2. september 2024

Oppsummering august 24

Påbyrja i juli, fullført i august:
Arne Dahl - Himmeløyet (A-gruppen #10) - Svensk krim - Lyd Storytel
Emma Viskic - Den skyldige (Caleb Zelic #1) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i august: 
Arne Dahl - Elleve (A-gruppen #11) - Svensk krim - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Skjebnedøgn (Ole Vik #14) - Norsk krim - Lyd Storytel
Robert Galbraith - Lange skygger (Cormoran Strike #5) - Britisk krim - Kjøpt ebok
Thomas Bagger - Stamina (Task Force 14 #3) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Eystein Hanssen - Svart landskap (Nora Wold #1) - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


5 lydbøker, 2 ebøker
2 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
7 krim
2 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: Viskic

Det vart fleire gode leseopplevingar i august, for øvrig ein månad der eg ikkje las ei einaste papirbok. 

Den siste boka om A-gruppen Himmeløyet er fantastisk, epilogen Elleve sådär. Australske Emma Viskic si debutbok Den skyldige er overraskande god, det same gjeld Eystein Hanssen og hans Svart landskap. I Stamina held Thomas Bagger fram med sterke skildringar av grove og brutale handlingar, så sterke at det nesten tippar over i parodi. Men berre nesten.
Jørgen Jæger si 14. bok om Ole Vik, Skjebnedøgn, er ikkje dårleg, men boka blir for enkel samanlikna med Dahl, Bagger, Hanssen - og Galbraith.

Lange skygger er femte bok i serien om privatetterforskarane Cormoran Strike og Robin Ellacott av Robert Galbraith (pseudonym for J.K. Rawlins). Bokserien vert presentert som "klassisk krim med moderne vri", noko som er veldig presist og dekkande for innhaldet. Boka er på 924 sider, har eit stort og fargerikt persongalleri, fleire sidehistoriar og ei særdeles kompleks forsvinningsgåte. Her er humor og alvor, sorger og gleder, hat og kjærleik - frå ein forfattar heilt utanom det vanlege. Det som trekker ned for meg er omfanget; det hadde ikkje gjort noko om eit par av bihstoriane var blitt kutta ut. (Som for Harry Potter-serien blir bøkene også i denne serien tjukkare og tjukkare. Den aller nyaste boka - som kjem ut i desse dagar faktisk - er på 1070 sider)

Det vart berre (serie)krim i august, og mykje tyder på at det blir sameleis i september. Er så vidt i gang med Terje Bjøranger si nye bok, og eg har den avsluttande boka i Avdeling Q-serien (Jussi Adler-Olsen) på vent. Dessutan veit eg at både Karin Fossum og Unni Lindell kjem med nytt i løpet av månaden og at den siste boka til Anders Roslund blir tilgjengeleg på Storytel om kort tid. 

2 kommentarer:

  1. Ikke papirbok, og flere lydbøker enn vanlig?
    Fniser litt av treeren din, jeg som likte boken så godt. Har hatt Den skyldige på Kindelen en stund, må se å få lest den ser jeg.
    Ha en fin leseseptember Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tok ein kjapp sjekk: Nope, ikkje fleire lydbøker enn normalt. Pleier å lytta til 5-6 stykk per månad, alt etter kor langvarige dei er. At det vart null papirbøker - det er mot normalt.
      Trearen til Jæger har nok med timing og samanlikning med dei andre augustbøkene å gjera. Det vart for enkelt og forutsigbart samanlikna med dei andre.
      Takk - og det same til deg, Tine!

      Slett