Påbyrja i desember, fullført i januar:
Tore Skeie - Hardråde - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Levi Henriksen - Lyset de døde ser - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Lese i januar:
Terry Hayes - Svermens år - Australsk-britisk spenningsroman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Vikingtiden fra aaaah! til ååååh! - Humor/historie - Lånt ebok BookBites
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Her kommer natten (Edvard Matre #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørgen Jæger - Narrespill (Ole Vik #15) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Garry Disher - Snapshot (Peninsula-serien #3) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Interregnum (Oxen #7) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Anders Roslund - 100 prosent (Ewert Grens #12) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Et kongerike foran undergangen - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
2 lyd, 4 ebøker, 2 papir
7 lånt, 1 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar/biografi, 1 dokumentar/humor
5 norske, 1 dansk, 1 australsk-britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: -
Mot normalt vart det berre to fullførte lydbøker i januar. Det skuldast fyrst og fremst at Svermens år er så uendeleg lang (nesten 30 timar lytting). Boka har fått heller lunkne kritikkar, men eg likte så godt Jeg er pilegrim og såg difor fram til denne. Og fyrste del av Svermens år er veldig bra; ein spionthriller av det actionfylte slaget slik som forventa. Andre og tredje del er OK; litt omstendeleg, seigt og forvirrande, men med enkelte spenningstoppar. Når eg så kom til den fjerde og siste delen - då mista eg det. Eller, boka mista meg. Eg var klar over at det skulle skje ein sjangerendring undervegs, men at det skulle bli så til dei grader usannsynleg og idiotisk - det var uventa. Og skuffande. Oppsummert gir eg del 1 terningkast 5, del 2 og 3 terningkast 3 - og del 4 terningkast 1. Gjennomsnittet vart altså 3.
Eg anbefalar ikkje Svermens år vidare.
Den andre lydboka derimot; Interregnum, kan anbefalast, men det er ein fordel om du "kjenner" Oxen frå før. Enkelte trådar i denne boka går attende til fyrste bok Hengte hunder.
Eit visst kjennskap til Anders Roslund, Ewert Grens og Piet Hoffmann er også ein fordel om du skal lesa 100 prosent. I skrivande stund er eg tre timar ute i boka - og frydar meg.
Eg vil óg nytta høvet til å anbefala ein fengande politikrimserie frå Down under; Peninsula-serien. Australske Garry Disher skriv godt og i denne serien byr han på "ekte" karakterar og spenning på ulike plan. Eg ser fram til at neste bok kjem ut på norsk.

Jeg har lest tre av dine, og Levi Henriksen er nok den av de jeg likte aller best. Takk for advarsel ang. Svermens år, å bli mistet av en bok er ikke ok, men det må jo skje innimellom. Bare så synd at det er etter 30 timer :)
SvarSlettHenriksen er fin, heilt enig!
SlettDet hender at eg bommar på bøker og då pleier eg å gjera kort prosess og avbryter. Men fyrste del av Svermens år var så bra..
Sidan det var lydbok og sidan eg pleier å gjera andre ting medan eg lyttar, har eg likevel ikkje "kasta bort" 30 timar.
Så synd med Svermens år. Har den i hylla, og som deg likte jeg veldig godt Jeg er pilgrim. Boka er så tykk, at derfor har den stått i ro i hylla, men jeg har vurdert å kjøpe pocketutgaven noen ganger, den er på tilbud til 129,- Men dumt det og, siden jeg har den innbundet.
SvarSlettEllers har jeg lest Jæger av dine. Likte den godt.
Tvedt og Guldbrandsen , er den ny? Kan ikke huske å ha lest akkurat den. Men er hun medforfatter på Martrebøkene altså?
Ønsker deg en fin, lysere og varmere februar:)
Eg vil rå deg til å kvitta deg med Svermens år. Rett og slett.
Slett'Her kommer natten' kom ut i 2025, men har fått merkeleg lite merksemd. Anmeldt i Bergens tidende: https://www.bt.no/kultur/anmeldelser/i/wgwOdP/et-bredt-register-av-mulige-mistenkte-inkludert-sexy-gartnere-og-frustrerte-fruer
Elisabeth Gulbrandsen er medforfattar på Matre-bøkene, ja.