Eg hadde aldri høyrt om Wilhelm Holst før eg starta på Sigrun Slapgard si bok, men dette vart så absolutt ei god leseoppleving. Biografien Eit hemmeleg liv er lærerik, gripande, spennande og interessant. Det er ei bok som inspirerer til vidare lesing og som kan anbefalast på det varmaste.
Sider
21. april 2021
Biografi: Eit hemmeleg liv av Sigrun Slapgard
Eg hadde aldri høyrt om Wilhelm Holst før eg starta på Sigrun Slapgard si bok, men dette vart så absolutt ei god leseoppleving. Biografien Eit hemmeleg liv er lærerik, gripande, spennande og interessant. Det er ei bok som inspirerer til vidare lesing og som kan anbefalast på det varmaste.
10. april 2021
Bokomtale: Friheten av Arne Dahl
Cappelen Damm 2021
398 sider
Kjøpt papirbok
"Friheten" er ein tittel som kan oppfattast positivt, men Friheten har ei heilt anna tyding i denne boka - ikkje spesielt overraskande for oss som har kjennskap til bokserien frå før. Her er Friheten ein plass der det forgår tortur, overgrep og drap - og det som rår der er vald, grådigheit og rein ondskap.
Etter å ha lest - og likt - dei tre fyrste bøkene Utmarker, Innland og Åpen sjø, fekk eg på mange måtar det eg forventa i bok nummer fire - Friheten. Det er ei mørk forteljing; ein intens og tett thriller. Tidvis er det så ulideleg spennande at ein vert kortpusta og kjenner pulsauke medan ein blar vidare til neste side. Boka er nesten umuleg å leggja frå seg, samstundes er det så nervepirrande at ein nesten ikkje orkar å lesa vidare - men så gjer ein sjølvsagt det. Mot slutten, når pusten og pulsen er i ferd med å normalisera seg, får ein så ein sjokkerande cliffhanger på siste side.
Mykje kunne tyda på at Åpen sjø var den avsluttande boka i forteljinga om Sam Berger og Molly Blom, men så dukka dei jammen opp igjen. Og det blir altså fleire bøker. I eit forfattarmøte i samband med Krimfestivalen kunne Arne Dahl fortelja at han no er i gang med den femte boka.
Stikkorda trafficking, menneskehandel og mafiaverksemd kan gje ein peikepinn om kva boka ytre sett handlar om. Antagonisten er ein av det fælaste og mest motbydelege eg har møtt i ei bok nokon gong. Elles får eg assosiasjonar både til Stieg Larsons Salander/Blomkvist og til Lars Keplers Linna/Bauer når eg les om Berger & Blom. Samt til Arne Dahls eigne Paul Hjelm og Kerstin Holm (i A-gruppen), i måten dei utfyller kvarandre på.
Både Sam Berger, Molly Blom og bestevenen Deer vert utsette for ekstreme fysiske påkjenningar og kjenslemessige utfordringar i boka. Berger og Blom sitt forhold er heilt spesielt; det er ikkje "avklart" sjølv om dei no har fått eit barn saman. Det virkar ikkje som dei har full kontroll, verken på seg sjølv eller kvarandre - og dei er på sett og vis nokre upålitelege hovudpersonar. Ein veit liksom aldri kva dei kan finna på og kva det neste steget blir. Og det blir knapt med tid til venskap, kjærleik og erotikk når andre og viktigare ting står på spel.
Eg har lest svært mange av bøkene til Arne Dahl og han er absolutt ein av mine favorittforfattarar. Eg likar både Utmarker-serien og A-gruppen-serien, sjølv om dei er veldig ulike. I serien om A-gruppen handlar det om heile etterforskargruppa, og både familieliv, politikk, historie og kultur har ein viss plass i dei ulike bøkene. I serien om Berger og Blom har slike ting minimal plass. Her er det meir rett på sak - og det er det mørke, det psykologiske og det ekstreme som er i fokus. Enkelte av personane frå A-gruppen-bøkene dukkar forresten opp i denne serien.
Forfattaren sparar ikkje på virkemidlane når det gjeld skildringar av skrekk, ondskap og brutalitet denne gongen. Deler av innhaldet er rett og slett ubehageleg og skremmande lesnad - og eg tenkjer at forfattaren må ha hatt litt av ei reise medan han har jobba med Friheten. Etter kvart blir det veldig mange parterte lik, og blodige kroppsdeler dukkar opp på dei utrulegaste plassar. Slikt er ikkje særleg sannsynleg eller realistisk, men effektfullt - det er det, i høgste grad.Det er likevel ikkje det brutale og groteske som gjer boka så ekstremt spennande. Det som er avgjerande er den psykologiske spenninga og dei forventningane som lesaren får undervegs.Friheten er ei dramatisk og rystande forteljing - og eg grugledar meg verkeleg til oppfølgjaren.
Bjørnebok, som er kritisk til dei blodige valdsskildringane. Eg ser at han har eit poeng, men eg har likevel konkludert med eit heilt anna terningkast.
Henningbokhylle, som er veldig begeistra og gir terningkast 6.
4. april 2021
Vårlesing: Krim og atter krim
Eit nytt samleinnlegg med ymse krim og ei ny rundreise i krimverda.
Me startar i Noreg.
Her handlar det om å venda heim til eit slitent bygdesamfunn, om gammal urett, vonde motsetningar og uoppgjorte hendingar.
Iført fotlenke reiser hovudpersonen Stella attende til barndomstraktene for å delta i gravferda til far sin. I notid føl me Stella si jakt på sanninga og innimellom får me tilbakeblikk der det vert avslørt kva som gjorde at ho braut all kontakt med heimstaden den gongen. Gudmoren er elles befolka med sære og (over)tydelege personar, noko som passar bra i ei historie som dette.
Terningkast 4-.
Så - eit par svenske bøker som ga meg totalt ulike leseopplevingar.
Lagercrantz har vidareført Stieg Larsson sin noko pompøse skrivestil, men tidvis vert det noko påklistra, utan at det går særleg ut over leseopplevinga. Anders Ribu er perfekt som opplesar av Millenniumserien i og med at han formidlar dette pompøse/storslagne på ein god måte.
Handlinga er lagt til fascinerande Gotland, men heller ikkje det hjalp stort. Boka inneheld alt eg ikkje likar: Klissete romantikk, klisjéaktige karakterar, forutsigbar handling, rotete innhald, overforklarande, dårleg avslutning.
Terningkast 2-.
Over til britisk krim og eit nytt forfattarnamn for meg.
Ikkje alt er sannsynleg og/eller realistisk i denne forteljinga, men det må ein berre oversjå. Terningkast 4.
Til slutt eit amerikansk innslag.
Christoffer Staib si opplesarstemme passar godt til forteljarstemma i boka.