16. januar 2026

Bokomtale: Hardråde av Tore Skeie

Gyldendal 2025
447 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste fullførte bok i 2026 vart, om ikkje ein innertiar, så i alle fall ei vellukka leseoppleving. Hardråde er ei perfekt bok for alle historieinteresserte - og særleg for alle som har interesse for vikingtida og middelalderen. 

Etter flotte leseopplevingar med Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist av same forfattar hadde eg store forventningar til denne nye boka - og gledeleg nok vart forventningane innfridde. 

Som tittelen på boka viser er hovudpersonen kong Harald III Sigurdsson (1015-1066) eller Harald Hardråde som han vart heitande i ettertid. Det handlar om tida han levde i og om den verda han var ein del av og reiste i. Det handlar om samfunnsstrukturar, maktforhold, menneskesyn, religion, kultur og politikk. Mellom anna.

Det eg visste om Harald Hardråde frå før kan kort oppsummerast slik; halvbror til Olav Haraldsson (den heilage), deltok i slaget på Stiklestad 15 år gammal, forlot deretter landet før han kom attende som konge, gift med dronning Ellisiv og far til Olav Kyrre, døydde i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Samt at dette slaget markerte slutten på vikingtida.
No veit eg mykje meir, både når det gjeld Harald sjølv og samtida hans. 

Sett med notidsbriller var samfunnet på 1000-talet hardt og valdeleg. Noreg var eit boklaust samfunn på den tida, fyrst på 1200-talet vart kongesogene nedskrivne. Forfattaren har sjølvsagt nytta dei norrøne kjeldene, og i tillegg er det vist til engelske, normanniske, slaviske, bysantinske og arabiske kjelder. Dei utanlandske kjeldene har stort sett blitt nedskrivne nærare Harald Hardråde si levetid og dermed truleg meir truverdige enn t.d. Heimskringla, Morkinnskinna og ymse skaldekvad.
Resultatet av arbeidet med reserarch og gransking av dei ulike kjeldene har gjort dette til ei svært interessant bok. Ho gir eit levande portrett av ein heilt spesiell mann som levde i ein heilt spesiell tidsalder.

Det er sjølvsagt mykje om livet for nesten 1000 år sidan me ikkje veit. Forfattaren strekar då også under dette fleire gonger. Mykje er "sannsynleg", noko er "usikkert" eller "ikkje usannsynleg", nokre hendingar er truleg legender og eventyr, som likevel kan bygga på det som verkeleg hende.
Noko som er heilt sikkert er at Harald (og støttespelarane hans) reiste svært langt; etter tapet på Stiklestad rømde han via Sverige til Rus-riket, fyrst til Novgorod (norrønt: Holmgard) og sidan til Kyiv der han hadde slektningar. Etter nokre år som leigesoldat hos Jaroslav 1. gjekk ferda vidare til Konstantinopel (norrønt: Miklagard, i dag Istanbul), på den tida hovudstad i det bysantiske riket. Også her vart Harald leigesoldat, og Skeie fortel om ulike dramatiske, brutale og i enkelte høve bisarre hendingar der Harald truleg/sannsynlegvis deltok. I alle fall tente han godt; han hadde tent seg opp rikeleg med både sølv og annan rikdom då han etter nokre år vende tilbake til Noreg som tronpretendent. Så rik var han at han fekk løyve av fyrsten av Kyiv å gifta seg med dottera hans.

Krona og arverekkefølga til dei norske, danske og engelske kongehusa var ustabile. Etter 1030 hadde Noreg stort sett vore under dansk styre, og Knut den mektige rådde ein periode over eit rike som besto av både Noreg, Danmark og England. Då Knut gjekk bort førte det til uro, slag, stridigheiter og maktkampar mellom mange ulike personar, familiar og varierande konstellasjonar. Harald Hardråde hadde gjennom livet synt ein brutal vilje til makt og meinte han hadde rett til å bli konge også i England. Det skulle det ikkje bli noko av, for som kjent tapte han slaget i 1066. 

Eg kunne ha skrive mykje meir om kva denne innhaldsrike boka handlar om, men eg nøyer meg med å avslutningsvis sei: Les! Boka er både underhaldande og lærerik, skriven av ein forfattar med ei eineståande god formidlingsevne. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Undervegs i lesinga av Hardråde kom eg på at eg for mange år sidan las romanen Kongespeil av Vera Henriksen. Den boka handlar faktisk óg om Harald Hardråde. Eg noterer meg at Kongespeil bør gjenlesast.

Har du lyst til å høyra ei meir lettbeint framstilling av Harald Hardråde sitt liv kan eg anbefala podcasten Kongerekka med Are Sende Osen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar