Denne tysdagen vil eg gjerne back to basic og visa fram to lydbøker eg har lånt på biblioteket.
For Agatha Christie er liksom basic for meg. Sidan eg vart introdusert for bøkene hennar då eg var ung, har eg lest - og likt - veldig mange av bøkene hennar. Kosekrim med Hercule Poirot og Miss Marple er verkeleg avslappande og fornøyeleg underhaldning. Dame Agatha er sjølve Krimdronninga med stor K: Ho ga ut 66 romanar, 154 noveller og 20 skodespel. Bøkene hennar er selde i ufattelege to milliardar eksemplar og oversette til meir enn 60 språk. Det er òg laga utallige filmar og TV-seriar basert på romanane og novellene hennar.
Eg er veldig fan av den smarte og pertentlege vesle belgiaren Hercule Poirot, som har hovudrolla i desse to lydbøkene:
Mordet på seiersballet
inneheld tre noveller:
- Mordet på seiersballet
- Historien om kokkepiken fra Clapham
- Det doble sporet

I Plymouthekspressen er desse 5 novellene med:
- Plymouthekspressen
- Vepsebolet
- Mysteriet i Market Basing
- Mysterium til sjøs
- De hemmelige ubåttegningene
Alle novellene er henta frå samlinga Poirot løser gåten (Poirot's Early Cases) som kom ut i 1974. Handlinga er frå tida rett etter fyrste verdskrig, og det er Poirot sin gode ven og hjelpar, kaptein Hastings, som har forteljarstemma.
Innlesar av lydboknovellene er Nils Nordberg. Røysta hans er perfekt for slik klassisk krim.
