Sider

3. juni 2022

Oppsummering mai 22

Påbyrja i april, fullført i mai:
Kjell Ola Dahl - Lazarus - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jens Henrik Jensen - Lupus - Dansk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mai:
Unni Lindell - Ti kuer i Horten - Humor/barnesitat - Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Rødt kort - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Douglas Stuart - Shuggie Bain - Britisk (skotsk) roman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Kongerekka - Norsk fakta/humor - Lånt ebok BookBites + lyd/podkast
Kim Faber og Janni Pedersen - Kveleren - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Minette Walters - Endetid - Britisk historisk roman - Lånt papirbok privat
Petter Nyquist og Eivind Hofstad Evjemo - Petter uteligger, en fortelling fra gata - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Jørn Lier Horst - Sak 1569 - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Tony Fischier - Mannen som forsvant - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Douglas Stuart - Unge Mungo - Skotsk roman - Lånt ebok BookBites


6 lyd, 2 papir, 2 ebøker
7 lånt, 3 abonnement
5 krim, 1 historisk roman, 1 annan roman, 1 humor, 1 humor/fakta, 1 dokumentar/biografi
6 norske, 2 danske, 2 britiske
8 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Stuart, Osen, Nyquist, Evjemo

Fleire bra leseopplevingar i mai, men det er ikkje tvil om kva som vart månadens høgdepunkt; nemleg Shuggie Bain. Eg trur eg aldri kjem til å gløyma Shuggie! Boka gjorde sterkt inntrykk og eg vurderte terningkast 6, men landa på ein sterk 5'ar. I skrivande stund er eg i gang med ein ny roman av Douglas Stuart; Unge Mungo.

Månadens nedtur er like soleklar. Endetid av Minette Walters er ikkje direkte dårleg, men sto ikkje til forventningane - og er ufatteleg treg. Walters, mest kjent som krimforfattar ('Døden i ishuset', 'Olive tok en øks', 'Kjerringbissel') er tilbake etter ein lang skrivepause med ein heilt annan sjanger; historisk roman. Men eg tykkjer altså ikkje at det er heilt vellukka. Skal du lesa om tida då England vart råka av Svartedauden vil eg heller anbefala I all evighet av Ken Follett. 

Som ein kan sjå har eg også gitt boka til Petter "uteligger" Nyquist terningkast 5. Ikkje fordi det er noko strålande litterært verk, men fordi tema ruspolitikk og rusreform er så viktig. I boka får ein fleire eksempel på at å straffa rusmisbrukarar ikkje virkar. Tvert imot. Eg ser på boka som eit innlegg i kampen for ein meir human narkotikapolitikk.

2 kommentarer:

  1. Shuggie Bain, jeg må bare få lest den. Minette Walters, bøkene du nevner fra tidligere står i bokhylla mi, og jeg tenker av og til på at jeg kan prøve å lese de igjen. Det er ihvertfall en av dem jeg har sett filmatisert.

    SvarSlett
    Svar
    1. Shuggie Bain er bra, ingen tvil. Velfortent Bookerpris og tilhøyrande merksemd.

      Eg har lest mange av Minette Walters sine bøker + sett filmar/seriar - men det er lenge sidan. Eg tykte både bøkene og seriane var bra, den gongen. Eit googlesøk fortel at t.d. boka Olive tok en øks kom ut i 1993 og TV-serien basert på boka i 1996.

      Slett