25. april 2017

Bokomtale: Utmarker av Arne Dahl

Cappelen Damm 2017
363 sider
Kjelde: Kjøpt papirbok

Det er uhyre sjeldan eg kjøper ei bok til fullpris - det har vel ikkje hendt på mange år. Som oftast brukar eg biblioteket sine tenester eller ventar til pocketutgåva kjem. Sidan eg hadde bestemt meg for at Arne Dahl si nye bok skulle bli årets påskelesing for meg, hadde eg ikkje noko val; boka måtte kjøpast fordi biblioteket ikkje hadde boka inne. Eg angrar ikkje på kjøpet - slett ikkje. Dette er ei bok som er verdt pengane; ein særdeles velskriven og velkomponert krimthriller - den fyrste i ein heilt ny serie frå svenske Arne Dahl.

Sidan Arne Dahl er ein av favorittforfattarane mine hadde eg naturlegvis høge forventningar til Utmarker - og eg er veldig glad for at forventningane vart innfridde. Innan denne sjangeren er det få - om nokon - som kan skriva like stemningsfullt. Dahl er meir raffinert og har eit mykje betre språk enn dei fleste andre kriminalforfattarane eg kjenner til. 

Medan serien om A-gruppen har heile etterforskargruppa i fokus, er hovudrolla i denne boka ein enkelt politietterforskar - og etter kvart ein etterforskarduo. Desse to - Sam Berger og Molly Blom - dannar eit interessant og umake par; ein dynamisk og slagkraftig duo med ekstremt analytiske og nærast telepatiske evner. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til Millennium-trilogien og Salander/Blomkvist: forholdet deira inneheld både skepsis, fiendskap, lojalitet og erotisk tiltrekningskraft.

Utmarker har ei heller mørk stemning og er samstundes ei historie med eit voldsomt driv. Det skuldast fyrst og fremst måten forfattaren har komponert det heile på. Dahl er ein forfattar med ein velutvikla sans for timing; han porsjonerer ut akkurat passe med informasjon på akkurat rette tidspunkt i forteljinga. Plottet er finurleg, originalt og vel gjennomtenkt. Dialogane er naturlege og karakteristikkane treffsikre. Handlinga føregår for det meste i notid, med nokre få og effektive tilbakeblikk. Det er elles vanskeleg å gje eit handlingsreferat av boka fordi ho inneheld så mange vendingar og har så mange lag. Men kort og generelt sagt handlar det om (noko som kan sjå ut som) seriemord, om overvakingssamfunnet, om hemmelegheiter, om konspirasjonar, om spor og villspor og om alternativ og parallell etterforsking.

Arne Dahl sørger for at spenninga vert halden vedlike gjennom heile boka - og når boka er ferdig utlest har Berger og Blom - og lesaren - gått gjennom mange overraskingar, påkjenningar og opplevingar. Skildringar av miljø, kjensler og karakterar er nemleg utført på ein så meisterleg måte at ein vert reint utmatta - fordi ein har "deltatt" i etterforskinga og "levd saman med" karakterane i boka.

Cliffhangeren på slutten er av det uuthaldelege slaget - og forhåpentlegvis varar det ikkje så lenge før bok nummer to - Inland - kjem ut i norsk språkdrakt.

Utmarker anbefalast på det varmaste.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Bokbloggeir, OP-5.
Ta gjerne turen innom bloggen til den eg trur er Norges største Arne Dahl-fan; Evert Pangs funderinger

8 kommentarer:

  1. En aldeles herlig omtale, Berit! Takk for link :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Bjørn. Omtalen din er slett ikkje verst den heller :-)

      Slett
  2. Må nok absolutt lese denne, skjønner jeg. Den får jo bare god kritikk! Også av deg, sjelden å se du triller en sekser.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har heilt rett, Anita. Både i at boka må lesast og i at seksarane mine er sjeldne.

      Slett
  3. Hei Berit!
    Jeg har (antakelig fy og skam!) ikke lest ei eneste Arne Dahl-bok, men jeg har jo registrert at du er begeistra. Når dette er den første i en serie, ser jeg plutselig lyst på saken! Det er ikke lett å komme sent i gang med serier, men nå har jeg jo anlending til å være tidlig ute! Noteres på leseønskelista ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra! Eg trur ikkje du kjem til å angra på at du gir Arne Dahl ein sjanse.
      Å ta fatt på den fyrste boka i ein årelang serie på ti - det gjer ein ikkje utan å vera overbevist. Men her har du sjansen til å bli kjend med forfattaren utan at du føler det som eit ork. Og kven veit - kanskje du får lyst til å lesa bokserien om A-gruppen etterpå?

      Slett
  4. Oyoyoy.... en sekser! Jeg husker fra tidligere at Arne Dahl er en av dine favoritter, så jeg skjønner godt at du hadde sett deg ut denne som påskekrim. Noterer bak øret, til neste gang jeg vil ha en kvalitetskrim :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er kvalitetskrim, så absolutt. Fint å bidra med tips, veit du :-)

      Slett