29. mars 2026

Vårlesing: Svensk kvalitetskrim

På leit etter påskekrimtips? Glad i svensk krim og nordic noir? Då kan eg anbefala bøkene nedanfor.


Høstebarn av Hans Rosenfeldt
Cappelen Damm 2026
380 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ei bok eg har venta på lenge, heilt sidan eg las Ulvesommer i 2021. Høstebarn er framhald av den boka og me møter mange av dei same karakterane. Hovudperson og protagonist er Hannah Wester, som i byrjinga av denne forteljinga er tilbake på jobb som politietterforskar etter å ha vore fråverande ei tid etter dei dramatiske og tragiske hendingane i fyrste bok. Handlinga er lagt til Haparanda, ein by inst i Bottenviken, på grensa mellom Sverige og Finland.

Lesaren får følgja fleire ulike personar i eigne kapittel, noko som bidreg til både tempo, framdrift og spenning. Ein vert umiddelbart dregen inn i handlinga, då dei fyrste me møter er to desperate høggravide kvinner som er på flukt frå - kva? kven? 

Trafficing, menneskehandel og mafiaverksemd er stikkord for handlinga. Det handlar om korleis enkeltmenneske vert grovt utnytta for at andre skal få oppfylt sine draumar. Det er pengane som rår, kynisk og brutalt, og enkelte gjer alt for å skjula sanninga. 

Eg håpar det ikkje går nye fem år før neste bok kjem! Høstebarn er ei sterk, mørk og velskriven forteljing som verkeleg kan anbefalast. Terningkast 5.


Underverkene av Arne Dahl
Cappelen Damm 2026
383 sider
Lånt ebok BookBites

Ein morgon vert det oppdaga at nokon har plassert ein skulptur på Skinnarviksberget i Stockholm. Skulpturen er ein kopi av Zevsstatuen, ein av dei sju underverka i antikken. Inni statuen vert det funne eit lik. Kort tid etter vert eit nytt underverk funne, som også har "noko ekstra". 

Kven er ofra? Kjem det til å dukka opp fleire kopi av antikke kunstverk? Korleis stoppa mordaren/kunstnaren? Det er ei komplisert sak for Eva Nyman og resten av Nova-gruppen. Spora fører både til kunst- og gatekunstmiljø og til narkotika- og internasjonal kriminalitet. 

Underverkene er framhald av I sirkelens sentrum som kom ut i fjor. Forventningane mine var sjølvsagt høge, og dei vart i stor grad innfridde. Plottet er originalt og ganske komplisert, "befolka" med mange interessante karakterar og er svært fascinerande lesing. Om ein aksepterer enkelte usannsynlege og lite truverdige hendingar, er boka ein sidevendar med herleg krypande uhygge. 

Som serien om A-gruppen handlar denne nye serien om eit politikollektiv, men eg føler at eg ikkje er blitt skikkeleg "kjent med" deltakarane enno. Likevel - dette er ei særdeles velskriven bok som fortener eit terningkast 5.


Levende og døde av Christoffer Carlsson
Gyldendal 2024
406 sider
Lånt ebok BookBites

Etter ein springande og litt forvirrande start vart dette ei svært bra leseoppleving. Levende og døde er nummer tre i serien som vert kalla Hallandsviten, og bok nummer fire (En liten dråpe blod) har nyleg komme ut på norsk. Bøkene er frittståande og serien ukronologisk, og eg ser fram til å lesa både den nye og dei to føregåande (Jærtegn, Brenn meg en sol), for dette er veldig bra!  

Handlinga går føre seg på to ulike tidsplan og er lagt til den vesle bygda Skavböke, ikkje så langt frå Halmstad. Både enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn er prega av ei tragisk hending som fann stad i 1999. Ungdommane som var involverte den gongen er blitt godt vaksne og etablerte, og alt blir rippa opp i på nytt når det skjer ei ny tragedie. Kva har skjedd? Kven veit? Kvifor enda politietterforskinga på ein uklar måte i 1999? Kvifor er det så mykje som vert halde skjult? 

Levende og døde er skriven på ein lågmælt og stemningsfull måte, men er slett ikkje utan dramatikk. Terningkast 5.


Sot av Sara Strömberg
Kagge 2026
Speletid 13:00
Lånt lydbok BookBites

Avslutningsvis; endå ein bygdekrim, og denne gongen befinn me oss i området Åre - Storlien i Jämtland. Fjerde del i serien om journalisten Vera Bergström er velskriven og ganske så spennande. Vera sjølv er ei dame på 60+, og ho er både kul og interessant - men også irriterande til tider. 

Parallelt med Vera si gransking av ei pågåande kriminalsak, får me møta ein psykolog som har litt av kvart å stri med. Lesaren blir ikkje så veldig overraska når det etter kvart viser seg at sakene heng saman. Persongalleriet er oversiktleg og forteljarstemmene tydelege, så denne egnar seg fint som lydbok. Opplesar Ane Dahl Torp les litt seint, men med akkurat passe engasjement. 

Sot er litt for lang, men er ein lettlest og trevlig deckare som kan passa bra som påskelektyre. Hadde boka vore 50-100 sider kortare ville eg gitt ein prikk til på terningen.
Eg landar på terningkast 4+.

1 kommentar:

  1. Fin oppsummering av krim dette her, jeg ser at jeg er enig med deg i de to første 5`erne dine. Levende og døde har jeg ikke lest enda, den og Sot står jeg i kø på biblioteket for, så det kommer :)
    Riktig god påske Berit!

    SvarSlett