Sider

31. mars 2023

Oppsummering mars 23

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Joakim Zander - Vennen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Odd Harald Hauge - Polare tragedier - Norsk dokumentar - Lyd Storytel 

Lest i mars: 
Levi Henriksen - La meg få vandre i min sannhet - Noveller/personleg beretning - Lånt papirbok privat
Johan Høst - En nasjon i sjakk - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Liza Marklund - Kallmyren - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Thor Gotaas - Femmila. Skisportens manndomsprøve - Norsk sportsdokumentar - Lyd Storytel
Anette Hemming - Kartografen - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Ane Riel - Beist - Dansk roman - Lånt papirbok privat
Magnus Takvam - Hun skrev for å kunne leve - Biografi - Lyd Storytel
Svandis Hanna Gudmundsdottir - Jakten på Eden - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Bernard Minier - Jakten - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Rotteøya og andre fortellinger - Noveller - Lyd Storytel

6 lyd, 3 papir, 1 ebok 
7 lånt, 3 abonnement
5 krim,  1 annan roman, 2 dokumentarar, 1 biografi, 1 novellesamling
7 norske, 2 svenske, 1 dansk
6 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Takvam, Hemming, Høst, Gudmundsdottir

Eg las forholdsvis mange bøker i mars, men leseopplevingane vart svært varierande. Som ein kan sjå i oversikten har eg teke i bruk nesten alle sider på terningen. 

Månadens høgdepunkt: Dei tre terningkast 5-bøkene. La meg i tillegg ta med Kallmyren som eg vurderer til ein sterk 4'ar.
Nedturar: Debutantkrimmane En nasjon i sjakk, Jakten på Eden og Kartografen. Eg kan ikkje anbefala nokon av dei. Dessverre.

Eg ynskjer alle ein god påske! Sjølv er eg i ferd med å pakka sekken for å stikka til fjells. For ein gong skuld har eg fri heile påsken og det skal nytast: Eg er optimist og tek med meg både krimbøker, appelsiner, solbriller og solkrem.

30. mars 2023

Dikt og slikt: Ein av dei kalde, klåre dagane

Onsdagsdikt på ein torsdag...

Eg har nyleg lest biografien om Marie Takvam, skriven av sonen Magnus Takvam; Hun skrev for å kunne leve. Det er ei interessant bok og eit nært portrett av ei heilt spesiell kvinne, skriven av den personen som sto henne nærast. Men som han seier: "Å ha et nært forhold til sin mor er i utgangspunktet positivt. Mitt problem ble at hun aldri slapp taket".

Marie Takvam (1926 - 2008) sine dikt har betydd mykje for mange. Også etter at ho vart psykisk sjuk skreiv ho mange fine dikt, for eksempel dette:


Ein av dei kalde, klåre dagane

Eg gøymer hendene mine under bordet.
Ikkje i skam over skitne negler
eller visnande hud over høge, mørke blodårer.
Nei, eg gøymer dei i redsle
over å sjå at dei er tome.

Sjå denne venstre!
Kvilde ho eingong mot min eigen mage
kjende at barnet der inne levde?
Og denne høgrehanda!
Kor mange tusen gonger har ho ikkje stroke
over panna til den eg elska.

Om eg no famla etter eit andlet eller ei hand
ville mennesket rykke seg hastig bort.
Nei, desse hendene kan aldri meir
kjærteikne varm hud.

Den høgre handa klamrar seg til eit glas
fylt av sterk vin.
Den venstre dreg gardinet til.
Eg er åleine med desse hendene
som har mjølka kyr, baka brød,
hogge hol i isen etter vatn, bladd i bøker
bore ringar,
vorte kyste av småborn og av menn.

Så grenselaust elskar eg dette livet
at eg ikkje kan visne roleg
men legg handflatene over augene
og ropar ut mi sorg.


- Frå samlinga Auger, hender (1975)

28. mars 2023

Kort om: Beist av Ane Riel

Aschehoug 2021
440 sider
Lånt papirbok privat

Dette er den tredje - og beste - boka eg har lest av denne forfattaren. 
(Dei andre bøkene er Slakteren i Liseleje og Harpiks)

Beist er ei bok som er vanskeleg å sjangerfesta. På omslaget står det "roman", og det stemmer nok - men elles har boka trekk både frå krim- og thriller-sjangeren, samt enkelte element ein kan kjenna att frå fabel- og eventyr-sjangeren. 

Miljøskildringane er skarpe og tydelege, trass i at historia finn stad i eit udefinert land i ei ikkje-konkret tid. Ut frå hendingar trur eg at det er snakk om ein stad i Sør-Europa, midt på 1900-talet. Men egentleg er det opp til kvar enkelt lesar å tolka kvar og når, om ein føler behov for å ha ein slik oversikt.

Forteljinga er ganske saktegåande, men godt oppbygd. Alt frå starten av kjenner ein på ei underliggjande uro og spenning. Fyrste halvdel av boka er noko omstendeleg, men etter kvart vert tempoet meir oppskrudd. 

Innleiingsvis møter me Leon, ein ung mann med eit barnsleg sinn i ein diger kropp. Han sit i skjul og ventar på kameraten Mirko og me forstår at det må ha skjedd noko fælt. Men kva? Detaljane får me ikkje vita før heilt på slutten.
Undervegs får me så fleire tilbakeblikk frå mange ulike synsvinklar. Gradvis får lesaren vita den dramatiske forhistoria, der voldsomme kjensler og overraskande hendingar har funne stad. Stikkord for handlinga er mellom anna synd, skam, svik, lengsel og lyst. 

Kva er ondskap og kva er godheit? Kva er skuld og kva er uskuld? Slike ting kan ein gjerne reflektera over.
Og kven eller kva er beistet det vert vist til i tittelen? Vel - beistet har mange ansikt, for å sei det slik - og det er kanskje opp til den enkelte lesar å gjera seg opp ei meining om det óg.

Eg vel å ikkje sei meir om sjølve handlinga i boka. Eg seier berre: Les!

Beist er ei stemningsfull, gripande, velskriven og original forteljing med eit levande persongalleri. Eg trur eg aldri kjem til å gløyma Leon og Mirko! Skildringa av venskapet dei imellom og utfordringane dei møter ga djupt inntrykk. Eg anbefalar boka på det varmaste. 

I etterordet gjer forfattaren greie for kva som har vore inspirasjon til denne boka. Den fyrste inspirasjonen handlar om at Riel las om ein gut som var fødd med ein spesiell genfeil, noko som gjorde han abnormt stor og sterk for alderen. Den andre handlar om John Steinbeck og romanen Om mus og menn.

Sjå og høyr Ane Riel fortelja om Beist:

22. mars 2023

Dikt og slikt: Trebjødn

Denne gongen kan eg by på eit dikt skrive på mi eiga dialekt - sognamål.
Eller sognamaol som me sogningar seier.
Forfattaren Ragnar Hovland kjenner godt til dialekta sidan han (delvis) vaks opp på prestegarden i Luster

Trebjødn

Trebjødn hoppa frao grein til grein
han ha ein gruele fart.
Han minna litt om Tarzan,
men e mykkje minder so klart.

Trebjødn snakka sitt eige spraok
so ikkje e lett å føstao.
Han faor ikkje smaka bondesmør
elle skjeva med sukker pao.

Frå samlinga Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (Samlaget 1996)


(trebjødn = ekorn)

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville

18. mars 2023

Kort om: En nasjon i sjakk av Johan Høst

Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 10:30
Lånt lydbok BookBites

Forrige veke vart det kjent kven som er nominerte til Rivertonprisen for bokåret 2022; Torkil Damhaug, Johan Høst, Myriam H. Bjerkli, H. S. Palladino og Ingrid Berglund. Eg har kun lest ein av dei (Damhaug) og eg ga Hund uten grav terningkast 5, så her er eg samd med juryen. 

No har eg lest ei anna bok som er nominert - og eg kan ikkje fatta og begripa kva juryen tenkjer med. Eg forstår heller ikkje at den same boka fekk terningkast 6 av VG-anmeldar Sindre Hovdenakk. Etter mi meining er En nasjon i sjakk ei dårleg bok.

Det er kan hende slemt å hevda noko slikt om ei debutantbok, men sidan denne har fått så mykje merksemd og så mykje skryt frå anna hald - ser eg ingen grunn til å "pakka inn" meininga mi. 

Innleiinga er forsåvidt sprelsk og original; statsministaren vert kidnappa og kongefamilien utsett for eit bombeangrep - og eg trur ei lita stund at dette skal bli ei underhaldande leseoppleving. Men ganske snart mistar eg trua. 
Eg avstår frå å sei noko meir om handlinga her. La meg i staden grunngi kvifor eg meiner dette er ei overhypa og oppskrytt bok:

 - Plottet er svakt og oppkonstruert. 
 - Karakterane er flate, eindimensjonale og karikerte. 
 - Null spenning fordi alt er så lite truverdig.
 - Sjakkelementet er irriterande og forstyrrande sidan eg ikkje kan spelet.
 - Humoren er pinleg og kunstig.
 - Alvoret er påtatt og kunstig.
 - Merkeleg komponert og dårleg driv. 
 - Andre del er for lang og treg.

Kåringa av beste krimbok i 2022 skal skje den 30. mars. Dersom Johan Høst og En nasjon i sjakk skulle vinna då... nei då veit eg ikkje kva eg skal sei. 
Eg har i alle fall ikkje noko tiltru til vurderingsevna til Rivertonprisen sin jury lenger. 

Andre bloggmeiningar: I Bokhylla, Hverdagsnett
- - - - - - - - - - - - 

Redigert 10. april:

Tiltrua og tilliten til Rivertonpris-juryen er gjenoppretta. Årets vinnar vart Torkil Damhaug for boka Hund uten grav. Damhaug er dermed den fyrste som har fått prisen tre gonger. Vel fortent!

15. mars 2023

Dikt og slikt: Förlusten

Innom som snarast, for å leggja inn eit veldig kort dikt. Diktet er velkjent og vert ofte brukt i ymse samanhengar.
Det er skrive av Stig Johanson (f. 1936) - og er det einaste diktet eg kan utanåt.

Förlusten

«Alla dessa dagar som kom och gick,
inte visste jag att de var livet»


Frå samlinga "Den kapsejade himlen" (1984)



(Förlust betyr tap)

12. mars 2023

Bokomtale: Polare tragedier av Odd Harald Hauge

Gyldendal 2019
Speletid 10:53
Lyd Storytel

Polarhistorie er eit tema som aldri sluttar å fenga og fascinera meg. Eg tykkjer det er skikkeleg interessant å lesa om tidlegare tiders polferder og polfararar. 

Opp gjennom tidene har det vore mange oppdagarferder og polekspedisjonar; utfordrande, banebrytande, imponerande - men også farlege, dumdristige og ikkje sjeldan tragiske. I denne boka er det lagt vekt på det siste: Boka består av ti tragediar, ti ekspedisjonar og ti kapitlar. Ei bok som skapt/skriven for ein sofapolfarar som meg.

Undertittel er "om mot, overmot - og død" - og når eg les om enkelte av ekspedisjonane i denne boka slår det meg at det er nesten rart at ikkje endå fleire mista livet. For dei la avgarde i ukjende strøk, med feilaktige/manglande kart, dei var dårleg/feil utstyrt, ofte med mangelfull kunnskap om (og respekt for) naturkreftene og utan moglegheit for kommunikasjon med omverda. 

Mange av ekspedisjonane det vert fortalt om enda altså tragisk - og fleire av dei (både folk, utstyr og skip) forsvann på mystisk vis. Desse forsvinningane og denne mystikken gjer forteljingane spennande, også no, lang tid etter at hendingane fann stad. Enkelte av mysteria har fått ein slags forklaring i ettertid, eksempelvis då dei fann restane av Andrées ballongferd i 1930 og funna av skipa Erebus og Terror frå Franklin-ekspedisjonen i hhv 2014 og 2016. At ein no kjenner til fleire skrekkelege overvintringar i polare strøk er fordi levningar, utstyr, dagbøker og nedteikningar er blitt funne i ettertid.

Forfattaren innleiar med nokre ekspedisjonar frå 15- og 1600-talet som eg aldri har høyrt/lest om tidlegare. Den fyrste er ein engelsk ekspedisjon beståande av tre skip, leia av Sir Hugh Willoughby i 1533. Ekspedisjonen hadde som føremål å finna den såkalla nordaustpassasjen. På denne tida hadde spanjolar og portugisarar oppdaga land og etablert handelsruter andre stader på kloden, og engelskmennene trudde det venta både ære og rikdom dersom dei fann ein "snarveg" til Kina og austen, nord for Russland. 
Men Willoughby vende aldri heim til England. Både han og mannskapa på to av skipa omkom. Om dei svalt i hel, fraus i hel eller døydde av skjørbuk eller kolosforgiftning er uklart. Det tredje skipet kom meir eller mindre tilfeldig fram til ein russisk busetnad ved Kvitsjøen. Denne hendinga vart starten på direkte handelssamkvem mellom England og Tsar-Russland, så ekspedisjonen vart på eit vis "vellukka" sjølv om målet om å finna nordaustpassasjen ikkje lukkast.
(Den finsk-svenske oppdagaren A.E. Nordenskiöld var den fyrste som segla gjennom nordaustpassasjen, 300 år seinare.)

Vidare får ein lesa om oppdagarane Barentz og Bering, mennene som har gitt namn til Barentzhavet og Beringstredet. Nederlendaren Willem Barentz oppdaga Bjørnøya og Spitzbergen (som han trudde var Grønland), men døydde på sitt eige hav, for å sei det slik. Danske Vitus Bering leia fleire russiske ekspedisjonar og døydde av skjørbuk på øya som i ettertid fekk namnet Beringøya. 

Ei anna interessant historie handlar om dansk-norske Jens Munk sin ekspedisjon som prøvde å finna nordvestpassasjen. Dei overvintra ved Hudsonbukta, men då våren kom var 61 av 64 menn døde. Dødsårsak: Skjørbuk.
Oppdagaren James Knight var 80 år gammal då han leia ein ekspedisjon i det same området. To skip og 40 mann berre forsvann.
Den best kjende og mest myteomspundne ekspedisjonen som forsvann i områda langs nordvestpassasjen var likevel ekspedisjonen leia av John Franklin i 1845. Dei to skipa Erebus og Terror og mannskapa deira forsvann sporlaust og førte til mange redningsekspedisjonar. Området vart av den grunn kartlagt grundig og ein fann omsider levningar, spor og hint om kva som kunne ha hendt. Ekspedisjonsmedlemane og -leiaren må ha teke fleire merkelege/feil/ulogiske val som gjorde at det enda så fatalt for alle saman. Undersøkingar i ettertid viste at nokon av dei truleg var så desperate av svolt at dei tydde til kannibalisme.
(Roald Amundsen var den fyrste som segla gjennom nordvestpassasjen, i samband med Gjøa-ekspedisjonen i 1905. Amundsen enda óg livet sitt på ein tragisk og mystisk måte, men den historia er ikkje med her.)

Den sørgelege historia om dei 17 fangstmennene som omkom i Svenskhuset på Svalbard er også med i boka. Dei unge mennene befann seg i eit hus med rikeleg tilgang til både mat og brensel, men ingen av dei overlevde overvintringa i 1872-73. Dei døde fekk ettermæle som dumme og dovne, men granskingar i nyare tid tyder på at dei omkom av blyforgiftning.

Ei anna mislykka og tragisk ferd var Jeanette-ekspedisjonen i 1879. Leia av George Washington DeLong skulle dei finna Nordpolen via Beringstredet. Enkelte meinte på den tida at det fantest ein "golfstraum" i Stillehavet og at polhavet var middelhavsvarmt, når dei berre kom seg forbi og gjennom eit islag. Det stemde sjølvsagt ikkje. Skipet vart skrudd ned i isen og mannskapet måtte returnera i tre små båtar. DeLong og mennene hans svalt i hel i Sibir.

Avslutningsvis handlar det om kappløpet mellom Scott og Amundsen i 1911-12, og sidan fokus er på tragediar, får me denne gongen historia frå Robert Scott sitt perspektiv.

Odd Harald Hauge har plukka ut ti interessante historiar om ulike polarpionerar og -ekspedisjonar i boka si. Han held fram sine eigne og andre sine meiningar og teoriar når det gjeld enkelte av mysteria det vert fortalt om.
Hauge må ha jobba mykje med bakgrunnsmateriale og har dessutan sjølv erfaring frå polare strøk. Når det gjeld vêr og temperaturar, terreng og landskap og snø- og isforhold veit han kva det handlar om. 

Polare tragedier til ei lærerik, gripande og spennande bok. 

Andre bloggmeiningar: Bokblogger.com
Podcastar om boka: Tur og tøys Podcast, NRK Radio

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Lenker til anna polarstoff på denne bloggen: 
Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen av Ragnar Kvam (biografi) (eit blogginnlegg som har hatt nesten 900 visningar sidan publiseringa i 2015)
De fire store og hvordan de ledet sine menn av Ragnar Kvam (dokumentarisk/biografisk om Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton)
Amundsens siste reise av Monica Kristensen (dokumentar)
Amundsen av Espen Ytreberg (biografisk roman)
Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen (biografi/dokumentar)
Aldri rådløs av Per Egil Hegge (biografi om Otto Sverdrup)
Vår glemte polarhelt av David Vogt (biografi om Carsten Borchgrevink)

8. mars 2023

Dikt og slikt: 8. mars-dikt til mamma

Håvard Rem (f. 1959) er forfattar, lyrikar, gjendiktar og journalist. Diktet nedanfor skreiv han til mor si på kvinnedagen.


Åttendemarsdikt til mamma

Det var ikke så mye du sa men du sa
at du gråt den sommeren du var fjorten

og var ferdig i sjuende og folkeskolen
og ikke fikk fortsette fordi du hadde

fire yngre brødre og faren din
var permittert på fabrikken

I skjenken fant jeg en karakterbok 
med Særdeles godt i alle fag

unntatt gymnastikk og du sa
ved en annen anledning at en dag

den sommeren i 1937 kom en mann 
fra en nabogård gående til småbruket

Han trengte hjelp i huset kona hans
var sjuk og han visste at du var ferdig

på folkeskolen du tørket tårene
og begynte i tjeneste tjente

én krone dagen fant en snill
intellektuell fikk seks barn

og gråt ikke
før ett av dem døde

Frå samlinga Almanakk (2020)
Eg fann diktet
 på Twitter

Intervju med Håvard Rem i samband med utgjevinga av Almanakk (Boktips.no)

1. mars 2023

Dikt og slikt: Brothers in arms

Eit engelsk bidrag til Dikt og slikt denne gongen. 

Sangen Brothers in Arms (frå albumet med same namn) vart skriven av Mark Knopfler i 1985. Teksten er inspirert av og basert på Falklandskrigen som fann stad i 1982.

Brothers i arms er ein av dei vakraste sangane eg veit om.


Brothers in arms

These mist covered mountains
Are a home now for me
But my home is the lowlands
And always will be
Someday you'll return to
Your valleys and your farms
And you'll no longer burn to be
Brothers in arms

Through these fields of destruction
Baptisms of fire
I've witnessed your suffering
As the battle raged high
And though they did hurt me so bad
In the fear and alarm
You did not desert me
My brothers in arms

There's so many different worlds
So many different suns
And we have just one world
But we live in different ones

Now the sun's gone to hell and
The moon's riding high
Let me bid you farewell
Every man has to die
But it's written in the starlight
And every line in your palm
We're fools to make war
On our brothers in arms


I desse dagar er låten og teksten igjen aktuell. I samband med eittårsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina inviterte NRK Emma Steinbakken og deler av KORK til å framføra Dire Straits sin legendariske Brothers in arms. 
Sjå og høyr den flotte versjonen.
Teksten, stemma, musikken, framføringa og dei sterke bileta - alt dette minner oss om kor redselsfull og meiningslaus denne krigen er. 

Den opphavlege/offisielle videoen vann Grammy Award for beste musikkvideo i 1987: