14. mars 2019

Bokomtale: Åpen sjø av Arne Dahl

Cappelen Damm 2019
334 sider
Kjøpt papirbok


Åpen sjø er den tredje og (truleg) siste boka i serien om Sam Berger, Molly Blom og Desiree Rosenkvist. Dei to fyrste er Utmarker og Innland. Å lesa denne boka utan å ha lest dei føregåande gir ingen meining. Ideelt sett bør bøkene strekklesast etter kvarandre, for det går gjerne litt tid før ein kjem inn att i handlinga. Forteljinga er såpass kompleks at det er litt problematisk å halda styr på trådar, hendingar og karakterar.

Handlinga i denne boka tek til omlag der Innland sluttar - med at Molly ligg i koma på eit sjukehus, Sam er mistenkt og etterlyst for mord og Deer sit i harde avhøyr. Men få ting er slik som det ser ut til å vera i denne trilogien - og me får ganske snart følgja dei tre hovudpersonane gjennom nye utfordringar. Enkelte hendingar frå dei tidlegare bøkene får si forklaring medan nye spørsmål melder seg. Kidnappingsakene frå Utmarker får ei oppklaring og moldvarpane i politietaten vert etter kvart avslørte.

Åpen sjø er ein blanding av politikrim og psykologisk thriller og byr på innfløkt handling, jamn og stigande spenning og ei avklara avslutning. Samt ein del litterære referansar som eg ærleg talt ikkje skjønte så mykje av. Det vert vist til både Macbeth av Shakespeare og Ulysses av James Joyce - to litterære verk eg ikkje har særleg kjennskap til.

Eg er vanlegvis ikkje så glad i å lesa om romantikk og erotikk, men det Salander/Blomkvist-liknande forholdet mellom Sam og Molly er mystisk og nervepirrande og tilfører boka ein annan stemning og eit ekstra spenningsmoment. Forholdet deira har gradvis og over tid blitt endra og kjenslene dei har for kvarandre er djupare. Kva kan bli konsekvensane? Dei er avhengige av kvarandre, men kan dei stola på kvarandre? Det har jo vist seg at dei har halde vesentlege opplysningar skjult for andre - og kvarandre - i lang tid.

Eg likar den mørke stemninga og alt det uventa som skjer i boka. Plottet er finurleg, originalt og vel gjennomtenkt - om enn ikkje særleg realistisk eller truverdig. At handlinga er noko oppkonstruert har elles lite å bety for leseopplevinga, for bøkene til Arne Dahl inneheld ein slags "logisk urealisme". Dette kjem til uttrykk på ulike måtar, t.d. ved at gamle kjenningar frå  A-gruppen (og Opcop) dukkar opp i handlinga i denne boka. For oss som kjenner og likar den bokserien er dette eit høgst overraskande og gledeleg grep.

Arne Dahl er ein god forteljar; han er god på timing og er treffsikker når det gjeld karakteristikkar og skildringar. Forteljarstemmene tilhøyrer vekselvis Sam, Molly, Deer og ei meir allvitande forteljarstemme. Språket er stilsikkert og velformulert, som alltid hos Dahl.

Boka har fått blanda mottaking. Somme er begeistra, andre er kritiske til at forfattaren dreg det litt langt når det gjeld (mangel på) truverdigheit og (for mykje) oppkonstruert handling. Eg skjønnar innvendingane, men for meg vart Åpen sjø ei god og spennande leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok

11 kommentarer:

  1. En klok og grundig omtale!

    Takk for link :-)

    SvarSlett
  2. Heisann! Jeg skjønner absolutt hva du mener, både med at det er fullstendig meningsløst å lese denne ueten å ha lest de to foregående, og at de bør strekkleses. Jeg begynte friskt og forventningsfullt, men kasta inn håndkleet etter ca femti sider. Hadde glemt for mye til at det ble morsomt å lese... Nå skummer jeg meg gjennom "Innland" for å komme på sporet igjen, og har trua på at "Mittvatn" blir en større suksess etter det ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var lurt - og eg angrar egentleg på at eg ikkje gjorde det same. Truleg får du ei mykje betre leseoppleving når du friskar opp innhaldet i Innland og Utmarker.

      Slett
  3. Boken du skriver om var en av flere bøker jeg leste om og som jeg lurte på å kjøpe. Men var litt i tvil, og det virker å være en riktig avgjørelse ut ifra det du skriver og det Berit kommenterer i og med at jeg ikke har lest de to foregående. Jeg kjøpte heller en bok av en annen forfatter som var omtalt i innlegget; Etter styrten av Michel Bussi. Boken som ble omtalt var Tiden er en morder. Men jeg kjøpte den foregående som er gitt ut på norsk. Jeg leser lite krim og er blitt så sær at jeg helt sikkert går glipp av mange gode lesetimer med bøker i en sjanger jeg leste mer av før.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir gitt ut (altfor) mykje krim, så det er lurt å skaffa seg informasjon frå fleire kantar før ein går til innkjøp. Eg anbefalar Arne Dahl så sterkt eg kan, han skriv betre enn dei fleste andre kriminalforfattarar. Dersom du vil lesa denne trilogien må du for all del starta med 'Innland'. Trur sikkert at du ville likt serien om A-gruppen, Dahl sin fyrste bokserie. 'Misterioso' er fyrste bok.

      'Etter styrten' er ein fengslande og original krimthriller, og no fekk eg ei påminning om den nye boka til Bussi. Den skal også lesast, ein gong.

      Slett
    2. Retting:
      Eg skreiv at du måtte byrja med 'Innland'. Det korrekte er naturlegvis 'Utmarker' som er fyrste bok.

      Slett
  4. Liker det du sier om strekklesing. Beste måten å lese krim på, alle serier egentlig. Ikke lest noe av Arne Dahl før men tror kanskje jeg skal prøve meg på denne. Du sa jo alle nøkkelordene. Salander, trio, psyk, politi...

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, egentleg bør seriar strekklesast - men det skjer sjeldan, i praksis. Eg har ein tendens til å driva med hultertilbulterlesing. Det er ikkje alltid like vellukka.
      Likar at du har peila deg inn på Sam og Molly. Rekkefølge 1 Utmarker 2 Innland 3 Åpen sjø.

      Slett
    2. Trodde Arne Dahl var norsk, (hva ellers skulle han være lizm), så mine forhåpninger på storytel var små, ble faktisk litt overrasket da jeg så hvor mange bøker som lå der, og sjokkert da jeg innså at han var svensk. Universet åpnet seg. Begynner på førsteboka straks jeg er ferdig med pågående lydbok. (kun den første lå der på norsk forresten)

      Slett
    3. Arne Dahl på svensk / Storytel er absolutt anbefalingsverdig! Har akkurat avslutta den siste boka og etter ei stund tenker man ikke på at det ikke er norsk- dyktig fyr som leser også, så her er det bare å glede seg ;o)

      Slett