Eg vil gjerne lesa om folk, inkludert idrettsutøvarar, som faktisk har ei historie og noko viktig å fortelja. Å lesa solskinnshistoriar om supervellukka idrettsheltar er uinteressant for meg - og dei verkeleg gode biografiane om dei fargerike fotballpersonlegdomane Myggen, Zlatan og Lundekvam har eg lest tidlegare. Så kva - og kven - skulle eg velja?
Svaret kom ein dag då eg sjekka utvalet på eBokBib, der biletet av ein smilande Marco Elsafadi liksom lyste mot meg. På mange måtar er dette også ei solskinnshistorie, men med sin bakgrunn som flyktning og si erfaring som ungdomsarbeidar er likevel Elsafadi ein mann som det kan vera verdt å bli "kjend med".
Basketballsporten er eg egentleg ikkje så veldig interessert i, men Elsafadi har altså vore basketballspelar på toppnivå i fleire ulike klubbar i mange år og dessutan vore fast på landslaget. I 2006 vart han tildelt prisen som Årets forbilde under Idretts-gallaen - for sitt engasjement på og utanfor basketballbana.
Marco Elsafadi la opp toppidrettskarriera si kort tid før deltakinga i NRK-programmet Mesternes mester i 2014. Han hadde då ei tid vore "litt kjendis", men vart fyrst kjend for det breie publikum via denne serien. Den joviale og gjennomtrente Marco vann like godt heile greia - og vart enno meir populær enn før.
I dag jobbar Elsafadi som foredragshaldar og med ulike TV-prosjekt.
Familien Elsafadi er palestinarar. Vesle Marco kom til verda i flyktningleiren Beddawi utanfor Tripoli i Libanon i 1976, som yngst av fire søsken. Foreldra til Marco valde tidleg å flykta til Europa. Marco var baby då familien kom til det som då heitte Vest-Berlin. Tilværet i ein bydel med ghettopreg og vanskar med integrering gjorde at ferda etter nokre år gjekk vidare; til Noreg og småbyen Kragerø.
Det kan nemnast at Beddawi-leiren eksisterer framleis – og at Marco har slektningar frå Syria og andre ulike palestinske område som bur der - enno.

Marco fortel at å vera flyktningbarn ikkje alltid var enkelt, men oppveksten hans var fylt av aktivitetar og prega av nære familerelasjonar. Sjølv om faren var streng - og faktisk også tydde til fysiske avstraffelsar innimellom - var Marco og søskena hans aldri i tvil om at kjærleiken og omsorga også var til stades.
Familien Elsafadi kom hit til landet i 1987 - og på den tida var det nok på mange måtar enklare å få innpass enn i dag. I tillegg var dei så heldige at dei vart busette på ein forholdsvis liten plass. Folk i nabolaget var nysgjerrige, hyggelege og inkluderande. Foreldra synte arbeidsvilje og -evne og fekk jobbar. Borna fekk nye vener og leikekameratar og lærte språket fort. Heile familien vart raskt integrerte i det norske samfunnet, men samstundes tok dei vare på kulturen dei kom frå. Marco fortel at han møtte lite rasisme og framandfrykt i oppveksten.
Det var storebrødrene til Marco som introduserte basketballidretten - og Marco synte tidleg stor treningsiver og eit stort talent for sporten. Han vaks seg stor og sterk og vart raskt god - og det takla han dårleg. Han kjefta gjerne på medspelarane og øydela noko av spelegleda i laget. Dei vaksne måtte ta affære: Trenaren og faren tok for seg den talentfulle spelaren for å læra han verdien av lagspel; at samspel, lagmoral og kollektive prestasjonar er viktigast. Som vaksen set han pris på at han vart sett på plass på denne måten.
Desse verdiane tok han også med seg vidare i det som skulle bli eit langvarig og omfattande prosjekt; førebyggjande ungdomsarbeid. I engasjementet for vanskelegstilte barn og unge fann Marco eit meiningsfullt arbeid - som kunne kombinerast med eiga idrettskarriere. Han var med og stifta organisasjonen New Page i 2002, der det vart jobba med barn og unge med rusproblem, fritidsproblem, familieproblem og valdsproblem. Organisasjonen vaks seg stor og var i fleire år ein viktig støttespelar for barnevernet i fleire større byar. Stikkord for verksemda til New Page var t.d. nærleik, sjølvtillit, bevisstgjering, deltaking, samspel, dialog og meistring. Fokuset var på positivitet og mulegheiter. Det er ikkje tvil om at Marco og medarbeidarane hans - gjennom sitt alternative og tverrfaglege arbeid - berga mange unge som var i ferd med å "skli ut". Organisasjonen er no lagt ned; dei siste åra har kommunane brukt anbudsordninga når det gjeld barneverntenester - og New Page kunne ikkje konkurrera med andre og "billegare" aktørar på denne marknaden.
Biografien om Marco Elsafadi er ført i pennen av BT-journalisten Erik Fossen og for dei fleste av oss er dette ei heilt grei og lettlest bok om ein grei og hyggeleg mann.
Men obs! alle lærarar, barneidrettstrenarar, ungdomsklubbleiarar, barneverns-pedagogar, sosialarbeidarar og andre som jobbar med barn og unge: Her finn ein mange gode og viktige synspunkt og idear! Også politikarar med ansvar for prioritering og styring av pengebruk vil kunna ha stor nytte av boka.
Løp og les!
Nedanfor kan du sjå og høyra foredraget til Marco Elsafadi under velFERDkonferansen 2010. Sjølv om innslaget ikkje er så ferskt, kan det vera interessant å høyra at han snakkar om noko av det som er tema i biografien.