4. juni 2021

Kort om: Ni liv av Emelie Schepp

Gyldendal 2021
382 sider
Lånt papirbok biblioteket

Handlinga i bok nummer seks i Jana Berzelius-serien tek til kort tid etter der den forrige Broder Jakob slutta. Naturleg nok, sidan den avslutta med nokre lause trådar. Til dømes det uoppklarte trippeldrapet i skogen. Lesaren veit kven som står bak og kva som er årsaka til at politiet ikkje kjem nokon veg i etterforskinga. Men i den sentale etterforskargruppa "vår" er det kun Henrik som har ein konkret mistanke - og han er mellombels ute av gruppa av familiære årsaker.  

Sentralt i handlinga i boka er gjengkriminalitet og det umenneskelege presset familiemedlemmer og nærståande til slike grupper kan oppleva. Schepp skildrar dette svært så levande gjennom karakteren Ibrahim sine tankar og opplevingar. Å lesa om den desperate guten som er så aldeles fanga inn i eit brutalt og farleg miljø gir inntrykk. For me veit at dette er slikt som skjer i verkelegheita.

Også Jana er temmeleg desperat og under eit umenneskeleg press - faktisk meir enn ho har synt i dei tidlegare bøkene. Ein vesentleg del av spenninga i denne serien er nemleg Jana si fortid som ho for all pris vil halda skjult for omverda. Og sjølv om ho er tøff og handlekraftig utanpå har ho også svakare sider. Ho strevar både i høve jobben som statsadvokat, med forholdet til adoptivfaren, til fienden (og stebroren) Danilo og til den potensielle kjæresten Per. 

Ni liv er ei svært spennande bok. Handlinga er tidvis veldig actionfylt, samstundes får forfattaren sagt ein heil del om aktuelle samfunnsproblem. Emelie Schepp "leverer varene" og held stadig trykket oppe. At det også denne gongen kjem ein cliffhanger på slutten var som forventa - men eg vart overraska over kva som kom. Det er så ein nesten ikkje klarar å venta til neste bok kjem ut.

Eg anbefalar gjerne Jana Berzelius-serien, men ver obs på at det er viktig å lesa bøkene kronologisk:

  1. Merket for livet
  2. Hvite spor
  3. Skjult agenda
  4. Pappas gutt
  5. Broder Jacob
Her er ein kort presentasjon av hovudpersonen i bøkene:

5 kommentarer:

  1. Jeg har ikke lest Ni liv, så nå må jeg få fart på meg. Likte Broder Jacob godt, selv om de første bøkene i serien er de absolutt beste. Takk for "spark bak", denne hadde gått meg hus forbi :)
    God helg Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei fyrste bøkene i serien var skikkeleg bra. Ni liv er på høgde med dei både når det gjeld spenning og innhald, etter mi meining.

      Slett
  2. Noteres. Har ikke lest noe av Schepp. Er flere svenske serier jeg enda ikke har rukket å lese (leser jo så mye annet enn krim også, så det er vel ikke rart)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein kan ikkje rekka alt alltid. Det er heilt OK å ha gode krimseriar til gode og på vent.

      Slett
  3. Har akkurat fått med meg denne boka fra biblioteket, og gleder meg til å lese etter din fine omtale. Jeg har bare lest to i serien tidligere, får vurdere om jeg skal lese flere. Det er så mye å velge mellom!

    SvarSlett