidare skildrar han ein framsynt konge og gjer grundig greie for sjølve lovgjevingsprosjektet. 
Far til Magnus, den mektige Håkon 4. Håkonsson (han som vart frakta over fjellet som lite barn), førte ein aggressiv utanrikspolitikk og regjerte då Noregsveldet var på det største. Kong Magnus hadde andre ambisjonar og interesser, for å sei det slik. Rikspolitikken og utanrikspolitikken endra seg då også raskt etter at kong Magnus døydde av sjukdom i 1280. 

Kong Magnus var gift med Ingeborg Eiriksdotter, den fyrste dronninga som vart krona i Noreg. Henne får me lesa meir om i neste bok: 


Alv Erlingsson av Tore Skeie
Cappelen Damm 2010
Speletid 9:32
Lyd Storytel

Undertittel: Fortellingen om en adelsmanns undergang.
Enkedronning Ingeborg fekk (eller tok?), som dronning Ingerid over, ei sentral rolle som rådgjevar for sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar. Ein av støttespelarane hennar var Alv Erlingsson.
Alv tilhøyrde ein mektig adelsfamilie og var ein mektig mann, så fallet hans var skikkeleg brutalt. Han enda opp som sjørøvar og vart lyst fredlaus - og til slutt henretta ved steile og hjul

Forfattaren og historikaren Tore Skeie skriv med innleving og kunnskap. Det er ei svært godt fortalt bok, ei bok som egentleg handlar meir om politikken, samfunnsstrukturen og tida hovudpersonen levde i - enn Alv sjølv. Borgarkrigstida var på dette tidspunktet over, men forholda til nabolanda Sverige og Danmark var utfordrande, og med stadig skiftande alliansar. 

Mykje av innhaldet i denne boka overlappar boka om Magnus Lagabøte over - og det same gjeld også for boka nedanfor. 
Kongelege og adelege arrangerte ekteskap var eit slags våpen i danninga av politiske, strategiske og militære alliansar. Det gjer inntrykk å lesa om at små barn - særleg døtre - vart brukte som eit middel for å oppnå slik makt.
"På samme måte som kongene giftet sine døtre inn i utenlandske kongehus, giftet de norske aristokratene seg inn i hverandres slekter. Strategiske ekteskap var den viktigste framgangsmåten for å bygge allianser med andre toneangivende familier, livsviktig for å holde seg innflytelsesrike i et urolig og stadig skiftende politisk landskap."
Meir om slik alliansebygging også i neste bok:

Jomfruen fra Norge av Tore Skeie
Cappelen Damm 2015
Speletid 
Lyd Storytel

Boka er ein oppfølgar av Alv Erlingsson-boka, men er sjølvstendig og ei litt anna type bok. Dei mest sentrale personane i boka er kong Magnus Lagabøte og dronning Ingeborg sine søner Eirik 2. Magnusson og Håkon 5. Magnusson. I tillegg får me lesa om maktspel, intrigar og skiftande alliansar i og mellom dei norske, danske og svenske kongehusa. Konflikta mellom svenske kong Birger, hertug Erik og hertug Valdemar er heilt grotesk

Jomfrua som tittelen viser til er kong Håkon 5. og dronning Eufemia si dotter - som også heitte Ingeborg (og av og til Ingebjørg) - det same som farmora. Alt som liten baby vart Ingeborg Håkonsdotter lova bort til den svenske hertugen Erik Magnusson som då var rundt 20. Ho vart gift som 12-åring og fekk fyrste barnet då ho var 15. Ganske groteske greier det òg. 

Men Ingeborg var ikkje berre ei brikke og ei fødemaskin. Då både faren og ektemannen døydde vart den vesle sonen hennar (3 år) konge - både i Noreg og i Sverige. Hertuginne Ingeborg deltok heilt sikkert både i rådgjeving og styring, men kjeldene er noko uklare på dette punktet. Det ein veit er at då Ingeborg gifte seg på nytt med ein dansk hertug, vart det sett på som ein tryggleikspolitisk trussel. Dermed mista ho mykje personleg gods og vart fråteken politisk kontroll og makt.

Når ein lyttar til lydbok går ein gjerne litt i surr i alle Håkon'ane, Erik'ane, Magnus'ane og Ingeborg'ane. Eg tykkjer likevel at forfattaren gjer forteljinga om denne kaotiske og dramatiske tida i skandinavisk historie både levande, spennande og forholdsvis oversiktleg. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I samband med desse bøkene må eg i tillegg anbefala podkasten Kongerekka med Are Sende Osen. Her fortel programskaparen alternativt og humoristisk om norsk historie - men han får liksom fram essensen likevel. 

Lenke til podkasten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar