Stefan Ahnhem - Generasjon null (Fabian Risk #7) - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Dag Steinfeld - Fedre og sønner - Norsk dokumentar/slektskrønike - Lyd Storytel
Jens Lapidus - Mr En (Teddy & Emilie #4) - Svensk krim - Lyd Storytel
Garry Disher - Kittyhawk savnet (Peninsula-serien #2) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites
5 lyd, 3 papir
4 lånt, 3 abonnement, 1 fått
4 krim, 1 annan roman, 3 sakprosa
4 norske, 4 svenske
Nye forfattarar: Steinfeld, Aareskjold
September vart, som terningkasta over syner, ein lesemånad med fleire høgdepunkt. Eg vart ferdig med Martin Beck-serien og las to andre svenskar (Ahnhem, Lapidus) som ein nok kan sei held seg til ein moderne variant av Sjöwall/Wahlöö-tradisjonen.
Svensk krim er i det heile sjeldan feil for denne lesar, men det vart ein nedtur med Emelie Schepp si nyaste bok. Eg trudde dette var eit framhald av den spennande Jana Berzelius-serien, men så viste det seg å vera ei frittståande krimhistorie, - i ein heilt annan stil og på eit anna nivå enn bøkene om Jana. Eg ville nok "normalt sett" gitt Hundre dager i juli terningkast 4, men forventningane mine på førehand gjorde at eg konkluderte med ein 3'ar.
Fredrik Græsvik si bok Skadeskutt er både opplysande og tankevekkjande. Forfattaren byr på seg sjølv og deler opplevingar gjennom mange år som krigsreportar og utanriksjournalist. Opplysande og tankevekkjande er òg Dag Steinfeld si bok Fedre og sønner, som handlar om hans eiga jødiske slekt og familie. Her fekk eg kunnskap om emner og hendingar som eg ikkje har vore kjent med tidlegare.
Om eg skal plukka ut berre eitt høgdepunkt i lesemånaden september, må det bli 1899 Preludium. Dette er ein forløpar til det Staalesen sjølv meiner er det litterære hovudverket sitt: Hundreårstrilogien. Eit verk som eg er veldig begeistra for. Eit verk og ein trilogi som no er blitt utvida i begge endar, fyrst med 2020 Post festum og no altså med eit forspel. Eg fekk egentleg veldig lyst til å lesa heile trilogien (som no er blitt ein serie) på nytt endå ein gong, det var så interessant og triveleg å "møta" mange av dei velkjende karakterane igjen.
Har du ikkje lese trilogien tidlegare er tida inne for å starta no - med preludiet.
Herlig mange prikker å spore i opptellingen din denne gangen. Du satt mot i meg for å fortsette med Preludium, har lagt den fra meg to ganger nå, det går seint for tankene flyr videre ting andre gjøremål med en gang jeg begynner å lese. Legger den frem igjen, for denne må jeg gjennom, god bergenser som jeg er :)
SvarSlettDu må ta Preludium fram igjen når det passar deg betre. Det er enkelte trege parti i boka, ikkje uenig i det. Men siste halvdel har betre framdrift, historia vert meir interessant og tristare, og er veldig spennande.
SlettTakk for at du heier på meg! kan jo ikke gå på arrangement med Staalesen her i byen uten å kommet meg gjennom boken, så den skal leses.
SlettGod helg fra Tine
👍
SlettJeg hørte og så både Staalesen og Schepp på Osterøy krimfestival forrige helg der de snakket om bøkene sine. Er ikke så fristet til å lese denne serien av Staalesen, men Schepp sin bok virket interessant så den kjøpte jeg pocketèn av. .
SvarSlettEllers har jeg ikke lest noen av disse.
Ønsker deg en fin oktober Berit:)
Eg er som sagt veldig glad i trilogien/serien; miksen av historiske hendingar, familiedrama og krimgåter passar meg utmerket. Men eg må jo respektere at enkelte ikkje lar seg frista.
SlettSchepp si bok er OK. Meir ordinær krim enn det Jana-serien er.
Takk og det same til deg:)