16. oktober 2026

Norsk krim 2026 del 3

I dette innlegget kan du lesa vurderingar eg har gjort meg om tre ferske norske krimbøker. Dette er tre svært ulike bøker som viser litt av spennvidda innan denne sjangeren. Det er interessant at tematikk, stemning, skrivestil, spenningsnivå og grad av realisme er så forskjellig.

I forrige samleomtale skreiv eg at Karin Fossum er i ein klasse for seg. Det same kan seiast om Jo Nesbø.
Men:

Nådeskudd av Jo Nesbø
Aschehoug 2026
451 sider
Lånt papirbok privat

Oppbygginga er upåklageleg, plottet er genialt, drapa er makabre og skrivestilen er sjølvsikker og typisk Nesbø.
Nesbø er unik i norsk og nordisk målestokk. Kanskje også i verda. Så kvifor er eg ikkje meir begeistra over Nådeskudd enn det eg faktisk vart?

Det skuldast framfor alt at forfattaren sjølv - etter 13 knallgode bøker om Harry Hole - har lagt lista så skyhøgt, og at eg som lesar har tilsvarande høge forventningar. Eit anna ankepunkt er den raude tråden i romanen, sjølve bakteppet - eller filmkulissane, om eg skal halda meg til tematikken i boka. Det handlar nemleg gjennomgåande om film og ulike filmreferansar. Store deler av handlinga er lagt til filmmiljø og boka inneheld mange begrep, detaljar og utgreiingar som har med film og filmbransjen å gjera. Både gjerningsperson, offer, mistenkte og motiv finn me óg i det nemnde filmmiljøet.
For filmnerdar er temaet midt i blinken. For meg traff det aldri. Eg er lite interessert og ser nesten aldri på film (lenger). 

No må det likevel seiast at eg tykte det vart ei bra spennande leseoppleving. Sjølvsagt; Nesbø kan seriekrimfaget og brukar både kjende og meir ukjende verkemidlar for å fanga lesaren si merksemd.  Hovudpersonen framstår som edru og skjerpa i denne boka. Hyggeleg det, sjølv om eg må innrømma at eg finn den mørkare og meir destruktive versjonen av Harry Hole meir interessant. Nådeskudd byrjar dramatisk og endar likeeins, med ei løysing som er noko søkt og oppkonstruert. 

Eg pleier alltid å "sluka" Harry Hole-bøkene, men lesinga av denne boka gjekk overraskande tregt. Så med dette seier eg "god betring" til Jo Nesbø og ser fram til bok nummer 15. Ein teaser på slutten tyder nemleg på at det kjem meir. 
Terningkast 4.


Sparknekt av Gert Nygårdshaug
Cappelen Damm 2026
299 sider
Lånt ebok Biblio

Gert Nygårdshaug (80) leverer framleis. Fredric er frisk og rask og i balanse, Skarphedin er deprimert og einsam etter hendingane i forrige bok Den tredje engelen. Fleire kompliserte drapssaker får likevel Skarphedin Olsen på bana igjen. Det finst knapt ein meir eksentrisk etterforskingsleiar, heller ikkje i litteraturen, men Olsen har visse likskapstrekk med Fred Vargas sin Jean-Baptiste Adamsberg.

Bokserien om Fredric Drum og Skarphedin Olsen er heilt spesiell; underhaldningskrim med fantasifulle overraskingar og absurde vendingar. Sparknekt er bok nummer 14 i serien, men kronologisk er boka den nest siste. Rødsonen, bok nummer 10, er den siste om ein tenkjer kronologi. Alternativt kan ein starta med nummer 10 og halda fram med nummer 1, 2, 3 osv. Eller lesa dei hulter til bulter, slik eg har gjort. Dette er på fleire måtar ein ukronologisk serie.

Den fyrste boka i serien, Honningkrukken, kom ut for 30 år sidan, men Drum og Olsen er ikkje blitt særleg mykje eldre i Sparknekt. Eg har kosa meg med boka og ser på ho som mellom dei betre i serien. 

Mystikk og myter, arkeologiske gåter og hemmelege teikn er like naturlege i denne bokserien som politiarbeid og etterforsking. Når det gjeld Drum-bøkene må ein legga vekk krav om realisme og logikk, samt forventningar til tradisjonelle kjenneteign i krimlitteraturen. 
Terningkast 4+.


På stedet hvil av Martin Baldysz
Samlaget 2026
294 sider
Lånt ebok Biblio

Dette er "den vanskelege andreboka" etter den lovande krimdebuten Stille grender. Mange lesarar og kritikarar har hatt store forventningar til oppfølgjaren - som kan kategoriserast både som historisk krim, bygdekrim og psykologisk krim.

I den fyrste boka var handlinga lagt til ein avsidesliggande dal, i På stedet hvil er me i ein militærleir. Søskenparet Johan og Sonja har etablert Ryer detektivbyrå, og i den aktuelle saka skal dei prøva å finna ut kven som har teke livet av ein høgtståande offiser på Stormoen eksersisplass. Av spor kan nemnast personlege motsetnader, mystiske brev og manglande våpen. Me befinn oss i 1903 og sterke krefter jobbar for å få slutt på unionen med Sverige. Kan usemje om denne saka vera eit motiv? 

Johan er engasjert etterforskar som gjerne tek i bruk moderne etterforskingsverktøy som fingeravtrykk og fotografering. Sonja ser samanhengar frå ein annan synsvinkel og etterforskar frå utsida. Som kvinne har ho ikkje tilgang til militærleiren, så ho oppheld seg i det lokale gjestgiveriet. Boka er godt komponert og krimgåta er finurleg samanskrudd. Lesaren får sjå saka frå begge hovudpersonane sine perspektiv, og lesaren blir på den måten "invitert inn" i etterforskinga.

På stedet hvil byr på gode person- og miljøskildringar i eit lågmælt språk. Eg gav Stille grender ein blank femmar, denne gongen vart det eit lite knepp ned. Eg tykkjer boka manglar ein del av den nerven som den fyrste boka hadde.
Terningkast 4+.

Les meir:
Norsk krim 2026 del 1 

Norsk krim 2026 del 2


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar