16. mai 2024

Takk, Mr Sansom

Foto henta frå forfattaren si Facebookside
Den britiske forfattaren C.J. Sansom er død, 71 år gammal. Det er veldig trist at forfattaren av den populære og kritikarroste Shardlake-serien har gått bort. Tilfeldigvis døydde forfattaren berre eit par dagar før premieren på TV-serien basert på den fyrste boka Oppløsning

Christopher John Sansom vart fødd i 1952 i Edinburgh. Han utdanna seg til jurist og tok sidan også doktorgrad i historie. I debutromanen Oppløsning (Dissolution) kombinerte han begge fagfelta sine og tok lesarane inn i tudor-England i ein spennande og gripande roman om kloster, forræderi og død. Etter kvart vart det sju omfangsrike bøker om Shardlake. 

Eg er vanlegvis ikkje så begeistra for filmar/seriar basert på bøker eg har lese, men ut frå det eg har sett av ulike klipp ser det ut til at serieskaparane har fått fram den same stemninga som bøkene byr på - og at skodespelaren Arthur Hughes er ein truverdig Matthew Shardlake.

(Kan legga til at Sean Bean neppe er ein like truverdig Thomas Cromwell, men det er sikkert ein smakssak - og eg er dessutan påverka av Hillary Mantels versjon av Cromwell gjennom Wolf Hall-bøkene Ulvetid, Falkejakt og Speilet og lyset)

Sjå trailer her:

Mange nye vil no møta Shardlake, Barak og dei andre for fyrste gong gjennom TV-serien, og i samband med det vil eg anbefala bøkene på det varmaste. I alle fall om du er interessert i historie generelt og tudortida spesielt. Dette var ei politisk og ideologisk brytningstid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Sansom fortel, levande og frå ulike miljø, korleis livet i ei slik kaotisk og dramatisk tid kunne utarta seg. Eg er imponert over måten han klarte å veva mystikk og spenning inn i dei komplekse historiske forteljingane sine. Språk, oppbygging, miljøskildringar, personskildringar, historiske detaljar, intrigar - alt dette er veldig bra og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

Takk for bøkene, Mr Sansom. Kvil i fred.

30. april 2024

Oppsummering april 24

Påbyrja i mars, fullført i april:
Bernard Minier - Lucia (Lucia Guirrero #1) - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Den evige sne - Norsk sportsdokumentar/polarhistorie - Lyd Storytel

Lese i april:
Øystein Morten - Jakten på Olav Tryggvason - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Eva B. Ragde og Trude Teige - På åstedet - Norsk dokumentar/true crime - Lånt ebok BookBites
Øystein Morten - Eirik Raude - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Aslak Nore - Ingen skal drukne (Familien Falck #2) - Norsk roman - Lånt papirbok biblioteket
Bergsveinn Bergisson - Den svarte vikingen - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Peter Mohlin og Peter Nyström - Den andre søsteren (John Adderley #2) - Svensk krim - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Vreden - Britisk-kypriotisk krim - Lånt papirbok biblioteket  [avbraut]
Øystein Morten - Jakten på Olav den hellige - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Val McDermid - 1979 - Britisk krim (Allie Burns #1) - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Mona Ringvej - Landet mot nord - Norsk historisk dokumentar - Papirbok fått i julegåve
Mikael Ressem - Levende død (Erik Sandström #1) - Svensk krim -  Lyd Storytel
Tove Alsterdal - Dyphavn (Eira Sjödin #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

6 lyd, 2 papir, 2 ebøker
4 lånt, 6 abonnement
3 krim, 1 roman, 4 biografiar, 2 dokumentarar
6 norske, 1 svensk, 1 britisk, 1 islandsk, 1 fransk
Ny forfattar: Eva B. Ragde

Ein god del av lesetida mi i april "var eg" i vikingtida. Eg "var" også på ski i fleire olympiske vinterleikar og i polare strøk ('Den evige sne'). Vidare "var eg" i Glasgow som journalist i '1979', eg "var med" i familieforviklingar og politisk dramatikk i 'Ingen skal drukne', samt "deltok" i etterforskingar i notid ('Lucia', 'Den andre søsteren') og i nær fortid ('På åstedet').
Så det vart så absolutt ein variert lesemånad. 

Eg avbraut lesinga av 'Vreden'. Den fenga ikkje, har dameromanpreg og eg likte verken karakterar eller skrivestil. Eg var faktisk heilt på nippet til å avbryta '1979' óg; den er ufatteleg treg i starten og kan knapt kallast krim eller thriller, men tek seg kraftig opp etter kvart. 

28. april 2024

Vårlesing: Vikingtida

Vikingtid og middelalder har interessert og fascinert meg lenge, - og eg trur grunnlaget for interessa vart skapt då eg som tenåring las Sigrid-trilogien for fyrste gong. Opp gjennom åra har eg lese mykje om denne epoken, både skjønnlitterære bøker og sakprosa. Eg har ofte tenkt at eg er rar som har ei slik sær interesse, men har oppdaga at eg ikkje er åleine om det. Populariteten til bøker, TV-seriar og filmar om vikingar og vikingtida er visstnok stor.

Øystein Morten sine bøker om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav den heilage har fått svært gode kritikkar, og i dette innlegget skal eg stadfesta at dei er velskrivne, interessante og underhaldande bøker. Andre vikingbøker som har fått gode omtalar er Den svarte vikingen av Bergsveinn Bergisson (meir om den også nedanfor) og ikkje minst Hvitekrist av Tore Skeie. Sistnemnde kjem med ny bok (om Harald Hardråde) til hausten, og det ser eg fram til.

Den vikingboka eg likte best (av dei eg har lese i det siste) er historia om oppdagaren Eirik Raude - og eg startar denne samleomtalen med den boka. 


Eirik Raude av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 11:25
Lyd Storytel


Øystein Morten er religionshistorikar og sakprosaforfattar - og sidan i fjor haust er han ordførar i Rollag kommune. Han har truleg ikkje så mykje tid til skriving, reising og gransking no for tida, men når han eingong gir seg i politikken bør han absolutt halda fram med å gi ut bøker. For eg vil gjerne ha meir! 

Det heiter at Eirik Raude  "oppdaga" Grønland, sjølv om det alt fantest folk og busetnader der då han kom dit i år 982. Men han og dei andre norsk-islandske landnåmsmennene grunnla dei fyrste norrøne busetnadene på øya - og det var han som gav øya namn. Elles er han kanskje mest kjent som far til Leiv Eirikson, mannen som "oppdaga" Amerika rundt år 1000. At han vart kalla "raude" hadde truleg samanheng med at han hadde raudt hår og skjegg, og det er muleg at han hadde eit heftig temperament. Han var i alle fall knytt til drapssaker både i Noreg og på Island, noko som gjorde at han vart dømd fredlaus. Ein annan årsak til at Eirik Raude for til Grønland var at det der på denne tida fantest mengder av ein verdifull ressurs: Kvalross

Forteljinga om Eirik Raude (fødd ca. 940 - død ca. 1002) byggjer på nokre få setningar i dei islandske sagaene. Desse setningane vert tolka (og utvida) av forfattaren, og han formidlar det heile vidare til oss lesarar på ein pedagogisk måte. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv: Parallelt med at han granskar dei få skriftlege kjeldene som finst, inviterer han lesaren med på reiser til både Island og Grønland. Han skildrar natur, farvatn og omgjevnader og deler frustrasjonar og oppturar. Han fortel at han snakkar med ekspertar på ulike fagfelt og at han kjøper avansert VR-utstyr når koronanedstenging gjer at han ikkje kan reisa fysisk. 

Øystein Morten har ei fenomenal formidlingsevne, og som Åsmund Ådnøy (solvberget.no) skriv: "Hvis Indiana Jones og Lars Monsen hadde vært brødre og hatt en tredje bror, ville det vært Øystein Morten." 

Lydboka vert opplesen av forfattaren sjølv, også dette vert utført på ein god måte. 
Terningkast 5.

Då Øystein Morten var på Island i samband med innhenting av bakgrunnsstoff, lånte han hytta til forfattaren Bergsveinn Birgisson. Det vert òg ofte vist til boka om Birgisson sin fjerne forfar.

Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson
Vigmostad Bjørke 2020 (Spartacus 2013)
Speletid 10:30
Lyd Storytel

Forfattaren er islending og etterkommar i 30. ledd etter Geirmund Heljarskinn, hovudpersonen i denne boka. Tidlegare har eg lese Birgisson si bok Mannen fra middelalderen som eg likte godt - og eg las (litt av) romanen han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for, Svar på brev frå Helga. Den likte eg ikkje i det heile tatt. Men boka om forfaren, denne svarte vikingen, likte eg ganske godt. 

Dette er sakprosa med skjønnlitterære element. Me skal nemleg svært langt tilbake i tid (800-talet) og forfattaren har i enkelte sekvensar dikta fram hendingar og samtalar. Dei skriftlege kjeldene er få og vage, og ofte sprikande. Desse har forfattaren vurdert opp mot kvarandre og gjerne samanlikna med segner og myter. Han har også støtta seg på vitenskaplege metodar og arkeologiske, lingvistiske og genealogiske funn.

Geirmund Heljarskinn altså, ein fascinerande mann med eit uvanleg liv og ei fargerik bakgrunn. Faren Hjør var høvding/konge på Avaldsnes (Karmøy) og mora Ljuvfina kom frå Bjarmeland og var av eit sibirsk urfolk. Geirmund hadde som mora mongolsk utsjånad og mørk hud - "heljarskinn". På nettsida Avaldsnes kan ein lesa meir om desse folka og sjå korleis ein tenkjer seg at familien såg ut. Etter at Harald Hårfagre tok over makta her i landet reiste Geirmund til Island. Han var ein av dei fyrste landnåmsmennene og dreiv internasjonal handel, mellom anna med kvalrosstenner frå Sibir og slavar frå Irland og Skottland. 

Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok. Ikkje ufortent, for her er mykje interessant, men sjølv "datt eg av lasset" innimellom. Diktinga blir litt vidløftig, og det andre stoffet er ofte for detaljert, for repeterande og for springande. Som Øystein Morten gjer i sine bøker, skriv Birgisson seg sjølv inn i handlinga, men her er det ikkje så vellukka. 

Lydbokopplesar Endre Hellestveit les tydeleg og greit med passeleg engasjement.
Terningkast 4.

Det er altså sparsamt med skriftleg dokumentasjon bevart når det gjeld både Eirik Raude og Geirmund Heljarskinn. For dei to kongane nedanfor, Olav I Tryggvasson og Olav II Haraldson, er det i grunnen omvendt. Her er det nesten for mykje, fordi det vart dikta fram så mange vandrehistoriar, segner og legender om dei. Snorre og dei andre islandske sogeskrivarane sette saman sagaene sine omlag to hundreår etter at desse kongane levde. Dei bygde på endå eldre historiar og alle helteforteljingane vart nok pynta på og tilpassa det rådande samfunnssynet som fantest på 1200-talet. Det er opplagt at element er blitt lagt til og/eller trekt frå - og at enkelte historiar berre er tull og oppspinn. Øystein Morten har ikkje berre granska kongesagaene nøye; han har i tillegg brukt andre meir samtidige (og dermed sannsynlegvis meir truverdige?) kjelder.


Jakten på Olav den hellige av Øystein Morten
Spartacus 2013
Speletid 5:58
Lyd Storytel

Det er egentleg heilt utruleg at me aldri blir "ferdige med" denne kongen som levde for 1000 år sidan, men Morten kjem med nye vinklingar og interessante teoriar i denne boka. Det er ei todelt "jakt" det blir fortalt om. På den eine sida er det ei jakt etter det som kanskje er restane av deler av liket hans og på den andre sida; ei forteljing om mennesket Olav Haraldsson og samtida hans. 

Jakten på Olav den hellige er ei ganske kort bok (papirutgåva er på 256 sider), men forfattaren går grundig til verks. Han fortel utførleg om samfunnsforholda, storpolitikken og dei mange og skiftande alliansane som leda opp til den store konfrontasjonen då kongen fall på Stiklestad den 29. juli 1030. Det handlar også om kva som skjedde etterpå, både med maktforholda i Noreg - og med sjølve liket. 

Boka er interessant og lettlest. Til tider er det noko oppramsande, men Øystein Morten skriv med ein lett penn og med glimt i auga.
Eg vart dessverre aldri heilt fortruleg med opplesaren av lydboka. Den totale lese-/lytteopplevinga vart dermed eit terningkast 4. 


Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2019
Speletid 9:25
Lyd Storytel

Denne kongen levde i siste halvpart av 900-talet, og han var konge i Noreg berre i fire-fem år. Likevel er han "kjent" for folk flest, også i dag. Det er egentleg veldig rart. 

Forfattaren peikar på at dei eldste skriftlege kjeldene er sprikande, og at det difor er vanskeleg å sei kva som er sant og ikkje. Når forfattaren reiser i fotspora til Olav Tryggvasson blir det ei ganske omfattande reise, på kryss og tvers i Nord-Europa. Arkeologiske funn og andre spor tyder på at ein del av det Snorre og andre sagaforfattarar fortel om, stemmer - men det er minst like mykje som ikkje er sant. 

Jakten på Olav Tryggvasson er ei underhaldande bok der forfattaren pirkar borti vedtekne "sannheiter". Olav Tryggvasson var i alle fall neppe så sprek og tapper som sagaene vil ha det til, og han likna heilt sikkert ikkje på Fritjof Nansen. (Teiknaren Erik Werenskiold brukte naboen Nansen som modell då han illustrerte den norske praktutgåva av Heimskringla i 1899.)

Kvar er Svolder, staden der Olav Tryggvasson fall i eit slag i år 1000? Det er det ingen som veit heilt sikkert, men Øystein Morten meiner at det er snakk om øya Ven i Øresund - og at det ikkje fann stad i år 1000, men i 999. Forresten er det ikkje sikkert at kongen døydde ved Svolder/Ven heller. Ei av legendene som oppsto i ettertid var at han overlevde, flykta og levde resten av levetida som munk i Midtausten. 

Det fungerer fint med lydbok, men det er greitt å ha tilgang til kart og oppslagsverk medan ein lyttar. Her er forfattaren sjølv opplesar av boka. Terningkast 4+.

18. april 2024

Dikt og slikt: Vårsøg

Hans Hyldbakk skreiv det mest kjende diktet sitt, Vårsøg, våren 1945. Diktet handlar om at naturen vaknar til liv etter vinteren, men kan òg tolkast som ein hyllest til freden og frigjeringa. 

Surnadalsdialekten, som Hyldbakk ofte nytta når han skreiv, er noko utilgjengeleg for mange. Likevel er 'Vårsøg' (saman med det nest mest kjende diktet 'E slåttetæja') blitt allemannseige. Grunnen til at dikta vart så kjende og kjære kan i stor grad tilskrivast Henning Sommerro, ein sambygding av Hyldbakk.
I 1971 tonesette Sommerro, den gong 19 år gammal, diktet Vårsøg. I 1977 kom albumet Vårsøg ut med gruppa Vårsøg. I alle åra etter har sangen Vårsøg vore jamnleg å høyra på norsk radio - og Hyldbakk sin lyrikk har vorte landskjend.

Hans Hyldbakk døydde i 2001, 103 år gammal. Han levde faktisk i tre hundreår sidan han var fødd i 1898.


Vårsøg


No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår det kjenne e so vel
De søng så tongt kring alle dalasiå
Å synnåvinn han kjem å gjer me sel 
 
Når sommar'n kjem da bli det fint e fjellå
Da ska e dit å hør kår bekkjinn søng
Å kliv te topps e brattast berjestellå
Å vea grass å tort å tåberløng

E kjenne lokt tå gras kring alle haua
Å sola skin å bjøllåin kling så kløkt
Å tjønninn legg så blank der e ska lauva
Me berg ekreng der e kainn sol me trøgt

Å du å du kår sårt å sælt e stoinna
Når sola skin frå kvite høgdå ne
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
At e får levva slik ein somar te

Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
Poinn kalle isa me så sval ein drekk
Når hausten kjem å sistkveldskløva henta
Da ska e takk for sommarn så e fekk

Frå samlinga Etter-rakster (1946)



Hans Hyldbakk - Store norske leksikon

10. april 2024

Kort om: Liksteinen av Marit Reiersgård

Gyldendal 2024
363 sider
Lånt ebok BookBites

Marit Reiersgård er omsider tilbake med ei ny bok i serien om politietterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen. Dette er femte bok i serien, den forrige Det de døde vet kom ut i 2018. 

Handlinga er lagt til Drammen og til Hallingdal. Tittelen på boka viser til ei gammal lokal segn om ein likstein som finst på fjellet i nærleiken av Flå. Dermed har lesaren alt fått litt uhyggestemning - før ein tek til på sjølve lesinga. 

I Drammen vert ein mann funnen død; han er drept og nokon har lagt han i ei gammal rosemåla kiste. Verner Jacobsen er etterforskingsleiar i ei vanskeleg sak der det nesten ikkje finst spor.
Samstundes er Bitte Røed i Flå; det er avtalt at ho skal møta Siri, ei gammal veninne. Men i siste liten har Siri avlyst avtalen. Bitte blir bekymra og tek kontakt med folk som kjenner Siri. Det viser seg at ingen veit kvar ho oppheld seg.
Eg røper vel ikkje for mykje når eg avslører at dei to sakene heng saman..

Reiersgård er god på kvardagsleg uhygge; ho skriv godt og med innleving. Etterforskarane sitt privatliv og forhold får passe stor plass, tykkjer eg. Det er som krydder i den øvrige handlinga. 

Liksteinen
 er ei lettlest og stemningsfull bok som har eit finurleg og godt oppkonstruert plott. Miljøskildringane er fine og ein får sjå hendingar frå fleire ulike perspektiv. Litt for detaljert og overforklarande til tider kanskje, men utan at det går ut over heilskapsinntrykket. Avslutninga er spennande og veldig dramatisk for alle dei involverte. 


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Liksteinen og andre stadnamn med "lik i" er vanlege overalt her i landet. Nokre gonger har namnet opphav i gamle gravferdsskikkar og andre gonger i konkrete ulukker eller hendingar. I mi eiga heimbygd har me Likhella; ein flat stein eit stykke oppe i fjellsida. Her la dei frå seg lika og kvilte då fleire personar omkom i ei rasulukke i 1807. Det var tungt (på fleire måtar) når dei døde skulle berast ned frå fjellgarden til bygda og gravplassen. 

6. april 2024

Bokomtale: Det kom et brev fra München av Håkan Nesser

Gyldendal 2024
Speletid 10:43
Lånt lydbok BookBites

Nytt hyggeleg møte med Barbarotti

Egentleg er ikkje feelgood-krim "min tekopp", men det finst unnatak. Når innhaldet, plottet, skrivestilen og språket er på nivå med denne boka - då må eg berre gi meg "ende over", som det heiter. 74 år gamle Håkan Nesser viser i denne boka både forteljarglede, vitalitet og kreativitet.

Eg var så heldig at eg fekk tilgang til lydboka i påsken, og dette er perfekt turlytting. Eventuelt peiskoslesing.

Handlinga er lagt til juletider 2020, det vil sei midt i koronapandemien. Dei fire søskena Rute har ikkje møtt kvarandre på lang tid, men no skal dei feira jul i lag. Det er eldstemann Ludvig (og "livsledsagersken" hans) som har invitert brødrene Lars og Leif og veslesyster Louise, samt Louise si dotter Linn og Lars si kone Ellen til herskapshuset i det snørike og fiktive Sillingbo. Det viser seg at Ludvig er alvorleg sjuk, og under opphaldet kallar han inn til eit møte kun for søskena. Etter dette møtet vert stemninga dårlegare og julekosen endå meir krampaktig enn før.

Så - natt til fyrste juledag skjer eit mord. Barbarotti og Backman entrar scenen, - det vil sei huset. På grunn av dårleg ver og av smittevernomsyn må dei juleferierande bli buande i huset der mordet har funne stad - saman med etterforskarane. Barbarotti er overtydd om at mordaren er ein av dei som oppheld seg i huset. Men kven av dei? Kva kan motivet vera? Kva er bakgrunnen for at Rute-søskena ikkje har hatt kontakt? 

Omgivelsane og deler av tematikken minner om ein Agatha Christie-roman - og det er sjølvsagt hensikten. Ein får sterke assosiasjonar til klassisk britisk "puslespelkrim" når ein les.

Før ein kjem så langt som til det omtalte mordet får me ein lang innleiing der me vert presenterte for alle dei involverte personane. Det kjem klart fram at det handlar om ein familie som skjuler hendingar som fann stad for lenge sidan - og som ingen vil sei noko om. Det kjem nokre hint i denne delen av boka, utan at ein egentleg tenkjer over det. 

Boka er stillfarande, langsam og pratsam - men har likevel god framdrift sidan forteljarperspektivet vekslar jamnleg. Etterforskinga dreg ut i tid med nye puslespelbrikker og teoriar etter at alle har forlate Sillingbo. Når løysinga ser ut til å vera opplagt og alt virkar avgjort, kjem det eit overraskande brev frå München.

Om eg skal pirka på noko med denne boka, må det bli den innlagde "spøkelseshistoria". Den er etter mi meining noko malplassert, men handlinga elles vart ikkje forringa av dette innslaget. 

Det er alltid hyggeleg å "møta" Gunnar Barbarotti. Den underfundige og sympatiske etterforskaren og den slagferdige kollegaen og sambuaren hans Eva Backman er eit etterforskarpar ein blir oppriktig glad i. Persongalleriet elles vert skildra med varme og humor, i andre høve heller melankolsk - eller med ironisk snert der det passar inn.

Det kom et brev fra München er nummer åtte i serien om Barbarotti, men kan godt lesast åleine. Det er ein "snill", velskriven og underhaldande kriminalroman som eg verkeleg kan anbefala.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

3. april 2024

Bokomtale: I sirkelens sentrum av Arne Dahl

Cappelen Damm 2024
411 sider
Lånt papirbok biblioteket

Strålande start på heilt ny serie


Arne Dahl er ein favorittforfattar og både serien om A-gruppen og Berger og Blom-serien er blant mine favoritt-krimseriar. Eg har difor skyhøge forventningar til denne nye serien.

I sirkelens sentrum er Dahl sin 21. roman. Det er ei bok som byr på jamnt stigande spenning og der ein blir introdusert for fleire interessante karakterar. Sidan dette er fyrste bok går det litt tid før ein blir kjend med dei ulike menneska og personlegdomane. Som i serien om A-gruppen handlar det ikkje om ein enkelt protagonist, men om ei heil etterforskingsgruppe. Perspektivet skiftar mellom deltakarane i teamet, og i tillegg finst det ei allvitande forteljarstemme. 

Handlinga tek til med at ein bil blir sprengt i lufta, og deretter følgjer eit anna eksplosivt angrep. Begge angrepa har ein kryptisk - men også direkte - beskjed til kriminalsjef Eva Nyman. Då alt tyder på at det kan skje ei opptrapping vert det oppretta eit spesialteam med Nyman som leiar.

Det nyoppretta NOVA-teamet har fått ei klimaterror-sak på bordet. Den som peikar seg ut som mistenkt er den gåtefulle Lukas Frisell - politimannen som hoppa av etaten - og samfunnet - etter å ha mislukkast i ei tidlegare profilert sak. Kan han vera i stand til - og ha ressursar til - å gjennomføra så kompliserte angrep som det her er snakk om? Antagonisten er i alle fall like smart og oppfinnsam som det Frisell har vist seg å vera. Enkelte i NOVA er overtydde om at det er Frisell som står bak, eller i det minste har nøkkelen til det som har skjedd - og skal skje. For å komma vidare - og for å forhindra eit nytt katastrofalt angrep - er teamet nøydde til å samarbeida med eks-politimannen. 

Samhaldet i NOVA-gruppa er sterkt, men også skjørt. Det skal bli spennande å sjå korleis forholda dei imellom utviklar seg framover. Alle dei fem medlemane har sine spesielle kjenneteikn, både når det gjeld utsjånad, temperament, livsstil og personlegdom. Det er Sonja Ryd som framstår som hovudperson i denne boka. Ho arbeider hardast og tenkjer kjappast, men slit med private utfordringar. Ein kan sei at Sonja Ryd er NOVAs Paul Hjelm og at Eva Nyman liksom er Jan-Olov Hultin (den som har lese serien om A-gruppen forstår kva eg meiner).

I sirkelens sentrum
er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Eg har sans for politikollektiv-romanar og eg likar forteljarteknikken og stilen. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Her er vekslande tempo, treffsikre karakteristikkar og truverdige hovudpersonar. Arne Dahl kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt.
Dessutan: Ein cliffhanger av det uuthaldelege slaget gjer at eg knapt klarar å venta på neste bok!

Eg kunne ha gitt boka ein seksar, men føler vel at forfattaren har enno meir å gå på.

1. april 2024

Oppsummering mars 24

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Heine Bakkeid - Sorgsankeren (Thorkild Aske #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tina Frennstedt - Skjærsild (Cold case #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lyd Storytel

Lese i mars:
Jane Casey - La de døde snakke (Maeve Kerrigan #7) - Britisk krim - Lyd Storytel
Merete Junker - Redebyggeren (Mette Minde #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Sven Petter Næss - Løvinnen (Harinder Singh #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Arne Dahl - I sirkelens sentrum (Nova-serien #1) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Christina Olséni og Micke Hansen - Den frosne politimannen (Ystadsmordene #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites [avbraut]
Håkan Nesser - Det kom et brev fra München (Barbarotti #8) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Marit Reiersgård - Liksteinen (Verner Jacobsen & Bitte Røed #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Bernard Minier - Lucia (Lucia Guirrero #1) - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Den evige sne - Norsk dokumentar/polarhistorie - Lyd Storytel


Sidetal: 2928
1 papir, 1 papir + lyd, 4 lyd, 2 ebøker
6 lånt, 2 abonnement
8 krim
4 norske, 3 svenske, 1 britisk
4 menn, 4 kvinner
Nye forfattarar: Ingen
(Forfattarparet Olséni & Hansen er nye for meg, men tel ikkje sidan eg ikkje fullførte boka)

Påsken er høgsesong for krimlesing, og for meg vart mars ein veldig kriminell månad, - eg las nemleg berre krim. Fire av årets norske, to av årets svenske, samt ei svensk bok frå 2022 og ei britisk frå 2020.

Månadens høgdepunkt: Den fyrste i Arne Dahl sin nye serie og den 8. i Håkan Nesser sin serie om Barbarotti. Dahl og Nesser er blant favorittane mine, og begge innfridde; både I sirkelens sentrum og Det kom et brev fra München er sterke femmarar. 
Eg likte alle dei fire norske krimbøkene, og då spesielt Sorgsankeren.

Månadens nedtur: "Kosekrimmen" Den frosne politimannen - som eg ikkje gadd å fullføra. Svensk krim betyr ikkje alltid kvalitetskrim.

(Også Nesser si bok kan karakteriserast som kose-/feelgoodkrim, men her snakkar me om intelligent humor og snert. Olséni/Hansen si bok er berre dum og irriterande).

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Kvartalstatistikk

  • 22 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 16 krim- og spenningsromanar
    - 1 historisk roman
    - 1 novellesamling
    - 4 sakprosa
  • 3 papirbøker, 8 ebøker, 12 lydbøker
  • 17 lånt, 5 Storytel-abonnement
  • 9 norske, 9 svenske, 2 danske, 2 britiske

23. mars 2024

Kort om: Løvinnen av Sven Petter Næss

Aschehoug 2024
Speletid 6:45
Lånt lydbok BookBites

Hovudpersonen i denne krimserien har mykje til felles med andre meir eller mindre kjende krimheltar: Ein sympatisk, smart og sjølvstendig politietterforskar med sterk rettferdigheitssans. Og som vanleg i krimromanar er han ofte på kant med sine overordna. Men bakgrunnen til Harinder Singh er noko annleis enn det som er vanleg; som namnet tilseier kjem han frå ein indisk sikh-familie.

Tittelen på boka speglar namnetradisjonen i sikhismen. Alle mannlege sikhar heiter Singh (som betyr 'løve') og alle kvinnelege sikhar heiter Kaur (som betyr 'prinsesse' eller 'løvinne'). I boka møter me mange sterke kvinner - og ein kan gjerne kalla dei løvinner.

Løvinnen - den femte boka i serien - handlar det om ei svært vanskeleg sak, ei sak som etter kvart blir veldig personleg for Harinder.
Ein kjent advokat og naboen hans vert skotne ned og drepne på gata i Oslo. Dobbeldrapet rystar alle, særleg sidan det eine offeret er kjendis. Er dei blitt utsette for tilfeldig og blind vald? Er det eit hevndrap sidan advokaten akkurat har bidrege til å dømma to politifolk i ei lei sak? Eller noko heilt anna? Vitner manglar og spora er vage - men mordaren har gjort ein tabbe: Det vert funne ei tomhylse på staden. Undersøkingar viser at våpenet som er avfyrt tilhøyrer Amandeep Kaur - niesa til Harinder. 
Dermed vert Harinder naturleg nok teken av saka, men han klarar sjølvsagt ikkje å halda seg heilt vekke - og tyr til alt han har av kontaktar og verkemiddel for å finna niesa si. Amandeep har vore på rømmen i lang tid og var sist sett som leigesoldat i Afrika. Så dukkar eigedelane hennar opp hos foreldra hennar i Oslo. 

Det er skikkeleg politikrim dette, av den stødige og solide sorten. Boka har godt driv og er ganske spennande. Eg ser det som positivt at Næss held grepet om lesaren utan å ty til nærgåande skildringar av bestialitetar. Språket er godt og ujålete, og handlinga framstår som truverdig og realistisk. 

Løvinnen
passar veldig bra som påskekrim - og eg vil spesielt anbefala lydbokversjonen. Ivar Nergaard er ein av våre beste og mest rutinerte opplesarar - og no har eg lært at Kaur ikkje skal uttalast "kaur" - men "kor". Ein lærer sanneleg mykje (både nyttig og unyttig) når ein lyttar til krim!

Andre bloggmeiningar: Henning bokhylle

Andre aktuelle påskekrimtips: 
Redebyggeren
Sorgsankeren

21. mars 2024

Dikt og slikt: Våre små søsken

21. mars er Verdens poesidag og Verdensdagen for Downs syndrom. Kva dikt kan vel passa betre på ein slik dag enn Våre små søsken av Inger Hagerup?

Diktet vart utgitt i samlinga 'Fra hjertets krater' (1964), men vart opphavleg skrive i samband med opninga av Ragna Ringdals Daghjem i 1953. 

Wenche Foss var mellom dei som gjorde diktet kjent (og kjært) for mange. 

#rockesokk


VÅRE SMÅ SØSKEN

Vi har en liten søster
vi har en liten bror
som er litt annerledes
enn andre barn på jord. 
 
De kom til denne verden,
det vanskelige sted,
med mindre håndbagasje
enn vi er utstyrt med. 
 
Vi voksne er så store
i gjerning og i ord.
Vår lille bror og søster
blir aldri riktig stor. 
 
Vi har vår eng og åker.
Vi har vårt kjøpmannskap.
Og vi beregner livet
i vinning eller tap. 
 
Det er så lett å skubbe
de små og svake vekk
og la dem stå tilbake
med hjelpeløse trekk. 
 
Det er så lett å glemme:
Når siste båt skal gå
må alle passasjerer
la all bagasjen stå. 
 
Da blir det kanskje lettest
for disse små, fordi
de bare har et hjerte
med sorg og glede i. 
 
Og gleden er så deilig
Men sorgen er så trist.
Det har vår lille søster
og bror bestandig visst. 
 
Så la oss gi dem gleden
til de skal gå ombord
med sine barnehjerter,
vår søster og vår bror.