350 sider
Kjelde: Meldareksemplar
Fleire kjende stader i Luster og andre plassar i Indre Sogn er kulissar for Rune Timberlid si 7. bok om politimannen Rolf Randen. Hendingane er m.a. lagde til turiststadane Nigardsbreen, Urnes stavkyrkje og Flåmsbana. I tillegg vitjar me det nedlagde sanatoriet Harastølen, den gamle adelsgarden Kroken, småbygdene Solvorn og Skjolden og bygdebyen Sogndal. Gjest Baardsen - meistertjuven og utbrytarkongen - og Sogndal sin største kjendis gjennom tidene (sorry Tone Damli, Olav Stedje og Eirik Bakke, - de kan ikkje samanliknast med denne karen!) - har også ei viss rolle i boka.
Rune Timberlid er sjølv frå Sogndal, men bur i Førde der han arbeider i Lotteritilsynet. Kriminalromanane hans kan karakteriserast som kvardagsleg bygdekrim - men det er slett ikkje enkel kosekrim han byr på. Eg tykkjer bøkene hans er truverdige, levande og underhaldande.
Eg har fryda meg med Satans mor. Det skuldast dels at eg likar Rune Timberlid sin stødige måte å skriva på og at Rolf Randen er ein figur eg etter kvart er blitt godt "kjend med" - men eg har fyrst og fremst hatt moro av - og nikka gjenkjennande til - miljøet og landskapet som vert skildra.
I alle bøkene kombinerer forfattaren historiske hendingar med aktuelle krimmysterium - rundt omkring i Sogn og Fjordane. "Sidan sist" har Rolf Randen etablert seg i Sogndal med ny sambuar. Randen er ein sympatisk og sindig politimann som ikkje har problem verken med alkohol eller autoritetar - i motsetnad til andre fiktive norske etterforskarar. Litt uryddig har det tidvis vore i privatlivet hans, og me anar mot slutten av denne boka at det ikkje er heilt slutt på "rotet"...
Inst inne i Lustrafjorden, i Skjolden, den stillaste plassen på jorda, smell bomba. Bokstaveleg talt. Seint ein kveld sprengjer einkvan den nye cruisekaien, finansiert av den lokale rike onkelen Konrad Munthe, til himmels. Og saman med kaien; ordførarane i Sogndal og Luster! Kven i alle dagar kan ha motiv for ei slik ugjerning? Har terroren nådd Indre Sogn? Lustraordføraren og Sogndalsordføraren er kjende for at dei ofte er uenige - kan dei verkeleg ha felles fiendar av noko slag? Eller har bomba gått av på feil tidspunkt - var bomba egentleg var meint for nokon andre? Bomba som gjekk av er av typen TATP - ein type sprengstoff som kan lagast enkelt av forholdsvis vanlege ingrediensar - men som er så ustabilt at det har fått namnet Satans mor.
Det syner seg at fleire kan ha motiv for å øydeleggja sjølve cruisekaien. Mange kjem i politiet sitt søkjelys, også Konrad Munthe sjølv og familien hans. Ei miljøverngruppe beståande av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og leia av ein karismatisk miljøvernekstremist vert også mistenkt, sidan denne gruppa ikkje skyr nokon midlar når det kjem til å berga kloden - og Sognefjorden. Den daglege leiaren av Flåm Framtid - som viser seg å vera bror til lustraordføraren - er også inne i biletet fordi han for einkvar pris vil berga cruisetrafikken i sin eigen fjordarm. Randen og kollegaene hans finn både spor og blindspor i jakta på den ansvarlege for sprenginga og dobbeldrapet.
Parallellt med etterforskinga og dramatikken i samband med bombeåtaket på Skjolden, jobbar journalist Karianne Grinde i Sogn Avis med to andre interessante saker: Funnet av ei gammal dagbok på Harastølen som kan tyda på at ei ung jente vart utsett for grove overgrep då bygget var tuberkulose-sanatorium, samt funnet av eit par hundre år gammalt lik under Nigardsbreen i Jostedalen. Overraskande nok heng begge desse sakene saman med bombesaka. Og som sagt i innleiinga: Gjest Baardsen har ei birolle i historia.
Rune Timberlid har skrive ei drivande historie som heng godt saman og der dei ulike trådane vert nøsta opp på overraskande, men forklarleg vis. Ikkje alt er like sannsynleg verken når det gjeld hendingar eller menneskelege reaksjonar, men det er ikkje så nøye. Timberlid har som sitt fremste føremål å underhalda, og det har han lukkast med i Satans mor. Eg er ein kresen krimlesar og vurderer boka til karakteren 4 +, og då har eg i liten grad teke omsyn til at hendingane i boka føregår på kjende trakter. Av bøkene i Rolf Randen-serien tykkjer eg nok framleis at den gripande og spennande Operasjon Siskin frå 2008 er best.
Eg er oppteken av at nynorsk skal vera eit levande bruksspråk; at nynorsk skal kunna brukast, skrivast og lesast - til det meste, ikkje berre lyrikk og høgprosa. Difor tykkjer eg det er svært bra at det kjem ut nynorske kriminalromanar av og til.

Dette biletet tok eg i fjor sommar: Eit cruiseskip på Lustrafjorden. |
Det er nesten uvirkelig å legge handlingen til en krim til vakre Sogn. Skjønner godt at du har frydet deg når du har lest, og kanskje nærheten er årsaken til at du innimellom syntes det ikke var 100% troverdig? Tror sannelig jeg vil ta en titt på denne boken :)
SvarSlettKanskje det er årsaken ja - det er som du seier utruleg og uverkeleg.
SlettForfattaren har god fantasi!
Skjønner du liker denne som har handling fra dine hjemtrakter. Skjønt det virker som det er en spennende krim uansett. Ble fristet til å ta en titt..:)
SvarSlettBra! Dette er fin påskekrim. Lettlest og fengande.
SlettJeg har fått denne men ikke lest den. Jeg har ikke lest noe av Rune Timberlid før og siden dette er den 7. boken så lurer jeg på om jeg burde starte med bok 1.
SvarSlettDet er flott du sier denne er bra for da blir jeg mer positiv til den. Men mest positiv blir jeg når du sier den er på nynorsk. Jeg bor i en nynorskkommune og snakker nynorsk. Men var dum nok som 16 åring å velge bort nynorsken. Det angrer jeg på :-) Så jeg liker ekstra godt å lese gode nynorskbøker.
Det burde ikkje by på større problem å lesa denne utan å ha lest dei føregåande. Dei fyrste par bøkene er dessutan ganske amatørmessige. Men dei tre-fire siste er gode og velskrivne.
SlettEnig med deg i at det var dumt å velja vekk nynorsken!