13. mai 2022

Serieomtale: Oxen av Jens Henrik Jensen (1 - 4)

Eg trudde, av ein eller annan grunn, (kanskje eg har drøymt det?) at Lupus var siste og avsluttande del i serien om Oxen. Vel - der tok eg feil. I fjor kom bok 5, Gladiator, ut på dansk - og no kan ein sjå på danske nettsider at det nyleg har komme ei 6. bok, med tittelen Noctis. 

Her kjem uansett eit samleinnlegg om dei fire fyrste bøkene i serien. Kronologien er slik: 

  1. Hengte hunder
  2. Mørke menn
  3. Frosne flammer
  4. Lupus
Eg er nøgd med at me som er fans av Oxen kan sjå fram til fleire eventyr frå den kanten. Dette er ein svært underhaldande og interessant krimserie. Til tider barsk og dyster, og dessutan med ironiske skråblikk på samfunnsinstitusjonar.

Dei tre fyrste bøkene heng nokså tett saman, så dei bør absolutt lesast i rekkefølge. I Lupus er tematikken og omgjevnadene annleis og ein kan dermed starta rett på den om ein ikkje har lest dei tre fyrste. Men som alltid i seriar; det er ein fordel å lesa kronologisk for å bli kjent med hovudpersonar og utvikling. 

Hovudperson er altså Oxen. Niels Oxen. Krigsveteran med PTSD-diagnose. Tidlegare medlem av Jægerkorpset og Danmarks høgast dekorerte soldat. Han er i 40-åra, er skilt og har ein son. 
I dei fire bøkene møter me utruleg mange andre karakterar. Desse to er dei mest sentrale:
Margrethe Franck, tilsett ved Politiets Efterretningstjeneste, PET. Ambisiøs, dyktig, uortodoks. Amputert fot etter ei dramatisk hending då ho var fersk politibetjent. I 30-åra, punkete utsjånad. 
Axel Mossman, PET-sjef og dermed Margrethe Franck sin sjef og Niels Oxen sin oppdragsgjevar. Han er skarp, smart, i 60-års-alderen og med britiske anar. Høgt respektert, men har også fiendar. 

Noko av det som er mest interessant i bøkene er dynamikken og samarbeidet Franck - Oxen - Mossman. Spesielt dei to fyrstnemnde sidan dei begge, kvar på sin måte, ber på så mykje "bagasje". Mossman har ei meir tilbaketrekt rolle, og det er lenge uklart kva som er agendaen hans og korleis han styrer saker og folk.

Hengte hunder

Aschehoug 2018
443 sider

Niels Oxen er i dårleg forfatning når me møter han fyrste gong; sterkt prega av sosial angst, dårleg samvit og gjentakande mareritt. Han er i ferd med å trekka seg heilt tilbake frå samfunnet og slår leir i Rold skov saman med hunden sin, Mr White.
Ein dag finn Oxen tilfeldigvis ein hengd hund og ein livlaus person. Offeret viser seg å vera ein så mektig mann at etterretningstenesta vert kobla inn i saka. Oxen vert fyrst mistenkt for ugjerninga, men saka utviklar seg og han vert delvis mot sin vilje involvert i etterforskinga. Samarbeidet med Margrethe Franck startar ikkje spesielt bra, men saman og kvar for seg finn dei ut mykje. Men så dukkar det opp fleire døde menn og fleire hengde hundar..
Etter kvart vert persongalleriet ganske omfattande, trådane vert mange og konspirasjonane vidløftige. Etterforskinga peikar mot ein spesiell organisasjon; Danehof; eit mafialiknande nettverk med forgreiningar inn i den øvste makteliten i samfunnet. 

Trass i sidetalet er boka både fortlest, lettlest og underhaldande. Terningkast 4+.

Mørke menn

Aschehoug 2018
580 sider

Handlinga tek til umiddelbart etter fyrste bok og tematikken er den same. Oxen som jaktar - og som blir jakta på. Motstandarane er mektige og ressurssterke og Oxen veit for mykje. Han har teke ny identitet og held seg i skjul, også for Franck og Mossman. Likevel er han ikkje trygg.  

Boka inneheld masse action og dramatikk og Oxen kjem opp i mange farlege situasjonar. Cliffhangeren på slutten er av det uuthaldelege slaget, så sørg for å ha Frosne flammer klar når du er ferdig med Mørke menn!

Boka er svært omfangsrik, men det går i liten grad ut over spenning og framdrift. Terningkast 5-.

Frosne flammer

Aschehoug 2019
570 sider

Ingen - absolutt ingen - veit at Oxen framleis er i live etter den dramatiske avslutninga av Mørke menn. Men han er blitt teken hand om og lappa saman, på reine Jason Bourne-vis.
Etter ei tid må likevel Oxen venda tilbake til livet sitt. Han har blitt beskulda for eit drap han ikkje har begått og vil gjerne reinvaska seg. Dessutan slit han med samvita og den manglande kontakten med sonen Magnus. 
Også Margrethe Franck og Axel Mossman har fått ein annan arbeids- og livssituasjon. Eg røpar vel ikkje for mykje når eg avslører at dei to, saman med Oxen, etter kvart er klare for det endelege oppgjeret med (restane av) Danehof. 

Frosne flammer er innhaldsrik, detaljrik og perspektivrik. Til tider også såpass omstendeleg og langsam at det går ut over spenning, engasjement og intensitet. Terningkast 4+.

Lupus

Aschehoug 2020
523 sider

Som sagt innleiingsvis er det andre omgjevnader i bok 4. Men mønsteret og plottet er bygd på same lest som i dei tre fyrste bøkene; Oxen, Franck og Mossman som kjempar mot onde krefter og hemmelege organisasjonar. 
Organisasjonen denne gongen heiter Lupus og består av ei gruppe mektige menn og kvinner som er ute etter hevn og rettferd. Lupus kan også bety ulv, eit dyr som har ei spesiell rolle i boka.  
Elles kjem ein meir "under huda" på hovudpersonane i denne boka, og ein får meir kjennskap til Franck si fortid og Oxen sine plager. Han strevar spesielt med forholdet til sonen i og med at han har gått glipp av så mykje i oppveksten hans.

Lupus har, i større grad enn dei foregåande bøkene, ei sjølvstendig handling. Skrivestilen er som før grundig og langsam, men det fungerer betre i denne boka enn den forrige. Jensen er nok ein forfattar som, i tillegg til å laga ei spennande og underhaldande historie, har ein meir underliggjande bodskap. Mellom linjene finn ein både mørk humor og besk samfunnskritikk.
Terningkast 5.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar