Som vanleg er eg bakpå når det gjeld omtalar, så her kjem eit skippertakinnlegg.
Som eit eksperiment, og for å vera effektiv, har eg for fyrste gong (i bloggsamanheng) teke i bruk kunstig intelligens. Eg har naturlegvis kvalitetssikra og bearbeida innhaldet slik at eg kan stå for det som står skrive, men det er kanskje blitt litt annleis enn om eg ikkje hadde brukt KI.
Reaksjonar/kommentarar nokon?
379 sider
Lånt ebok BookBites
Forfattaren tek opp fleire aktuelle og vanskelege tema i denne boka. Stikkord er tvangsekteskap, æreskriminalitet og gjengkriminalitet, og me møter fleire uskuldige menneske som vert utsette for grove truslar og vald.
"Dei som ikkje blir sett" er to jenter som lir under det som kan kallast æreskultur. Bjøranger har sjølv jobba med temaet i fleire år, så handlinga framstår som truverdig og realistisk.
Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av eit aktuelt samfunnsproblem.
Terningkast 5.
Speletid 7:14
Lånt lydbok BookBites
Bjørn Bakken, for oss bokbloggarar kanskje mest kjent som bokbloggkollega Bjørnebok, er ute med si tredje bok i Sørlandskrim-serien. Bloggen hans blir ikkje lenger oppdatert noko særleg, og sjølv om det er litt trist, så kan ein forstå det. No er det nok skriving av eigen krimserie som gjeld, og ikkje andre sine bøker.
Det er ein fordel å lesa bøkene i rett rekkefølge, men elles blir tidlegare hendingar forklart og repetert i starten av Blind hevn. Som dei to føregåande er dette ei ganske spennande og underhaldande bok, med bra framdrift og eit stødig språk.
Lydbøkene i serien er blitt veldig populære - og det forstår eg godt. Ivar Nergaard si innlesing tilfører leseopplevinga noko ekstra - og gjer at eg legg til eit plussteikn:
Terningkast 4+.
302 sider
Lånt ebok BookBites
Nestenpensjonist Odd Singsaker er tilbake - med ei siste sak? Dette er bok nummer 8 i serien, men ho kan fint lesast som ei frittståande bok. Eg har lese og likt alle dei føregåande og hadde difor høge forventningar - som i stor grad vart innfridde.
285 sider
Lånt papirbok privat
Som alltid skriv Karin Fossum drivande godt, og som alltid er karakterane hennar heilt unike. Dette er fjerde bok i Eddie Feber-serien.
Tittelen gir bibelske assosiasjonar, og omslagsbiletet får ein til å tenkja på Hamlet - utan at eg kan sjå at det har relevans til handlinga i boka.
Det er ingen tradisjonell krim og det handlar lite om vanleg politietterforsking. Men her skjer fleire brutale drap, og det handlar mykje om psykologi og vitneåtferd - og aller mest handlar det om kva utanforskap og einsemd kan føra til.
I begynnelsen var mørket er ei bra bok, men Fossum har vore betre før. Så dermed "berre": Terningkast 4+.
325 sider
Lånt ebok BookBites
Dette er fjerde bok i serien om Tom Greyston, sjølv har eg kun lese den tredje (Kleptokratiet) tidlegare. Det er kanskje årsaka til at eg ikkje er fullt så begeistra for boka som "alle" andre.
Til tider er det også noko overforklarande.
Speletid
Lånt lydbok BookBites
I den tredje boka i Jakob Weber-serien er handlinga lagt til Bodø og Lofoten, og forfattaren skildrar natur og omgjevnader på ein bra måte.
Etterforskarane sine privatliv tek litt stor plass i handlinga, men utan at det går noko særleg ut over framdrifta. Weber sjølv er ein sympatisk protagonist som har nokre utfordringar og som slit med å strekka til på ulike område.
Terningkast 4.
383 sider
Lånt ebok BookBites
Andre bok i serien om politietterforskarane Ulf Sommer og Agnete Ness handlar om to saker som alt frå start av (truleg) har ein samanheng. Det handlar om ein farleg fange som har rømt og om eit forsvunne barn. Barnet er fangen si dotter.
Sakene er skikkeleg utfordrande og med stigande spenning får lesaren følgja dei ulike etterforskingsstega og sjå korleis det utviklar seg. Det er sjølvsagt lagt ut både spor og villspor og dei ulike vitna er ofte upålitelege og/eller løgnaktige.
Boka er ein type puslespelkrim som er både velskriven og velplotta, og for denne lesar framstår innhaldet som ganske realistisk.
Terningkast 4+.
- - - - - - - - - - - - - -
Fleire omtalar av årets norske krimbøker (mine terningkast i parentes)
Her har jeg lest alle unntatt Bakken, Fossum og Sveen. De to siste har jeg på vent her.
SvarSlettAngående Skjerven hadde det nok vært en fordel å ha lest hele serien for å få mer tak på karakterene, tenker jeg. Jeg liker bøkene hans veldig godt, som "alle andre" (joda, jeg gikk inn på linken;))
KI? Vel, hm.. Hvordan gjorde du det? Mata du ChatGPT? Jeg er ikke helt venn med den enda jeg..
Sikkert morsomt å prøve, men jeg vet ikke helt hva jeg synes.. Både kjenner igjen din stemme og innimellom ikke, der det blir litt statisk. Kanskje synes det best i omtalen av Bjørangers sin bok. Rart å bruke nynorsk i tittelen, når boka er på bokmål.
Sparte du noe tid på det da?
Eg kan anbefala alle bøkene i dette innlegget.
SlettEg har brukt chatGPT både privat og i jobbsamanheng eit års tid, no er eg i ferd med å sjekka ut Gemini og Copilot. Og ja, det er morosamt å prøva.
KI er gode hjelpemiddel når det gjeld å laga samandrag og tabellar og å systematisera lange tekstar. Eg tykkjer det er veldig interessant og spennande, og samstundes; litt skremmande. Utviklinga har gått så svimlande fort. Kva blir det neste nye?
Gløymde: Har eg brukt nynorsk i tittelen? Det kan eg ikkje sjå.
SlettElles er det gledeleg at KI forstår og "kan" nynorsk.
Andre avsnitt: Dei som ikkje blir sett . Men det var sikkert jeg som lest det feil, leste det som tittelen på boka, ikke - de som ikke ble sett er.. leste mer som dei som ikkje blir sett handler om...
SlettAha, då skjønnar eg kva du meiner - og ser at det kan misforståast. Har sett den setningen i hermeteikn no.
Slett