23. august 2024

Serieomtale: A-gruppen av Arne Dahl

Serien om A-gruppen består av 11 bøker. Kvar bok er frittståande, men det er ein fordel å lesa dei i rett rekkefølge. Kronologien kan du finna nedanfor.

Jan Arnald brukar pseudonymet Arne Dahl i krimromanane sine. Han har gitt ut omlag 20 kriminalromanar i fire ulike seriar: A-gruppen er den fyrste serien, deretter kom Opcop-serien (4 bøker, ikkje utgitt på norsk og eg har heller ikkje lese dei), deretter Berger & Blom-serien (5 bøker) og tidlegare i år kom den fyrste i Nova-serien.
Arnald/Dahl bygger vidare på den tradisjonen som Sjöwall & Wahlöö danna med Martin Beck-serien, og både lesarar og kritikarar er samstemte om at dette er ein svært dyktig forfattar. 

Bokserien om A-gruppen er samfunnskritiske etterforskingsromanar med heller kompliserte plott, iblanda ein heil del filosofi, og alt dette krydra med humor og satire. Hovudpersonar er medlemene i det svenske Rikskriminalens spesialenhet for internasjonale voldsforbrytelser - A-gruppen. Eininga vart oppretta m.a. som ein reaksjon på den mislykka Palme-etterforskinga. Politifolka i gruppa har spisskompetanse på ulike felt, dei er handplukka til eininga og har utvida fullmakter. 

Bøkene kom ut i åra 1998 - 2008 og handlinga er lagt til omlag same tid. Dei gir eit godt tidsbilete av det svenske samfunnet - og det globale - rundt tusenårsskiftet. Dette er jo ikkje så lenge sidan, men det er tydeleg at den teknologiske og digitale utviklinga har endra seg betrakteleg desse åra. Tenk berre på at det på slutten av 90-talet ikkje fantest smarttelefonar, sosiale media var eit ukjent begrep og internettet var, om ikkje i sin barndom, så kanskje i sin ungdom.

Personskildringane er heilt fantastiske, som lesar vert ein oppriktig glad i alle hovudpersonane. Ein føler at ein kjenner dei, ein følgjer med på korleis dei har det - kvar for seg og saman - og korleis dynamikken i gruppa utviklar seg. Dei framstår som verkelege og trivelege menneske med normale tankar og kjensler. Alle har i tillegg nokre heilt ekstraordinære kvalitetar. 

Bøkene er spennande og veldig underhaldande, men dei er også filosofiske, melankolske og til ettertanke. Det gode og varierte språket, det fargerike persongalleriet, dei kompliserte og aktuelle sakene og dei overraskande vendingane gjer bøkene til verkeleg gode leseopplevingar. 

Det er andre gong eg les serien kronologisk, denne gongen i lydbokformat. Opplesar Jan Martin Johnsen er veldig dyktig, han får fram skiftande stemningar og engasjement samstundes som han les tydeleg i eit passe tempo.

Kort om hovudpersonane


Frå fyrste stund (og bok) er desse med:
Paul Hjelm. Som sagt er heile A-gruppen hovudpersonar, men det er Hjelm som er den mest sentrale. Han er i 40-åra, i starten av serien er han gift med Cilla, to tenåringsbarn. Har i fyrste bok eit kort og intenst forhold til kollega Kerstin, men det virkar som det ikkje blir noko meir. Glad i jazz. Skarp og filosofisk, intelligent og intellektuell. Etter kvart går han over til avdelinga for interngransing, men har framleis samarbeid med A-gruppen.
Kerstin Holm. Nyinnflytta frå Göteborg i bok 1, jamngammal med Paul og er/blir "hans andre hjernehalvdel". Eminent etterforskar og avhøyrsekspert. Syng i kyrkjekoret. Singel og skilt frå ein valdeleg ektemann. Både sterk og sårbar. Veldig sentral i bok 4. Operativ leiar av A-gruppen frå bok 6.
Gunnar Nyberg. Hadde tidlegare valdelege tendensar då han var Sveriges største politimann. No nyslanka og bamsesnill. Syng i kyrkjekoret saman med Kerstin. Slår inn dører når det trengst. Skilt, får ny kjæreste i bok 3. 
Arto Söderstedt. Albino og finlandsvensk, gift og far til fem. Grublande type, men også full av handlekraft. Bakgrunn som jurist og tidlegare forsvarsadvokat.
Viggo Norlander. Verdens snillaste - og eit monster bak rattet. Veldig singel, men plutseleg småbarnsfar og får sambuar som nesten 50-åring i bok 2. Får helsemessige utfordringar i bok 9.
Jorge Chavez. Av chilensk herkomst og omtalar seg sjølv som svartskallepurk. Liten, hissig, listig, kreativ. Blir kjæreste med Sara Svendhagen i bok 3.
Jan Olov Hultin. Sjef i bok 1 til 4. Ein pussig skrue med overblikk og ei fast og mild hand over gruppa. Nesten-pensjonist, inkontinent. 

Seinare blir gruppa utvida med:
Sara Svendhagen. Resultatorientert, dyktig, ser samanhengar. Tendens til å bli for engasjert. Eit hovud høgre enn partneren Jorge, utan at det plagar nokon av dei.
Lena Lindberg. Dukkar opp i bok 5, henta inn av Kerstin. Ung, sterk, fargerik, sjølvstendig. Blir ikkje skikkeleg kjent med henne før i bok 7.
Jon Andersson. Overført som følge av interngransking. Mobbeoffer, skaphomse. Går gjennom store endringar i bok 5.

Kort om bøkene

1. Misterioso

Me vert gradvis introdusert for hovudpersonar og miljø - og det er raskt klart at dette er ei krimbok utanom det vanlege. Også sjølve krimgåta og gjerningsperson er av det uvanlege slaget. Det same kan seiast om språket, dialogane og dei elegante overgangane frå den eine forteljarstemma til den andre. Dette trass i at forfattaren enno ikkje heilt har funne "stilen sin" her i den fyrste boka. 
Fleire svenske forretningsmenn blir funne drept i sine eigne heimar, og etterforsking viser at gjerningspersonen har lytta til eit heilt spesielt jazzopptak medan vedkommande har utført ugjerninga si. Det er behov for nokre ekstraordinære etterforskarar som kan tenkja kreativt, pragmatisk og metodisk - det er med andre ord ei sak for den nyoppretta A-gruppen. Media omtalar drapa som "maktmordene" - og gruppa kjenner sterkt på forventningar/krav om ei snarleg oppklaring. 

2. Ondt blod

Velkomponert og godt samanskrudd historie som handlar om ondskap i ulike former. 
Eit særs brutalt drap skapar sjokkbølger i Sverige. Spor peikar mot ein utspekulert seriemordar som herja i USA for fleire år sidan. Ifølge FBI er han død, er det ein copycat som no er på ferde?
Korleis stoppa vedkommande? Korleis ser mordaren ut? Kvar er han? Korleis kan han heile tida vera i forkant av etterforskinga? 
Spørsmåla er mange og saka nesten uhandterleg for medlemmane i A-gruppen.
 
3. Blind jakt 
(Upp till toppen av berget) 

Ei historie og eit plott med mange trådar; litt forvirrande i starten, men etter kvart svært fascinerande. Handlinga er egentleg for komplisert til at ein kan gje noko samandrag, men det byrjar i alle fall med eit barslagsmål og sluttar med noko heilt anna. Undervegs handlar det om terror, gjengkriminalitet, pedofile nettverk, spionasje og kontraspionasje. 
Den raude tråden er forvandlingar og endringar og det vert stadig vist til Ovids metamorfoser. Sært, men interessant - og faktisk; relevant for handlinga. 

4
. Europa blues

Denne boka inneheld mykje! Startar med funn av nokre menneskerestar i jerveburet i ein zoologisk hage og held fram med eit makabert mord på ein 90 år gammal professor. Gresk mytologi og rasebiologisk forsking er andre element.
Spor fører etterforskinga til stader rundt i store deler av Europa og til enkelte menneske si mørke fortid. 
Som i alle bøkene i serien spelar privatlivet til medlemmane i A-gruppen ei viktig rolle. Gleder og sorger frå privatlivet deira inngår som ein naturleg del av handlinga.

5. Skjulte dyp
 (De största vatten)

Godt samanskrudd og skikkeleg spennande bok. Her vert lesaren engasjert på ulike måtar; ein finn både humor og alvor - både bisarre situasjonar og skarpe skildringar av utfordringar samfunnet og enkeltmenneske står ovanfor. 
Hovudhistoria er mord på ein asylsøkar. Den skuldige er politimann, men drapet har skjedd utan vitne og med eit svært uklart motiv.
Kerstin er i sentrum av handlinga, enkelte ting i fortida innhentar henne på overraskande vis.

6. En midtsommernattsdrøm

Fleire alvorlege hendingar, som at ein polsk sjukepleiar vert drepen med øks og at ein TV-sjef vert skoten og drepen, gjer at A-gruppen har mykje å stri med. Ikkje overraskande er det ein viss samanheng mellom desse hendingane.
I tillegg må gruppa takla omorganisering og ny leiing, samt at ein av dei blir skulda for noko svært alvorleg. 
Når alt skal oppklarast har faktisk også Shakespeare sitt stykke En midtsommernattsdrøm noko å sei. 

7. Dødsmesse

Ei fantastisk bra bok og eg siterer utdrag frå ein tidlegare omtale:
"Dei ulike historiane og den oppdelte handlinga vert presentert i akkurat passe dosar og det heile flyt riktig fint (....) Språkleg sett er det variert, elegant og stilsikkert. Dei mange lause trådane vert nøsta opp på ein overbevisande måte. Dødsmesse er ei svært underhaldande og spennande bok med både aktuelle og historiske hendingar, gode og originale skildringar, meisterleg komponert og med ein veldig bra avslutning. Stort meir kan ein egentleg ikkje forlanga av ei bok."

8. Mørketall

Boka startar med klipp frå avhøyr av pårørande og vitne i samband med at ei ung jente er sakna. Opplysningane som kjem fram er motstridande: Kva har dei egentleg sett og høyrt? Avhøyrsteknikkar og tolking/sortering av fakta er viktig for å finna ut kva som har skjedd. 
Fleire oppsiktsvekkande og brutale hendingar følgjer. Og ja, alt har ein samanheng, i eit svært intrikat plott.

9. Etterskjelv

A-gruppen vert verkeleg sett på prøve når det skjer eit terroråtak på ei t-bane i Stockholm. Frykt blant publikum og hysteriske tilstandar i pressa gjer at presset på etterforskarane vert uhyre vanskeleg å takla. Enklare blir det heller ikkje når det er intern uro i organisasjonen.  
Terroren får også eit etterspel - eller etterskjelv - både for enkeltmenneske og for samfunnet. Skildringa av eit kaldare og meir brutalt samfunn er tankevekkande og realistisk, og eg tykkjer at språket og stilen i boka avspeglar dette. 

10. Himmeløye

Fantastisk opning på denne boka, der forfattaren frå eit slags fugleperspektiv zoomar inn og ut på dei forskjellige hovudpersonane. 
Det vert vist til fleire tidlegare episodar frå dei føregåande bøkene, og trådane vert samla på elegant, men også på ein vemodig måte.
A-gruppen får eit par utfordrande saker å jobba med, men det er mykje som tyder på at A-gruppen skal leggjast ned. Gruppa er også prega av at ein av dei er blitt alvorleg sjuk. Paul Hjelm, som no jobbar utanfor gruppa, får eit heilt spesielt og superhemmeleg oppdrag. 
Avslutninga av boka er spennande, overraskande, elegant og veldig veldig fin. 

11. Elleve

Den aller siste boka er den mest spesielle. Det er ein slags epilog, og det er slett ikkje noko dårleg bok - men det er den som passar meg minst. Det blir liksom for høgtravande og "svevande" for meg. På den andre sida forstår eg forfattaren sitt behov for å plassera medlemmene i A-gruppen i ei meir "litterær setting".
Utgangspunktet er novellesamlinga Dekameronen av Giovanni Boccaccio, som skal vera eit mesterverk i verdenslitteraturen.
Eg viser elles til eit tidlegare blogginnlegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar