2. mai 2020

Kort om: Halvmorderen av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2020
Speletid 6:58
Kjøpt lydfil

Håkan Nesser er ein av favorittane mine, og på førehand var eg ganske sikker på at eg ville lika boka. Eg er veldig glad for at eg fekk det eg hadde forventa; ei skikkeleg kosebok.

I Halvmorderen får ein, kort oppsummert:
 - ei uoppklart kriminalgåte
 - ei sorgmunter oppvekstskildring
 - møta underlege, men interessante karakterar
 - lesa om pussige situasjonar og merkelege hendingar.

Boka har undertittel "en beretning om Adalbert Hanzon i nåtid og fortid, forfattet av ham selv" og som førehandsomtalen seier; ingrediensane er mord, skam, skuld og kjærleik.

Adalbert Hanzon er 73 år, overvektig, einsam og lett dement. Ein dag får han auga på ei kvinne som han ikkje har sett på mange år. Men han er ikkje sikker på om det er HENNE; ho som var hans store kjærleik då han var ung. Adalbert treng difor hjelp av dei to (einaste) personane han har kontakt med; svirebroren Henry og halvkusina Ingvor. Kanskje dei kan finna ut litt meir?

Sjølv er han dårleg til beins og ikkje hugsar han så godt lenger heller. For å friska på hukommelsen bestemmer han seg for å skriva sin eigen sjølvbiografi. "Jeg har to leieboere i hodet. De har bodd der lenge, de betaler ikke leie, og de flytter aldri ut. Navnene deres er Skyld og Skam, de må nevnes, og nå er det gjort", innleiar han så erindringane sine med. For Adalbert har ei fortid; han har sona 14 år i fengsel for mord.

Slik får lesaren bli kjent med Adalbert Hanzon, som egentleg heiter Bert Hansson. Litt etter litt, hulter til bulter, i fortid og notid. Det handlar om eit liv som aldri vart slik det skulle bli, om ei kjærleik som forsvann og eit tilvære som vart stilleståande. Men Adalbert er ikkje bitter. Berre nysgjerrig på kva som egentleg hende den gongen, for så lenge sidan. Etter kvart får me ei forklaring på kva begrepet "halvmorder" betyr.

Språket er "nessersk"; snirklete og pratsamt. Det flyt liksom avgarde i eit makeleg tempo som passar til både handlinga og hovudpersonen.
Halvmorderen er ein slags feelgood-krim, med funderingar og betraktningar og enkelte små overraskingar undervegs. Det er verken kjempespennande eller skummelt, men ei tvers gjennom god leseoppleving.

 Andre bloggmeiningar:

4 kommentarer:

  1. Å ja, sant denne var skjønn? Takk for lenke, som du vet likte jeg boken veldig godt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, her er me heilt enige. Gler meg til neste bok!

      Slett
  2. Feelgoodkrim høres bra ut. Notert.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra. Kan legga til at boka er frittståande.

      Slett