Leselysta har vore på topp gjennom heile 2014 og eg har hatt svært mange gode leseopplevingar. Eg har som så mange andre norske bokbloggarar hatt mykje fokus på nye norske bøker, men for meg er det viktig å lesa litt annan og litt eldre litteratur også. Eg har prøvd å lesa variert innan dei sjangrane eg trivst best med.
Ei oppteljing syner at hittil i 2014 har eg lest i alt 141 bøker - og eg kjem til å lytta ferdig den siste og 142. før me skriv 2015 - dette er 12 fleire enn i 2013. Eit knapt fleirtal - 74 (eller 52 %) - er innan kategorien krim og spenning. I tillegg til dette har eg lest 39 "vanlege" romanar, dette utgjer 28 %. 12 % av det eg las var innan sakprosa, dokumentarar og biografiar. Dessutan har eg lest nokre humorbøker og 6 novellesamlingar. Eg las 32 bøker (22 %) som var norske utgitt i 2014.
Eg er ein flittig brukar av bibliotektenester og låner både papir-, lyd- og e-bøker. 78 av bøkene eg las eller lytta til i år, dvs. 54 %, lånte eg på biblioteket. I tillegg låner eg ein del bøker privat.
Når det gjeld lydbøker, las eg i alt 58 (42 %) som lydbok i år. Eg las 14 ebøker (10 %) og resten, 69 stykker (dvs. 48 %) vart lest på papir.
Dei forfattarane eg har lest flest bøker av er Gert Nygårdshaug og Leif GW Persson.
Eg tykkjer eg er ganske god til å plukka ut bøker som passar til meg sjølv, men det er klart; ikkje alt treff skikkeleg når ein les såpass mykje i løpet av eit år. Eg har gitt terningkast 6 til 6 bøker, 3 har fått terningkast 2 og resten har fått terningkast 3, 4 og 5. Eg har avbrote lesinga av 5 bøker. Dei fann eg ikkje ut av og/eller passa meg ikkje på lesetidspunktet.
Bloggelysta har vore litt ujamn gjennom året, men eg har faktisk produsert 120 blogginnlegg i løpet av 2014, noko som eg seier meg nøgd med. Eg har skrive omtalar av 57 av bøkene eg har lest. I tillegg er ein del bøker omtalt i samband med samleinnlegg eller formidla ein smakebit av, medan nokre ikkje er nemnde i det heile. Her har eg eit forbetringspotensiale.
Sider
▼
30. desember 2014
28. desember 2014
Bokomtale: Den største forbrytelsen av Marte Michelet
Undertittel: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust
Gyldendal 2014
320 sider
Ebok lånt på biblioteket (ebokbib)
70-75 år etter krigen er stadig nye historikarar, forfattarar og lesarar opptekne av 2. verdskrig. I løpet av det siste året har eg lest fleire skjønnlitterære bøker som har krigen som bakteppe og innfallsvinkel. Eg har også lest Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson, som er ei sakprosabok med ein svært personleg vri, - og like før jul las eg så Den største forbrytelsen, Marte Michelet si Bragepris-vinnande og kritikerroste bok.
Opp gjennom åra har eg lest ganske mange forteljingar, erindrings- og dokumentarbøker som handlar om 2. verdskrig og Holocaust. Å lesa om dette avskyelege og omfattande folkemordet er like opprørande kvar gong. Gjennom Michelet si bok vert alt dette avskyelege enno nærare, for her handlar det om deportasjonen av dei norske jødane under krigen. Boka skildrar også den alminnelege oppfatninga og skammelege behandlinga som jødane opplevde her i landet.

21. desember 2014
God jul
Vinternatt
No kveiker Vårherre sitt joletre
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.
Himmelgrani so fin og blå
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.
Du vil gripa og leika, barn.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.
- Olav H. Hauge
- - - - - - - - - - - - - - -
Med ynskje om ei koseleg og fredfull jul
til alle blogglesarar og bokvener
- - - - - - - - - - - - - - -
Denne bloggen tek julepause nokre dagar. Eg kjem tilbake i romjula med ein årskavalkade og ein oppsummering av leseåret 2014.
17. desember 2014
Bokomtale: Skyggegutten av Carl-Johan Vallgren
Lydbokforlaget 2014
Speletid: 9 t 12 min
Opplesar: Christoffer Staib
Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Eg hadde ikkje høyrt om verken boka eller forfattaren Carl-Johan Vallgren før eg las ein fristande omtale på Tine sin blogg i haust ein gong. Tusen takk for supert tips, Tine. Dette vart - om ikkje akkurat inner-tiar, så i alle fall nær midt i blinken.
Eg er i utgangspunktet begeistra for svensk krim, og det var gledeleg å oppdaga ein "ny" og dyktig krimforfattar. Vallgren er egentleg ein etablert forfattar - dette er krimdebuten hans som han gav ut under pseudonymet Lucifer i nabolandet. Her i landet er ikkje forfattaren så kjend, så her vert boka utgitt med forfattaren sitt verkelege namn.
Boka startar med eit tilbakeblikk til året 1970, då 7 år gamle Kristoffer vart kidnappa. Guten tilhøyrde den velståande familien Klingberg, men det vart aldri kravd løysepengar og guten vart aldri funnen. Foreldra gjekk til grunne og veslebroren Joel vaks opp med kun ein skygge av ein bror.
40 år etter forsvinning-/kidnappingssaka - i notid - forsvinn så Joel, mest sannsynleg frivillig ifølge politiet. Men kona hans oppsøker Joel sin gamle ven Danny for å få hjelp - fordi Danny var den einaste Joel stolte på. Kva har skjedd? Er familien råka av ein ny tragedie? Er det ein samanheng mellom forsvinningane? Korleis? Kvifor? Gradvis og undervegs får både Danny og lesaren kjennskap til stadig nye moment, skjulte opplysningar og gamle minner. Det vert farleg - livsfarleg - for Danny og personane rundt han.
Danny Katz er ein særeigen karakter; ein protagonist utanom det vanlege som eg fekk sans for. Skyggegutten har, forutan ein spennande hovudperson, mange av dei ingrediensane eg likar at ei spenningsbok har: Høgt tempo, skiftande perspektiv, neglebitande spenning og eit litt komplisert plott. Det handlar - mellom anna - om eit forsvunne barn, skjulte familehemmelegheiter og ein uskuldig mann som absolutt "alle" er ute etter og jaktar på. Med andre ord: Me har på ein måte lest/høyrt/sett det før - men Vallgren gjer det på ein svært dyktig måte: Han har sin eigen spesielle vri og syner ekte forteljarglede.
Skrivestilen er elegant og språket stødig. Stemninga er litt desperat og mørk - så boka vert karakterisert som ein noir-thriller. Forteljinga er nokså komplisert og krever konsentrasjon, spesielt om ein lyttar til boka - men kan likevel seiast å vera lettlest - fordi handlinga er så "logisk" og drivande. Forfattaren formidlar gode skildringar av hovudpersonane si uro og frykt. Visse stereotype karakterar og politiroman-klisjear kan ein finna i boka, men ikkje så mykje at det vert negativt for leseopplevinga. Alle trådane vert vevde fint inn i forteljinga og nøsta opp igjen på ein god måte.
Eg gir Skyggegutten ein stor og blank 5'ar på terningen og har høge forventningar til neste bok i det som skal bli ein thriller-serie frå Carl-Johan Vallgren. Boka passar til deg som likar forfattarar som Jussi Adler-Olsen, Lars Kepler og Jo Nesbø. Opplesar Christoffer Staib er dyktig og les lydboka i eit passande tempo og med akkurat passe innleving.
Tusen takk til Lydbokforlaget som sende meg lytteeksemplar.
Speletid: 9 t 12 min
Opplesar: Christoffer Staib
Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Eg hadde ikkje høyrt om verken boka eller forfattaren Carl-Johan Vallgren før eg las ein fristande omtale på Tine sin blogg i haust ein gong. Tusen takk for supert tips, Tine. Dette vart - om ikkje akkurat inner-tiar, så i alle fall nær midt i blinken.
Eg er i utgangspunktet begeistra for svensk krim, og det var gledeleg å oppdaga ein "ny" og dyktig krimforfattar. Vallgren er egentleg ein etablert forfattar - dette er krimdebuten hans som han gav ut under pseudonymet Lucifer i nabolandet. Her i landet er ikkje forfattaren så kjend, så her vert boka utgitt med forfattaren sitt verkelege namn.
Boka startar med eit tilbakeblikk til året 1970, då 7 år gamle Kristoffer vart kidnappa. Guten tilhøyrde den velståande familien Klingberg, men det vart aldri kravd løysepengar og guten vart aldri funnen. Foreldra gjekk til grunne og veslebroren Joel vaks opp med kun ein skygge av ein bror.
40 år etter forsvinning-/kidnappingssaka - i notid - forsvinn så Joel, mest sannsynleg frivillig ifølge politiet. Men kona hans oppsøker Joel sin gamle ven Danny for å få hjelp - fordi Danny var den einaste Joel stolte på. Kva har skjedd? Er familien råka av ein ny tragedie? Er det ein samanheng mellom forsvinningane? Korleis? Kvifor? Gradvis og undervegs får både Danny og lesaren kjennskap til stadig nye moment, skjulte opplysningar og gamle minner. Det vert farleg - livsfarleg - for Danny og personane rundt han.
Danny Katz er ein særeigen karakter; ein protagonist utanom det vanlege som eg fekk sans for. Skyggegutten har, forutan ein spennande hovudperson, mange av dei ingrediensane eg likar at ei spenningsbok har: Høgt tempo, skiftande perspektiv, neglebitande spenning og eit litt komplisert plott. Det handlar - mellom anna - om eit forsvunne barn, skjulte familehemmelegheiter og ein uskuldig mann som absolutt "alle" er ute etter og jaktar på. Med andre ord: Me har på ein måte lest/høyrt/sett det før - men Vallgren gjer det på ein svært dyktig måte: Han har sin eigen spesielle vri og syner ekte forteljarglede.
Eg gir Skyggegutten ein stor og blank 5'ar på terningen og har høge forventningar til neste bok i det som skal bli ein thriller-serie frå Carl-Johan Vallgren. Boka passar til deg som likar forfattarar som Jussi Adler-Olsen, Lars Kepler og Jo Nesbø. Opplesar Christoffer Staib er dyktig og les lydboka i eit passande tempo og med akkurat passe innleving.
Tusen takk til Lydbokforlaget som sende meg lytteeksemplar.
16. desember 2014
Leif GW Persson - Eit samleinnlegg
Fyrste gongen eg "møtte" forfattaren Leif GW Persson var då eg las romanen Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde for eit par-tre år sidan, - men det vart eit møte og ein kriminalroman som eg ikkje fann ut av. Skuffande og overraskande nok, for svensk krim er liksom ein av lidenskapane mine og noko som eg vanlegvis kosar meg med. Den nemnde boka er ein murstein på nærare 600 sider, ho inneheld utallige karakterar, bihistoriar og trådar, og eg fann handlinga treg og tung. Då eg las boka i mars 2012 gav eg ho terningkast 2 på bokelskere.no. Der finn eg også att ein kommentar som eg skreiv den gongen: "Har aldri brukt lengre tid på ei krimbok. Denne vart altfor lang, altfor kjedeleg, altfor omstendeleg. Kjem neppe til å lesa meir GW Persson."
Eg var altså skikkeleg sur etter den leseopplevinga. Men det er vel ingen skam å snu, og i ettertid har eg hatt eit ønske om å prøva meg på ei anna bok av GW Persson, sidan denne forfattaren av mange vert sett på som "deckarkungen" og ein av dei aller beste svenske kriminalforfattarane. I tillegg er Persson, med den bakgrunnen og erfaringane han har, ein interessant person. Han er ikkje fyrst og fremst forfattar, men er professor i kriminologi ved Rikspolisstyrelsen i Stockholm og sakkyndig i det svenske justisdepartementet. Han er òg ein frittalande og uredd samfunnsdebattant som ofte opptrer som krimekspert i media. I ymse samanhengar, også skjønnlitterært, har han vore særleg engasjert i etterforskinga i drapet på Olof Palme.
Kronologi gav eg blaffen i då eg i haust valde meg ut Den døende detektiven (frå 2010) - og det vart eit langt hyggelegare møte og ei meir underhaldande leseoppleving. Eg lånte lydboka - med Nils Nordberg som opplesar - på biblioteket. Nordberg si stemme passa glimrande til boka. "Gjensynet" med dei aldrande herrane Jarnebring og Johansen - som er gjennomgangsfigurar i fleire av GW sine romanar - var varmt og triveleg. Fullt så triveleg er ikkje kollegaen deira Evert Bäckström, men også han har ei rolle å fylle. Det vart ei fin leseoppleving; ei ettertenksam og fornøyeleg bok som også inneheld ei skikkeleg kriminalgåte. Det er ikkje så mykje action og fart i boka, og tidvis stoppar handlinga litt opp, men historia er brukbart fengslande likevel. Persson vart tildelt Glassnøkkelen for Den døende detektiven.
Dermed var eg i liksom i gang med dette forfattarskapet, og plukka fram Grisefesten og Profitørene - utgitt fyrste gong i Sverige i 1978 og -79. Det var absolutt interessant å gå slik bakover i tid, i det same universet og med dei same personane å forholda seg til. Mykje har skjedd sidan slutten av syttitalet, det gjeld både teknologi, infrastruktur og andre samfunnsforhold - og kriminallitteraturen speglar sjølvsagt desse endringane. Trass i dette får ikkje desse to bøkene meir enn terningkast 3 frå meg. Dei er litt tamme og har ikkje tålt "tidens tann" så godt.
Eg har imidlertid etter kvart fått sans for den slentrande og personlege forteljarmåten til denne forfattaren. Han er sarkastisk og frekk, melankolsk og elegant - ein heilt eigen spesiell stil - ein stil eg ikkje såg eller oppfatta då eg vart så skuffa over den fyrste boka. Forfattaren er svært kunnskapsrik, har lang erfaring med og kjennskap til brotsverk, forbrytarar og politiarbeid. Difor vert bøkene hans truverdige, realistiske og grundige. Eg trur likevel GW Persson er ein forfattar som ein må venja seg til.
No har eg lånt Den som dreper dragen via ebokbib og ser fram til eit nytt møte med forfattaren - og antihelten Evert Bäckström, som er hovudperson i denne boka. Eg forventar ei leseoppleving med gode miljøskildringar, beisk humor, samt eit kritisk blikk på politietaten spesielt og samfunnet generelt. Sitrande spenning kan ikkje forventast. Det er ikkje GW sin stil.
Og OMSIDER kjem eg fram til poenget med dette lange innlegget: Den som dreper dragen er mitt bidrag til Boken på vent-spalten hos Beathe denne tysdagen!
Leif GW Persson er ein godt vaksen mann (fødd i 1945), men har ikkje gitt ut så mange bøker, - han har som nemnd vore opptatt med enkelte andre ting. Men han har teke seg tid til å skriva nokre jakt- og kokebøker saman med Jan Guillou og manus til to TV-seriar, også saman med Guillou.
Forutan bøkene omtalt over, er desse bøkene utgitt på norsk:

- En annen tid, et annet liv
- Faller fritt som i en drøm - desse to inngår saman med 'Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde' i trilogien «Velferdsstatens fall» som kretsar rundt mordet på ein svensk statsminister
- Samfunnsbærerne - er ein frittståande roman, men oppfølgjar til 'Grisefesten' og 'Profitørene'
- Linda - som i Lindadrapet
- Den sanne historien om Pinocchios nese
- Gutten til Gustav (Sjølvbiografi)
13. desember 2014
Bokomtale: Nullpunkt av Bjørn Olav Nordahl
Lydbokforlaget 2014
Speletid: 21:06
Opplesar: Duc Mai-The
Lånt på biblioteket
Når ei bok vert marknadsført som ein thriller, forventar ein spenning og ei handling med litt nerve. Men når ein les Nullpunkt vert all spenninga vekke medan ein skal prøva å halda styr i all informasjon, alle sceneskifta, alle stadene og alle karakterane. Dette er eit ambisiøst bokprosjekt - forfattaren vil så gjerne formidla ei på alle måtar stor historie - men for meg vart dette ei dårleg leseoppleving, dessverre.
Nullpunkt er den frittståande oppfølgjaren til Skyggeland som kom ut i 2012. Eg har ikkje lest den fyrste boka, noko eg muligens skulle ha gjort, - kanskje hadde eg fått meir utbytte av Nullpunkt dersom eg hadde blitt litt kjend med eit par av karakterane og litt av trådane frå tidlegare.
Dette er ein finansthriller der det m.a. handlar om svarte pengar, kvitvasking, innsidehandel, korrupsjon, taxisvindel, torpedoverksemd og anna grums. Det handlar også om media si rolle oppi dette. Forfattaren gir eit detaljert og realistisk innblikk av redaksjonen i finansavisa Dagens Økonomi. Her jobbar eit par særdeles dyktige gravejournalistar, Mellomstrand og Nergård; to særeigne karakterar med kvar si innhaldsrike fortid. Ved hjelp av tips og teft grev dei seg djupt ned og langt ut i eit uoversiktleg og - skal det visa seg - farleg farvatn.
Eg likar ofte spenningsromanar med eit samfunnsaktuelt og realistisk bakteppe, men akkurat denne boka vart for uryddig og springande for meg. Ho er for lang og omfattande og kunne godt vore kutta eit par-tre hundre sider. Handlinga hoppar for mykje og vert avbrutt av stadig nye tema, perspektiv og miljø. Etter mi meining er bihistoriane uklare og usystematiske og sjølve komposisjonen av boka rotete. Trådane vert for mange og eg mista konsentrasjonen - gong på gong. Avslutninga er brukbar, men då eg var kommen så langt i lyttinga, lengta eg berre til at boka skulle bli ferdig..
I tillegg irriterte eg meg voldsomt over det jålete og svulstige språket. Som regel legg ein ikkje så godt merke til språkbruken når ein lyttar til ei bok; ein høyrer meir på sjølve historia som vert fortalt. Men i dette tilfellet la eg godt merke til alle dei unødvendige adjektiva og til at forfattaren rota seg ut i lange blomstande miljøskildringar og inn i pinlege personskildringar.
Virkar eg sur? Det stemmer! Eg er gretten sidan eg no har kasta vekk 21 timar lytting til ei bok som ikkje gav meg noko som helst.

10. desember 2014
Bokomtale: Stalker av Lars Kepler
Cappelen Damm 2014
Speletid: 14:14
Opplesar: Ivar Nergaard
Kjelde: Kjøpt lydfil
Eg vart Lars Kepler-fan alt då eg las den fyrste boka i Joona Linna-serien, Hypnotisøren, i 2011. Det var noko intenst, fascinerande, fråstøytande og sjokkerande der som appellerte til den mørke sida av meg sjølv. Dessutan var boka så originalt komponert, ho var velskriven og lydbokversjonen hadde gode gamle Nils Nordberg som opplesar.
Eg opplevde ein bitteliten nedtur med bok nummer to, Paganinikontrakten - den leseopplevinga var ikkje fullt så intens, - men med dei to påfølgjande Ildvitnet og Sandmannen følte eg meg bortimot "hypnotisert" igjen.
Stalker er altså bok nummer fem i serien, men kan lesast som ein frittståande kriminalroman sidan forfattarane forklarar og repeterer hendingar og trådar frå dei tidlegare bøkene. Eg har høyrt på Ivar Nergaard som er opplesar av lydbokversjonen, og han har heva leseopplevinga mi ytterlegare med stemma si - nok ein gong. Supert!
Dei fleste som omtalar og anmelder denne bokserien legg vekt på at dei grove valds-skildringane er sentrale i bøkene. Eg er enig i at dei nærgåande, ekle og vonde skildringane er hard kost. Men bøkene inneheld så mykje meir.
Stalker er ei godt samanskrudd historie som for det fyrste er frykteleg spennande. Dernest er det ubehageleg og voldsomt. Grotesk og stygt. Rått og barskt. Men! - og her kjem det som eg tykkjer er så bra med dette forfattarparet: Det er empatisk. Forståingsfullt. Ekte. Hendingane det vert fortalt om er heldigvis og gudskjelov ikkje truverdige eller sannsynlege - men likevel altså: Ekte. Persongalleriet er variert - og ein kan sei at mange av dei vert framstilte som "overmenneske" som må tåla det utrulegaste - men like fullt: Forfattarane får dei til å framstå som ekte og levande.
I Stalker har det gått over eitt år sidan hendingane som fann stad i Sandmannen. Joona Linna forsvann i slutten av den boka og me forstår at han har halde seg skjult. Men når det endeleg vert slått fast at den skrekkelege Jurek Walter ikkje er ein trussel lenger, dukkar Joona opp igjen - "frå dei døde".
Me får på ny treffa psykologen og hypnotisøren Erik Maria Bark som me hugsar frå den fyrste boka. Som sakkyndig i ei drapssak ni år tidlegare bidro Bark til at presten og mordaren Rocky Kirklund vart dømd og innesperra i ein psykiatrisk sikringsanstalt. No har Rikskrim fått hendene fulle med fleire drap som har fleire likskapar med drapet som Kyrklund i si tid utførte. Har han ein medhjelpar, ein lærling eller handlar det om ein copycat? Den tidlegare presten har ein hjerneskade og hugsar lite - og her kjem så hypnotisøren Erik inn i etterforskinga. Joona Linna, som no er i ein elendig forfatning, deltek berre på sida av etterforskinga - men vert stadig meir involvert. Me får elles møta fleire nye og interessante karakterar i boka; den mest sentrale er den nye og svært gravide kriminalinspektøren som har overteke kontoret til Joona.
Eg er heldigvis ikkje mørkredd. Eg hadde fått problem med å komma gjennom denne boka dersom eg hadde vore det. For det handlar jo om eit mareritt; ein stalker og ein seriemordar av det mest utspekulerte og ondskapsfulle slaget. Eg vart så riven med av drivet og forteljinga at eg glatt oversåg/overhøyrde enkelte logiske bristar, lause trådar og usannsynlege reaksjonar og hendingar. Forfattarane beherskar nemleg forteljarhandtverket på ein slik måte at hendingane og personane vert truverdige sjølv om dei egentleg ikkje er det.
Boka har skiftande tempo, ulike perspektiv, mange forteljarstemmer og perfekte cliffhangers. Kjedelege avhøyr og finurlege tankerekker er det lite av i boka. Her er det action og "høgspenning" frå fyrste til siste side, knapt utan noko "kvileskjær". Gjennom 14 timar (eller 566 sider) får lyttaren/lesaren uuthaldeleg spenning, ei hardkokt historie og eit psykologisk drama.
Eit lite minusteikn i margen ved sidan av seksaren vert likevel notert for meg sjølv her: Forfattarane er farleg nær å gå over the top undervegs. Eg ser at det er ein viss fare for at framtidige bøker i serien kan bli ein parodi "på seg sjølv". Det kjem til å bli utfordrande for forfattarane; det vert liksom forventa at dei må overgå seg sjølv og sjokkera lesaren i kvar einaste bok. Eg tykkjer at eit par av valdsscenene i Stalker er unødvendig detaljerte og blodige og ristar litt på hovudet av alt fråveret av realisme. Men eg meiner at historia landar greit - så eg gir toppkarakter for denne boka også. Ekteparet Ahondril er stadig blant dei ypperste innan denne spesielle sjangeren. Det vert uansett spennande å sjå kva retning forfattarane av denne bokserien går.
Stalker anbefalast alle hardkokte krimlesarar. Les du Stalker blir du svett og andpusten utan å bevega deg i det heile tatt. Du kjem til å dra for gardinene dine. Du kjem kanskje til å forsova deg fordi du har lest og lest og lest, heile natta. Du får ei mørk og intens leseoppleving. Og - dersom du lyttar til boka, vert leseopplevinga og spenninga ekstra skummel og nær.

6. desember 2014
Bokomtale: Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2014
431 sider
Kjelde: Lånt på biblioteket
Riksnerden og historikaren Hans Olav Lahlum debuterte som krimforfattar med Menneskefluene i 2010, og sidan har han - innimellom alt det andre han deltek på og jobbar med - skrive krimromanar i eit svært høgt tempo. Tidlegare i haust kom den sjette boka i retrokrimserien hans; Maurtuemordene.
Patricia Borchman og Kolbjørn "K2" Kristiansen er fortsatt hovudpersonar, men innhaldsmessig er det meir psykologi enn tidlegare. Boka handlar om ein særdeles utspekulert seriemordar og startar med eit blikk direkte inn i hovudet til ein person som er i ferd med å begå eit mord. Med jamne mellomrom får lesaren lesa dei kursive tankane til denne mordaren.
Maurtuemordene er meir uoversiktleg enn Lahlum sine foregåande krimromanar. Persongalleriet er omfattande, analysane intrikate og forviklingane mange.
Krimserien til Lahlum er underhaldningskrim, men kan ikkje karakteriserast som kosekrim. Bøkene hans inneheld lite grove valdsskildringar og er på den måten ulik mykje av dagens kriminallitteratur. Forfattaren er inspirert av ulike klassiske kriminalromanar. Han legg vekt på motiv og alibi, spor og villspor, analysar og resonnement. Han gir også eit ganske fornøyeleg glimt av kultur, politikk og andre tidsbilete frå fyrste halvdel av 1970-talet.
Ein seriemordar er på ferde i Oslo våren 1972. Fleire unge kvinner blir drept, tilsynelatande utan system og motiv. Ved sidan av lika er det plassert eit bilete av ein maur. Det heile er sjukt og skremmande; det virkar som om mordaren drep kun for merksemda og spenninga si skuld. Ikkje eingong K2 sin rådgjevar, superintelligente Patricia, skjønnar noko. Det fyrste offeret er ein prektig teologistudent, nummer to er ei vilter jazzsangerinne og dernest følgjer ei ung formuande dame frå beste vestkant. Ingenting ser ut til å vera fellesnemnar for ofra. Frustrasjonen og frykta for ein lystmordar brer om seg.
Eg anbefalar serien om K2 og Patricia til alle som likar god gammaldags krim, men du bør vera førebudd på at handlinga er omstendeleg og at skrivestilen er saktegåande. Maurtuemordene er ei bok som må lesast nøye og ganske sakte. Boka er så finurleg og detaljrik at eg har brukt unormalt lang tid på lesinga. Eg har egentleg meir sans for krim med meir drivande handling og høgare tempo, men boka passar likevel godt til mine "litterære smaksløkar" (for å sei det med eit lahlumsk uttrykk).
Språket i serien er spesielt og snirklete, for liksom å understreka kor lenge det er sidan 1972.
Gjennomgangstemaet/sideplottet i serien som handlar om K2 sitt problematiske forhold til kvinner, er med på å gjera bøkene ufrivillig morosame og litt småpinlege. I denne boka skjønnar K2 omsider at han er forelska i ein viss person, men eg skal ikkje her røpa om han gjer noko meir med det..
Kjenner eg Lahlum rett, går det ikkje så lang tid før neste bok i serien kjem ut - og då får me vita meir om kva som skjer med etterforskarlivet og kjærleikslivet til Kolbjørn "K2" Kristiansen.

3. desember 2014
Bokomtale: Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson
Lydbokforlaget 2014
Opplesar Runa Eilertsen
Speletid 8:25
Kjelde: Lånt på biblioteket
Morfar, Hitler og jeg er ei god bok. Ho er velskriven, reflektert og nesten ubehageleg personleg. Ida Jackson byr på seg sjølv når ho fortel om morfaren som var på feil side under krigen. Per Pedersen Tjøstland var frontkjempar, SS-mann og redaktør for den nasjonalsosialistiske avisa Germaneren.
Etter krigen vart han dømd for landssvik og sona fem år i fengsel. Forfattaren oppdaga - via eit Google-søk og ein Wikipedia-artikkel - at den fantastisk snille morfaren hennar hadde ei fortid som nazist.
Tjøstland var ikkje berre ein sympatisør og NS-medlem. Han var ein overtydd nazist og rasist som trudde på den store jødekonspirasjonen og på pangermanismen. Han melde seg i 1941 til teneste i det nyoppretta "regiment Nordland" etter å ha høyrt Vidkun Quisling sin radiotale med oppfordring til alle nordmenn om å kjempa på tyskarane si side. Per vart sendt til Austfronten - og me er alle kjende med dei ufattelege lidingane og folkemorda som foregikk der. Forfattaren kjenner ikkje detaljert til kva morfaren gjorde eller ikkje gjorde, - men han må ha sett og han må ha visst.
Etter to og eit halvt år kom han heim, høgt dekorert med Jernkorset og sterkt prega av krigen - men framleis trudde han på "saka". Han var overtydd om at han gjorde det rette, trass i alt det grusomme og groteske han må ha opplevd (og utført). Akkurat det er heilt ubegripeleg.
Forfattaren fortel om motstanden i eigen familie om å gi ut denne boka. Det mest vanlege er vel å halda slike mørke familiehemmelegheiter skjulte og gøymde. Ida Jackson, derimot, har grave i fortida, i skriftleg og muntleg materiale, og gitt det heile ei bokform.
Morfar, Hitler og jeg er ei bok til ettertanke for nokon kvar.
Runa Eilertsen gjer ein finfin jobb som innlesar av lydboka. Anbefalast!

"SS-mannen Per Pedersen Tjøstland var en politisk ekstremist som var villig til å ofre livet for det han trodde på. Han var en totalitær nasjonalsosialist som syntes det var riktig å ty til vold for å bekjempe den jødisk-bolsjevikske konspirasjonen han mente truet det "germanske folk". Og han var en smart, omsorgsfull og talentfull mann. For ikke å snakke om verdens beste morfar."Det må ha vore vanskeleg å oppdaga at ein person som har stått deg nær, har ei slik fortid. I boka vert det veksla mellom morfaren si historie og forfattaren sine reaksjonar. Ida Jackson kjenner sjølv eit ekstremt politisk miljø godt sidan ho tidlegare var aktiv på ytterste venstre fløy, og tykkjer at ho kan forstå ein del av tankane til morfaren. Ho forstår konspirasjonsteoriane, det opprørske og det nærast religiøse i morfaren sine idéar.
Forfattaren som lita jente saman med den kjære morfaren sin. Innfelt soldaten Per Pedersen, 23 år gammal og frontkjempar. Bileta er henta frå idajackson.no |
Tjøstland var ikkje berre ein sympatisør og NS-medlem. Han var ein overtydd nazist og rasist som trudde på den store jødekonspirasjonen og på pangermanismen. Han melde seg i 1941 til teneste i det nyoppretta "regiment Nordland" etter å ha høyrt Vidkun Quisling sin radiotale med oppfordring til alle nordmenn om å kjempa på tyskarane si side. Per vart sendt til Austfronten - og me er alle kjende med dei ufattelege lidingane og folkemorda som foregikk der. Forfattaren kjenner ikkje detaljert til kva morfaren gjorde eller ikkje gjorde, - men han må ha sett og han må ha visst.
Etter to og eit halvt år kom han heim, høgt dekorert med Jernkorset og sterkt prega av krigen - men framleis trudde han på "saka". Han var overtydd om at han gjorde det rette, trass i alt det grusomme og groteske han må ha opplevd (og utført). Akkurat det er heilt ubegripeleg.
Forfattaren fortel om motstanden i eigen familie om å gi ut denne boka. Det mest vanlege er vel å halda slike mørke familiehemmelegheiter skjulte og gøymde. Ida Jackson, derimot, har grave i fortida, i skriftleg og muntleg materiale, og gitt det heile ei bokform.
Morfar, Hitler og jeg er ei bok til ettertanke for nokon kvar.
Runa Eilertsen gjer ein finfin jobb som innlesar av lydboka. Anbefalast!
1. desember 2014
Oppsummering november
Påbyrja i oktober, fullført i november:
Kerstin Ekman - Skrapelodd - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Carl Frode Tiller - Innsirkling 3 - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Lest i november:
Jeffery Deaver - Knokkelsamleren - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Den døende detektiven - Svensk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Olav W. Rokseth - Et spørsmål om beskyttelse - Papirbok lånt på biblioteket
Jon Michelet - En sjøens helt. Skogsmatrosen - Norsk roman - Kjøpt lydbok
Leif GW Persson - Profitørene - Svensk krim - Kjøpt pocket
John-Henri Holmberg (red.) - Mord og mysterier - Svenske krimnoveller - Kjøpt pocket
Anna Gavalda - Billie - Fransk roman - Lydbok lånt på biblioteket (avbraut)
Frank Aarebrot - 200 år på 200 sider - Historie/fakta - Papirbok lånt på biblioteket
Håkan Nesser - Levende og døde i Winsford - Lydbok lånt på biblioteket
Påbyrja i november, fullførast i desember:
Hans Olav Lahlum - Maurtuemordene - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Ida Jackson - Morfar, Hitler og jeg - Biografi/dokumentar/ - Lydbok lånt på biblioteket

28. november 2014
Bokomtale: Levende og døde i Winsford av Håkan Nesser
Lydbokforlaget 2014
(Papirutgåve: Gyldendal 2014)
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Speletid: 11:59
Opplesar: Kirsti Grundvig
Kjelde: Lånt på biblioteket
Håkan Nesser har skrive ein ny fengslande roman. Den forrige frittståande boka hans, Himmel over London, var noko utilgjengeleg med alle sine alternative forteljargrep og kronologiske krimspring, men Levende og døde i Windsor er ei meir lese- og lesarvenleg bok.
Her får ein ei smart oppbygd, spennande og velskriven historie, - ein original roman med visse thriller-/krim-effektar. Sakte og sikkert, lag på lag, vert det avdekka stadig nye element. Og når ein trur at ein har innsett korleis det heile heng saman, gjer handlinga ei heilt ny vending.
Boka er ein pageturner utan action og (nesten) utan drap og vald. Forfattaren rullar ut historia - stille og roleg. "Jeg"-forteljaren er Maria, ei middelaldrande svensk kvinne, tidlegare TV-vertinne og med eit kjent fjes, i alle fall i Sverige. Ho har vore gift med Martin i over 30 år og saman har dei to vaksne born. Når me møter ho i starten av boka oppheld ho seg inkognito berre saman med hunden sin i eit leigt husvære i utkant-England; i landsbyen Winsford i Exmoor. Maria brukar ikkje det riktige namnet sitt og me skjønnar at ho på flukt - frå noko eller nokon - det er uklart og uvisst i starten. Men ein skjønnar at her er det ugler i mosen og ymse grums i nær og fjern fortid. Kvar er mannen hennar? Kva har han gjort? Kven er han egentleg? Kva har Maria gjort? Kvifor?
Langsamt vert brikkene i puslespelet lagt, både for lesaren og for hovudpersonen sjølv. Det som hende i fortida vert naturleg og elegant fletta inn i notidsforteljinga. Maria nyttar dagane til å gå tur med hunden på heden og å lesa dagboknotata til mannen som ho har vore gift med så lenge og som har halde vesentlege saker og ting skjult for henne. Etter ei tid skjer det fleire mystiske og underlege ting som gjer at Maria byrjar å kjenna seg utrygg. Er ho i ferd med å bli innhenta av fortida? Av kva? Av kven?
Språket er sirleg og stødig og personskildringane presise - som alltid frå Håkan Nesser si side. Han lagar stemningsfulle bilete av naturen; av mørket, regnet og kulden. Det er som om ein kjenner vinden ruska i håret og ein ser dei mange villhestane - medan tåka legg seg over landskapet. Dei fine miljøskildringane gir lesaren ei kjensle av melankoli, - og samstundes vert det heile litt uhyggeleg. Hovudpersonen framstår som truverdig, levande og ekte. Maria er full av så mange kjensler; einsemd, sorg, fortviling, forvirring, hat, frykt - men også pågangsmot, håp og tru. Som lesar fekk eg sympati og medkjensle, men også undring - og avsky - for henne.
Levende og døde i Windsor er noko heilt anna og noko langt meir enn ein tradisjonell spenningsroman. Boka har fleire bihistoriar og eit ganske oversiktleg persongalleri. Spenninga stoppar litt opp av og til, men stig langsamt og sikkert - og gjer det vanskeleg å leggja frå seg boka. På eit vis handlar det om kor vanskeleg det er å flykta frå fortida og frå sitt gamle liv og om problem med å finna løysingar og avklaringar når ein skal byrja på nytt i godt vaksen alder.
Leseopplevinga var bra på alle måtar; språket, spenninga og stemninga fortener eit terningkast 5. Avslutninga er svært overraskande og litt brå, - men historia kunne knapt ha enda på nokon annan måte, ser eg no, i ettertid.
Eg var litt skeptisk til lydbokversjonen sidan eg har hatt "problem" med denne opplesaren tidlegare - fordi ho les så seint. Men - denne gongen tykte eg at Kirsti Grundvig si stemme og lesetempo passa godt. Ein kan faktisk merka at opplesaren likar boka; ho les med innleving utan å overdriva på nokon måte. (Enkelte andre opplesarar "spelar radioteater" når dei les lydbøker, det likar eg ikkje) Så ja - eg kan absolutt anbefala å høyra på Levende og døde i Windsor.
Bokbloggar Tine har også nettopp høyrt boka. Ho skriv i omtalen sin at "Håkan Nesser har en helt egen evne til å forene tankevekkende tekster med creepy stemning, og få meg som leser til å sukke i vellyst samtidig som jeg grøsser fornøyd". Det var godt sagt!

25. november 2014
Snart påske
Omslagsbiletet fann eg på Kroken & Kolden si Facebookside |
Og eg har alt funne ei påskekrimbok!
Forfattarduoen Kroken & Kolden fortel nemleg på Facebooksida si at deira bok nummer tre truleg vert klar i løpet av februar neste år. Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden er frå Lom og har gitt ut to kriminalromanar tidlegare; Evig skal døden vera i 2011 og Døden kjem med bussen i 2013. Dette er fin, lettlest, nynorsk "bygdekrim".
Kroken & Kolden viser jamnleg glimt frå skriveprosessen på Facebook. Om den kommande boka kan forfattarane fortelja:
"Da er lik, likkister, kjellarar, drapsvåpen, kyrkjegardar, graver, prestar, åstader og mordarar flikka og mekka på, teksta er stramma inn og vida ut alt etter som redaktøren vil ha det, og i siste avsnitt vart mordaren arrestert, så nå kan Seljestad og Vold og Kroken&Kolden puste ut. Og jammen har vi alt ein god idé til neste bok - men først er det språkvask og korrektur, og så er det jul!"Boken på vent er fast tema på bloggen Beathes bokhylle.
Der finn ein varierte og gode boktips!
23. november 2014
Bokomtale: En sjøens helt - Skogsmatrosen av Jon Michelet
Lydbokforlaget 2013
(Papirutgåve: Oktober forlag 2012)
Speletid: 42:59
Opplesar: Erich Kruse Nielsen
Kjøpt lydfil
Jon Michelet har hatt utruleg stor suksess med romanserien En sjøens helt. Forfattaren har tydeleg treft publikum med denne blandinga av historisk faktabok, reisebiografi, guttebok og krigsdrama. I skrivande stund ligg bok nummer tre, Gullgutten, på topp på bestseljarlistene. Eg tykkjer det er veldig fint at forfattaren skriv om krigsseglarane og hyllar deira innsats under 2. verdskrig. Det har dei verkeleg fortent.
Eg har akkurat fullført den fyrste boka, Skogsmatrosen. Dessverre vart ikkje leseopplevinga mi heilt på topp. Boka er ein murstein; omstendeleg, omfattande og omfangsrik - og utmattande detaljrik. Ein treng ikkje slå opp i atlas og leksikon eller ty til google-søk når ein les denne boka. Nei, her vert alt fortalt og forklart ned i minste detalj.
Papirutgåva er på nesten 800 sider, lydbokversjonen - som eg har "lest" no - er på godt over 40 timar. Og for ein gongs skuld kan eg dessverre ikkje anbefala lydboka. Opplesaren les altfor sakte og med ei veldig låg og monoton stemme. Men - eg har altså likevel fullført lyttinga, trass i det som irriterte meg; det låge tempoet og alle (unødvendige) faktaopplysningar. Eg har latt lydboka "surra og gå" og må innrømma at eg ikkje har følgd like godt med heile tida.
Michelet er egentleg ein god forteljar, og hovudhistoria som vert fortalt er viktig og dramatisk. Ein skjønnar at forfattaren skriv "med hjartet" og med respekt for dei boka handlar om; sjøfolka og krigsseglarane.
Me skal tilbake til tida då Noreg var ein stor og mektig sjøfartsnasjon. 18 år gammal får Halvor Skramstad frå Rena hyre ombord på Wilhelmsenskipet M/S Tomar. Halvor har bakgrunn som tømmerhoggar og ombord får han då raskt kallenamnet Skogsmatrosen. Året er 1939, og det er uro i Europa. Medan Halvor og dei på M/S Tomar oppheld seg i aust-Asia, får dei beskjed om at Noreg er i krig - og situasjonen for alle på skipet vert heilt annleis enn tidlegare. Intensiteten og dramatikken stig gradvis utover i forteljinga, og historia er etter mitt syn realistisk og truverdig. Me får følgja hovudpersonen Halvor tett; kronologisk og dag for dag, både gjennom ei allvitande forteljarstemme og gjennom dagboksnotat. Verda omkring Halvor vert dramatisk endra i løpet av den fyrste tida hans som sjømann - og Halvor forandrar seg også, naturleg nok.
Nesten 4500 norske sjøfolk omkom under 2. verdskrig. Krigsseglarane befann seg ute på havet, med kontinuerleg frykt for å bli torpedert av tyske ubåtar, fly eller skip. Ikkje så rart at mange av dei var mentalt sjuke då dei vende heim etter krigen.
Boka Skogsmatrosen er forholdsvis interessant og ganske lærerik. Ho har enkelte glimt av spenning og nerve, men er altså for lang og for treg.
Boka er verd å lesa fordi det historiske stoffet er lite skrive om tidlegare. Ho er ei påminning til oss alle om den heltemodige innsatsen dei mange sjøfolka gjorde i løpet av krigsåra, og om korleis krigsseglarane vart svikta av det offentlege Noreg etter krigen. Samfunnet tok dessverre ikkje like godt vare på alle krigsheltane sine.
Om eg kjem til å lesa dei neste bøkene i serien En sjøens helt? Neppe - men eg er bittelitt nysgjerrig på korleis det går med Halvor og dei andre..

22. november 2014
Mord og mysterier
er den norske tittelen på den populære britiske TV-serien Midsomer Murders. Serien er basert på novellene til forfattaren Caroline Graham og handlar om mord, hemmelegheiter og skandalar i ein liten søvnig engelsk by. Tidlegare likte eg godt å sjå slike kosekrim-seriar, men interessen har dabba av etter kvart.
Dette innlegget skal imidlertid handla om svenske Mord og mysterier og ei skikkeleg godteripose av ei bok! John-Henri Holmberg er redaktør for ei samling svenske krimnoveller berekna på den anglo-amerikanske marknaden; A Darker Shade of Sweden. Svensk (og anna nordisk) krim har i tida etter suksessen med Stieg Larssons Millenniums-trilogi fått eit voldsomt oppsving internasjonalt, og har fått sitt eige begrep; Nordic Noir. Samlinga er også utkommen på norsk no - men den norske utgåva er delt i to. Del 1 har fått tittelen Mord og mysterier, del 2 heiter Kalde skygger og skal etter planen komma ut i mars 2015.
Ni noveller er med i denne fyrste delen av samlinga. Dei er i ulike stilartar og frå både kjende og ukjende krimforfattarar. Den mest overraskande er kan hende ei novelle av Stieg Larsson som ikkje er blitt publisert tidlegare; ei slags science fiction/krim-novelle han skal ha skrive som 17-åring.
Redaktør Holmberg har skrive ei svært grundig og interessant innleiing der han fortel om historia og utviklinga av svensk krim. Han presenterer mange spennande forfattarar og deira inspirasjonskjelder, samt at han gjer greie for dei ulike undersjangrane som finst innan kriminallitteraturen.
Samlinga inneheld elles noveller av Cilla og Rolf Börjlind, Maj Sjöwall og Per Wahlöö, Inger Frimansson, Johan Theorin, Magnus Montelius, Sara Stridsberg,Veronica von Schenck og Katarina Wennstam. Dei fire siste var heilt nye og ukjende for meg, men i boka har kvar novelle eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte novella inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Veldig bra.
Eg likte novellesamlinga svært godt. Dette er ei fin blanding av stemningsfulle, mørke og gode historiar. Eg anbefalar boka til alle som har sans for kvalitets-grøss - og eg gledar meg alt til del 2 av denne samlinga. Den inneheld noveller m.a. frå Henning Mankell, Håkan Nesser og Åsa Larsson.
Tom Egeland har anmeldt novellesamlinga i VG og konkluderer slik: «I mylderet av krimantologier kan du trygt velge denne. Ikke bare fordi historiene i seg selv er medrivende, men fordi hver og en er så velskrevet at den fortjener en dedikert lesers oppmerksomhet.»
Eg er heilt enig med Egeland.
Gyldendal forlag 2014
John-Henri Holmberg (red.): «Mord og mysterier»
Ni svenske krimnoveller
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
256 sider

18. november 2014
Norgeshistorie på vent
Eg var heldig då eg var innom biblioteket ein snartur i dag og fann at Frank Aarebrot si bok 200 år på 200 sider var ledig. Sidan eg så og sei aldri ser på TV, gjekk eg glipp av det mykje omsnakka og omtykte TV-foredraget 200 år på 200 minutter. Difor ser eg fram til å ta fatt på denne boka. Historie er interessant, og når det vert formidla av ein kapasitet som Aarebrot, vert det underhaldande i tillegg. Reknar eg med.
Hadde lydbokversjonen vore tilgjengeleg, hadde eg skaffa meg den òg - men papirutgåva har den fordelen at ho inneheld mange illustrasjonar og bilete. Forlaget presenterer boka slik:
Rose-Marie seier at boka er Årets beste gaveidé og at ein treng både papir- og lydbokutgåvene for å få fullt utbytte av boka.
"Den andre" Berit har høyrt lydboka og likte ho veldig godt.
200 år på 200 sider er altså mitt bidrag til Boken på vent hos Beathe i dag. Klikk deg inn hos henne om du vil sjå andre ventebøker og få litt leseinspirasjon.

"Vi tas med fra grunnlovens tilblivelse på Eidsvold, via parlamentarismens feider, til verdenskriger, frem mot EF-strid, olje og vår egen tid. Her er hele den fantastiske utviklingen fra Norge var et fattig bonde- og fiskersamfunn, til at landet ble en rik og moderne demokratisk velferdsstat."Andre bloggarar:
Rose-Marie seier at boka er Årets beste gaveidé og at ein treng både papir- og lydbokutgåvene for å få fullt utbytte av boka.
"Den andre" Berit har høyrt lydboka og likte ho veldig godt.
200 år på 200 sider er altså mitt bidrag til Boken på vent hos Beathe i dag. Klikk deg inn hos henne om du vil sjå andre ventebøker og få litt leseinspirasjon.
16. november 2014
Vurdering av årets norske krim
Me som er krimentusiastar kan no finna nye norske bøker innan sjangeren krim og spenning - året rundt. Utan at eg har tal og statistikk å visa til, virkar det som om det kjem ut fleire og fleire krimbøker her i landet - så krimbokåret 2014 inneheld svært mange titlar. Debutantar dukkar opp som paddehattar. Eg er alltid nysgjerrig på krimdebutantane, men er som oftast enno meir spent på kva "gamle" og røynde krimforfattarar kjem med. Sidan eg har såpass lang og brei erfaring når det gjeld lesing av kriminalromanar, er eg kresen. Og kritisk. Og ofte: skeptisk.
Eg skulle ønska at forlaga jobba meir med forfattarane og produktet før bøkene går i trykken. Det virkar ofte som om bøkene berre vert pøst ut, som om det hastar med å få bøkene ut i hyllene og salsborda. Eg meiner at forlaga burde ta seg betre tid og spandera fleire ressursar til skikkeleg konsulenthjelp, språkvask og korrekturlesing. Dette gjeld sjølvsagt alle bøker i alle sjangrar, men etter mi meining er det påfallande mange bøker innan krimsjangeren som har feil og manglar når det gjeld rettskriving og språk.
Svært mange av dei nyare norske krimbøkene er dessutan altfor lange. Redaktør/konsulent /forfattar bør jobba meir med ei strammare redigering; dvs. å kutta i stoffet. "Det enkle er det beste", heiter det i eit slagord for ei kjend daglegvarekjede - og det gjeld ofte også kriminalromanar. Ved å kutta ut alt pjattet om uvesentlege ting trur eg sluttresultatet vert betre.
Dei svenske kriminalforfattarane Håkan Nesser og Arne Dahl er i stand til å skriva elegant, djupt og originalt om det meste, også om uvesentlege og kvardagslege ting og hendingar. Men det finst ingen norske krimforfattar som kan samanliknast med desse to.
Kriminallitteraturen dominerer alle sals- og utlånsstatistikkar. Enkelte vil hevda at kvantiteten øydelegg for kvaliteten; at det rett og slett vert gitt ut for mange krimbøker. Eg ser poenget, men er likevel ikkje heilt enig i det. For eg kan ikkje sjå at det er krimsjangeren det er noko gale med, men heller talentet på det enkelte forfattarskapet. Eg les innimellom dårlege og middelmådige krimbøker, men jammen kjem det ut svake/dårlege/mislykka bøker i andre sjangrar også!
Kva er så viktig for meg som krimlesar?
Jo, eg legg vekt på truverdige karakterar, gode miljøskildringar, samfunnsaktuelle tema og gjerne ein snedig komposisjon. Eg vil ha (ein viss grad av) realisme. Eg vil ha spenning. Eg vil ha eit godt og funksjonellt språk utan (for mange) klisjéar og språkblomstrar. Eg vil gjerne læra noko om historie, geografi og samfunnsforhold. Eg vil ha ei drivande handling, men ikkje nødvendigvis så høgt tempo. Eg vil ha ein hovudperson, ein krimhelt, som eg er (eller kan bli) godt kjend med. Eg set pris på kriminalromanar som utfordrar dei uskrivne reglane (også kalla "litterære formlar") som finst innan sjangeren. Eg likar humor, ironi og satire. Eg vil helst bli utfordra og overraska intellektuellt og kjenslemessig - og helst litt utmatta etter at eg har avslutta boka. I tillegg vil eg, som nemnd over, bli spart for uvesentlegheiter og pjatt. Eg er ute etter ei heilskapleg og god leseoppleving.
Er eg kravstor?
Javisst!
Og det trur eg at eg har til felles med dei fleste lesarar av norsk krim. Me vil ha krimlitteratur - med strek under litteratur, samt underhaldning og spenning.
Når det gjeld årets krimbøker, viser det seg nok ein gong at dei gamle er eldst. Eg har lest 20 av årets norske kriminalromanar til no, og det er bøkene til dei etablerte forfattarane Nesbø, Staalesen, Lindell, Fossum og Egeland eg rangerer høgast. Det er ein grunn til at nettopp desse forfattarane er kjende og populære.
I tillegg vil eg gjerne framheva ei bok av ein forfattar som inntil nyleg var fullstendig ukjend for meg: Broren av Olav W. Rokseth var ei verkeleg god leseoppleving. Det er flott at det dukkar opp slike nye dyktige spenningsforfattarar.
Nedanfor er mi personlege og subjektive vurdering av "mine" årets bøker innan krim og spenning, så langt. Klikk på boktitlane om du vil lesa omtalane mine.
Dette er mine favoritt kriminalromanar for 2014. Dei er svært bra (eg gav alle terningkast 5) og eg kan gi dei spesielle anbefalingar:
Egeland, Tom: Den 13. disippel
Fossum, Karin: Helvetesilden
Lindell, Unni: Brudekisten
Nesbø, Jo: Sønnen
Rokseth, Olav W.: Broren
Staalesen, Gunnar: Ingen er så trygg i fare
Følgjande krimbøker er så "lesbare" at eg har gitt dei terningkast 4:
Brekke, Jørgen: Doktor Fredrikis kabinett
Granhus, Frode: Djevelanger
Larsen, Frode Eie: Du skal lide
Mehlum, Jan: Ren samvittighet
Mæhle, Lars: Linnés dystre lærdom
Nore, Aslak: Oslo Noir
Tørring, Jorun: Mørketid
Yndestad, Monika: Gapestokk
Bøkene nedanfor fall ikkje heilt i smak hos meg. Dei har fått terningkast 3 og eg vil karakterisera dei som middelmådige.
Enger, Ragnar: Krypet
Enger, Thomas: Våpenskjold
Holterman, Sonja: Frostgraven
Jæger, Jørgen: Ridderkorset
Rohde, Hanne Kristin: Mørke hjerter
Teige, Trude: Jenta som sluttet å snakke
Eg er elles ganske "mett" av ny norsk krim akkurat no, men har ei bibliotekbok liggjande på vent som skal lesast med det fyrste: Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum. Eg skal også lesa dei nyaste bøkene til Chris Tvedt, Anne og Even Holt, Jan-Erik Fjell, Monica Kristensen og Marit Reiersgård - men eg kjem ikkje til å prioritera desse.
Resten av krimbokåret skal eg konsentrera meg meir om ymse utanlandsk krim.
På nattbordet ligg her tre av haustens krimbøker |

Gunnar Staalesen "leverer varene" denne gongen også. |

10. november 2014
Samleinnlegg: Haustlesing
Eg har rett og slett ikkje tid til å skriva gjennomtenkte og (meir eller mindre) velformulerte omtalar av absolutt alle bøkene eg les. Her kjem difor eit nytt samleinnlegg med "mikroomtalar i kulepunktformat" over ein del av bøkene eg har lest og lytta til i det siste.
Oppløsning av C.J. Sansom
- Britisk historisk krim, handling frå den fascinerande Tudortida
- Glimrande miljøskildringar
- Gode tidsbilete
- Særprega karakterar, særleg forteljarstemme og hovudperson, - ein advokat med pukkelrygg
- Snirklete og omstendeleg språk - men det står i stil til denne historiske tidsepoken
- Munkar, kloster, smugling, halshogging, lukka rom-mysterium
- Overraskande og god avslutning
Det levende kjød av Lene Kaaberbøl
- Dansk historisk krim
- Handling frå Frankrike på 1890-talet
- Bok nummer 2 i serie
- Mykje svakare enn den fyrste (Kadaverdoktoren)
- Nokså makabert, ein Jack the Ripper-liknande mordar
- Ikkje så veldig spennande, men overraskande avslutning
- Terningkast 4
Knokkelsamleren av Jeffery Deaver
- Amerikansk krim
- Bok nummer 1 i ein serie på 11
- Svært spesiell etterforskar - og etter kvart etterforskarpar
- Særdeles utspekulert og djevelsk copycat
- Får assosiasjonar til dei amerikanske TV-seriane Ironside, CSI og Criminal Minds. Og litt Hercule Poirot.
- Mykje ekkelt, mykje blod, mykje råskap
- Men lite truverdig og difor likevel OK
- Gruusomt spennande
Alvdalstrilogien av Kjell Aukrust
- Simen,
- Bonden og
- Bror min
- Genialt og lunt
- Humoristisk og usentimentalt
- Klassikarar
- Profft opplest av Toralv Maurstad
- Soleklar terningkast 6
Popsongar av Frode Grytten
- 24 noveller
- 24 stader
- 24 songar
- Folkeleg
- Humoristisk
- Melankolsk
- OK å lesa ei slik bok mellom andre bøker
Sanger til Willow Frost av Jamie Ford
- Amerikansk roman
- Handling frå Seattle, 1920- og 30-talet
- Kinesisk-amerikansk miljø
- Interessant, men berre til ein viss grad
- Om ein stakkars barneheimsgut som leitar etter mor si
- Oppskrytt bok
- Kjedeleg og altfor lang
- Manglar nerve
- Godt opplest av Duc Mai-The, men likevel terningkast 3
Skråninga av Carl Frode Tiller
- Godt komponert
- Ubehageleg velskriven
- Mørk stemning
- Skremmande realistisk
- Dystert og destruktivt
- Brutalt og rått om familievald, rus og psykisk sjukdom
- Repeterande og insisterande stil, ganske masete
- Difor vart leseopplevinga slitsam og litt tung
Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår av Haruki Murakami
- Om ein einsam og framandgjort ung mann i storbyen
- Han er på leiting etter venene sine frå fortida - og seg sjølv
- Fine og originale språklege bilete
- Lite handling, mykje filosofi
- Ikkje så god som forventa
- Ikkje så overraskande som forventa
- Ikkje så magisk som forventa
- Terningkast 3
Jeg er Malala av Malala Yousafzai
- Biografi og faktabok
- Imponerande av ein 17-åring
- Årets fredspris-vinnar
- Barnsleg og veslevaksen
- Men samstundes veldig moden
- Oppramsande stil
- Interessant, sterkt, leseverdig
- Ei viktig stemme
6. november 2014
Bokomtale: Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller
Lydbokforlaget 2014
Speletid: 16:20
Opplesarar: Ola G. Furuseth, Charlotte Frogner og Niklas Gundersen
Fyrst av alt: Eg tilhøyrer ikkje "fanklubben" eller "menigheten" til Carl-Frode Tiller. Eg har på ingen måte venta med lengsel og smerte på at denne avsluttande boka i trilogien skulle komma ut. Egentleg tykkjer eg vel at forfattaren har fått i overkant mykje skryt for bøkene sine. Eg er litt kjend med forfattarskapet til Tiller frå tidlegare i og med at eg har lest både Skråninga og Innsirkling 1 og Innsirkling 2. Eg vart ikkje overbegeistra for nokon av dei, men dei fenga meg såpass at eg tok med meg Innsirkling 3 som lydbok då denne var ledig på biblioteket.
Eg tykkjer at Tiller skriv ubehageleg godt og tett innpå karakterane, - det skal han ha. Men elles finn eg desse Innsirkling-bøkene noko kjedelege og langdryge og med altfor mykje fokus på det negative og på vanskelege samspel og relasjonar. Eg klarar ikkje å tru på alle desse dysfunksjonelle familiane og dei destruktive forholda deira. Det vert rett og slett for mykje.
Utgangspunktet for historia er spennande: David som har mista hukommelsen og ei avis oppfordrar folk som han ein gong kjende om å skriva brev for å få han til å hugsa. Slik vert lesaren kjend med ulike menneske som opp gjennom åra har hatt eit eller anna forhold til David. Dei kjem til orde gjennom brevskriving og gjennom deira eigne - delvis kryssande - forteljingar.
Desse forteljingane er prega av gjentakingar og håplause og endelause dialogar. Ein får liksom ei kjensle av å aldri komma vidare. Daglegdagse alminnelege utfordringar vert sett på som katastrofale. Meiningslause kranglar. Unødvendige løgner. Handlingar og utsegner vert tolka, feiltolka eller overtolka. Alt er liksom så vanskeleg, så bedrøveleg, så audmjukande. Det heile er merkeleg og patetisk. Personane er oftast usympatiske, ynkelege og ikkje heilt i balanse.
Men folk ler, flirer og smiler. Smiler med "harde smil". Flirer med "kalde flir" og "stramme flir". "Ler ein liten latter." Forfattaren legg inn stadige (og for meg uskjønelege) pausar: "Det går eit lite sekund." "Det går eit par-tre sekund." Alle desse sekunda som går er slitsame å lesa om, men slik er altså Carl Frode Tiller sin skrivestil.
Obs! Obs! Spoileradvarsel! Nedanfor vert det avslørt vesentlege deler av handlinga.
David er passiv hovudperson gjennom to og to tredjedels bok, men til slutt i denne boka, etter at åtte andre personar har fortalt om sine liv og sitt forhold til David, får lesaren "treffa" sjølve hovudpersonen. Innsirklinga er i ferd med å bli fullført. Og - omsider! - tek det til å bli litt interessant. Møtet med David er overraskande og ganske ubehageleg. Han er ingen sjarmerande karakter, for å sei det slik.
Innsirkling 3 har, som dei to føregåande bøkene, gode skildringar av sosiale og kulturelle motsetnader. Forfattaren har psykologisk innsikt og imponerande mykje menneskekunnskap, men for meg er ikkje dette spesielt fascinerande litteratur. Eg tykkjer dette på den eine sida er tung og trasig lesnad, deprimerande og repeterande, - men - på den andre sida får lesaren ei vanvittig kjenslemessig "reise" på vegen til å finna sanninga om David, - så eg må likevel ta av meg den hatten som eg ikkje har. Eg vart - litt motvillig, for eg hadde irritert meg over så mange ting medan eg las - gradvis meir og meir engasjert i historia.
Eg hadde forventa ein heilt annan (kanskje ein meir uavklart?) avslutning av trilogien enn det me fekk, og er litt usikker på kva eg tykkjer om lukkelege, nesten romantiske, avrundinga av denne romanen. Då eg hadde lytta ferdig hadde eg ei kjensle av at slutten var eit antiklimaks, men etter å ha tenkt meg om, kom eg fram til at det ikkje er så viktig; det er uansett forfattaren som bestemmer. Og Carl Frode Tiller har altså bestemt at historia om David skal avsluttast slik som ho blir.
Lydbokversjonane av Innsirkling-trilogien er snedig laga ved at det er ulike opplesarar til dei forskjellige forteljarstemmene, slik som i Helga Flatland sin trilogi. Eg skulle likevel ønska meg enkelte andre opplesarar. Nynorsk med austlandstonefall er kræsj i mine (vestlandske) øyre. Men Niklas Gundersen, som framfører David si "rolle", er veldig flink.
Eg forstår at boka er velskriven og skjønnar at Carl Frode Tiller er ein dyktig forfattar, men mi leseoppleving var ikkje heilt på topp. Er eg det einaste mennesket i universet som ikkje fann heilt ut av det med denne boka?

3. november 2014
Trilogien Vargskinnet - ei flott leseoppleving
I sommar las eg den prisbelønte kriminalromanen Hendelser ved vann av Kerstin Ekman. Boka gav "meirsmak" og eg fekk lyst til å lesa meir av denne forfattaren. Så innimellom all krimlesinga no i det siste har eg lest trilogien Vargskinnet - ei frodig, levande og gripande forteljing som eg anbefalar på det varmaste. Bøkene plukka eg med meg frå mor mi sine hyller.
Trilogien består av bøkene Guds barmhjertighet, Morgen kommer og Skrapelodd. Handlinga er lagt til den same fiktive staden som i Hendelser ved vann; til den vesle bygda Svartvattnet i Jämtland, i grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Me får følgja tre generasjonar, fleire ulike personar og deira liv og opplevingar, gjennom nesten hundre år. Historiane til dei ulike personane flettar seg fint inn i kvarandre.
Den nyutdanna og idealistiske jordmora Hillevi Klarin er den personen me får følgja nærast i den fyrste boka. Ho tek med seg ny kunnskap om hygiene og obstetrikk til den avsidesliggjande fjellbygda for å utføra yrket sitt som jordmor. Året er 1916, og møtet med fattigdommen, armoda og overtrua er brutalt. Tittelen på den fyrste boka er "Guds barmhjertighet", men samfunnet og livet er alt anna enn barmhjertig for mange av innbyggjarane i Svartvattnet. Etter ei mislykka forloving med ein konservativ prest, vert Hillevi gift med kjøpmannen Trond Halvarsson. Dei får mange år saman i det som må kallast eit lukkeleg ekteskap.
I det fyrste dramatiske jordmoroppdraget sitt møter Hillevi ungguten Elis; eit møte og ei hending som skal komma til å bety mykje for dei begge. Elis er ein fattig og sjukleg gut som utviklar seg til ein stor og berømt kunstnar, og er ein av forteljarstemmene som ein kan høyra gjennom heile trilogien. Den andre stemma som er med frå byrjing til slutt er samejenta Risten - eller Kristin, som er det svenske namnet hennar. Kristin er Hillevi si fosterdotter og veks opp saman med Hillevi sine biologiske barn. Kristin vender tilbake til samane gjennom ekteskap, men har mista mykje av "seg sjølv" og samekulturen i oppveksten.
I bind to er handlinga lagt til åra rundt 2. verdskrig og det er Hillevi si dotter Myrten som er hovudperson. I bok nummer tre er me komne fram til vår eiga tid og her handlar det mykje om barnebarnet Ingefrid. Dei to som på ein måte bind det heile saman er likevel dei før nemnde Kristin og Elis. Desse to - og eit ulveskinn.
Bøkene fortel om korleis livet i ein liten "avkrok" av verda har utvikla seg. Gradvis vart samfunnet modernisert og industrialisert, det vart betre kommunikasjonar og befolkningen vart ein del av storsamfunnet. Men alt har sin pris, det har ikkje minst den samiske befolkningen fått merka.
Kerstin Ekman har eit vakkert språk som spesielt kjem til uttrykk gjennom naturskildringane. Samstundes har ho også ein heilt spesielt rå skrivestil. Eg veit ikkje om andre forfattarar som kan fortelja naturleg og sjølvsagt om morkake og fødselsrifter, - eller mensblod og bind! Ho skriv også om lidenskap og begjær på ein beint fram og fin måte.
Det er heilt tydeleg at forfattaren har stor innsikt i litteratur, kunst, historie og "naturfag" som botanikk og biologi. Ho har òg djup innsikt i psykologi og mellommenneskelege relasjonar og får fortalt mykje om sosiale og kulturelle skilnader på folk.
Fleire av dialogane er ganske utfordrande lesing; samtalane mellom innbyggjarane i Svartvattnet er skrive på dialekt - og i den norske omsetjinga er dette ei slags trønderdialekt, naturleg nok. Dette var uvant og litt vanskeleg, men om ein les sakte går det an å skjønna kva dei seier.
Kvinneperspektivet står sentralt i denne trilogien. Me møter dei sterke kvinnene Hillevi, Myrten, Kristin og Ingefrid, - men dei er ikkje "overmenneskelege". Mange av opplevingane til desse kvinnene er strevsame, dystre og triste, medan andre er varme og nesten humoristiske. Alt det dei opplever gjer at dei veks som menneske - og medmenneske.
Trilogien Vargskinnet er eit storslagent verk som gav meg ei mektig leseoppleving. Ein får liksom lyst til å bli verande i bøkene. Ein blir så godt kjend med hovudpersonane og deira liv og i tillegg møter ein mange interessante bipersonar i fleire fascinerande miljø i ei omskifteleg tid. Det er imponerande korleis forfattaren formidlar jordnære og kvardagslege ting samstundes som det handlar om det allmenngyldige og eksistensielle. Eg har gitt alle bøkene - kvar for seg - terningkast 5 på bokelskere.no. Men leseopplevinga samla sett - heile trilogien - gir eg toppkarakter.
Kerstin Ekman skal eg lesa mykje meir av. Ho har eit stort og variert forfattarskap bak seg, så her reknar eg med at eg har mange fine leseopplevingar å sjå fram til.

1. november 2014
Oppsummering oktober
Påbyrja i september, fullført i oktober:
Aslak Nore - Oslo Noir - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Gert Nygårdshaug - Nøkkelmakeren - Norsk roman - Kjøpt ebok http://gertnyg.com/ebok/
Lars Mæhle - Linnés dystre lærdom - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Kerstin Ekman - Morgen kommer - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Thomas Enger - Våpenskjold - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Romain Puértolas - Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap - lånt ebok (avbraut)
Lene Kaaberbøl - Det levende kjød - Dansk historisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Gunnar Staalesen - Ingen er så trygg i fare - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Haruki Murakami - Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Olav W. Rokseth - Broren - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Malala Yousafzai - Jeg er Malala - biografi/dokumentar - Lånt ebok
Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Kerstin Ekman - Skrapelodd - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Carl Frode Tiller - Innsirkling 3 - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Månadens beste leseoppleving:
Vargskinnet-trilogien av Kerstin Ekman (Ikkje heilt fullført i skrivande stund, omtale kjem seinare)
Månadens nedtur:
Murakami. Ikkje så magisk som forventa.

Lest i oktober:
Kerstin Ekmann - Guds barmhjertighet - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Trude Teige - Jenta som sluttet å snakke - Norsk krim - Lytteeksemplar frå LydbokforlagetKerstin Ekmann - Guds barmhjertighet - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Lars Mæhle - Linnés dystre lærdom - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Kerstin Ekman - Morgen kommer - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Thomas Enger - Våpenskjold - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Romain Puértolas - Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap - lånt ebok (avbraut)
Lene Kaaberbøl - Det levende kjød - Dansk historisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Gunnar Staalesen - Ingen er så trygg i fare - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Haruki Murakami - Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Olav W. Rokseth - Broren - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Malala Yousafzai - Jeg er Malala - biografi/dokumentar - Lånt ebok
Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Kerstin Ekman - Skrapelodd - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Carl Frode Tiller - Innsirkling 3 - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Månadens beste leseoppleving:
Vargskinnet-trilogien av Kerstin Ekman (Ikkje heilt fullført i skrivande stund, omtale kjem seinare)
Månadens nedtur:
Murakami. Ikkje så magisk som forventa.
31. oktober 2014
Bokomtale: Broren av Olav W. Rokseth
Lydbokforlaget 2014
Speletid: 10:25
Opplesar: Ivar Nergaard
Kjelde: Lydfil frå Lydbokforlaget
Dette er ei imponerande bra bok! Ho er velskriven, svært spennande og utruleg aktuell. Historia har mykje til felles med og kan minna om Aslak Nore sin thriller frå 2012; En norsk spion - men utgangspunktet for Rokseth si historie er annleis:
Fem år gamle Daniel er dødssjuk og har berre veker att å leva. Det einaste som kan redda han er ein beinmargstransplantasjon frå faren Alex. Men faren er sakna; han forsvann på uklart vis under eit opphald i Afghanistan. Difor reiser Jonas, Alex sin bror og Daniel sin onkel, til dette svære krigsherja landet for å finna han. Som nål i ein høystakk, skulle ein tru - men Jonas har sjølv gjort teneste i landet og har sine kontaktar.
Det vert ei nervepirrande reise med fleire umenneskelege utfordringar. Ein får også eit ekstra spenningsmoment med kampen mot klokka; tida er i ferd med å renna ut for vesle Daniel.
Parallellt med historia om Jonas som deseperat leitar etter bror sin, får lesaren vita at Alex lever. Men noko har skjedd med han; når me møter han heilt i starten av boka har han nyleg blitt avhøyrt og torturert:
Broren vart for meg ei god leseoppleving, særleg fordi boka er så aktuell. I desse dagar trekker dei siste ISAF/NATO-styrkane seg ut av Afghanistan, og i går kom nyhenda om at Noreg sender 120 soldater til Irak og Afghanistan for å bidra i kampen mot IS.
Sidan 2004 har 8000 norske menn og kvinner tenestegjort i Afghanistan, og forfattaren reflekterer i denne boka rundt Noreg sitt engasjement i landet. Eit anna aktuelt tema som vert omhandla, er unge nordmenn som av ulike årsaker let seg rekruttera til "heilag krig" i fjerne land.
Ivar Nergaard si opplesing av lydboka bidreg til å heva leseopplevinga ytterlegare.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

".. Jeg så at Thomson likte hvordan jeg reagerte da han spurte meg om jeg kunne drepe Jonas. Han vil ikke ha en medarbeider som bærer på forstyrrende traumer. Han vil ikke ha en psykopat. Han vil ha en maskin som kan utføre jobben for ham, med den nådeløshet, handlekraft og praktiske intelligens som behøves. Han vil ha en som tåler smerte, tåler forsakelse, tåler andres lidelse. Jeg passer ham utmerket.."Historia tek fleire uventa vendingar og vert fortalt på ein svært intens måte. Me får innblikk i den afghanske fjellheimen, om narkotikaproduksjon og korleis dei vestlege etterretningsorganisasjonane arbeider. Forfattaren fortel det heile på ein filmatisk måte: Det er enkelt å sjå for seg dei fundamentalistiske taliban-soldatane og den fattige og krigstrøytte lokalbefolkningen. Kvinnene si stilling og posisjon under ulike forhold er også eit tema i boka.