Eitt norsk, eitt dansk, to svenske og to finske innslag.
477 sider
Lånt papirbok biblioteket
- Femte bok i Munch/Krüger-serien, men "bok null" i serien i og med at handlinga går føre seg før Det henger en engel alene i skogen.
- Samandrag av handlinga: To unge gutar vert funne drepne på eit jorde utanfor Oslo. Mellom dei ligg ein daud rev. Åtte år tidlegare vart to gutar funne drepne på tilsvarande måte utanfor Uddevalla i Sverige. Saka frå den gongen vart ikkje oppklart - og alle ser at det må finnast ein samanheng.
- Saka er så og seia utan spor og nyutnemnde leiar av spesialeininga Holger Munch treng hjelp. Hjelpa finn han på Politihøgskulen der studenten Mia Krüger går.
- Ikkje så veldig realistisk at ein så ung politihøgskulestudent bidreg til dei grader i ei pågåande drapssak, men Mia Krüger er ein kul karakter med interessante eigenskapar og med ein spesiell bakgrunn.
- Litt treg start, meir engasjerande etter kvart. Svært spennande avslutning. Kunne med fordel vore strammare redigert.
- Ulven var nominert til Rivertonprisen for 2021 - og denne er etter mi meining betre enn vinnaren.
- Terningkast 5-.
Speletid 10:08
Lånt lydbok BookBites
- Bok nummer 3 i Martin Juncker-serien, ein serie som vert betre og betre for kvar bok.
- Handlingssamandrag: Martin Juncker og kollegaen Signe Kristiansen jobbar med kvar si brutale drapssak. Det viser seg at sakene heng saman, på ein overraskande måte. Etter kvart ser etterforskarane at det truleg er snakk om seriedrap, men spora er få og vage.
- Samstundes har både Martin og Signe utfordringar privat, noko som gir handlinga ekstra nerve og spenning.
- Samstundes har både Martin og Signe utfordringar privat, noko som gir handlinga ekstra nerve og spenning.
- Varierande tempo, stigande spenning, mørk humor.
- Godt plott, godt språk, godt oppbygd, gode personskildringar.
- Avslutninga vert noko forutsigbar. Det er (over)tydeleg at det vert lagt opp til denne type klimaks.
- Godt plott, godt språk, godt oppbygd, gode personskildringar.
- Avslutninga vert noko forutsigbar. Det er (over)tydeleg at det vert lagt opp til denne type klimaks.
- Terningkast 5-.
- Fiffig spenningsroman frå ein (for meg) ny forfattar.
- Handlinga er lagt til Lund der me møter den vanlege familien som består av far Adam som er prest, mor Ulrika som er jurist og deira dotter Stella på 19. Ein dag får foreldra beskjed om at Stella er anklaga for mord og sett i varetekt. Dei er overtydde om at det er ei misforståing. Men kva har verkeleg hendt?
- Lesaren får historia frå tre ulike perspektiv og forteljarstemmer; fyrst far, deretter dotter og til sist mor. Gjennom tilbakeblikk får lesaren gradvis eit tydelegare bilete av familien og det som har hendt.
- Karakterane framstår som menneskelege og ganske truverdige/vanlege.
- Elegant komponert og veldig bra reint språkleg.
- Meir psykologisk thriller enn krim og meir interessant enn spennande.
- Terningkast 4.
- Meir psykologisk thriller enn krim og meir interessant enn spennande.
- Terningkast 4.
Speletid 8:56
Lånt lydbok BookBites
- Forfattaren er ny for meg, og fyrsteinntrykket mitt av forfattar og hovudperson er sådär.
- Ein etterforskar sitt privatliv og familierelasjonar er ofte interessant i ei kriminalforteljing, men her er det for mykje av det.
- Dessutan mislikar eg overforklaringar og gjentakingar, som det òg finst ein god del av.
- Boka er lettlest, fortlest og fortgløymt.
- Opplesar Anne Ryg les for seint etter min smak. Godt tempoet kan justerast inne i BookBites-appen.
- Opplesar Anne Ryg les for seint etter min smak. Godt tempoet kan justerast inne i BookBites-appen.
- Konklusjon: Ei middelmådig leseoppleving til terningkast 3-.
- Andre bok om Jessica Niemi, etter den (lenge) lovande Heksejakt.
- Eg saknar verkeleg forteljarstemma til sjefen, estaren Erne Mikson, som me møtte i fyrste bok. Det er tydeleg at også Jessica og kollegaene hennar også saknar han. Den nye leiaren er heller usympatisk og kynisk.

- Handlar litt for mykje om Jessica sine private forhold og traumatiske fortid, sjølv om eg ser at dette er ein ekstra spenningsfaktor.
- Handling elles rundt tematikken influensarar, media og teknologi.
- Handling elles rundt tematikken influensarar, media og teknologi.
- Fleire overraskingar undervegs, stigande spenning, fantasifullt plott.
- Betre avslutning enn forrige bok.
- Godt opplest av Duc Mai The.
- Godt opplest av Duc Mai The.
- Terningkast 4+.
- Enno ein ny forfattar - og her vart eg sanneleg overraska.
- Trass i at hovudpersonen er dødssjuk er dette ei underhaldande bok eg har humra godt av.
- Mørk humor, artige forviklingar, fargerike karakterar, absurde hendingar og overraskande vendingar. Samt litt alvor, til ettertanke.
- Kan samanliknast med bøker som 'Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant' (Jonas Jonasson) og 'Den elskelige giftblandersken' (Arto Paasiliina).

- Ingen tradisjonell krim altså, meir ein krimfarse eller thrillerkomedie.
- Til tider litt tregt og langsamt, men humoren, skråblikka og ironien er til stades heile vegen.
- Trond Teigen si stemme passar godt til handling og forteljarstemme.

Har lest Ulven og Jenta under isen og likte sistnevnte mye bedre enn Ulven. Smak og behag. Sarenbrandt har jeg lest en bok av, Syndebukk,- og den var helt grei. Har Hvil i fred og et par til uleste bøker av henne. Kanskje de passer en dag? Hvem vet.. Er ikke akkurat middelmådig krim jeg velger når jeg har mye annet i velge i, selv om jeg regner med at senere bøker er bedre enn denne.
SvarSlettGudskjelov for "smak og behag" og at smaken er ulik. Om alle hadde likt dei same bøkene ville det vore meiningslaust å skriva bokblogg! Det er faktisk ein av grunnane til at eg byrja med bokblogging og å skriva omtalar; at eg kunne vera ei "korrigerande" stemme. Ofte likar eg det "alle andre" likar, men slett ikkje alltid. Andre gonger likar eg bøker som andre mislikar/ er skeptiske til. Då er det fint å ha ein arena der eg kan gi uttrykk for nettopp mine meiningar.
Slett