Dette har vore ein sterk krimhaust! Her kjem ein ny samleomtale.
Nattseileren av Heine Bakkeid
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites
For ei bok! For ei ubehageleg - og fascinerande - leseoppleving! Nattseileren er ingen kosekrim, her er det verkeleg mørkt, både på det ytre og det indre plan. Stemninga er uhyggeleg, handlinga rystande, galskapen rår - og vêret er naturlegvis skikkeleg dårleg.
Bakkeid, mest kjent for serien om Thorkild Aske, har med dette utgitt ein frittståande og nervepirrande thriller, og det er lenge eg las noko liknande. Fekk nesten Stephen King-assosiasjonar, men Nattseileren er meir realistisk - og dermed meir skremmande.
Hovudpersonen Jakk er psykisk sjuk, og me møter han medan han er på rømmen frå psykiatrisk sjukehus. Er han så gal og så farleg som enkelte trur? Er han på hevntokt? Kva skjedde den gongen då systera hans Jenny forsvann? Kven skjuler sanninga? Som lesar er ein lenge usikker på kva som er motivet, kvifor han handlar som han gjer. Men gradvis og via tilbakeblikk får me vita meir av kva som har skjedd tidlegare - og det er ikkje sikkert at det er Jakk som er den farlegaste..
Me får også følgja lensmannen Annemor Anger og politibetjenten Helene Jakobsen si etterforsking. Det kjem etter kvart fram kvar Jakk skjuler seg, men korleis nå fram til dei involverte når stormen rasar og infrastrukturen er lamma?
Nattseileren er ei dramatisk, opprørande og trist historie som blir verande hos lesaren lenge etter avslutta lesing. Boka er så intens at ein nesten kvir seg for å lesa vidare, i frykt for kva som kan skje. Eit soleklart og sterkt terningkast 5.
De svarte enkene av Ingar Johnsrud
Aschehoug 2025
Speletid 11:52
Lytteeksemplar frå forlaget
Dette er også ei veldig spennande bok, men på ein heilt annan måte enn den over. Eg likte godt den forrige boka Patrioter, og slo til då forlaget tilbaud meg leseeksemplar. For meg vart det då lydbok. (Ver obs på at om du lyttar til boka kan det vera krevjande å halda styr på alle trådar og karakterar.)
Historia startar med at eit Herculesfly styrtar over Østersjøen. Ombord er åtte ukrainske soldater og tre norske besetningsmedlemmar. Samstundes, i Oslo, vert ein person drept i en parkeringskjellar. Alt dette skjer på sjølvaste 17. mai.Det handlar vidare om krigen i Ukraina og kommande fredssamtalar. Men i boka er det verken president Trump eller europeiske leiarar som står bak, men norske styresmakter, - i all hemmelegheit. Jens Meidel er nyutnemnd justisminister og blir involvert i verdenspolitikken medan han må handtera intrigar og politisk maktkamp, samt kjærleiksforhold og familieforviklingar. Eit anna maktspel som finn stad er mellom E-tenesta og PST.
Boka er aktuell, truverdig og realistisk, har eit voldsomt tempo og driv og er ein skikkeleg sidevendar. Det er planlagt at dette blir ein trilogi, så eg ser fram til neste bok! Terningkast 5.
Taperen av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2025
303 sider
Lånt ebok BookBites
Forfattaren held seg til tematikken frå dei føregåande bøkene i serien om Charlie Robertsen; æresrelatert kriminalitet, gjengkriminalitet og samfunnet si berøringsangst. Dette er bok nummer 6 i serien.
Den såkalla æreskulturen er det mange som lir under, både kvinner/jenter og menn/gutar, i dagens Noreg. I Taperen møter me eit ungt par på flukt frå Nabifamilien; ein kriminell klan. Men sjølv i Chile og under ny identitet er ikkje dei to trygge. Samstundes, i Sverige, er ein annan klan i konflikt/krig med Nabiklanen.
Charlie Robertsen, vår "helt", er egentleg degradert på grunn av gjentekne tvilsame og utradisjonelle arbeidsmetodar. Men så blir han involvert i ei ekstraordinær etterforskargruppe; ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, for om mogleg å få has på kriminelle bakmenn og klanar. Det blir etter kvart veldig spennande - og skremmande realistisk.
Bjøranger har bakgrunn som politiadvokat i Kripos og veit kva han snakkar om når han skriv om kriminelle klanar/familiar, æresdrap og negativ sosial kontroll.
Også Taperen får terningkast 5.
Alliansen av Aslak Nore
Aschehoug 2025
399 sider
Lånt ebok BookBites
Alliansen blir kategorisert som roman av forlaget, og det er sikkert riktig, men eg tek likevel boka med her i denne krimsamleomtalen. Serien om familien Falck (Alliansen er bok 3) er ikkje vanleg krim, men ein politisk thriller - litt i same gate som Ingar Johnsrud si bok over her og Kim Leine sin Karoline-trilogi. Men der Leine festar grepet om lesaren si interesse for kvar bok, skjer det motsette her. I alle fall for denne lesar.
I Alliansen tykkjer eg at det blir for mange ord og for mange stereotype karakterar. Men det er slett ikkje uspennande, og det er gjort eit imponerande stykke arbeid når det gjeld research for å få til ei så omfattande forteljing som dette er.
Det vart dessverre ein prikk mindre på terningen denne gongen.
Terningkast 4.
Gjøkungegåten av Hans Olav Lahlum
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites
Sorry Lahlum, dette held ikkje. Eg er mellom dei som (hittil) har likt retroserien om K2 og Patricia, men denne 13. boka er seig. Eg set egentleg pris på at Lahlum har sin eigen stil, at bøkene hans har visse nerdete innslag og litt (ufrivillig?) humor. Dette er også til stades i Gjøkungegåten, men alt blir så altfor omstendeleg og gjentakande.
I "notid" - som i dette tilfellet er 1974 - vert K2 involvert i ei tragisk og mystisk sak. Ein ungdom har nettopp fått vita at han vart adoptert som liten. Same dag som han skal møta den biologiske mor si, døyr ho under uklare omstendigheiter. Oppdraget til K2 er å finna ut kven som er biologisk far, men han etterforskar også rundt dødsfallet. Deretter vert det fletta inn ei historie frå 1950-talet.
K2 løyser sjølvsagt til slutt mysteriet, med god hjelp fra rådgjevaren Patricia, etter ei langvarig og langsam etterforsking.
Terningkast 3.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar