30. juni 2013

Bokfilm-smakebitar: Dypet og Korsbæreren

Eg har hatt mine fyrste to "møte" med forfattaren Tom Kristensen. Bøkene hans er frittståande og treng ikkje lesast kronologisk, så eg starta like godt med den nyaste, Korsbæreren, og no har eg akkurat fullført den nest nyaste, Dypet. Begge som lydbøker, godt opplest av Ivar Nergaard - som alltid. Les gjerne Marianne sin grundige og gode omtale av Dypet.

Det er ingen tvil om at Kristensen er ein dyktig thrillermakar, begge desse bøkene tyder på dyktig handverk og grundig research. Eg likte faktisk Dypet betre enn den meir kritikarroste Korsbæreren. Kristensen brukar verkemiddel som hurtige sceneskifte, aktuelle tema og passe store persongalleri, - det gjer bøkene lettleste og underhaldande.

Tom Kristensen debuterte i 2001 med finansthrilleren En kule. Deretter kom Hvitvasking i 2002, Freshwater i 2003 og Profitøren i 2005. I 2006 fekk Kristensen Rivertonprisen for Dødsriket. Dragen kom ut i 2008, følgd av Dypet (2010) og Korsbæreren (2012).

Her er smakebitar frå dei to sistnemnde bøkene som eg no altså har lytta til, - i form av boktrailerar:





Har du lyst til å sjå kva andre bokbloggarar og bokelskarar byr på av smakebitar i dag? Klikk deg inn hos Mari og Flukten fra virkeligheten!

26. juni 2013

Bokomtale: Den siste gode mann av A. J. Kazinski

Lydbokforlaget 2011
Originaltittel: Den sidste gode mand
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Opplesar: Håkon Strøm
Speletid: 15 t 20 min

Den siste gode mann er ei forteljing som inneheld mystikk og metafysikk, religion og filosofi, gåter og kodar, matematikk og historie, liv og død. Ja, boka handlar på ein måte om meininga med livet og døden. For meg vart dette ei veldig god, men spesiell leseoppleving. For undervegs i lyttinga - boka varer lenge - var eg både forundra, forvirra og frustrert. Eg hadde nemleg forventningar om ein heilt vanleg kriminalroman - og det var det slett ikkje. Etter kvart fekk eg "justert" meg sjølv og forventningane mine litt - og dermed kunne eg "skru på" fantasien og verkeleg ta inn over meg historia som vert fortalt.

Dette er ei spenningsbok med ein overjordisk vri. Når det gjeld det liksomvitenskaplege og mystiske, kan ein godt samanlikna Den siste gode mann med Dan Brown og Tom Egeland sine bøker. Utgangspunkt for handlinga i boka er ein eldgammal jødisk myte som handlar om dei 36 rettferdige og gode menneska som Gud har plassert på jorda for å verna oss alle. For kvar generasjon skal det finnast 36 gode utan at dei sjølv veit at dei er mellom dei utvalde.

Det er desember 2009, den danske hovudstaden er i sentrum for all merksemd - klimatoppmøtet COP-15 er i gang. Mektige leiarar frå alle land er samla i København for å finna ut korleis verda kan reddast frå klimatrusselen. Ein mann som òg vil redde verda er politimannen Tommaso di Barbara frå Venezia - han sender ein åtvaring til politiet i København. Gode menneske over heile verda - heile 34 personar, viser det seg etter kvart - er drepne. Felles for alle ofra er eit stort merke på ryggen; merket inneheld ein mystisk talkombinasjon. Mykje tyder på at neste drap vil skje i København.

Politimannen og forhandlaren Niels Bentzon får i oppdrag å finna, og åtvara, gode menneske i Danmark. For kva vil skje om alle dei 36 gode vert myrda? Går verda under? Mellom dei potensielle gode menneska møter Niels astrofysikaren Hannah Lund, og saman lagar desse to ein plan og eit system i all informasjonen dei får inn frå Venezia via Tommaso og andre stader på kloden. Niels Bentzon sine kollegaer er alle travelt opptekne av sikkerheita til deltakarane på klimakonferansen - så ingen tek det Niels og Hannah finn ut på alvor.

A.J. Kazinski er pseudonym for
Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. 
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Store deler av boka vekslar mellom hendingar som finn stad i København og i Venezia, på begge stadene vert det leita desperat etter "dei gode". - Men så skjer eit nytt drap. Kun ein god mann er att av dei 36. Kven?

Den siste gode mann er ei fengande, tankevekkjande og underhaldande bok, der forfattarane snur fullstendig opp/ned på kriminalsjangeren ved at det vert jakta på det gode i staden for det onde. Fyrste del av boka var forvirrande med veldig, veldig! mange lause trådar. Dernest vert det meir oppklarande og actionfylt, og mot slutten skifter boka stil og vert meir langsam – men spenningen er tilstades heilt til siste scene. 

Haakon Strøm er innlesar av lydboka, og han utfører jobben svært bra. Gjennom heile boka finst det gullkorn og underfundig humor, men det vert også fortalt om angst, smerte og sorg. Strøm klarar å formidla alle desse ulike kjenslene på ein glimrande måte.

Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

25. juni 2013

Svensk politikrim på vent

Kvar tysdag er det boktema Boken på vent på bloggen Beathes bokhylle

Eg er - og har "alltid" vore - veldig glad i svenske politikrimseriar, og det er flott å få presentera venteboka mi denne gongen: To soldater av den svenske forfattarduoen Anders Roslund og Börge Hellström. 

Denne duoen har til no gitt ut seks kritikarroste kriminalromanar. Eg vil påstå at bøkene deira er på Henning Mankell- og Stieg Larsson-nivå. Og sjå berre her kva andre svenske krimforfattarar uttalar når det gjeld Roslund & Hellström:
«Roslund & Hellström er blant våre beste krimforfattere. De skriver med mot og intensitet om viktige temaer i vår tid.»  - Maj Sjöwall
«Roslund & Hellström kombinerer spennende krimhistorier med skarp samfunnskritikk: Sterkt, besettende og fryktelig spennende.» - Liza Marklund
«Hvis du leter etter en garantert pageturner, så kjøp en kriminalroman av Roslund & Hellström.» - Leif G.W. Persson
«Det er en brutal og mørk realisme i historiene deres som gjør Roslund & Hellström unike blant skandinaviske krimforfattere.» - Jan Guillou
"To soldater" av Anders RoslundRoslund og Hellstrøm skriv veldig godt om aktuelle tema og viser samfunnsengasjement. Ofte skriv dei om det som er mørkt og vondt og utfordrar gjerne lesaren når det gjeld moral/umoral og offer/gjerningsperson. Hovudpersonen Ewert Grens er òg ein heilt spesiell type, ein mann som elskar Siw Malmquist og søv i kontorsofaen sin.

To soldater kom ut på norsk i fjor og er nettopp utgitt i pocketutgåve.

Kronologien i serien er slik:
  1. Udyret
  2. Boks 21
  3. Oppreisningen
  4. Jenta under byen
  5. Tre sekunder 
  6. To soldater
Frå vaskeseddelen:
Vi er brødre. Vi er makten. Vi er krigere og familie inn i døden.
Leon sitter innesperret i et høysikkerhetsfengsel. Han er ung, men for lengst en bitter, hard og besluttsom kriminell. Han skriver et brev til sinn venn og "bror" Gabriel - den eneste personen Leon stoler på. Det er starten på en blodig og nådeløs jakt på penger, makt og respekt - en reise som fører de "to soldatene" til topps på politiets ettersøkte i Sverige.

En vegg hos politiet er full av stirrende ansikter. Unge gutter med tung kriminell adferd, klassifisert som de farligste i landet. José Pereira ved Seksjonen for gjengkriminalitet i Stockholm-politiet vet at han har et galopperende problem. Tusenvis av unge gutter er på vei inn i gjengkriminalitet. Når Leon og tre andre medlemmer av "Ghetto Soldiers" rømmer fra fengsel, blir Pereiras kamp mot gjengene akutt, og politioverbetjent Ewert Grens får et meget ubehagelig drap å utrede.
To soldater er ein murstein på over 600 sider, men eg reknar med at det skal gå fort unna likevel. Ikkje fordi det er noko poeng i å lesa fortast muleg, men fordi boka er spennande, engasjerande og fengande.

24. juni 2013

Bokomtale: Den mørke porten av Lars Mæhle

Samlaget 2013
357 sider
Meldareksemplar fått frå forlaget


Sidan eg vel er over gjennomsnittet interessert i ny norsk krim, samt svært oppteken av at nynorsk skal kunna brukast i alle samanhengar, er det ein fryd å få høve til å lesa god nynorsk krim. Den mørke porten er nemleg ein velskriven sidevendar.

Lars Mæhle har tidlegare gitt ut fleire barne- og ungdomsbøker, men eg har ikkje lese noko av forfattaren før. Den mørke porten er debutboka hans som vaksenforfattar, - ein debut som er særs vellukka; boka er både lettlest og velskriven. Språket er godt med fine skildringar og nynorsken hans er moderne og personleg.

Boka handlar om sorg og skam, mystikk og gåter, hevn og drap. Hovudperson er psykologen Ina Grieg, og gjennom yrket hennar får lesarane ein litt annan innfallsvinkel enn det som er vanleg i ein kriminalroman.

Grieg vert engasjert som psykolog i eit etterforskingsteam etter at det har skjedd noko som ser ut som eit ritualdrap i ei kyrkje. Fem år tidlegare vart elskaren til Grieg teken av dage på same måte, også i ei kyrkje, og på nøyaktig same dato. Etterforskarane slit med å finna motiv og gjerningsperson, men finn fram til at det har skjedd enno fleire mystiske dødsfall på denne datoen tidlegare. Kva har drapsoffera felles? Kven er den mystiske Generalen som ser ut til å vera fellesnemnar i alle drapssakene?

Karakteren Ina Grieg er ein truverdig person som ein lett kan kjenna seg att i. Ho har sine svake og sterke sider og vert framstilt som både mjuk og hard. Ho slit med å vera tilstades "på heimebane" med familien sin samstundes som ho ønskjer å gjera ein god jobb "på bortebane".

Hendingane i boka går stort føre seg i Oslo, men med avstikkarar til Porsanger, København og Lanzarote. I motsetnad til andre nynorskkrim-forfattarar som Kolbjørn Hauge, Rune Timberlid og Kroken & Kolden - som hentar handlingar i bøkene sine frå typiske bygdemiljø - skriv Lars Mæhle om handlingar som går føre seg i meir urbane strøk.

Forfattaren hoppar mellom hendingar i notid og fortid, slik at motiva og bakgrunnen for brotsverka gradvis vert avdekka. Plottet er finurleg, - ja, så finurleg og spesielt at det vert litt lite truverdig. For ein røynd krimlesar er det heller ikkje så vanskeleg å skjønna kven den skuldige må vera, men likevel er det ganske spennande lesing. Ikkje superspennande, men såpass spennande at ein lesa vidare heile tida.

Den mørke porten er fyrste bok i ein planlagd serie frå Lars Mæhle si side. Eg ser fram til neste bok!
Takk til Samlaget for meldareksemplaret.

22. juni 2013

Midtsommarlesing


Skoddedottane ligg langt nedetter fjellsidene, lite minner oss om sommar akkurat no. Men kalendaren syner 22. juni, sola "har snudd" som det heiter, og det er midtsommar.

Eg las La Peregrina og Senor Peregrino av Cecilia Samartin i fjor sommar, og eg likte dei ganske godt, særleg den fyrstnemnde. Samartin er difor ein slags sommarforfattar for meg, så no har eg teke fram Drømmehjerte. Ut frå ymse omtalar forventar eg ei lettlest, underhaldande, romantisk, dramatisk og gripande bok.


Heile 2654 personar er følgjarar av Drømmehjerte på bokelskere.no. Det er imponerande mange, og ein kan sjå at smaken er som baken: 788 av følgjarane har trilla terningkast, av desse har 203 gitt toppkarakteren 6 og 314 har gitt 5. 187 personar meiner boka fortener terningkast 4, 59 er meir lunkne og gitt 3 og tilsaman 25 personar har gitt terningkast 1 og 2. Gjennomsnittleg terningkast 4,77.

20. juni 2013

Bokomtale: Mørk kyst av Peter Temple

Forlaget Press 2010
Originaltittel: The Broken shore

Oversetjarar: Kari og Kjell Risvik
394 sider

Mørkt og stemningsfullt frå Australia

Mørk kyst har fått prisar og gode anmeldelsar - terningkast 6 i både VG og BT, for eksempel. Blant bokbloggarar er det meir delte meiningar; Tone likte boka veldig godt, det same gjorde Tine - sjølv om ho vart litt utålmodig; "hvor er krimmen?", medan May Brit fann boka kjedeleg og seier "styr unna".

Eg tykte boka var grei, men ikkje meir, - ho gav ikkje meg noko ekstra. Kanskje eg hadde litt for høge forventningar, eller kanskje eg forventa noko anna enn det eg fekk?

Her er mange stemningsfulle skildringar, frå eit miljø som er framandt og tildels dystert. Temple fortel om eit samfunn som er sterkt prega av rasisme og klasseskilnader. Eit samfunn med sterke politiske spenningar, om løgner, svik og korrupsjon.

Det er planlagt TV-film basert på boka, 
Dan Hany har fått hovudrolla som Joe Cashin.
Drapsetterforskar Joe Cashin er rekonvalesent etter ei dramatisk hending og har flytta frå storbyen og tilbake til den vesle kystbyen han kjem frå. Han er ein sympatisk politimann som bryr seg om sine medmenneske og sine omgivelsar, men han har ofte nok med seg sjølv og sine eigne plager og laster. Dessutan slit Cashin med rasistiske haldningar og fordommar som rår innan det lokale politiet.

Dramatiske og farlege ting utviklar seg etter at småbyens rike onkel, Mr. Bourgoyne, vert funnen livstruande skada i heimen sin. Det vert hevda at tre unge aborginerar kan stå bak overfallet, men når politiet skal pågripa desse ungdommane, går alt gale.

Boka har ein dvelande stil som står i kontrast til den ytre dramatikken. Forfattaren brukar ein lågmælt forteljarteknikk og mykje - svært mykje - vert fortalt gjennom dialogar. Sjølve plottet er innfløkt og med (for) mange personar å halda styr på. Eg brukte mykje tid på boka fordi eg måtte bla att og fram for å sjekke namn og hendingar. Boka er spennande - men på ein heilt annan måte enn i ein "vanleg" krimroman.

Sjølv om eg ikkje "fann kjemien" heilt med Peter Temple i denne boka, er det slett ikkje umuleg at eg kan komma til å lesa fleire bøker av forfattaren i framtida.

Les også: Australsk krim på vent

19. juni 2013

Tjukke bøker

Eg har fått ein utfordring frå Tine som gjeld tjukke bøker; Big books TAG som går ut på følgjande:
  • Finn de fem tykkeste bøkene i bokhyllen din som du har lest.
  • - og de to tykkeste bøkene i din TBR-PILE (dvs. bøker du ikke har lest enda)
Eg har store vanskar med å komma i gang når bøkene er veldig tjukke, men eg har fleire gonger opplevd at sidetalet ikkje betyr noko om det er ei verkeleg god bok. Er boka god, er det fint at ho varer ei stund!

Av leste bøker som står i bokhylla mi er desse dei tjukkaste:
  1. C. S. Lewis - Legenden om Narnia 798 sider
  2. Lars Saabye Christensen - Beatles 732 sider
  3. Stieg Larsson - Luftslottet som sprengtes 709 sider
  4. Ildefonso Falcones - Havets katedral 637 sider
  5. Stephen King - Noe for enhver 614 sider
Desse bøkene har eg ikkje lese enno:
  1. J. K. Rowling - Harry Potter og dødstalismanene 681 sider
  2. Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? 632 sider
-------------------------

Fleire som har teke denne utfordringa har ført opp 1Q84 av Haruki Murakami (1184 sider). Den har eg òg lest - men som lånt lydbok. (Faktisk vart det nærare 48 timar med lytting av 1Q84 bok 1, 2 og 3.) 

------------------------------

Og forresten: Den aller aller tjukkaste boka i bokhylla er Kryssordhjelpen på 1364 sider..! 

18. juni 2013

Danske forfattarpar på vent

Vert ei bok dobbelt så god om det er to forfattarar?

Tja. Mange skandinaviske forfattarpar har i alle fall hatt stor suksess dei siste åra, ein kan faktisk sjå det som ein trend. Det er sikkert mange fordelar med å samarbeida - to hovud tenkjer vel betre enn eitt? Ein kan i alle fall kasta idéar fram og tilbake til kvarandre, utfylla kvarandre og ha ein diskusjonspartnar gjennom heile skriveprosessen.

Svenskane har lang tradisjon med krim skrivne av forfattarpar; tenk berre på Maj Sjöwall og Per Wahlöö og serien om Martin Beck. Nyare svenske forfattarteam innan krim er Lars Kepler, Roslund & Hellström, Grebe & Treff, Eriksson & Sundquist og Hjorth & Rosenfeldt. Eg vil rå alle kriminteresserte i å sjekka ut desse para og bøkene deira.

Akkurat no har eg tre krimbøker frå danske forfattarpar liggjande på vent:

Ensomme hjerter av Lotte og Søren Hammer
Lotte og Søren Hammer er søsken og er utdanna hhv sjukepleiar og førskulelærar. Bok nummer tre i serien som handlar om førstebetjent Konrad Simonsen og staben hans ved drapsavsnittet på Politigården i København, har eg lånt på biblioteket. Dei to føregåande bøkene i serien har titlane Udyr og Demonen som gråt. Bøkene er sjølvstendige og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk - men som alltid er det ein fordel å byrja på den fyrste boka i ein serie. Greie, spennande og lettleste bøker.

Nattergalens død av Lene Kaaberbøl og Agnete Friis 
Tidlegare har eg lese Gutten i kofferten og Et stille umerkelig drap, og her er tredje bok i serien om Nina Borg. Denne serien er også spennande å følgja med på.

Den siste gode mann av A. J. Katzinski 
Dette vert eit nytt bekjentskap, eg har aldri lese noko av desse forfattarane før. A. J. Katzinski er pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. Dei innleia samarbeid for å laga ein film, men så vart det bok i staden. Det har også blitt ei bok nummer to frå A. J. Katzinski; Søvnen og Døden.




Boken på vent er boktema hos Beathe og bloggen beathesbokhylle.
Klikk deg inn her og du finn mange fine ventebøker og gode boktips!




PS.

Eg klarar ikkje å komma på så mange norske krimbøker skrivne av forfattarpar: Søskenparet Anne og Even Holt skreiv boka Flimmer saman, og to av bøkene i Hanne Wilhelmsen-serien skreiv Anne Holt saman med Berit Reiss-Andersen.
Nils Nordberg og Klaus Hagerup samarbeidde om krimromanen Siste akt.
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden skriv nynorsk krim: Evig skal døden vera og Døden kjem med bussen.
Er det nokon som veit om fleire?

16. juni 2013

Smakebit på søndag: Blacklands

Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar. Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok (eller noko anna bokrelatert) med andre. Slik kan ein sjølv kanskje få gode bok- og bokbloggtips.

Eg les Blacklands av Belinda Bauer. Forfattaren romandebuterte med denne boka som fekk The gold Dagger award 2010. Dette er ei sterk og uvanleg krimbok; sett frå eit barn sin synsvinkel og der brotsverka skjedde for mange år sidan.

12 år gamle Steven er einsam og lever eit trist og fattigsleg liv i ein liten grå engelsk landsby. Han vert oversett av mor og bestemor og plaga av medelevar på skulen. Det høgste ønskjet hans er å leva eit vanleg liv i ein normal familie, - men familien er sterkt prega av ein tragedie som fann stad for 19 år sidan; då forsvann Stevens onkel Billy, 11 år gammal. Alt tyder på at Billy er eit av ofra til den pedofile seriemordaren Arnold Avery, som sit fengsla med livstidsdom.

Steven trur at dersom han klarer å finna levningane til onkel Billy ute på heiane ein stad, vil bestemor bli glad og tilhøva i familien betra seg. Så Steven tek med spaden sin og brukar all tid på å grava etter lik. Etter ei tid skriv han brev til fengselet og barnemordaren Avery:

"Kjære Mr.Avery.
Jeg er på utkikk etter W.P.
Kan De hjelpe til?
Hilsen SL, lll Barnstaple Road, Shipcutt, Somerset.
 
Hadde Arnold Avery hatt en cellekamerat, ville vedkommende blitt slått av den fullstendige stillheten som plutselig senket seg over denne spedlemmede skikkelsen som jaktet på de små og hjelpeløse. Det var en enda mer merkbar stillhet enn søvn; som om Avery med ett var falt i koma og verden gikk sin gang uten ham. De blekgrønne øynene hans lukket seg halvveis, og åndedrettet ble knapt hørbart. Cellekameraten ville også ha sett gåsehudet på Averys armer."
Eg likar godt boka så langt, dette er gripande og spennande lesing. Men det er eit stort MEN:
Forlaget burde hatt ein grundigare gjennomgang av oversetjing og korrektur. Skriveleifar er utruleg irriterande, og somme setningar er så pussige at ein skulle tru det var brukt Google Translate i oversetjingsarbeidet.

14. juni 2013

Bokomtale: En norsk spion av Aslak Nore

Lydbokforlaget 2012
Opplesar: Axel Aubert
Speletid: 11 t 20 min
Lånt på biblioteket

Imponerande og underhaldande spionthriller


En norsk spion - i lydbokformat - er krevjande lesing, særleg i starten. Det er mange detaljar, framande faguttrykk, ukjende miljø og person- og stadnamn som skal på plass. Ei papirbok å bla i, eit kart og ei notisbok og penn hadde heilt klart vore gode hjelpemiddel, - men er du konsentrert nok når du lyttar, går det greitt likevel. For boka fengar heilt frå starten, lesaren skjønnar at forfattaren verkeleg meiner noko med det han skriv om. Her er driv og tempo samstundes som det er plass for det ettertenksame:
"Frykt og fare er ikke det samme. Fare er en relativt objektiv størrelse – den kan kalkuleres og estimeres av all verdens analytikere og risikoeksperter nesten slik meteorologene snakker om været. Risiko settes opp mot gevinst, og du kan sette to streker under svaret. Frykt er noe annet: Den handler nettopp om mangel på kontroll, en følelse av kaos. For en etterretningsoperatør er det avgjørende å kunne balansere de to. Frykt og fare, hjerte og hjerne."
Peter Wessel (Jepp, ein namnebror av sjølvaste Tordenskjold, sjøhelten - og Zapffe, filosofen) er hovudperson og einaste forteljarstemme. Det handlar om norsk etterretning og hemmelege operasjonar i Afghanistan, og handlingane går stort sett føre seg her og i Dubai, og via tilbakeblikk andre stader i verda, særleg Libanon.

Ein "skikkeleg" romanspion (tenk på James Bond) skal vera litt for god, litt for pen og litt for smart til å vera sann. Peter Wessel er òg ein slik figur, men han har noko alvorleg, melankolsk og tenksamt ved seg i tillegg.

Som bakteppe til hendingane i boka har me storpolitikken; Den kalde krigen, Sovjet si krigføring i Afghanistan, framveksten av Taliban og Al-Quaida. USA og FN si rolle når det gjeld dei kompliserte tilhøva i Afghanistan, Iran og mange andre land i Midt-Austen og den arabiske verda vert også nemnde i boka. Forfattaren framstiller slett ikkje situasjonen i denne delen av verda i "svart/kvitt", her er alle gråtonane også med. Her er ikkje alle muslimar "skumle og slemme". Nore tek ikkje parti, han skal ha ros for at han ser nyansert på det heile. Og han ser med kritiske auge på Noreg si internasjonale rolle som både fredsmeklar og krigsdeltakar.

Språket i boka flyt lett trass i at handlinga er noko kompleks. Boka kan oppfattast som "macho" og full av testosteron, som om ho fyrst og fremst skriven for menn, med alle dei militære omgrepa og detaljerte skildringane av våpen og militært utstyr. Samstundes er boka "feminin" på den måten at ho er så full av kjensler; venskap, kjærleik, sorg, skuldkjensle, moral, forvirring, fortviling. Miljø-, natur- og kulturskildringane er levande og er prega av at forfattaren er kunnskapsrik og har brukt mykje tid på research. Boka er både underhaldande, tankevekkjande og opplysande, - den einaste innvendinga eg har er at det kanskje vert for flinkt, for belærande, for ambisiøst. Kan hende hadde boka vore enno betre med litt stripping; om noko av dei mange detaljane hadde vore kutta ut.

Hendingane og personane i boka virkar å vera truverdige og stilen er tidvis dokumentarisk. Spenningsnivået er stigande utover i boka -  akkurat slik som ein spionroman skal vera. I yngre år las eg mange agent-/ spionromanar; eg slukte bøkene til Ian Fleming, John Le Carré og Alistair MacLean. Seinare har eg lese mange av bøkene i Jan Guillou sin serie om Carl Hamilton. Det er overraskande, imponerande og gledeleg at Aslak Nore og En norsk spion kan samanliknast med desse.

Andre bokbloggarar som har sagt si meining om En norsk spion:
Lines bibliotekBokbloggeirHysj! Lesing pågårKrimbloggerenebokhylla mi.

11. juni 2013

Aggressive korssting

Kva i alle dagar skal ein lesa når ein akkurat har lese ut den siste fantastiske Harry Hole-boka?

Noko heilt anna sjølvsagt.

Så eg har vore på biblioteket og lånt ei bok om broderi. 
Om korssting av den meir aggressive sorten.

Boka Geriljabroderi har undertittelen "den sanne beretningen om en folkebevegelse av kvinner og menn som grep til nålen som sitt våpen i kampen for å utbrodere sannheten om sine liv og for å redde broderikunsten fra dydens tyrrani." Boka fortel historia om geriljabroderi-aksjonen som starta med ei lita Facebook-gruppe i 2008. Gruppa er fortsatt aktiv; har du sans for aggressive og frekke korssting finn du bilete av mange fine broderi her.

I boka finn ein dei ni boda til geriljabroderistane og ein får tips og mønster på korsstingsbroderte tekstar som "Din kødd" og "Drit og dra".

Det er nesten så ein får lyst til å brodera sjølv.

-----------------------

Det vart ei alternativ ventebok frå meg i dag. Meir seriøse ventebøker finn du på bloggen Beathesbokhylle

Bokomtale: Politi av Jo Nesbø

Aschehoug forlag 2013
527 sider

(Boka har eg fått i gåve. Tusen takk, mamma!)

Jo Nesbø er i ein klasse for seg. I ein heilt eigen superklasse for krim- og spenningsforfattarar. Han er suveren og kan gjerne ta på seg rockestjernebriller om han ønskjer det. Politi har fått vanvittig gode anmeldelsar, det vert meldt om nytt opplag og uvanleg høge salstal - og det er så fortent, så fortent.

Frå eg fekk boka i hende fredag ettermiddag, har eg lese i alle ledige stunder. "Dessverre" har eg hatt mykje anna å stå i med i helga og dermed lite tid til lesing, - og i vekedagane må det jobbast. Samstundes har eg prøvd å lesa så sakte som muleg, fordi eg så gjerne ville nyta leseopplevinga, - men Nesbø skriv på ein slik måte at bøkene hans slukast. Sidevendarfaktoren er nemleg ekstemt høg.

Boka har vore med meg overalt. Eg har hatt ho med på jobb slik at eg kunne lesa i lunsjpausen og på bussen til og frå jobb. Ho har vore med meg til sengs, på terrassen, på do, ved kjøkkendisken og i hagen. Eg har ikkje sett eitt sekund på TV, eg la vekk dei andre bøkene eg las i, eg har ikkje blogga, knapt vore på Facebook. Eg har stått opp klokka 6 om morgonen og sett meg ned for å lesa. Når ei bok er så fengslande og fengande at du tek ho med deg overalt og nesten ikkje kan halda ut betyr det full score; terningkast seks.

Handlingane i Politi startar omlag der Gjenferd sluttar, og tek opp att trådane frå den boka. Så om du ikkje har lese absolutt alle Harry Hole-bøkene tidlegare, bør du i alle fall ha lese den føregåande, - rett og slett for å forstå meir av innhaldet.

Då det vart avslørt i media at Harry Hole framleis "var i live" og at Nesbø hadde planar om ei tiande bok om antihelten som eg er så glad i, vart eg lukkeleg. All den nesten-hysteriske marknadsføringa av boka og alt styret rundt lanseringa av Politi har eg ikkje heilt sansen for. Men nok ein gong har Nesbø levert varene; ein fantastisk spennande kriminalroman der dei ulike historiane vert vikla saman - og nøsta opp - på ein smidig og snedig måte.

Jo Nesbø, her utan rockestjernebriller
Politi handlar om politifolk. Mange ulike typar politifolk. Det handlar om drap på politifolk som har det til felles at dei ikkje har oppklart sakene sine. Dei vert drepne på same stad og med same drapsmetode som ofra i dei gamle uløyste sakene. Det ser ut som om ein heilt spesielt skrudd seriedrapsmann er på ferde. Politi handlar òg om korrupte og kriminelle politifolk, om politifolk som tek seg til rette, om politifolk som set seg over dei lovene og reglane som dei egentleg skal handheva. Og det handlar om hardtarbeidande og kloke politifolk som faktisk prøver å løysa alle dei kompliserte sakene.

Dessutan handlar det sjølvsagt om eks-politimannen Harry Hole. Harry, som var eit fysisk og psykisk vrak og som nesten døydde i den forrige boka. Når me møter han att denne gongen er han friskare, lukkelegare og meir "normal" og oppegåande enn tidlegare. Kan det verkeleg vara? Vel - eg skal ikkje røpa for mykje - men Harry får utfordringar nok denne gongen òg.

Innan sjangeren politikrim/spenning er det få, kanskje ingen, som kan måla seg med Jo Nesbø. Dersom du berre skal lesa ei krimbok i sommar; les Politi. Den er perfekt.

7. juni 2013

Mobilblogging

Eg har aldri blogga frå mobilen før, - dette er eit testinnlegg.
Helga startar på ein glimrande måte. Politi er i hus :-)))))


Peter Temple/Joe Cashin og Aslak Nore/Peter Wessel må nok setjast på vent ei stund; eg prioriterar Jo Nesbø/Harry Hole. Nesten synd at helga er stappfull med andre aktivitetar. For helst ville eg ha sete pal i ro til boka var utlest..

Bokomtale: Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland

Lydbokforlaget 2011
Opplesarar: Axel Aubert, Lasse Kolsrud, Ingrid Vollan og Thomas Bye
Speletid: 5 t 42 min

Eg har lese ei ny lita perle av ei bok. Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei knallsterk bok som traff meg - rett i hjartet. Ut frå omtalar var eg litt redd for at boka skulle vera for sentimental. Det er ho ikkje, - det er ei varm og vemodig historie som vert fortalt.

Helga Flatland er fødd i 1984 og dette er den prislønte debutromanen hennar frå 2010. Oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake kom i 2011 og på twitter har forfattaren sjølv sagt at tredje og siste bok kjem i september i år.

Dei tre unge mennene Tarjei, Trygve og Kristian kjem frå den same bygda og vervar seg samstundes til teneste i Afghanistan. Ingen av dei kjem tilbake i live.

Boka fortel historia til dei tre som vert rivne vekk, om familiane deira og om heimbygda deira. Om oppvekst og kvardagsliv. Om samkjensle, venskap og kjærleik. Om håp og forventningar. Om sorg, tap og frustrasjonar. Alt vert fortalt gjennom fire ulike forteljarstemmer; Tarjei, Jon Olav (nabo), Karin (mor til Tarjei) og Trygve. Vekslinga mellom personane er fin, og forfattaren brukar både bokmål og nynorsk for å streka under dei ulike synsvinklane.

Eg likte veldig godt lydbokversjonen. Det fungerer supert med fire ulike opplesarar for dei forskjellige forteljar-stemmene.

Boka anbefalast på det varmaste. Dette er terningkast fem pluss!

5. juni 2013

Planar for sommaren

Dette er eit blogghopp-innlegg om Sommarlektyre som Anitas blogg har teke initiativ til.
Sjå lenkefunksjonen nederst i denne bloggposten. Bli med du og då vel!

Plutseleg er me inne i den lysaste og trivelegaste tida i året. Kvar vart det av våren? Som dei fleste andre er eg reint svimmel av at tida går så fort. For korleis skal ein få tid til å lesa alt det ein ønskjer å lesa? Kva skal lesast sommaren 2013? Den tre veker lange sommarferien skal brukast til så mangt, ein kan ikkje sitja på terrassen og lesa heile tida heller...


Eg les sjelden/aldri verkeleg tung litteratur; det er ikkje meg. Verda er full av andre bøker eg heller vil lesa. Om sommaren vert det gjerne enno lettare lesestoff enn elles i året. Eg har ikkje noko fastlagd leseliste for sommaren, for litt av hyggen med å lesa er nettopp å ta ting på sparket.

Ein må dessutan prøva å variera litt; etter at ein har lese ein fartsfylt actionkrim, må ein kanskje roa ned med noko som må lesast sakte. Når eg les både lydbok og papirbok, må eg også passa på den rette miksen. Det går fint å lesa to bøker samstundes dersom dei er ulike nok. Er dei for like i stil og innhald, vert det rot i hovudet mitt og eg byrjar å blanda saman handlingar og personar. Sommarleseplanen for meg er ein kombinasjon av spontanitet og planlegging.


Desse bøkene skal heilt sikkert lesast i løpet av sommaren:


Jo Nesbø
- Politi
Som så mange andre, er eg stor fan av Harry Hole-serien. Bøkene vert lest umiddelbart etter at dei kjem ut. Boka skal lånast av mi snille mor som bur i nærleiken og som er trufast Bokklubb-medlem. Og sjølv om eg gler meg som ein liten unge til Politi: Den aggressive marknadsføringa og dei ørtogførti epostane med tilbod om å førehandstinga boka  i r r i t e r a r  meg!!

Dan Brown - Inferno
Ein annan opphausa bestseljar som eg skal låna av mor. Boka har fått altfor mykje merksemd etter mi meining, men eg må innrømma at eg er litt svak for både Dan Brown og Robert Langdon.

Gillian Flynn - Åpne sår
Debutboka til Flynn står i bokhylla og ventar. Likte veldig godt Mørke rom, medan Flink pike var litt nedtur.

Lars Mæhle - Den mørke porten
Nynorsk krim! Berre det er eit godt argument til å lesa denne boka. Meldareksemplar fått frå Samlaget. Bør lesast snart.

Tom Kristensen - Korsbæreren
Lydbok lest av innlesarfavoritten min, Ivar Nergaard. Heldige meg har motteke gratis lydfil frå Lydbokforlaget. Har ikkje lese noko av Kristensen før, byrjar like godt med den siste. Forventar ei fartsfylt og spennande leseoppleving.

A. J. Kazinski - Den siste gode mann
Enno ei lydbok motteke frå Lydbokforlaget, ein kritikarrost dansk krimroman. Spent på denne, sidan eg ikkje har lest noko av forfattaren før. Likar vanlegvis godt dansk krim.

Arne Dahl - Dødsmesse
Eg kosar meg med serien om A-gruppen, og har det siste halvåret lese dei fyrste fem bøkene i serien. Bok nummer 6, En midtsommernattsdrøm, las eg i 2010, så eg må nett skumma gjennom den for å få med meg utviklingstrekka og samanhengen i serien. Dødsmesse er sjuande bok (av 10)  i serien.

Så over på noko som ikkje er krim:


Cecilia Samartin - Drømmehjerte
Lånte denne av mor mi i fjor sommar, men er enno ikkje lest. Samartin har ein noko svulstig og klisjèfylt språkbruk, men historiane hennar er gode. Så denne skulle passa bra som sommarlektyre.

Jan Guillou - Brobyggerne
Kjøpte denne for mange månader sidan, bør lesast snart. Likar godt Guillou sine bøker, både Arn-serien og Carl Hamilton-serien. Dette er bok nummer ein i ein ganske ny serie.

Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet
Nok ei bok som har stått ulest i hylla lenge.

Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo
Har vore på leseplanen lenge, har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Opplesar Helge Winther-Larsen.

Kanskje vert det tid til noko repriselesing i ferien?


Eg har lenge hatt lyst til å lesa Vera Henriksen sin mellomalderserie og Sigrid-trilogien på nytt. Desse bøkene gjorde eit djupt inntrykk på meg då eg las dei fyrste gong, for over 30 år sidan.

Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen - Sigrid-trilogien - har handling frå Steinkjærtraktene på 1000-talet; ei tid prega m.a. av gammal norrøn gudetru og brutal tvangskristning. Eg hugsar bøkene som lærerike, levande og med glimrande skildringar av menneske og den tida dei levde i.

Mellomalderserien; Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild, handlar om ein annan historisk epoke med store omveltningar. Hovudperson er Bent Jonsson frå Smiugjelsøygarden i Lom, og handlingane er lagde til tida etter reformasjonen.

Eg trur det hadde vore interessant å lesa alle desse bøkene på nytt no, i meir vaksen alder. Vera Henriksen er ein svært kunnskapsrik forfattar, og utruleg dyktig på å formidla denne kunnskapen. Bøkene hennar gjer lesaren klokare, både når det gjeld norsk historie og når det gjeld menneskesinnet.

Då står det att å ønskja alle ein retteleg fin lesesommar!


4. juni 2013

Australsk krim på vent

Den einaste kjennskapen eg har til australsk krim frå før, er TV-serien Politiagentane (Stingers) som gjekk på fredagane for nokre år sidan. Hugsar ikkje så mykje av serien, berre at eg likte den godt.

No har eg ein australsk kriminalroman på vent, - eg ser verkeleg fram til å ta fatt på Mørk kyst av Peter Temple. Boka har eg lånt på biblioteket.

Her er ikkje urbane politiagentar som i den nemnde TV-serien; hovudpersonen er "landsbypurk" i ein liten australsk kystby. Forlaget seier dette om boka:
"Mørk kyst er ikke bare en av de største internasjonale krimsuksessene de siste årene, men også en moderne litterær klassiker. Peter Temples bok overskrider de fleste sjangergrenser: et unikt portrett av det australske samfunnet, en hardkokt krim om makt, politikk og rasemotsetninger, en egenartet psykologisk roman om håp og desillusjon, familie og hjemsted, om behovet for å leve ærlig i en løgnaktig verden."
Eg er spent, for smaken er som baken: Tone likte boka veldig godt "fra første til siste side", medan May Britt fann boka kjedeleg og seier "styr unna!"


"Boken på vent" er fast boktema på bloggen beathesbokhylle.

Du finn mange andre ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn her!



2. juni 2013

Smakebit på søndag: Flink pike

Denne helga har det vore mykje reising og lite lesing. Men det er klart; ein har då alltid med seg noko lesestoff. Novellesamlinga Sommerperler ligg i veska fortsatt, og vert bladd og lest litt i når det passar seg slik. I tillegg er digispelaren eller mp3-spelaren med meg overalt.

På tampen av helga vert det tid til ein titt inn hos Mari og bloggen Flukten fra virkeligheten. Her får ein smakebitar frå mange ulike bøker og bokbloggar. Mitt bidrag denne søndagen vert ein ørliten smakebit frå lydboka eg lyttar til akkurat no: Flink pike av Gillian Flynn.

Eg tykte boka starta veldig tregt, men etter kvart tok spenninga seg opp. Det er bra, for lydboka varer i nesten 18 timar. Opplesarane Helge Winter-Larsen og Bodil Vidnes Kopperud gjer begge ein god jobb når dei "spelar" stemmene til hovudpersonane Nick og Amy. Det er effektfullt at lydboka har to opplesarar, sidan det er to så ulike forteljarstemmer i boka.

Det er femårs bryllaupsdag for ekteparet og Nick vaknar opp:
Alle saker har to sider. I denne boka skifter perspektivet i annakvart kapittel. Nick sitt perspektiv i notid, Amy i fortid, i form av dagboknotat. Gradvis vert det avslørt for lesaren at det som i byrjinga ser ut til å vera eit perfekt par og eit godt ekteskap, er noko ganske anna..

Eg har fått stor sans for forfattaren Gillian Flynn. Tidlegare har eg lest Mørke rom, - ei svært bra og sterk bok. Åpne sår, som er debutboka til forfattaren, skal lesast ved eit seinare høve.