27. juni 2017

Favorittforfattarar: I

Eg sleit litt med I'en. For det fyrste kan eg ikkje finna så mange forfattarar med førenamn på I, og for det andre har eg rett og slett ikkje lest nok av dei få eg faktisk har lest til at eg kan sei dei er favorittar. Det vart til at eg plukka ut desse to:


Ingvar Ambjørnsen

Norsk forfattar f. 1956

Folkekjær og allsidig forfattar med ein stor produksjon bak seg. Ambjørnsen er opphavet til kjende og kjære karakterar som Pelle og Proffen og Elling og Kjell Bjarne. Det vert hevda at han er Noregs mest filmatiserte forfattar.

For min del er det krimforfattaren og krimanmeldaren Ambjørnsen eg har hatt mest erfaring med, men han har skrive bøker i mange sjangrar og stilartar.
Som det skriveglade og samfunnsengasjerte menneske han er, har han sin eigen blogg der han tek opp ulike aktuelle (og ofte kontroversielle) tema.

Ambjørnsen er blitt tildelt mange ulike litterære prisar, m.a. Rivertonprisen, Brageprisen og Bokhandlerprisen.


Inger Hagerup

Norsk lyrikar f. 1905, d. 1985.

Har betydd mykje for norsk barnelitteratur; dikta/versa MaurenLille Persille og Så rart kjenner alle til. Elles er ho kanskje mest kjent for motstandsdiktet frå 1941; Aust-Vågøy - det som startar med "De brente våre gårder. De drepte våre menn" og for kjærleiksdiktet To tunger. Og adventsdiktet hennar "Så tenner vi ett lys i kveld.." vert henta fram kvar einaste desembermånad.

Ho skreiv også høyrespel, fleire erindringsbøker og jobba som oversetjar og gjendiktar. Begge sønene hennar, Klaus og Helge, vart forfattarar. I biografien Klaus Hagerup skreiv om mora fortel han at det ikkje var så enkelt for henne å kombinera rollene som kvinne, mor og forfattar.

Forfattarskapet hennar var prega av samfunnsengasjement, men ho skreiv for enkeltmenneske - og på ein måte som enkeltmenneske kan forstå. Det syner ho i diktet Vær utålmodig menneske!

- - - -

Favorittforfattarar etter alfabetet

24. juni 2017

Bokomtale: Drømmetyderens død av A.J. Kazinski

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13.52
Kjelde: Kjøpt lydfil


Dersom eg ikkje var kjent med forfattarskapet til A.J. Kazinski frå før, ville eg vore skeptisk til ei bok med tittelen Drømmetyderens død. For meg - eit forholdsvis fornuftig og rasjonelt menneske - er tyding av draumar ein aktivitet eg stiller meg uforståande til. Kva er vitsen liksom, når ein mest sannsynleg har gløymt det meste av det ein har drøymt når ein vaknar?

Men no er det slik at skal ein ha glede av denne boka må ein vera open og kunna leggja skepsis og krav om realisme til side. I denne serien vert nemleg "normale" kriminalgåter og "vanleg" politietterforsking miksa saman med vitenskaplege og historiske fakta - og i tillegg; ein del uforklarlege, oversanselege og overnaturlege element. Resultatet er ein bokserie som er interessant og leseverdig. Faktisk.

Dette er fjerde del og ei ny og velskriven bok i serien om gisselforhandlaren Niels Bentzon i Københavnpolitiet. Og denne gongen får Niels ekstra store utfordringar, både privat og jobbmessig. Hans kjære Hannah er dødssjuk av kreft. Niels kjem truleg i nær framtid til å bli åleinefar til to små barn. Midt i denne livskrisa får Niels eit oppdrag - og etter kvart vert han - og Hannah - involvert i ei stor og kompleks mordgåte. Arbeidet og etterforskinga vert terapien deira i ein elles uhandterleg og ubegripeleg situasjon.

Professor (og draumetydar) Evelyn Heiberg vert drept med fleire knivstikk medan Niels nesten er augevitne til hendinga. Gjerningspersonen har etterlate seg DNA-spor, men det viser seg at vedkommande er i fengsel og har vanntett alibi. Korleis kan det forklarast? Saka er kompleks og uforståeleg og etterforskarane kjem ingen veg - men Niels gir ikkje opp.

Handlinga føregår i notid i København, Zürich, Wien og Sarajevo. I ei sidehistorie som føregår i 1984 får me møta ein ung serbisk leigemordar og hans spesielle oppdrag. Mykje av spenninga består i korleis den forteljinga kan henga saman med notidssaka. Trådane vert fletta elegant saman mot slutten av boka. Men før denne samanflettinga finn stad, skal lesaren innom mangt og mykje. Handlinga er likevel oversiktleg og det er ikkje spesielt vanskeleg å halda orden på alle trådane.

Drømmetyderens død er ei dramatisk, spennande, gripande og underhaldande bok. Ikkje alt som vert fortalt er like logisk og forståeleg, men det meste får ei rasjonell og fornuftig forklaring til slutt. Sjølv om sorg og uro pregar hovudpersonane, finn ein også mykje underfundig humor og artige karakteristikkar her. Det som i grunnen er aller mest spennande er Hannah sin lagnad. Kan det skje eit mirakel? Er det håp om at dødsdømte Hannah likevel kan bli frisk?

Eg set pris på at A.J. Kazinski utvidar krimsjangeren og utfordrar omgrepet Nordic Noir med bøkene sine. Eg gler meg til bok nummer fem.

Eg har lest alle bøkene i serien som lydbok - og det kjem eg til å halda fram med. Haakon Strøm formidlar dei ulike forteljarstemmene på ein fin måte og har elles ei "troskyldig" stemme som passar til handlinga.

Andre bloggmeiningar: Heartart, Tine sin blogg, Artemisias verden

Kronologi: 1. Den siste gode mann, 2. Søvnen og døden, 3. Den gjenfødte morderen

18. juni 2017

Biolesesirkel: Ingrid Brekke om Angela Merkel

Kagge 2016
223 sider
Kjelde: eBokBib

"Vi lever" er tema for junirunden av Moshonistas biolesesirkel. Det handlar altså om nolevande personar - og eg valde meg ein biografi om Angela Merkel. Til politikarbiografi å vera er ikkje boka så tørr og uinteressant som ein gjerne skulle tru, men ho er ikkje sååå engasjerande heller. Angela Merkel - Et europeisk drama er eit norsk blikk på den tyske forbundskansleren, den tyske etterkrigspolitikken, den tyske gjenforeninga og den tyske utanrikspolitikken.

Forfattaren Ingrid Brekke er journalist i Aftenposten og var avisa sin korrespondent i Berlin ein periode. Ho har difor god kjennskap til tysk samfunnsliv og politikk og har med denne boka gitt eit reflektert, grundig og "passe personleg" portrett av Angela Merkel. Brekke har støtta seg til folk rundt hovudpersonen, på tidlegare biografiar og ymse muntlege og
skriftlege kjelder. Boka er lettlest og utan lange utgreiingar; ein typisk journalist-biografi - utan å vera tabloid.

Eg visste egentleg ingenting om Merkel på førehand, så for meg var det meste av innhaldet i boka nytt stoff. Eg var ikkje ein gong klar over at ho hadde austtysk bakgrunn, så eg tykte det mest interessante var å lesa om Merkel si barne- og ungdomstid i gamle DDR. Brekke fortel at Merkel var skuleflink, ordentleg og beskjeden av natur. Ho fortel vidare om studieåra og karrieren som vitenskapskvinne og fysikar. Den politiske oppvakninga hennar skjedde ikkje før muren fall i 1989, då Merkel var 35 år gammal. Elles vert det fortalt om familiebakgrunn, ekteskap og politikarkarriere - men det kan like godt lesast i denne omfattande Wikipedia-artikkelen.

Angela Merkel har hatt ei ekstraordinær "reise" - frå prestedotter i ein diktaturstat til ein av verdas mektigaste leiarar i eit velfungerande demokrati. At det skulle bli nettopp CDU (Christlich Demokratische Union - kristendemokratane) som vart hennar parti kan synast underleg, men Brekke gjer greie for årsakene til det. Det vert fortalt om den bratte vegen til topps, om maktkamp innan partiet og koalisjonen og om det som kvinnelege toppolitikarar ofte vert utsett for: Kritikk for utsjånad, frisyre og klestil. Men det vert også hevda at den einaste leiaren i EU som Vladimir Putin verkeleg har respekt for er - nettopp; Angela Merkel.

Merkel er utan tvil ei dyktig og mektig dame, men på TV-skjermen virkar ho gjerne litt stiv og reservert - og eg finn ikkje noko karismatisk ved henne. Ho skal imidlertid vera ualminneleg hyggeleg og omgjengeleg "på ordentleg". For sitt arbeid for demokrati, menneskerettar, miljøvern og europeisk samarbeid har Merkel motteke fleire prisar. Ho har i det politiske arbeidet vist seg som rasjonell, faktaorientert og løysingsorientert, noko som sikkert heng saman med hennar naturvitenskaplege bakgrunn. Det skal òg nemnast at ho er kontroversiell - og i samband med den pågåande flyktningekrisa er det mange som har lagt ho for hat.

Ingrid Brekke har gitt biografien om Angela Merkel eit personleg preg; ho legg ikkje skjul på sine eigne tankar, vurderingar og meiningar. Eg meiner det er positivt, for dermed blir ikkje boka så kjedeleg/sakleg som ho elles kunne ha blitt. For meg vart det ei OK+ leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Rose-Marie - som er svært begeistra for boka.

12. juni 2017

Bokomtale: Skinnet bedrar av Agnes Lovise Matre

Gyldendal 2017
351 sider
Kjelde: eBokBib

For meg er denne forfattaren ny, men eg har fått med meg at Agnes Lovise Matre har fått brukbare kritikkar for dei to tidlegare bøkene sine - og at denne fyrste kriminalromanen hennar er blitt skamrost. Og la meg berre slå fast med ein gong: Skinnet bedrar gjorde inntrykk på meg òg. Eg vart vel ikkje superimponert - men eg kan stadfesta at Matre skriv godt og med varm innleving - om menneske som framstår som vanlege og ekte.

Handlinga er lagt til Hardanger nokre varme sommardagar i 2015. Ein kan kalla boka bygdekrim eller nærmiljøkrim: Under den vakre og idylliske overflata ulmar det - av hemmelegheiter, ondskap og uhygge. Trass i eit gjennomsiktleg miljø finst det menneske som driv med og som er vitne til unemnelege ting. Kvifor er det ingen som ser det som er i ferd med å skje? Kvifor gjer ingen noko med det? Kvifor er me så redde for å "bry oss"?
Det handlar om kvardagsmenneske som driv med kvardagslege gjeremål - og sidan dette er så gjenkjennbart vert skildringane levande for oss som les.

Tematikken i boka er rystande og hjerteskjerande, men dessverre ikkje heilt uvanleg: To barn utsette for omsorgssvikt og overgrep. Ein valdeleg og rusavhengig far, ei fråverande mor. Ei storesyster som har opplevd det meste, som tåler det meste, som er lydig og lojal og som vert pålagt altfor mykje ansvar. Så ein dag vert veslebroren på seks år vekke. Kva har skjedd? Har han gøymt seg? Ei ulukke? Drap? Kidnapping? Og kva kan ha skjedd med mor til borna?

Den lokale lensmannen, som "tilfeldigvis" er næraste nabo til den berørte familien, får ei lei sak å hanskast med. I tillegg er han opptatt med sin eigen spesielle familiære situasjon og er noko bortreist reint mentalt. Å vera politi i eit lite bygdesamfunn er sikkert utfordrande, og fleire politifolk viser både dårleg dømmekraft og manglande handlekraft i denne forteljinga.

Ein kan tydeleg merka at Agnes Lovise Matre er inspirert av Karin Fossum sin skrivestil. Ein finn også mange av dei same sosialt sett mislykka og stakkarslege karakterane som ein finn hos Fossum, t.d. den vaksne tilbakeståande mannen som bur i lag med mor si. Eg tykkjer likevel ikkje Matre viser like mykje empati og forståing med sine karakterar som det Fossum gjer - men då med eitt viktig unnatak: Ina sine opplevingar. For det som Ina vert utsett for i denne boka er skremmande og trist. Det er ubehageleg - til tider direkte vondt - å lesa om den fortvila situasjonen hennar.

Det virkar som om historia er gjennomarbeida og gjennomtenkt. Boka er stillferdig, men har ein viss nerve heile vegen sidan det handlar om kamp mot klokka og eit sakna barn. Ho er enkel og lettlest, har korte kapittel og tydelege perspektivskift.

På minussida har eg notert meg ein del kunstige og unødvendige dialogar. Eg mislikar dessutan å få alt inn med teskei: Mykje av det som blir fortalt er så overtydeleg. Færre ord og færre (over)forklaringar hadde gjort boka (enno) betre.

Mange andre bokbloggarar har lest denne boka - og dei er alle gjennomgåande positive:
Artemisias verdenBjørnebok, Ebokhylla miMin bok og malebloggMy Criminal Mind, Tine sin blogg

8. juni 2017

Samleinnlegg: Forsommarlesing

Ein ny samleomtale og eit lite skippertakinnlegg igjen..

Jeg lar deg gå av Clare Mackintosh
Cappelen Damm 2016
379 sider, lånt papirbok privat

Boka handlar om ei kvinne som flyktar frå alt og alle på grunn av sorg og desperasjon. Gradvis og glimtvis får ein vita bakgrunn og årsaker til dette. Parallellt får ein følgja ein sympatisk politimann som etterforskar ei komplisert sak.

Jeg lar deg gå har tydelege forteljarstemmer og vekslar mellom å vera ein psykologisk thriller og ein vanleg politikrim. Starten er treg og slutten skuffande flat, men mellompartiet er ganske spennande. Forfattaren byr på truverdige skildringar av både folk og miljø.

Mot slutten av fyrste del får ein vita noko som kan oppfattast som overraskande, men eg tykte det var nokså forutsigbart kva som skulle komma til å skje. Ein får ein ny vinkling på historia i del to når ein psykopat av verste sort får komma til orde.
Terningkast 4.



I en mørk mørk skog av Ruth Ware
Lydbokforlaget 2017
Speletid 9:14, lånt lydbok biblioteket

Denne boka skal óg vera ein thriller - men dette er pinleg dårleg. Omslaget og tittelen tyder på ei skummel historie, men eg fann det heile klisjéfylt og forutsigbart og vart berre irritert. Boka er liksomdramatisk og manglar nerve. Karakterane er fjollete og historia har inga meining. Boka er altfor lang og inneheld mykje unødvendig småprat.

Styr unna denne, er mi tilråding.
Terningkast 2.



Attentatet av Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord
Lydbokforlaget 2016
Speletid 7:22, lånt lydbok biblioteket

Forfattaren Eirik Jensen er kjent og aktuell - som tiltalt i ei mykje omtalt straffesak. Det skal bli spennande å sjå kva dom han får. Medforfattar Øijord har eg aldri høyrt om før, men han skal ha skrive nokre bøker tidlegare.

Attentatet er grei tidtrøyte; ein OK action-/politiroman der Jensen rimelegvis har brukt mykje av si eiga erfaring. Boka handlar om eit brutalt og spektakulært ran og eit attentat mot eit regjeringsmedlem, samt opprullinga av desse sakene. Stemninga i boka er barsk og språket består mykje av dialogar. Eg tykkjer det meste av handlinga - særleg spaninga og aksjonane - virkar ganske realistiske og truverdige. Manglande ressursar i politietaten er eit element i forteljinga - og mellom linjene finn ein skarp kritikk av byråkratiet som finst i denne etaten.

Eg vil tru at helten i denne historia, Sjur Holt, har mykje til felles med den politimannen Jensen sjølv ynskte å vera då han var i aktiv teneste: Ein tøffing som går sin eigen veg, ein utradisjonell polititenestemann som har evner og vilje til å kommunisera med ulike kriminelle miljø - og som har eit visst dametekke.
Boka er passe lang. Eg anbefalar lydboka; Ivar Nergaard sin innsats som opplesar hevar leseopplevinga til eit terningkast 4+.


Mannen med de blå sirklene av Fred Vargas
Aschehoug 2003
198 sider, lånt papirbok biblioteket

Sidan eg "fall pladask" for Vargas då eg las Neptuns tenner, fann eg ut at eg måtte lesa denne fyrste boka om den alternative krimhelten Adamsberg.

Mannen med de blå sirklene er på langt nær så finurleg og fengande som Neptuns tenner, men fungerer greit som ein introduksjon til serien. Jean-Baptiste Adamsberg er ein annleis krimhelt og Fred Vargas er ein annleis kriminalforfattar. Plottet i denne vesle boka er ubegripeleg utspekulert og er på ingen måte realistisk, men i dette tilfellet må ein fira på krava til realisme og truverdigheit. Her må ein berre lena seg tilbake og ta inn over seg det som vert fortalt. Samstundes kan lesaren utfordrast til å tenkja seg fram til løysinga på kriminalgåta.

Boka er ikkje superspennande, til det er drivet for langsamt og bihistoriane for spesielle - men er ei underfundig historie med mange fascinerande karakterar.
Konklusjonen på leseopplevinga mi vert også her terningkast 4+.

1. juni 2017

Oppsummering mai

Påbyrja i april, fullført i mai:
Britt Karin Larsen - Av lys er du kommet - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jan Mehlum - To komma åtte sekunder - Norsk krim - Lytteeksemplar
Jason Timbuktu Diakité - En dråpe midnatt - Svensk biografi - Lånt ebok eBokBib

Lest i mai:
Fred Vargas - Neptuns tenner - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Shari Lapena - Naboparet - Kanadisk krim - Lytteeksemplar
Mons Kallentoft og Markus Lutteman - Leon - Svensk krim - Lytteeksemplar
Daniel Cole - Filledokka - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Clare Mackintosh - Jeg lar deg gå - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Richard Herrmann - Med skjebnen i hånden - Historisk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Øistein Borge - Det som aldri dør - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Fred Vargas - Mannen med de blå sirklene - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord - Attentatet - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket


  •  3 papir, 4 lyd, 2 ebøker, 
  •  5 lånt, 1 abonnement, 3 fått som lytteeksemplar
  •  6 krim, 1 roman, 1 biografi, 1 historisk dokumentar
  •  3 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 kanadisk, 1 fransk
  •  4 kvinner, 5 menn
  • "Nye" forfattarar: Diakté, Vargas, Lapena, Cole, Mackintosh
For tida går det i tilfeldig lystlesing - og for meg betyr det då mest krimlesing. Ikkje alt er like bra, men eg oppdagar stadig nye og spennande krimnamn - noko som er positivt. I juni har eg ingen konkrete leseplanar så eg kjem vel til å halda fram med lystlesinga, dvs. krim og litt sakprosa innimellom.