Cappelen Damm 2025
Speletid 13:34
Kjøpt lydfil
Omsider. Dette er ei bok eg har venta på lenge. I fleire år faktisk. Viskleken, den fyrste boka i Opcop-serien, kom nemleg ut på svensk alt i 2011 - men fyrst no i 2025 på norsk.
Er boka såleis utgått på dato? Egentleg ikkje. Men undervegs i lesinga av denne boka har det slått meg kor raskt kommunikasjons- og informasjonsteknologien har utvikla seg. Handlinga er lagt til 2008-09 då sosiale media ikkje var så utbreidd og digitale møte var "nesten magisk".
Hviskeleken er både ein politikrimroman og ein politisk thriller, så det er ein fordel om lesaren er interessert i internasjonal politikk, internasjonal kriminalitet og globale økonomiske prosessar. Tittelen spelar på leiken hviskeleken der poenget er at ord/informasjon gjerne blir forvrengt i kvart ledd i kjeda. På engelsk heiter leiken Chinese whispers.Opcop er ei ny og hemmeleg operativ eining innan Europol, leia av Paul Hjelm. Med seg på hovudkontoret i Haag har han Arto Söderstedt og Jorge Chavez, og frå Sverige jobbar også Kerstin Holm og Sara Svenhagen for gruppa. Alle desse er folk som mange lesarar kjenner godt frå serien om A-gruppen, - og handlinga i Hviskeleken bygger på den serien, og ganske direkte på bok 10, Himmeløyet. Opcop sine medlemmar er frå ulike nasjonar og har ulike bakgrunner. I denne fyrste boka framstår "dei nye" som litt vage, men eg reknar med at dei blir tydelegare i neste bok.
I samband med eit G20-møte i London døyr ein ung kinesar i ei merkeleg ulukke. Rett før han somnar inn kviskrar han nokre ord i øyra til Arto Söderstedt. Kort tid etter vert ei amerikansk kvinne funne myrda i den same byen. Inni (!) liket ligg ei melding adressert til Opcop-gruppa. Men gruppa er hemmeleg, kven har lekka informasjon?
På meir heimlege trakter, i Nacka, er ein i ferd med å finna ut av ein samanheng mellom barnepornografi, utpressing og mafiaverksemd.
Ein heilt annan tråd består av epostar skrive av ein person som kallar seg Ariadne. Her vert det hinta om ei forferdeleg hending som snart skal finna stad. Andre stikkord for handlinga er finanskrisa, 11. september og internasjonal organisert kriminalitet.
Og alt heng saman med alt, på ulike finurlege måtar.
Opcop-serien består av fire bøker, og det er altså på høg tid at norske lesarar og lyttarar får tilgang til dei. Eg håpar at det ikkje går altfor lang tid før bok to kjem på norsk. Eg har prøvd å lytta til 'Hela havet stormar' på svensk - den er tilgjengeleg på Storytel - men eg ga opp. Litt fordi det er ei komplisert handling, men mest fordi opplesaren les litt utydeleg for mine "norske øyre".