24. august 2016

Favorittforfattarar: A

Eg startar opp ein ny fast spalte på denne bloggen, inspirert av Hedda og bloggen hennar Boktanker. Hedda har forlengst gått alfabetisk gjennom favorittforfattarane sine og er i gang med favorittbøkene. Eg har lenge sysla med tanken om å gå gjennom mine eigne favorittar på tilsvarande måte - og med dette er eg i gang. Me har alle våre eigne preferansar og mine favorittar er nok heilt andre enn dei Hedda har.
I dag startar eg opp med to favorittforfattarar på bokstaven A - og så vil tida/skrivelysta vise kor ofte denne spalten blir oppdatert - ein gong i månaden kanskje? Eg tek utgangspunkt i førenamna på forfattarane, men reknar med at dette kanskje må endrast på undervegs for å få det til å "gå opp" og passa inn i heilskapen. Eg kjem til å plukka ut eit par forfattarar pr. bokstav og i tillegg kort nemna andre forfattarar som eg set pris på. Somme bokstavar kjem til å bli vanskelege, andre kjem til å bli enkle: Eg ser alt at bokstaven B kjem til å bli meir utfordrande enn A'en. Dersom andre bokbloggarar har lyst til å henga seg på ein alfabetisk favorittgjennomgang, er det fritt fram for det.


Arne Dahl
Foto: arnedahl.net

Eg byrjar med "svensken med det norske namnet". Arne Dahl er pseudonym for Jan Arnald - og for mine eventuelt faste lesarar burde han vera velkjend, for eg har brukt ein del energi og mange blogginnlegg på å framsnakka denne eminente forfattaren. Her kjem ei ny påminning om at Arne Dahl er mellom Skandinavias mest dyktige innan krimsjangeren - noko som ikkje seier så lite, for det finst mange dyktige norske, svenske og danske kriminal- og spenningsforfattar.

Jan Lennart Arnald (f. 1963) er forfattar, kritikar og litteraturvitar og Arne Dahl er krimforfattar-namnet hans. For dei fleste er han mest kjend for serien om A-gruppen; "Rikskriminalens specialenhet för våldsbrott av internationell art" (10 bøker og ein epilog). Dette er ein serie eg anbefalar alle krimelskarar - på det varmaste. Intrikate plott, elegant språkføring, intelligent humor, samfunnsaktuelle tema og truverdige karakterar er stikkord for desse bøkene.

Kronologien er vesentleg for leseopplevinga, den kan du finna i dette innlegget. Har du lyst til å lesa meir om Arne Dahl og forfattarskapet hans kan du klikka deg inn på denne nettsida.

Eg har eit sterkt ynskje om at OpCop-serien skal bli oversatt og utgitt på norsk, men det ser ut til at me som er Arne Dahl-fans må venta lenge på det. Men - ifølge sikre kjelder skal den aller nyaste og kritikerroste boka hans, Utmarker, komma på norsk i forholdsvis nær framtid. Det gledar eg meg til!


Foto: http://hubpages.com/

Agatha Christie

Agatha Mary Clarissa Miller Christie Mallowan, britisk kriminalforfattar (1890 - 1976).

Det er sjeldan eg les bøker av Agatha Christie no for tida, men altså; ingen over, ingen ved sidan. Rett som det er ser ein at kvinnelege krimforfattarar vert marknadsført som "krimdronningar", men ingen fortener den tittelen så mykje som det dame Agatha gjer.

Kva Agatha Christie har betydd for fleire generasjonar krimforfattarar og krimlesarar er ikkje målbart, men ein kan kort oppsummera med at ho skreiv eit hundretals kriminalromanar, noveller og skodespel, er blitt oversatt til omlag 150 språk og at bøkene hennar er blitt selde i ufattelege to milliardar eksemplarar.

Den enorme populariteten kan forklarast med utspekulerte plott, elegante framføringar, overraskande avslutningar, knusktørr humor og framifrå erkebritiske miljøskildringar. Samt i karakterane Miss Marple og Hercule Poirot som me alle er glade i og kjenner så godt frå utallige bøker, filmar og TV-seriar. Dersom eg skal plukka ut mine favorittbøker, må eg nemna 'Mord på Orientekspressen', 'Ti små negerbarn' (som i seinare tid har fått den meir politisk korrekte tittelen 'Og dermed var det ingen'), 'Doktoren mister en pasient' og 'Mord etter alfabetet'.

- - - - - - - - - -

På kvar sin måte er Arne Dahl og Agatha Christie representative for leseinteressa og boksmaken min sidan eg i årevis har hatt ei grunnleggjande interesse for både svensk seriekrim og britisk klassisk krim. Dahl står for den moderne, mørke, samfunnsaktuelle kriminallitteraturen - den som gjerne blir kalla nordic noir. Christie sine bøker er underhaldande og spennande puslespelkrim. I ei tid der kriminallitteraturen "fløymer over" av blod, gørr og bestialitetar, kan det vera kjekt å berre kunna lena seg tilbake og nyta eit skikkeleg Agatha Christie-mysterium.

Av andre personlege favorittar på bokstaven A kan nemnast
  - den kanadiske nobelprisvinnaren og "novelledronninga" Alice Munro
  - den islandske kriminalforfattaren Arnaldur Indridason
  - den danske forfattarduoen A.J. Kazinski 
  - ordkunstnaren, poeten og kriminalforfattaren André Bjerke

Eg oppdaga - medan eg tenkte gjennom kva og kven eg skulle skriva om i dette innlegget - at det finst uendeleg mange kjende forfattarar på A.
Kven er dine favorittar?
Arto Paasilinna eller Anna Gavalda? Agnes Ravatn eller Anne Karin Elstad?
Eller har du kanskje meir sans for spenning og Alistair MacLean - eller Anne Holt?
Barndommens forteljingar frå Astrid Lindgren og Alf Prøysen?
Klassikarane Amalie Skram og Alexander Kielland?
Eller kanskje Aksel Sandemose og Agnar Mykle?

4 kommentarer:

  1. For en artig føljetong du har sparket i gang! Arne Dahl kjenner jeg ikke så godt, men har lest omtalene dine av hans bøker og har fått med meg at du er en fan. Min favoritt på A må bli Amalie Skram, som hadde 170 års dag på mandag. Jeg er medlem av Amalie Skramselskapet og har lest alle bøkene hennes, så mer blodfan enn det går det vel ikke an å bli. Anna Gavalda lytter jeg til for tiden, og må nok innrømme at jeg liker henne også, selv om jeg fremdeles sliter med nynorsk i Paris :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Amalie Skram burde eg ha lest, eg veit det - men eg må innrømma at det har eg ikkje. Eg slit framleis med klassikarane etter tvangslesinga på vidaregåande, for omlag tusen år sidan..
      Anna Gavalda har eg vore borti, og eg likte godt Saman er vi mindre åleine. Men eg har også byrja på eit par andre bøker av henne som eg ikkje har fullført.

      Slett
  2. Artig spalte, Berit.:)
    Mine favoritter:
    *Amalie Skram, Agnar Mykle spesielt! Har lest omtrent alt av disse to, for flere år siden. Amalie var jeg fan av i sen ungdomstid/tidlig voksen.
    *Atwood, Margaret.;) (meget meget bra, skal lese alt av henne, nesten i alle fall)
    *Arnaldur Indridason.
    *Anne Karin Eldstad var jeg fan av før i tiden.. leste alt av henne også. Arto likte jeg også godt ei stund,men gikk litt lei, tror jeg..
    *Har også likt A.J.Kazinsky veldig godt, men har bare lest en av dem, da.
    Ja, det er vel det jeg kommer på nå.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las Mykles Sangen om den røde rubin ein gong for lenge sidan, kun fordi boka var omdiskutert og vågal - og forbudt i si tid. Eg hugsar ikkje noko av handlinga lenger.
      Elstad har eg aldri lest, truleg fordi "alle andre" meinte bøkene hennar var så fantastiske. Det gjer meg skeptisk og vrang :-)
      Atwood har eg heller aldri prøvd meg på, men det har eg planar om å gjera. Kva bok vil du anbefala?

      Slett