475 sider
Lånt ebok BookBites
I påsken las eg Stille grender, ein historisk krim skriven på nynorsk. Eg visste lite om boka og ingenting om forfattaren frå før, men det vart ei overraskande bra leseoppleving. Historia er fengande og original og forfattaren kan skriva. Eg set dessutan pris på forfattarar som utfordrar og fornyar krimsjangeren, noko Baldysz har lukkast med. Samstundes finn ein mange element som ein elles kan finna i klassisk tradisjonell krim.
Stille grender er fyrste bok i det som skal bli ein serie. Hovudpersonar er eit søskenpar frå Ålesund som i denne forteljinga skal etterforska eit særdeles brutalt drap som har funne stad i den avsidesliggande (fiktive) Mardalen.
Året er 1902. Den unge og ambisiøse overkonstabelen Johan Ryer tek med seg systera Sonja som assistent til Mardalen. Dette fordi Johan meiner at ho er både klok, analytisk og uredd. Og visst er Sonja skarp og modig, men lesaren får tidleg vita at ho har eit rusproblem. Johan forventar at det skal gå greit å etterforska og oppklara drapet, men så enkelt blir det ikkje. Mardalen er eit lukka samfunn sterkt prega av konflikta mellom eigarane av dei to største gardane i grenda. Offeret er dotter til den eine av desse storbøndene. Stemninga er spent og uhyggeleg og mange av dei lokale er uvillige til å snakka om kva dei har sett og/eller høyrt.
Tidsbileta og miljøskildringane er gode; ein kan sjå for seg landskapet og naturen. Ja, ein kan faktisk sei at naturen framstår som ein eigen karakter, med den mørke skogen, dei bratte fjellsidene og den store fjorden - som bind Mardalen saman med omgjevnadene. Personteikningane er tydelege, slik at ein lett kan skilja dei enkelte frå kvarandre. Om noko skal pirkast på, er det at enkelte av karakterane på dette viset vert noko karikerte. Ein kan òg hevda at Johan er i overkant naiv og at Sonja er altfor dristig.
Tempoet er ganske langsamt, men framdrifta er likevel til stades sidan det skjer så mykje dramatisk. Stemninga er elles mørk og klaustrofobisk og det kjem fram mange hemmelegheiter og mykje kjensler som ulmar under den elles rolege overflata. Stille grender er ein innhaldsrik, stemningsfull og interessant krimroman som verkeleg kan anbefalast. For mi eiga leseoppleving var det positivt at ikkje alt var så beint fram. Eg forsto ikkje kven som sto bak ugjerningane før det vart avslørt.Eg ser fram til neste bok i serien. Eg vil gjerne bli meir kjent med Johan og Sonja og er nysgjerrig på bakgrunnen og oppveksten deira. Og eg tenkjer: Sidan denne boka er lagt til 1902 er det kanskje nærliggjande å tru at den neste kan komma til å handla om bybrannen i Ålesund i 1904?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar