Gyldendal 2025
315 sider
Lånt ebok BookBites
Bok nummer åtte i Barbarotti-serien er her! For oss som er fans av forfattar Nesser og førstebetjent Barbarotti er det ei gledeleg hending - og dessutan perfekt timing med tanke på påskekrimsesongen.
Ung manns ferd mot natt er ikkje den beste boka i denne serien, men Håkan Nesser skriv alltid godt. Det er enkelte kjenneteikn som går att i spenningsromanane hans; sakte tempo, mange samtalar, underfundig humor, filosofiske betraktningar og presise miljøskildringar. Samt kompliserte kriminalgåter, ofte med fleire overraskingar undervegs.
Mellom det sympatiske sambuar- og etterforskarparet Gunnar Barbarotti og Eva Backman er det ei koseleg og avslappa stemning, - ei stemning i skarp kontrast til dei grove valdshandlingane dei etterforskar.
Me befinn oss i den fiktive byen Kymlinge, der ein gymlærar er blitt funnen skoten og drepen i heimen. Avhøyr av bekjente og kollegaer avslører at den drepne ikkje var særleg godt likt, men kven kan ha hatt motiv for å ta livet av han? Etterforskinga står meir eller mindre i stampe - og det skjer eit nytt mord. Same våpen, også denne gongen utan spor og utan noko klårt motiv, og dei to ofra har tilsynelatande ingen felles referansar.
Men lesaren veit. Ganske tidleg vert det avslørt kven som står bak ugjerningane, utan at det egentleg går ut over engasjement og spenning. Sjølv om tittelen på boka seier ganske presist kva det handlar om. Gjerningspersonen sine tankar og handlingar vert skildra på ein glimrande måte. Her får ein innsikt i korleis ein smart og empatisk tenåring er blitt øydelagt av omsorgssvikt, mobbing og utanforskap.
Ein må ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. Ung manns ferd mot natt står seg fint åleine.Eg fekk visse assosiasjonar til 'Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen' medan eg las denne boka. Det skuldast fyrst og fremst at forfattaren skildrar så bra korleis tenåringsgutar tenkjer og handlar, og dernest det faktum at hovudpersonen i den boka har same fornamn som gjerningspersonen i denne boka.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar